Kommunenettverk narkotika-tiltak
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik I
Utgiver: Sosial- og helsedepartementet
Pressemelding | Dato: 22.03.1999 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr.: 34
Dato: 22.3.99
Kommunenettverk narkotika-tiltak
Sosial –og helsedepartementet inviterer representantar for elleve kommunar til møte om den kraftige auken i narkotikadødsfall i 1998. Tal frå Kriminalpolitisentralen syner at 270 menneske døydde av overdosar i fjor.
-Vi må gjera alt som ligg i vår makt for å hindra at fleire døyr av overdosar. Av den grunn vil eg invitera to representantar for kvar av dei kommunane som dette vedkjem mest, til ei samling. Det er behov for å dela erfaringar og diskutera høvelege tiltak for å stansa denne utviklinga, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Eg ynskjer å drøfta ulike helsefremjande tiltak, og spesielt styrking av tverretatleg samarbeid. Eg har halde attende omlag 5 millionar kroner av årets løyving til dette føremålet.
Tala frå 1998 viser at det for fyrste gong er like mange narkotikarelaterte dødsfall utanfor som i Oslo. Like fullt er det Oslo som framleis har dei største problema og lengst røynsle. Eg vil derfor spesielt be Oslo kommune om å orientera om deira erfaringar og tiltak, seier Meltveit Kleppa.
Dei inviterte kommunane er Oslo, Bergen, Skedsmo, Asker, Bærum, Drammen, Skien, Kristiansand, Haugesund, Stavanger og Trondheim.
TID: Tirsdag 13 april 1999 klokka 11.00 – 13.00
STAD: Quality Savoy Hotel, Universitetsgt. 11, Oslo.
Oppsummeringa frå 1230 til 1300 er open for media.
Kontaktperson:
Avdelingsdirektør Ketil Bentzen tlf. 22248502
Rådgivar Bjørg Merete Sviggum tlf. 22248485