Historisk arkiv

Kraftig auke i talet på unge funksjonshemma ut av alders- og sjukeheimar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr.: 117
Dato: 26.11.1999

Kraftig auke i talet på unge funksjonshemma ut av alders- og sjukeheimar

Talet på unge funksjonshemma som flyttar ut av alders- og sjukeheimar er nesten dobla frå 1998 til 1999. Sosial- og helsedepartementet har hittil i år fått 70 søknader om utflyttingstilskot frå kommunane. Talet i fjor var 41.

-Ingen unge funksjonshemma skal bu i alders- eller sjukeheim, dersom dei ikkje ønskjer det sjølve. Derfor er det svært positivt at stimuleringstiltaka frå departementet gjev resultat, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa(Sp). - I vår auka vi tilskotet til kommunar som legg til rette for utflytting frå aldersheim frå 600.000 til 1 million kroner. Det har no resultert i at 70 unge menneske, som har vore plassert ein stad dei ikkje høyrer heime, i løpet av 2000 får sin eigen bustad, seier sosialministeren.

  • Målet er at alle yngre funksjonshemma som ynskjer det skal få eit eige butilbod utanfor aldersinstitusjon. Fleire av dei yngre funksjonshemma som framleis bur på alders- og sjukeheim er avhengig av både rehabiliterings- og butreningstilbod før dei kan flytte ut.
  • Departementet har derfor teke kontakt med 7 rehabiliteringsinstitusjonar og bede om tilbod på eit bu- og rehabiliteringsopplegg som tek sikte på å gjere overgangen til eigen bustad lettast mogleg. Vi satsar her på eit prosjekt med regionale tilbod. Snart blir det avgjort kva for rehabiliteringsinstitusjonar som skal gje slikt tilbod. Tilbodet skal fullfinansierast av departementet i prosjektperioden.

Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa seier vidare at kommunane kan søkje det treårige tilskotet på 1 million kroner også i år 2000.


Kontaktperson:
Politisk rådgjevar Liv Signe Navarsete 22 24 84 04 eller 91 17 91 43
Førstekonsulent Georg Antonsen 22 24 85 68

Lagt inn 30. november 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen