Historisk arkiv

Lettare for pleietrengande å flytte mellom kommunar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 114/1999
Dato: 9. november 1999

Lettare for pleietrengande å flytte mellom kommunar

Sosial- og helsedepartementet sender no ut eit rundskriv til kommunane der det blir understreka at kommunar ikkje kan avvise sterkt pleietrengande personar som ønskjer å flytte til kommunen.

Enkelte personar er avhengig av omfattande pleie- og omsorgstenester, slik at dei ikkje kan flytte utan at eit tenestetilbod står klart i den kommunen dei ønskjer å flytte til. For å kunne gjennomføre flytting, er det ein føresetnad at den pleietrengande søker om flytting, og at tilflyttingskommunen handsamar søknaden og fattar vedtak før flyttinga skjer. Kommunen kan ikkje avslå søknaden om pleie- og omsorgstenester med den grunngjeving at personen ikkje bur eller oppheld seg i kommunen.

- Fleire pleietrengande som ynskjer å flytte nærare pårørande har i dag ikkje høve til å få ein søknad om pleie og omsorg handsama i kommunen dei vil flytte til. Dette rundskrivet er såleis ei naudsynt presisering. Eg vonar det vil gi ei meir lik handsaming og gjere situasjonen lettare både for pleietrengande og pårørande, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.


Kontaktperson:
Førstekonsulent Karl Hovland, 22 24 83 20
Underdirektør Liv Telle, tlf. 22 24 87 45

Lagt inn 9. november 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen