Historisk arkiv

Mindre auke i sjukefråværet første halvår 1999

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 84/1999
Dato: 19. august 1999

Mindre auke i sjukefråværet første halvår 1999

- Eg har med glede merka meg at auken i sjukefråværet har gått ned. Når stadig fleire av dei sjukmelde samtidig har kontakt med arbeidsplassen, kan det sjå ut som tendensen vi har sett dei siste åra til at stadig fleire personar i yrkesaktiv alder fell ut av arbeidslivet, er i ferd med å snu, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Men sjukefråværet er framleis for høgt, og for mange arbeidstakarar forlet arbeidslivet før dei når pensjonsalderen, meiner ho.

I vår vart det sett ned eit offentleg utval til å greie ut om årsaker til auken i sjukefråværet og uføretilgangen dei seinare åra. Utvalet kjem med si innstilling 1. juni 2000. På grunnlag av utvalet sine analysar og anbefalingar vil regjeringa vurdere eventuelle tiltak for å få sjukefråværet ned.

- Arbeidstakarens kontakt med arbeidsplassen under sjukmeldinga er i mange tilfelle ein viktig føresetnad for tilbakeføring til arbeid. For nokon kan gradert sjukmelding vere ei god løysing, for andre er gradvis tilbakeføring i form av aktiv sjukmelding eit betre alternativ, trur sosialministeren.

Det ser ut som om stadig fleire arbeidsgivarar har fått auga opp for at tilrettelegging på arbeidsplassen gjennom aktiv sjukmelding er nyttig både for arbeidsgivar og den sjukmelde.

- Framleis er det nok mange legar og arbeidsgivarar som ikkje kjenner til denne moglegheita. Trygdeetaten har derfor ei viktig oppgåve med å starta opp og koordinere tiltak, seier sosialministeren.


Kontaktperson: Steinar Mathisen, tlf. 22 24 86 34

Lagt inn 19. august 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen