Historisk arkiv

Nye tiltak for utjamning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr.: 61
Dato: 25.06.1999

Nye tiltak for utjamning

Regjeringa legg i dag fram Stortingsmelding nr 50 for 1998-99: Utjamningsmeldinga. Om fordeling av inntekter og levekår i Noreg.

- Regjeringa set no sosial fordeling og forskjellar høgare på den politiske dagsordenen, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp). Det lova vi i Voksenåsen-erklæringa, og vi innfrir det no med denne meldinga.

Meldinga gir ein brei gjennomgang av fordelinga av inntekt og levekår i Noreg, med hovudvekt på utviklinga frå 1986 til 1996. Den slår fast at nordmenn flest har gode og stigande materielle levekår, men at forskjellane i samfunnet har auka. Dei rikaste har blitt rikare, medan dei fattigaste har sakka akterut. Dette må vi berre erkjenne og ta skikkeleg tak i, seier sosialministeren.

1-2 prosent av befolkninga - i tal rundt 75 000 personar - har varig, låg inntekt over fleire år. Hovudårsaka til låg inntekt er svak tilknyting til arbeidslivet. Mange av dei har og helsemessige, sosiale og personlege problem i tillegg. Vi må gripa tak i årsakene til problema, og samstundes bidra til å gjera livet tryggare og betre for desse, seier sosialministeren. Vi kan ikkje akseptera eit 9/10-samfunn, der den velståande majoriteten ikkje bryr seg om dei dårlegast stilte, seier hun.

Meldinga trekker opp følgjande strategiar og tiltak for fordelingspolitikken:

  • Ei mjukare arbeidslinje
  • Betre offentlege tenester
  • Ein meir sosial bustadpolitikk
  • Eit meir finmaska sosialt tryggleiksnett.

Som grunnlag for dette er det naudsynt med ein stabil og sunn økonomi og ei rettferdig og effektiv skattlegging. I meldinga varslar vi ei rekkje konkrete tiltak som vil bli følgd opp stegvis i samband med dei årlege budsjettframlegga, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Regjeringa legg vekt på skatt etter evne som prinsipp for skattereglane. Analysane i denne meldinga syner at dette prinsippet ikkje gjeld fullt ut i dag, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa. Regjeringa vil derfor arbeide for skattereglar som gir ei betre fordeling mellom dei som har høge og dei som har låge inntekter, seier sosialministeren.

Dei viktigaste tiltaka:

Ei mjukare arbeidsline – få fleire yrkeshemma i aktivitet

  • varig lønstilskott for personar med nedsett arbeidsevne
  • forsøk med kommunalt ansvar for aktivisering av langtids-sosialhjelpsklientar
  • forsøk med uføregrad ned til 30 %
  • stønad til kvalifisering for innvandrarar som nyleg har kome til Noreg

Betre offentlege tenester – for å nå betre ut til dei som treng det

  • eit betre og meir samordna tilbod om vidaregåande opplæring for funksjonshemma ungdom
  • målretta tiltak i Kompetansereforma mot grupper med lite utdanning
  • gjennomføre ein samla plan for å heve kompetanse og kvalitet i førstelinja i sosialtenesta
  • auke kvaliteten på tiltak for rusmiddelmisbrukarar og stimulere til forsøk med nye etterverntiltak
  • gi betre helsetenester for visse grupper funksjonshemma med dårlege levekår

Ein meir sosial bustadpolitikk – alle skal ha rett til god bustad

  • auka Husbankens tilskotsordningar til bygging av bustader for bustadlause
  • utvikla betre alternativ til hospits for personar som har lita buevne
  • betra bustønaden for vanskeleg stilte barnefamiliar, einslege sosialhjelpsmottakarar og unge uføre i dei største byane

Eit meir finmaska sosialt tryggingsnett – tetting av hol

  • statlege rettleiande normer for økonomisk sosialhjelp
  • halda kontantstøtta utanfor ved utrekning av sosialhjelp
  • auka barnetillegget til trygdemottakarar med born
  • tidsavgrensa overgangsstønad til tidlegare pleiarar av familiemedlemer som har gått bort
  • statleg sosialhjelpstrygd for pensjonistar med kort butid i Noreg

Ei meir rettferdig skattlegging – betre fordeling

  • regjeringa vil arbeida for skattereglar som gjev ei betre fordeling enn i dag mellom høge og låge inntekter

Stortingsmeldinga er tilgjengeleg på Internett: linkdoc030005-040014#docodin.dep.no/repub/98-99/stmld/50/


Kontaktperson:
Ekspedisjonssjef Bjørn Halvorsen 22 24 86 00
Avdelingsdirektør Odd Helge Askevold 22 24 86 08

Lagt inn 25. juni 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen