Historisk arkiv

Offentleg utval om likestilling for funksjonshemma

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 42/99
Dato: 22.04.1999

Offentleg utval om likestilling for funksjonshemma

Regjeringa har i dag nedsett eit offentleg utval som skal sjå på funksjonshemma sine rettar i ein større samanheng, slik at ein kan vurdere ulike strategiar og verkemiddel for å betre funksjonshemma sitt høve til deltaking og likestilling i det norske samfunn.

Eit hovedspørsmål for utvalet er om funksjonshemma er godt nok sikra gjennom den alminnelege lovgjevninga, eller om det er behov for særskilte individuelle rettar på nokre område.

I mandatet heiter det at utvalet skal vurdere ulike strategier og verkemiddel for å fremje målet om full deltaking og likestilling for funksjonshemma.

Det er føresetnaden at utvalet oppsummerer, samanstiller og vurderer relevant forskningslitteratur, offentlege utreiingar, stortingsmeldingar og anna materiale frå Noreg og andre land som kan gje eit meir heilskapleg bilete av situasjonen for funksjonshemma og effekten av ulike verkemiddel som er nytta .

Utvalet skal vurdere korleis omsynet til funksjonshemma best kan sikrast i kommunal planlegging. Utvalet skal også vurdere om kommunane har behov for kommunale råd for funksjonshemma.

Utvalet skal komme med framlegg om strategiar og verkemiddel som på best mulig

måte fremjar måla knytt til levekår, deltaking og likestilling for funksjonshemma.

Utvalet vil bli leia av Sigurd Manneråk frå Kvinesdal. Det har medlemmar frå ulike fag- og samfunnsområde, inkludert funksjonshemma sine organisasjonar. Regjeringa har gitt utvalet brei geografisk og fagleg samansetjing. Utvalet skal legge fram sin rapport innan 1. april år 2000.


Kontaktperson: Underdirektør Svein Åge Eik, tlf. 22 24 85 50

Lagt inn 23. april 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen