Prøveordning med sjølvbetente vinmonopol
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik I
Utgiver: Sosial- og helsedepartementet
Pressemelding | Dato: 22.03.1999 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr.: 33
Dato: 22.3.99
Prøveordning med sjølvbetente vinmonopol
Statens Institutt for alkohol og
narkotikaforsking (SIFA) og styret i Vinmonopolet er einige om å
foreslå 14 prøveutsal med sjølvbetening.
Eg har i dag gitt Vinmonopolet og SIFA beskjed om at eg gir
klarsignal for denne planen, seier sosialminister Magnhild Meltveit
Kleppa.
Vedtaket er ei oppfølging av ynskje frå eit
fleirtal i Stortinget om ei prøveordning med sjølvbetening i
Vinmonopolet.
Prøveordninga skal gjennomførast på ein måte som framleis
sikrar god kontroll med salet. Ordninga skal evaluerast av SIFA
etter to år.
Det blir sjølvbetente polutsal desse stadene:
- Molde
- Larvik
- Narvik
- Fagernes
- Fauske
- Kristiansand, Kongensgate
- Oslo, CC-Vest, Vika og Storo
- Lørenskog
- Sandnes, Kvadrat
- Bergen, Nesttun
- Trondheim, Valentinlyst og Byhaven
Kontaktperson:
Ekspedisjonssjef Ellen Seip 22248509