Historisk arkiv

Rapport om muskel-/skjelettlidingar og yrkesskade

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr.: 118
Dato: 02.12.1999

Rapport om muskel-/skjelettlidingar og yrkesskade

Sosial- og helsedepartementet sender i dag ein rapport om muskel/ skjelettlidingar og yrkesskade på høyring med frist for merknader 1. mars 2000. Rapporten ser mellom anna på spørsmålet om enkelte muskel-/ skjelettlidingar bør kunne føre til godkjenning som yrkesskade. I rapporten blir det dessutan føreslått ein særregel for såkalla lyfteskadar.

Bakgrunn

Den som blir råka av ein yrkesskade kan ha rett til visse særfordelar frå folketrygda ut over dei ordinære trygdeytingane. kadelidne kan også ha rett til ytingar frå den lovpålagde yrkesskadeforsikringa.

Reglane om yrkesskade omfattar først og fremst skadar og sjukdommar som kjem av ei arbeidsulykke. I tillegg er det i forskriftar ei ”liste” over visse yrkessjukdommar som kan godkjennast som yrkesskade (”typiske yrkessjukdommar”). Belastningslidingar (muskel-/skjelettlidingar) er i dag stort sett unnatekne frå reglane om yrkesskade.

Stortinget vedtok den 18. mai 1998 å be Regjeringa utgreie høve til å utvide lista over yrkessjukdommar, slik at ho òg omfattar spesielle slitasje- og belastningslidingar som har klare yrkesårsaker. SHD har fått utarbeidd ein rapport som mellom anna ser på dette spørsmålet.

Forslag i rapporten

Rapporten av 22. november vurderer mellom anna å leggje til visse belastningslidingar på lista over likestilte yrkessjukdommar. Rapporten inneheld desse hovudforslaga:

Innføring av særregel for lyfteskader

Det blir foreslått ein særregel for skadar som oppstår plutseleg og i direkte tilknyting til eit personlyft. Etter gjeldande praksis ser det ut til å vere noko uklart om, og i kva grad, slike skadar kan godkjennast som yrkesskade. Samtidig verkar det som om til dømes pleie- og omsorgssektoren er særleg utsett for slike skadar.

Utviding av lista over likestilte yrkessjukdommar

Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) har utarbeidd ein eigen rapport for prosjektet. STAMI peikar på fem muskel-/skjelettlidingar dei meiner det er mogleg å leggje til lista over likestilte yrkessjukdommar. I rapporten til SHD sluttar ein seg i hovudsak til tilrådingane i STAMI-rapporten, men meiner ein i første omgang berre bør leggje til èi liding: skulderlidingar/”skuldertendinitt”. Då kan ein få erfaring med kva ei slik utviding av forskrifta vil kunne føre til av praktiske konsekvenser, til dømes når det gjeld å få sakene utgreidd i eit medisinsk apparat som er belasta frå før. Ein bør vurdere å harmonisere årsakskrava i folketrygda og yrkesskadeforsikringa, før ein utvidar lista over likestilte yrkessjukdommar, heiter det i rapporten.

Ein jamleg og systematisk revisjon av lista over likestilte yrkessjukdommar

Rapporten peiker på at det bør vere ein meir jamleg og systematisk revisjon av lista over kva slags yrkessjukdommar som skal likestillast med yrkesskade (”rådgjevande fagforum”).

Spørsmålet om eventuelle endringar også bør gjelde for yrkesskadeforsikringa

Rapporten tek utgangspunkt i reglane i folketrygda om yrkesskade, men gjev uttrykk for at eventuelle endringar i utgangspunktet òg bør omfattast av yrkesskadeforsikringa.


Kontaktperson:
Magne Olsen, prosjektleiar, tlf 22 24 87 43
Aase Rokvam, avdelingsdirektør, tlf 22 24 86 24

Lagt inn 3. desember 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen