Historisk arkiv

Regjeringa avviser ESAs alkoholkrav

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 128
Dato: 15.12.1999

Regjeringa avviser ESAs alkoholkrav

EFTAs overvakingsorgan, ESA, sende i oktober i år ei grunngjeve fråsegn til den norske regjeringa om alkohollovgjevinga. ESA hevdar at den norske alkohollova er i strid med reglane om fri flyt av varer i EØS-avtalen. I dag har regjeringa sendt svar til ESA.

ESA hevdar at dei norske reglane som opnar for ulik handsaming av alkoholhaldig drikk med likt alkoholinnhald, er i strid med reglane i EØS-avtalen om fri flyt av varer. ESA meiner til dømes at rusbrus og øl med same alkoholprosent, må handsamast likt. Det vil seie at rusbrus må seljast i butikk som øl, og ikkje på Vinmonopolet, slik ordninga er i dag.

  • Regjeringa held fast på sitt syn om at alkoholpolitiske omsyn skal styra alkoholpolitikken, og at dei norske reglane ikkje er i strid med EØS-avtalen, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.
  • Norsk lov handsamar utanlandske og norske produkt likt, ut frå klåre objektive og rettferdige kriteria, seier sosialministeren, og syner til at den norske alkohollova tek vare på viktige sosiale- og helsepolitiske omsyn.

Ved sida av øl, finst det produkt på marknaden som i stor grad appellerer til ungdom på grunn av smaken og marknadsføringa. Ei omlegging av regelverket i samsvar med ESA si haldning vil derfor opna for at alkoholhaldige drikkar når fram til nye og yngre brukargrupper. Det er ei utvikling den norske regjeringa ikkje ønskjer. Efta-domstolen har ved tidlegare høve godteke at slike omsyn kan gi grunnlag for unnatak frå reglane om fri flyt av varer.


Kontaktperson:
Avdelingsdirektør Inger Gran, tlf. 22 24 85 25
Rådgjevar Stig Halvor Langmoen, tlf. 22 24 85 26

Lagt inn 15. desember 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen