Historisk arkiv

Sosial- og helsedepartementet ankar dom om alkoholreklame

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr.: 19
12.02.99

Sosial- og helsedepartementet ankar dom om alkoholreklame

19. januar i år kunngjorde Oslo byrett dom i saka mellom bryggeria Aass og Hansa og Bryggeriforeningen som saksøkjar, og Sosial- og helsedepartementet som saksøkt. I avgjerda frå byretten blei det lagt til grunn at desse bryggeria har rett til å reklamere med bryggerilogo på idrettsdrakter, sjølv om slike logoar samtidig også er varemerke for blant anna øl. Sosial- og helsedepartementet ankar no avgjerda. - Eg meiner avgjerda er feil og til dels sjølvmotseiande. Dersom avgjerda blir ståande, vil ho gjere store inngrep i reklameforbodet i alkohollova, uttalar sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Ottast utviklinga

- Avgjerda i byretten grip sterkt inn i alkoholreklameforbodet. Eg fryktar utviklinga dersom ho blir ståande. Særleg er eg redd vi skal få ei utvikling der norske og utanlandske alkoholprodusentar fritt kan reklamere for sine produkt gjennom idretten, seier Kleppa.

Uklar situasjon

- Avgjerda er også prinsipielt viktig for mange partar. Ho skaper tvil om rettstilstanden på området, og gjer det vanskeleg å handheve forbodet. Det er med andre ord svært viktig å få ei rask avgjerd i domstolsapparatet. Departementet vil derfor prøve å anke saka direkte inn for Høgsterett, uttalar sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa. Sosialministeren viser også til at departementet har ein god dialog med Idrettsforbundet om forståinga av reklamereglane i tida før endeleg dom ligg føre.

Kontaktpersoner:

Statssekretær Steinulf Tungesvik tlf.22248404

Ekspedisjonssjef Knut Brofoss tlf. 22248500

Rådgiver Inger Gran, tlf. 22248525

Lagt inn 12. februar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen