Historisk arkiv

Sosialministeren gir pris til NRK U-redaksjonen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 31
Dato 16.3.99

Sosialministeren gir pris til NRK U-redaksjonen

Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa overrekte i dag Bodstikka 98 til U-redaksjonen i NRK TV. U-redaksjonen fekk prisen for to programseriar om unge menneske med funksjonshemming.

Bodstikkaprisen går kvart år til ein organisasjon eller ein kommune som på ein særskilt måte har sett fokus på funksjonshemma sine retter, lagt til rette for funksjonshemma og gjort deira behov kjende blant ikkje-funksjonshemma. Det er Sosial- og helsedepartementet og Rådet for funksjonshemma som saman deler ut prisen.

Fjorårets vinnarar var Tambartun kompetansesenter og samferdselsavdelinga i

Hedmark fylkeskommune. Mohammmed Beghdati frå Tambartun representerte desse. Anne Margrethe Brandt var med som representant frå Rådet for funksjonshemma.

Til stades under utdelinga var også hovudpersonane i dei to seriane, Kristin Bønsdahl Løype frå Skedsmo og Bobbo Enger frå Gjøvik. Kristin vart funksjonshemma som 13-åring og har budd ti år på ein aldersheim. NRK følgde henne på vegen til eigen bustad. Bobbo er blødar og vart HIV-smitta av eit blodprodukt som 9-åring. NRK følgde Bobbo og kjærasten i kvardagen. Programsjef Oddbjørg Aasen Bjørndalen og prosjektleiarane Leif Holst Jensen og Marit Bredesen tok i mot prisen på vegner av U-redaksjonen.

- U-redaksjonen har på ein utmerkt måte sett fokus på funksjonshemma og deira behov. Eg vil òg rosa dei to hovudpersonane i programma som har late sjåarane koma så nært inn på livet av seg. Programma om Bobbo fører vonleg til å fjerna fordommar kring HIV-smitta. Programma om Kristin syner kor viktig arbeidet er med å få unge funksjonshemma ut frå aldersheimane, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Lagt inn 17. mars 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen