Historisk arkiv

Tilskot til eldreomsorg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr.: 29
16.3.99

Tilskot til eldreomsorg

Hittil i år har 309 kommunar kvalifisert seg til å få tilskot til styrking av eldreomsorga. Sosial- og helsedepartementet har gitt tilskot etter innstilling frå fylkesmann og fylkeslege. 126 kommunar får delar av driftstilskotet. Kommunar som har fått avkorta tilskot kan likevel få alle pengane i år dersom dei innfrir krava som er knytte til tilskota. Fylkesmannen og fylkeslegen vil hjelpe kommunane i dette arbeidet.

-Kommunane har framleis tid til å arbeide med planane sine og gjere nødvendige tilpassingar, slik at tilskota til eldreomsorga kan utbetalast i år, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Tilskota er øyremerkte til styrking av pleie- og omsorgstenesta. Kommunane må dokumentere at tilskota i 1998 vart brukte til å setje i gang nye tiltak, og at det er vedteke å styrkje tenestene ytterlegare i 1999. Regjeringa vil orientere Stortinget om situasjonen i Revidert nasjonalbudsjett i mai.

Kommunar som ikkje har fått tilskot 16.mars kan grovt delast i to kategoriar:

  • Kommunar som ikkje har levert tilfredsstillande planar for styrking av tenestene, ikkje har sluttført den formelle behandlinga av planar og kommunebudsjett, eller har levert manglande dokumentasjon for oppnådde resultat i 1998.
  • Kommunar som ikkje har oppfylt aktivitetskrava knytte til tilskota, anten det gjeld oppnådde resultat i 1998 eller planlagde nye tiltak i 1999.

Fylkesmannen vil i dag orientere kommunane om tildeling av tilskot. Fylkesmannen og fylkeslegen vil hjelpe dei kommunane som så langt ikkje har innfridd krava. Sosial- og helsedepartementet reknar med at mange kommunar i vår vil innfri krava knytte til tilskota, og få utbetalt midlane. I mange kommunar er det alt sett i gang arbeid for å imøtekome krava. For ein del kommunar vil det krevje ny politisk behandling av planar og budsjett for 1999.

Ei fullstendig oversikt over kva for kommunar som får utbetalt tilskot er tilgjengeleg på internett. Ho er lagt ut på ODIN si nyheitsside, linkdoc099005-991843#dochttp://odin.dep.no/html/nytt.html og på Sosial- og helsedepartementets sider linkdoc030005-990090#dochttp://odin.dep.no/shd/proj/eldre/tilskudd/Fylkesmannen og Fylkeslegen har meir informasjon om tildelinga.

Kontaktperson:

Rådgivar Øyvind Brandt, tlf 22248578

Rådgivar Steinar Barstad, tlf 2248689

Lagt inn 16. mars 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen