Historisk arkiv

Vertskommunane for tidlegare hvpu-institusjonar får 24 millionar kroner ekstra i 2000

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr.: 102
Dato: 5.10. 1999

Vertskommunane for tidlegare hvpu-institusjonar får 24 millionar kroner ekstra i 2000

Vertskommunetilskotet utgjer i fleire av kommunane ein stor del av kommunane sine budsjett, det meste til løn av personell som yter tenester direkte til psykisk utviklingshemma.
- Det er eit mål at desse kommunane kan planleggje ei utvikling ut frå vertskommunetilskotet. Det har difor vore eit prioritert tiltak for regjeringa å leggje inn kompensasjon for venta prisutvikling i kommunesektoren for akkurat dette tilskotet, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp).
Tilskotet er sett til 920,8 millionar kroner i 2000. Dette er ein auke på 24 millionar kroner frå i fjor.

Reforma for menneske med psykisk utviklingshemming (frå 1991) var eit av dei største sosialpolitiske løfta for kommunane på mange år. Det fylkeskommunale Helsevernet for psykisk utviklingshemma (HVPU) vart lagt ned. Primæransvaret for psykisk utviklingshemma som budde på eller hadde eit dagtilbod på HVPU-institusjonane, i alt meir enn 7 000 menneske, vart overført til kommunane.

- Det viste seg at mange av dei som opphaveleg kom frå andre kommunar, ynskte å bli buande i institusjonskommunen, sjølv om institusjonen var lagt ned. Fleire av desse kommunane overtok så mange brukarar at tenesteapparatet måtte byggjast opp til ein ganske dominerande del av kommunen sin aktivitet i det heile, fortel sosialministeren.

- Dette førte til at det i 1993 vart innført eit eige vertskommunetilskot til 33 av desse kommunane på Sosial- og helsedepartementet sitt budsjett.

Sosial- og helsedepartementet har elles avtalt å samarbeide nært med vertskommunane sin organisasjon LVSH om opplegget for justeringa av vertskommunetilskotet for åra framover.

Etter initiativ frå Sosial- og helsedepartementet har Noregs forskingsråd (NFR) utarbeidd eit program for forsking om levekår for menneske med psykisk utviklingshemming.

- Tidlegare på 1990-talet hadde NFR ansvar for ei brei evaluering av ansvarsreforma. No er det primært levekåra, korleis dei psykisk utviklingshemma har det ti år etter reforma, vi ynskjer å setje på dagsorden, seier Meltveit Kleppa.

Det gjeld i fylgje Kleppa heile gruppa psykisk utviklingshemma, ikkje berre dei som hadde eit tilbod i regi av HVPU før reforma.

Forskingsprogrammet skal vare frå 1999 til 2002. Det meste av løyvingane kjem frå Sosial- og helsedepartementet, men Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet deltek også med midlar.

STATSBUDSJETTET 2000, KAP. 673 POST 61 - FORDELINGA AV VERTSKOMMUNETILSKOTET (beløp i 1 000 kr)

K.nr.

Kommunenamn

Endeleg fordeling 1999

Forslag fordeling 2000

Auke 1999-2000

101

HALDEN

11 213

11 513

300

104

MOSS

51 963

53 353

1 391

214

ÅS

14 410

14 796

386

219

BÆRUM

56 560

58 073

1 514

403

HAMAR

19 353

19 871

518

412

RINGSAKER

54 177

55 627

1 450

417

STANGE

19 420

19 939

520

528

ØSTRE TOTEN

31 410

32 250

841

534

GRAN

15 346

15 757

411

536

SØNDRE LAND

56 595

58 110

1 515

542

NORD AURDAL

11 143

11 441

298

605

RINGERIKE

17 191

17 651

460

702

HOLMESTRAND

8 058

8 274

216

720

STOKKE

7 364

7 561

197

819

NOME

19 841

20 372

531

1101

EIGERSUND

48 082

49 369

1 287

1119

52 364

53 765

1 401

1238

KVAM

9 224

9 471

247

1247

ASKØY

28 689

29 457

768

1401

FLORA

14 720

15 114

394

1418

BALESTRAND

16 990

17 444

455

1445

GLOPPEN

6 665

6 843

178

1523

ØRSKOG

19 230

19 744

515

1529

SKODJE

7 895

8 106

211

1535

VESTNES

88 705

91 079

2 374

1636

MELDAL

16 013

16 442

429

1662

KLÆBU

26 837

27 555

718

1714

STJØRDAL

8 373

8 597

224

1718

LEKSVIK

6 144

6 309

164

1813

BRØNNØY

9 241

9 488

247

1840

SALTDAL

49 783

51 116

1 332

1870

SORTLAND

11 298

11 600

302

1911

KVÆFJORD

82 528

84 737

2 209

SUM

896 826

920 826

24 000


Kontaktperson:
Per Eivind Hem, tlf. 22 24 85 70
Gerd J. Homstvedt, tlf. 22 24 83 83

Lagt inn 5. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen