Historisk arkiv

150.000 kroner til stiftelsen Fix

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr.: 2
Dato: 04.01.2000

150.000 kroner til stiftelsen Fix

Sosial- og helsedepartementet har gitt tilskot på 150.000 kr. til stiftelsen Fix i Bergen til eit forprosjekt for utvikling av Prosjekt maritim, eit opplæringstiltak til fiskeri og handelsflåten for ungdom.

Prosjektet er retta mot ungdom frå 16 år, som av ulike årsaker er på veg "ut av samfunnet", mellom anna ungdom med rusproblem. Flyktningar med maritim bakgrunn skal også vere ei målgruppe. Ungdomane skal få opplæring innan fiske, fangst og/ eller handelsflåten.

- Stiftelsen driv eit interessant prosjekt for rusutsett ungdom, og vi er glad for å støtta arbeidet med dette tilskotet, seier statssekretær Steinulf Tungesvik.


Kontaktperson:
statssekretær Steinulf Tungesvik, tlf. 22 24 84 05
rådgjevar Bjørg Merete Sviggum, tlf. 22 24 84 85

Lagt inn 4. januar 2000 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen