Historisk arkiv

Betre offentlege tenester med brukarkontor

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr.: 15
Dato: 04.02.2000

Betre offentlege tenester med brukarkontor

Med eit eige brukerkontor skal menneske som treng hjelp frå det offentlege, gjerne frå fleire instansar, unngå å bli vist frå kontor til kontor. Brukarkontoret skal gi informasjon om dei ulike tenestene, og kan hjelpe til i kontakten med forskjellige tenesteytarar.

Oslo kommune, Sosial- og helsedepartementet og Arbeids- og administrasjonsdepartementet har i dag underteikna ein samarbeidsavtale om forsøk med brukarkontor i Grünerløkka-Sofienberg bydel i Oslo. Forsøket vil gå over to år.

Bakgrunnen for forsøket med brukarkontor er at ein del brukarar av det offentlege hjelpeapparatet opplever at dei ikkje får den hjelpa dei har behov for eller kan ha eit rettsleg krav på. Nokre opplever dessverre å bli ”kasteballar” i hjelpeapparatet. Det må det bli slutt på. Brukarkontoret skal gi brukarane nødvendig informasjon om hjelpeapparatet og kan hjelpe i kontakten med helse- og sosialtenesta og arbeidsmarknads- og trygdeetaten. Ut frå brukarane sine erfaringar skal brukarkontoret rapportere ønske og behov for endringar i hjelpeapparatet til overordna myndigheit.

- Mange har hjelpebehov som går på tvers av skilja mellom offentlege kontor. Gjennom forsøket med brukarkontor vil vi prøve å organisere ei teneste på brukarane sine premissar. Erfaringane frå brukarkontoret vil vi også bruke til å forbetre det eksisterande hjelpeapparatet, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Forsøket med brukarkontor er ei oppfølging av Voksenåsen-erklæringa. Sosial- og helsedepartementet finansierer forsøket. Det er sett av ein million kroner til forsøket i 2000.


Kontaktperson:
Underdirektør Gunnar Tveiten, 22 24 86 20

Lagt inn 4. februar 2000 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen