Historisk arkiv

Ei halv million kroner til kompetansesenter for avrusing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr.: 3
Dato: 04.01.2000

Ei halv million kroner til kompetansesenter for avrusing

Sosial- og helsedepartementet har gitt tilskot på ei halv million kroner til eit forprosjekt for oppstart av eit kompetansesenter for individuelt tilpassa avrusing i Fredrikstad.

Kompetansesenteret skal gi klientane individuelt tilpassa avrusing som tar utgangspunkt i den aktuelle typen misbruk. Dette inneber bruk av medikamentelle nedtrappingsplanar, substitusjonsbehandling og avrusing frå opiatar under narkose. Senteret skal ikkje ha sjølvstendig institusjonsdrift. Kompetansesenteret skal mellom anna samarbeide med Senter for metadonassistert rehabilitering I Oslo.


Kontaktperson:
statssekretær Steinulf Tungesvik, tlf. 22 24 84 05

Lagt inn 4. januar 2000 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen