Historisk arkiv

Stortingsmelding om innhald og kvalitet i omsorgstenestene - Omsorg 2000

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr.: 12
Dato: 28.01.2000

Stortingsmelding om innhald og kvalitet i omsorgstenestene - Omsorg 2000

Regjeringa har i dag lagt fram ei stortingsmelding om innhaldet og kvaliteten i omsorgstenestene - St meld 28 (1999-2000). - Situasjonen for demente og deira pårørande og tilbodet til rusmiddelmisbrukarar har ein sentral plass. Eg har også lagt vekt på forhold kring konkurranseutsetjing og kommunal organisering av tenestene, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp).

Dei siste åra er det sett i verk ei rekkje store satsingar for å styrkja dei kommunale helse- og sosialtenestene. Dei viktigaste satsingane er handlingsplanen for eldreomsorga, opptrappingsplanen for psykisk helse, handlingsplan for helse- og sosialpersonell, handlingsplan for redusert bruk av rusmiddel og ein plan for kompetanseoppbygging i førstelina i sosialtenesta. Store økonomiske ressursar er knytt til fleire av desse planane, men personell og bygningar er ikkje aleine nok.

- Verdiar og haldningar hos dei som arbeider i omsorgstenestene er saman med ei god leiing og gode organisasjonsmodellar viktige element for å gi mottakaren tenester med god kvalitet. Derfor fokuserer meldinga særleg på spørsmål om etikk, haldningar, organisatoriske tilnærmingar og spørsmål knytt til tenester for enkeltgrupper, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.

I samband med Omsorg 2000 har Nasjonalt kompetansesenter for aldersdemens starta ei omfattande kartlegging av demente sin situasjon på aldersinstitusjonar og i sjukeheimar. Førebels resultat av kartlegginga syner at det er behov for tiltak for å betre rettstryggleiken for demente. Når kartlegginga er gjort, vil derfor Regjeringa koma med nye reglar og retningsliner for bruk av tvang i forhold til demente.

Konkurranseutsetjing er eit relativt nytt fenomen i omsorgstenestene. Førebels er det få erfaringar med korleis dette verkar i høve til kostnader, effektivitet og kvalitet.

- Eg oppfordrar derfor kommunane til å vera tilbakehaldne med konkurranseutsetjing. I staden bør dei møta utfordringane i desse tenestene gjennom sjølve å ha ein medviten strategi for organisasjonsutvikling, kvalitet og effektivisering. Regjeringa meiner at kommunal drift er lettast å planleggja og skaper stabilitet og ro for mottakarane og dei tilsette, seier Kleppa.

I meldinga blir det føreslått ei rekkje tiltak for å betra kvaliteten på omsorgstenestene. Det gjeld mellom anna rettleiing til kommunane i saksbehandling og internkontrollsystem. Kvalitetsforskrifta blir revidert for å gjera det klart at ho gjeld alle tenestemottakarar, også heimetenestene. Staten vil òg etablera eit rådgjevarprogram og styrkja det statlege tilsynsarbeidet.

- For å heva kvaliteten på tenestetilbodet er det viktig med god leiing og gode organisasjonsmodellar. I samarbeid med Kommunenes Sentralforbund ønskjer vi å oppretta eit forum der slike spørsmål blir diskuterte. Regjeringa vil arbeida for at desse spørsmåla også får større plass i utdanninga, seier Kleppa.

Omsorg 2000 legg òg stor vekt på at rusmiddelmisbrukarar må få eit fullverdig helse- og omsorgstilbod. I stortingsmeldinga understrekar Regjeringa at rusmiddelmisbrukarar har krav på dei samme tenestene som alle andre i samfunnet.

- Det er vanskeleg å nå denne gruppa med effektive og gode tiltak, og det har vist seg at det er behov for særskilt tilrettelagde tenester. Derfor har vi gitt støtte til 13 kommunar for å prøva ut såkalla lågterskel helsetilbod til rusmiddelmisbrukarar. Kvaliteten i tenestene har ikkje vore godt nok sikra. Vi har under arbeid ei eiga forskrift om kvalitet i tenestene til denne gruppa. Eg meiner ei slik forskrift saman med auka tilsyn vil vera betre enn å etablera ei godkjenningsordning for behandlingsinstitusjonar, seier sosialministeren.

Prosjekt som er omtala i meldinga:

  • Trondheim - Ilen menighets sykehjem; refleksjonsgrupper
  • Sørum kommune - alternativ til konkurranseutsetjing
  • Ballangen, Malvik, Trondheim, Årdal, Øystre Slidre, Østre Toten, Kristiansand, Sørum og Vestfold fylkeskommune - KS-prosjekt kvalitetsmåling/konkurrranseutsetjing.
  • Kristiansand - samanheng i tenestene for psykisk utviklingshemma
  • Rygge og Hvaler - LOK-prosjekt; legge til rette for læring på arbeidsplassen
  • Oslo - Ammerudhjemmet; kultur og helse
  • Vestfold, Rogaland og sju andre fylke - grøn omsorg; knyta til gardsdrift
  • Asker - Søndre Borgen alderspsykatriske avdeling

Kontaktperson:
Prosjektleiar Eli Johanne Lundemo, tlf. 22 24 85 91

Lagt inn 28. januar 2000 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen