Historisk arkiv

Finansdebatten 26. og 27. november 1997

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa

Finansdebatten 26. og 27. november 1997

Eg vil konsentrere meg om tre saker som er særs viktige for Regjeringa. Det er

  • utjamning i levekår
  • auken i minstepensjonane, og
  • Satsinga på eldreomsorga

Dei fleste i Noreg har stabile inntekter og gode levekår. Inntektsfordelinga er jamnare enn i dei fleste andre land som det er naturleg å samanlikne seg med. Men skilnadene i økonomiske levekår har auka på 1990-talet. Einskilde grupper har sakka etter i velstandsutviklinga. Dette gjeld mellom anna ein del innvandrarar, minstepensjonistar, eineforsørgjarar, langtidsledige, uføretrygda, yrkeshemma og langtids sosialklientar. Nokre av desse har det til dels svært vanskeleg økonomisk. Det er og ting som tyder på at ein del barn og barnefamiliar ikkje har tatt del i den generelle velstandsutviklinga. Det går synlege skilnader i levekår særleg mellom dei som har arbeid og dei som har lita eller inga tilknytning til arbeidslivet.

Regjeringa tek dei auka skilnadene på alvor. Vi vil leggja fram ei stortingsmelding for å få belyst problema i heile si breidde. I meldinga vil vi særleg leggje vekt på å kartlegge og analysere skilnader i økonomiske levekår og innpass på arbeidsmarknaden. Men fordi skilnader på nemnde område ofte fell saman med tilgang til ressurser og fordeling av levekår på andre område og, som til dømes helsetilstand, utdanning og butilhøve, vil det vere naturleg at meldinga drøfta levekår i ei breiare tyding. Det blir særleg viktig å identifisere grupper som har dårlege levekår over lengre tid og grupper som har dårlege levekår på fleire levekårsindikatorar.

I meldinga tek Regjeringa og sikte på å gjere framlegg om naudsynte tiltak som kan motverke ei utvikling mot eit samfunn med aukande skilnader.

Ein auke i minstepensjonen med 1000 kroner i månaden, er ein del av Regjeringa sitt mål om å betre tilhøva for grupper som er økonomisk svakt stilte. Minstepensjonistane er ei samansett gruppe. Nokre er forsørgde på anna vis. Det er likevel mange som har det vanskeleg. Dei aller fleste minstepensjonistar har små inntekter i tillegg til folketrygda.

Auken blir sett saman av både den vanlege grunnbeløpsreguleringa frå 1. mai 1998 og ein ekstraordinær auke av særtillegget. Regjeringa vil foreslå nye satsar for særtillegget etter at reguleringa av grunnbeløpet er drøfta med pensjonistane sine organisasjonar til våren. Både minstesatsen og ordinær sats vil bli auka.

Det vil soleis bli ein auke både for einslege minstepensjonistar, minstepensjonistektepar og minstepensjonist som er gift med tilleggspensjonist.

Minstepensjonistar i folketrygda omfattar både pensjonistar utan tilleggspensjon og pensjonistar med tilleggspensjon som er lågare enn særtillegget. Ein auke i minstepensjonane på om lag 1000 kroner i månaden, vil også kome pensjonistar med låge tilleggspensjonar til gode. Auken vil variere ut frå kor mykje som manglar for å sikre ein samla pensjon på det nye nivået for minstepensjonen. Antallet minstepensjonistar vil, alle inkludert, auke frå 300 000 til 375 000 neste år.

Sjøl om minstepensjonane har auka prosentvis nokså bra opp igjennom åra, blir auken ikkje så stor i kroner. Frå 1990 finn vi ein auke på om lag 16 000 kroner. Eit monaleg løft slik Regjeringa no ønskjer, er rettferdig og vil ikkje minst koma mange kvinner som som har satsa på uløna omsorgsarbeid til gode. Nær 90 % av dei som auken får fylgjer for, er kvinner.

Da handlingsplanen for eldreomsorga vart handsama i Stortinget, var eit stort fleirtal samde om hovudprinsippa for satsinga på dei eldre dei neste fire åra. Regjeringa fylgjer opp dei vedtaka som Stortinget gjorde. Det inneber mellom anna ei styrking av heile tilbodskjeden innanfor eldreomsorga, frå heimetenester og omsorgsbustader til nye plassar med heildøgns pleie- og omsorg i sjukeheimar eller liknande for dei som har det største hjelpebehovet. Slik det er lagt opp til i handlingsplanen, skal det byggjast over 24 000 omsorgsbustader og sjukeheimsplassar og opprettast 12 000 nye årsverk for at ein skal kunne halde tritt med auken i talet på eldre og samstundes betre kvaliteten på hjelpetilbodet. Denne satsinga vil koste i alt 30 milliardar kroner. Det er ei stor utfordring både for staten og for kommunane. I 1998 er det ei auke i løyvingane på 2 mrd. kroner til desse formåla. Sosial- og helsedepartementet vil følgje utviklinga i kommunane nøye, i første omgang gjennom dei kommunale handlingsplanane som kommunene skal sende fylkesmannen/fylkeslegen før dei får utbetalt driftstilskota, og også gjennom rapportar om verksemda i løpet av året. Regjeringa vil gjennom dei årlege budsjettframlegga halde Stortinget orientert om utviklinga, og også komma med forslag til endringar dersom det viser seg naudsynt. Eg vil og syne til at Stortinget da meldinga vart handsama ba om at ein om to år kom tilbake med ei ny vurdering av tenestebehovet og verkemidla med utgangspunkt i dei erfaringar og den kunnskap ein da vil ha fått gjennom dei kommunale handlingsplanane og utviklinga i kommunane. Regjeringa vil følgje opp dette.

Regjeringa sitt 1998-budsjett vil gi ein betre kvardag for funksjonshemma og eldre. Det er mitt ynskje at utarbeiding av handlingsplan for redusert alkoholbruk og revidert handlingsplan for funksjonshemma, ytterlegare skal styrka nokre av dei mest vanskelegstilte i komande år.

Lagt inn 1 desember 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen