Historisk arkiv

FNs standardreglar i praksis- utfordringar for norsk politikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa

FNs standardreglar i praksis- utfordringar for norsk politikk

Innlegg ved FNs internasjonale dag for funksjonshemma, 3. desember 1997

I løpet av dei snart sju vekene eg har vore sosialminister,har eg fått mange innspel som fortel at det er mykje ugjort når det gjeld ei betring av situasjonen for mange funksjonshemma.Eg veit av erfaring kva tilrettelagt opplæring i skulen betyr.Eg har kjent frustrasjonen når ein funksjonshemma blir ein prislapp og ein utgiftspost i stadenfor eit andlet på eit trangt kommunebudsjett.Eg har møtt ho som stod på nippet til å seia frå seg skuleplassen på det grunnkurset ho helst ville gå på fordi det ikkje var nok døvetolkar.Eg veit noko om kva ei nærast mikroskopisk endring av momsreglane,fjerning av moms på lydlitteratur,betyr for dei som er avhengige av kassettar som hjelpemiddel.Eg vil gjerne medverka til at i alle fall nokre fuksjonshemma etter kvart skal oppleva ein betre kvardag.

Det er FN som har stifta den internasjonale dagen for funksjonshemma.Då høver det godt på ein dag som denne å drøfte korleis vi kan ta FNs standardreglar praktisk meir i bruk. Standardreglane blei utforma i siste del av FNs internasjonale 10 år for funksjonshemma for å sikre funksjonshemma dei same rettar og plikter som alle andre i samfunnet.

I Voksenåsen-erklæringa, sentrumsregjeringa sitt politiske grunnlag,slår vi fast at at vi vil arbeida for å betra funksjonshemma sine kår og rettar. Eg nemner tre hovedpunkt:

-Betre tilgjenge

-Sterkare brukarmedverknad og-styring

-Større høve til arbeid

I Noreg blei standardreglane gjeve ut på norsk hausten 1994. Det er ei stor utfordring å få folkevalde, byråkratar og fagfolk på ulike nivå til å følgje standardreglar som er behandla høgt opp i systemet og langt vekk frå der tiltak som gjeld kvardagen til funksjonshemma vert utforma. Dette må vi leggja meir vekt på i tida som kjem.

I samband med utforminga av Stortingsmeldinga om Resultat og røynsler frå Regjeringa sine handlingsplanar for funksjonshemma og vegen vidare (St. meld. nr. 34 (1996-97)), kartla Rådet for funksjonshemma korleis standardreglane er kjende og vert nytta i 7 departement og i nokre av dei funksjonshemma sine organisasjonar. Sjølv om dei to handlingsplanane inneheld fleire tiltak og politiske mål som er innanfor ramma av standardreglane, er konklusjonen at reglane ikkje blir nytta godt nok i det daglege arbeidet og at det på nokre område er stor avstand mellom dei mål standardreglane set og dagens norske politikk for funksjonshemma.

I Stortingsmeldinga er det lagt vekt på 5 hovudområde der avstanden er stor mellom målsetjinga i standardreglane og norsk politikk. Eg er samd i at det er her dei store utfordringane ligg, og vil nemne desse saman med nokre synspunkt på kva som bør gjerast for å få betre samsvar mellom det Noreg har gitt tilslutning til i FN og det som er dagens situasjon.

1. Auka kjennskap og kompetanse om funksjonshemma sine rettar, behov og moglegheiter:

Standardregel 1 omhandlar auka kjennskap til menneske med funksjonshemming, deira rettar, behov, moglegheiter og kva dei sjølve kan bidra med. Dei fleste folkevalde kan ikkje bygga på eigne røynsler.V i treng hjelp frå funksjonshemma og deira organisasjonar for å utforma eit samfunn som er for alle. Eg er oppteken av det skal bli meir kunnskap blant “alle som ikkje er funksjonshemma enno”, såleis at fleire skjønar at det er viktig å skipa eit samfunn for alle. Det kan i dag synast enklare å få oppslutning om tiltak og auka løyvingar til eldre enn til funksjonshemma. Det kan koma av at “alle trur dei blir gamle”, men få har kjennskap til statistiske undersøkingar som tyder på at kvar nordmann med vanleg livsløp vil bli funksjonshemma i vel 14 år av livet.

Departementet har løyvd midlar til førebuingane av ein kampanje som eg vonar kan betre kunnskap om desse forholda og gjere folk flest merksam på funksjonshemma sine behov og moglegheiter. Kampanjen har namnet “Samfunn for alle”. I Handlingsplanen for funksjonshemma 1998 - 2001 er dette eit av forslaga som eg vil følgje opp.

2. Medverknad

Standardregel 18 handlar om rolla til organisasjonane av funksjonshemma. Medverknad frå organisasjonane i ein demokratisk prosess er naudsynt for å få god kvalitet på planlegging av tilbod og tenester som er viktig funksjonshemma. Eg er oppteken av at det i ein del samanheng kan vere riktig at brukarorganisasjonane får sterkare påverknad enn “berre” medverknad, til dømes ved at dei har fleirtal i styre for institusjonar. I det politiske grunnlaget for sentrumsregjeringa, uttalar vi at “det er viktig med brukarmedverknad og brukarstyring”. Eg er imponert over representantar frå organisasjonane som aktivt deltek i utforminga og styringa av tenestetilbodet. Dette er spesielt viktig, trur eg, i styringa av tenester til funksjonshemma som treng tenestene store delar av livet. Førebels er det få døme på brukarstyring, men eg vonar at dette med tida kan bli meir vanleg.

Det er fleire døme på medverknad frå funksjonshemma sine organisasjonar i ein demokratisk prosess, men heller ikkje her kan vi ikkje seie oss nøgde med forholda. Stortinget har ved eit par høve uttala at det er viktig med Råd for funksjonshemma i kommunar og fylke for å skipa formelle møteplassar for brukarar, folkevelde og administratorar. I åtte år (to handlingsplanbolkar) har det vorte utprøvd fleire former for brukarmedverknad i kommunane. Eg er ikkje viss på at meir utprøving vil auke medverknaden for funksjonshemma i kommunane. Det er heller tid for å koma med klåre retningsliner frå departementet når det gjeld organiseringa av medverknad frå funksjonshemma, slik Stortinget har bede om. Og tenk om vi i saman kan få kommunane til å ta brukarmedverknad på alvor, no når vi går inn i den tredje bolken av handlingsplanen.. Det kan bli ein god oppfylling av måla for brukarmedverknad i dei to bolkane som no er over, og ein fin måte å gjere kommunane meir oppteken av iverksetjing av FNs standardreglar.

Overfor den einskilde er det viktig med både brukarmedverknad og brukarstyring, for at også menneske med funksjonshemming skal få påverknad over sitt eige liv. Brukarstyrt personleg assistent er et godt døme på korleis tenester kan organiserast for at dei som treng mykje hjelp kan få påverknad over sitt eige liv. Det er mange gode røynsler med brukarstyrt personleg assistanse. Sentrumsregjeringa har lagt inn meir pengar til stimuleringstilskot for 1998. Det er likevel enno ikkje slik at alle som har behov for, og ynskjer denne tenesteforma ,får det i kommunane. Vi vil bygge ut ordninga og vil i sammenheng med det, vurdere om det skal bli ei rettigheit for den enkelte. Men eg vil også utfordra dykk som er her frå kommunane: Reis heim og sjå om ikkje fleire av brukarane av heimetenestene kan få betre tilpassa hjelp i form av personleg assistent enn med den meir vanlege hjelpeforma heimehjelp og heimesjukepleie. Det er ikkje noko i lovene som hindrar at praktisk bistand og heimesjukepleie kan organiserast som brukarstyrt personleg assistent.

3. Ein politikk som dekkjer heilskapen og offentleg planlegging

Standardregel 14 omhandlar utforming av all politikk og nasjonal planlegging. Den omhandlar også kravet om brukarmedverknad frå organisasjonane i planlegging og i forhold til ordningar som omfattar økonomi og sosial situasjon for funksjonshemma. Politikk og planlegging i forhold til funksjonshemma omfattar mange fleire sektorar enn mitt departement. Eg har med interesse registert at det er positive erfaringar frå Statssekretær utvalet for den samla politikken for funksjonshemma som var eit av tiltaka i den nåverande handlingsplanbolken. Regjeringa vil vidareføre dette utvalet for blant anna å oppfylle deler av standardregel 14. Men sjølv om eit statssekretærutval skal vere i aktivitet, ser eg at det er naudsynt med fleire tiltak for å følgje opp at alle som har ansvar for tenester, aktivitetar og informasjon tek omsyn til funksjonshemma. Ein meir aktiv bruk av FNs standardreglar bør kunne tene som ei hugseliste i det daglege arbeidet både i departement, kommunar, institusjonar, kultur- og idrettsorganisasjonar, næringslivet m m.

4. Tilgjenge for funksjonshemma

Standardregel fem er viktig, men også i andre av standardreglane er det tatt opp forhold som er naudsynt for at funksjonshemma skal få like moglegheiter til å delta i samfunnet som andre. Tilgjenge for funksjonshemma i forhold til “alle” område har vore viktige mål i dei to handlingsplanbolkane. Ja, det er verkeleg slik at dei norske handlingsplanane går vidare enn standardreglane. Men det er ikkje slik at alle måla er nådd. Difor er det i den komande handlingsplanbolken behov for ytterlegare påverknad for at samfunnet ikkje skal gjera menneska meir funksjonshemma. Målet må vere å skapa eit samfunn som reduserer funksjonshemmingane og gjer det mogeleg for alle å delta på deira eigne premissar. Dette vil vi få gode døme på seinare i dag når Budstikka-prisen skal delast ut.

5. Synleggjere norsk politikk for funksjonshemma

Standardregel 20 handlar om statens ansvar for oppfølging og evaluering av nasjonal gjennomføring av standardreglane. Kartlegginga i sju departement synte at det var vanskeleg for departementa å vise til kva som var oppnådd. Det kan tyde på at departementa må utvikle kriteriar for evaluering av deira eige arbeid når det gjeld politikken for funksjonshemma. FN `s standardreglar må takast i bruk i det daglege arbeidet. Ved å bruke dei som krav i forhold til utforminga av politikken, vonar eg at det blir enklare å synleggjere kva som er norsk politikk for funksjonshemma.Eg vil gjerne ha synspunkt frå organisasjonane og Rådet for funksjonshemma på dette.

Avslutning:

Eg har forstått at norsk politikk på mange område er komen langt i forhold til dei krava som står i standardreglane. Her trengst likevel på fleire område meir innsats i tida som kjem. I den reviderte Handlingsplanen for 1998-2001 skal vi arbeide vidare med å ta standardreglane meir i bruk og gjere dei meir kjende både i departementa og elles. .Eg ber dykk alle om å hjelpe til med å auke kjennskapen til standardreglane og bruke dei aktivt der de gjer jobben dykkar til dagleg. Sjå på reglane som eit hjelpemiddel for å nå målet om eit samfunn for alle !

Lagt inn 3 desember 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen