Historisk arkiv

Innlegg på Nordisk råds sesjon 12.11.97

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa

Innlegg på Nordisk råds sesjon 12.11.97

(Velferdsdebatten)

President.
Kjære nordiske vener.

Dette er første gongen eg er med i ein debatt på Nordisk Råds sesjon. Det er spanande for meg at det nordiske velferdssamfunnet er sett på dagsorden her i dag. Vi nordiske politikarar kan ha fordel av å drøfta dei felles utfordringane vi står framfor. Det gjeld til dømes spørsmål som desse:

  • Har vi målet om ein økonomisk grunntryggleik for den einskilde like klårt i dag som for få år sidan?
  • Er fordelinga av velferdsgoda i dag god nok?
  • Vil dei yrkesaktive vera viljuge til å ta nye tunge løft i tida som kjem, særleg når dei store fødselskulla frå åra like etter krigen går ut i pensjon?

Det har i Norden lenge vore semje om hovudprinsippa for velferdssamfunnet. Den nordiske velferdsmodellen er unik.Utgangspunktet har vore eit menneskesyn der alle på individuell basis er sikra sosiale rettar. Velferdsordningane er finansierte av offentlege midlar og stort sett drivne av det offentlege. Det har vore brei folkeleg oppslutnad om at dei som treng hjelp t.d. på grunn av sjukdom, uførleik, alderdom eller arbeidsløyse skal ha krav på hjelp frå ordningar som er finansierte av skatt eller offentlege avgifter, uavhengig av om dei er i arbeid eller ikkje.

Arbeidsløyse har vorte eit større problem enn før i Norden. Det å miste eller ikkje få arbeid skapar store sosiale og økonomiske problem for dei personane det gjeld. I tillegg får arbeidsløyse som verknad at finansieringa av sosiale ordningar blir vanskelegare fordi offenlege inntekter går ned medan utgiftene aukar. Nordiske land har i denne situasjonen satsa sterkare på aktive sysselsettingstiltak enn mange andre land.

I alle nordiske land - også i dei som ikkje har så store økonomiske vanskar og arbeidsløyse - er det i dag debatt om storleiken av og framtidig retning for velferdssamfunnet. I Noreg er det gjennomført ei justering av støtteordningane med sikte på å hjelpa og stimulera stønadsmottakarar til å søkja arbeid. Det er viktig at alle, også dei som på grunn av funksjonshemming har redusert arbeidsevne, får høve til å bruka den arbeidsevna dei har.

Den nye norske regjeringa har teke til orde for ei verdimessig og samfunnsetisk mobilisering. Vi ynskjer å ivareta eit solidarisk samfunn som har omsorg for dei svakaste og tek ansvar for andre, for miljøet og for komande generasjonar. Vi meiner mange barn og unge treng ei betre plattform og vil gje barn og foreldre meir tid til kvarandre. Småbarnsforeldre må ha høve til å kombinera arbeid og omsorg på ein betre måte enn i dag. Føresetnader for større valfridom er ein styrka økonomi, fleire barnehageplassar og større høve til deltidsarbeid. Vi inviterer til eit sterkare samspel med friviljuge organisasjonar for å styrke dei sosiale nettverka. Vi vil gje høve til å dela det arbeidet som er meir fleksibelt enn i dag. Vi ynskjer å heva nivået for minstepensjonar, og meiner at nye arbeidsplassar skal etablerast både i byane og distrikta.

Tradisjonelt har det i nordiske land vore ein relativ jamn inntektsfordeling. I seinare år har vi i alle høve i Noreg sett at inntektsskilnadene er aukande. Nokre grupper har tydeleg sakka akterut i den velstandsutviklinga dei fleste av oss har fått del i. Dette er ei utvikling som ikkje kan stansast berre med sosialpolitiske verkemiddel. Her som på mange andre område trengst tiltak på eit breitt felt om vi skal oppnå velferdspolitiske mål. Det er likevel avgjerande at det sosiale tryggleiksnettet er intakt.

Dei to framlagde rapportane, "Det nordiske velfærdssamfund" og "Budgetkonsolidering i de nordiska länderna - (Finanspolitik för hållbar ekonomisk tillväkst och velfärd)", er begge nyttige innspel både til debatten i dag og i det vidare arbeidet med velferdsordningane i våre respektive land. Den siste utgjer eit oversyn over den finans- og budsjettpolitiske utviklinga i nordiske land over fleire år og ein samanliknande analyse av nasjonale tilhøve og tiltak. Det viser seg å vera mange felles trekk, men også viktige skilnader. Alle land har sett i verk tiltak for å stramma inn finanspolitikken, men graden av innstramming har variert med den nasjonaløkonomiske situasjonen.

Rapporten "Det nordiske velfærdssamfund" har sin bakgrunn i konferansen om morgondagens velferdssamfunn arrangert av Nordisk Ministerråd i Reykjavik i juni 1996, og er resultat av ei arbeidsgruppe som vart nedsett i etterkant for å sjå nærare på dei problemstillingane som der var reist. Rapporten peikar på fire hovudutfordringar i tida framover:

  • Å skaffa arbeid til alle
  • Å unngå passivisering ved for lett tilgang til offentleg stønad
  • Å sikra effektive offentlege tenester med god kvalitet
  • Å revurdera fordelinga av oppgåver mellom det offentlege og marknaden på den eine sida - og i høve til den friviljuge sektoren på den andre sida.

Rapporten strekar under at sikring av gode vilkår for familiar og born er grunnlaget for velferdssamfunnet si framtid og seier at ytingane bør tilpassast til nye familiemønster og oppvekstvilkår. Dette høver godt saman med den vekt også Ministerrådet for Narkotikaspørsmål la på tryge oppvekstvilkår på sitt møte her i Helsinki i går.

Til dei fire hovudutfordringane ynskjer eg å poengtera fylgjande: I innsatsen for arbeid til alle som ynskjer det, vonar eg på ytterlegare utprøvingar av ordningar der både funksjonshemma, foreldre med små born og eldre har større høve enn i dag til å gå inn og ut or eit arbeid. Då vil ein reint praktisk også kunna dela det arbeidet som er på fleire.

Å sikra effektive offentlege tenester av god kvalitet er viktig. I debatten om omfanget av offentleg sektor meiner eg det er stor forskjell på å spela på lag med friviljuge organisasjonar for å få løyst ei oppgåve, og det å utsetja oppgåver på marknaden og såleis fråskriva seg eit offentleg ansvar. Den norske regjeringa er oppteken av ei fornying av offentleg sektor, men meiner grensa for såkalla konkurranseutsetjing bør gå ved tekniske tenester.

La meg elles ta med at når kvinnene i Norden har så høg grad av yrkesdeltaking, skuldast det nettopp omfanget av offentleg sektor.

Vi som har ansvar innan sosialpolitikken på nasjonalt nivå, merkar korleis også tilhøve utanfor landegrensensene spelar inn og set dagsorden. Folk flyttar meir enn før, og det gjer at landa våre i større grad er blitt fleirkulturelle samfunn med dei utfordringar det fører med seg. Ny teknologi opnar for nye måtar å løyse problem på, men kan også i seg sjølv skapa nye problem. Eg er glad for at om tre av dei nordiske landa no er medlemer i EU, medan to ikkje ynskjer medlemskap, så har ikkje det så langt fått negative konsekvensar for nordisk samarbeid på det sosial- og helsepolitiske området. Likevel vil eg understreka behovet for betre enn i dag å finna fram til eit sams syn på retten til å yta trygd og pensjon til personar som flyttar mellom våre nordiske granneland.

Nordisk Ministerråd vil - i lys av drøftingane her i Nordisk Råd og andre fora - arbeida vidare med problemstillingar som er reiste når det gjeld det nordiske velferdssamfunnet. Vi er alle interesserte i at oppfølginga skjer på ein føremålstenleg måte. Dette er fundamentale spørsmål for alle dei nordiske landa og eg er overtydd om at samarbeid gjer det lettare å finna gode løysingar.

Eg ynskjer til slutt å oppmoda oss alle på tvers av parti og land til å slå ring om den nordiske velferdsmodellen. Det krev aktiv innsats og aktiv prioritering å ta vare på våre universelle ordningar. Eit gamalt norsk ordtak seier: "Det det er vilje, der er det òg veg". Eg trur yrkesaktive er viljuge til å ta endå større løft i tida framover, dersom dei opplever at velferdssamfunnet også stiller opp i periodar når dei treng det. Men systemet må vera så fleksibelt at justeringar kan gjerast undervegs. Justeringar er noko anna enn undergraving. Tilliten må oppretthaldast - der det er vilje er det òg veg!

Lagt inn 14 november 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen