Historisk arkiv

Regjeringa sine mål og strategiar for ei betre eldreomsorg.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Regjeringa sine mål og strategiar for ei betre eldreomsorg.

Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa`s foredrag i Tromsø 28.11.97.

Eg ynskjer å bidra til at eldre meir enn i dag skal bli sett på som den kjemperessursen dei er. Eg har arbeidd i 20 år i skulen. Eg har sett den mest urolege guten i klassen sitje med lysande auge når ei bestemor eller ein onkel har gjeve sitt verdfulle supplement til den skrevne historia eller i ein time med samfunnsfag. Mye verdfullt vil gå tapt hvis vi ikkje klarer å trekkje inn eldre i slikt arbeid.

Svært mange eldre har det godt. Eg kjenner sjølv eldre folk som, etter at dei blei pensjonistar, seier dei aldri har hatt det så godt. No har dei tid til besøk og samvær med familien, dei har tid og penger til å reise o.s.b. Dei har det altså godt materielt, men mange har det og vondt fordi dei ikkje lenger er ein del av eit fellesskap.

Regjeringas sitt mål er at den enkelte eldre skal kjenne seg trygg for å få omsorg og pleie hvis behovet for det melder seg. Budsjettet for 1998 legg eit visst grunnlag for dette. I juni i år blei det inngått eit breitt forlik i Stortinget om ei sterk satsing på eldre og omsorg. Budsjettramma for neste år omfattar m.a. at minstepensjonen skal aukast med 1.000 kroner måneden fra 1. mai neste år.

Ein auke i minstepensjonen med 1000 kroner i månaden, er ein del av Regjeringa sitt mål om å betre tilhøva for grupper som er økonomisk svakt stilte. Minstepensjonistane er rett nok ei samansatt gruppe.Fleire er forsyrgde på anna vis. Det er likevel mange som har det vanskeleg. Dei aller fleste minstepensjonistar har små inntekter i tillegg til folketrygda.

Auken blir sett saman av både den vanlege grunnbeløpsreguleringa frå 1. mai 1998 og ein ekstraordinær auke av særtillegget. Auken av særtillegget aleine vil soleis bli noko lågere enn 1000 kroner i månaden. Regjeringa vil foreslå nye satsar for særtillegget etter at reguleringa av grunnbeløpet er drøfta med pensjonistane sine organisasjonar til våren. Både minstesatsen og ordinær sats vil bli auka.

Det vil soleis bli ein auke både for einslige minstepensjonistar, minstepensjonistektepar og minstepensjonst som er gift med tilleggspensjonist.

Minstepensjonistar i folketrygda omfatter både pensjonistar utan tilleggspensjon og pensjonistar med tilleggspensjon som er lågare enn særtillegget. Ein auke i minstepensjonane på om lag 1000 kroner i månaden, vil også kome pensjonistar med låge tilleggspensjonar til gode. Auken vil variere ut frå kor mykje som manglar for å sikre ein samla pensjon på det nye nivået for minstepensjonen. Antallet minstepensjonistar med lav tilleggspensjon og avkorta særtillegg vil auke frå 300 000 til 375 000.

Sjøl om minstepensjonane har auka prosentvis nokså bra opp igjennom åra, blir auken ikkje så stor i kroner. Frå 1990 finn vi ein auke på om lag 16 000 kroner. Eit monaleg løft slik Regjeringa no ønskjer, er både rimeleg og rettvist. Etter kvart som fleire og fleire tener opp eigen tilleggspensjon i folketrygda, vil det bli færre minstepensjonistar. Eg legg vekt på at nær 90% av dei som no får styrka økonomi er kvinner - mange av dei har prioritert ulønna omsorgsarbeid og spart samfunnet for store midlar.

1. Innleiing

Da Stortingsmelding nr.50 (1996-97) vart handsama i vår, var det eit stort fleirtal i Stortinget som slutta seg til måla og satsinga i handlingsplanen.

Den nye regjeringa vil følgje opp Stortinget sine vedtak i høve til denne satsinga dei kommande fire åra.

2. Måla for pleie- og omsorgstenesta for eldre.

Dei overordna måla for pleie- og omsorgstenesta for eldre og andre grupper er

  • ei kvalitativt god pleie- og omsorgsteneste som gir brukaren tryggleik
  • ei heilskapleg tenestekjede
  • fleksibilitet, variasjon i høve til lokale behov
  • brukarmedverknad

Kommunane skal også i framtida ha ansvaret for utforminga og utbygginga av pleie- og omsorgstenestene. For å løyse oppgåvene i pleie- og omsorgssektoren er det naudsynt med eit variert og fleksibelt tilbod. Det blir difor lagt vekt på at kommunane i størst mogeleg grad skal utforme og bygge ut eit pleie- og omsorgstilbod som er tilpassa dei lokale tilhøve og behov.

Regjeringa legg vekt på å skape ei eldreomsorg som kjennes trygt for brukaren og som også gjev valfridom med omsyn til kva slags tenestetilbod brukaren vil ha. Derfor blir det lagt vekt på å betre heile tjenestekjeda, frå tilbod om hjelp i eigen heim, hjelp i tilrettelagt omsorgsbustad, til tilbod om heildøgns pleie og omsorg i eigna bustad i sjukeheim eller tilsvarande. Dersom den eldre må ha eit tilbod i sjukeheim, skal det være eit tilbod om einsengsrom.

3. Behova

I meldinga er behovet for plassar med heildøgns pleie og omsorg med tenester på sjukeheimsnivå rekna ut til 25 prosent målt i høve til personar 80 år og eldre. Anslaget er basert på ei vurdering av vitskaplege undersøkingar og faglege analysar. I denne dekningsgraden er det også rekna inn behovet for korttidsplassar, og at det også framover vil vere personar under 80 år med behov for heildøgns pleie og omsorg på sjukeheimsnivå. Dekningsgraden som er utrekna er eit uttrykk for kva som er tilfredsstillande behovsdekning på landsbasis under føresetnad av godt utbygde heimetenester. Lokale tilhøve gjer likevel at det reelle behovet i kvar enkelt kommune kan variere rundt dette gjennomsnittet. Kommunane må sjølve ta stilling til om tilbodet til personar med behov for heildøgns omsorg og pleie skal gjevast i form av plass i sjukeheim eller i omsorgsbustader tilknytta heildøgns tenester frå heimetenesta.

I tillegg til plassar med heildøgns pleie og omsorg er det behov for å styrke heimetenestene ut over det som aldersutviklinga åleine skulle tilseie. Det er også behov for å halde fram med utbygginga av omsorgsbustader, bygge ut fleire eisengsrom og å erstatte gammal og ikkje føremålstenleg bygningsmasse.

I handlingsplanen for eldreomsa ligg følgjande målsetting mot utbygging dei nærmaste fire åra:

  • 6 000 nye årsverk i heimetenestene i perioden 1998-2001. For 1998 vil dette utgjere 1 500 nye årsverk.
  • 7 200 nye omsorgsbustader i perioden 1998-2001. I 1998 vil dette utgjere 1 800 nye bustader.
  • 6 000 fleire eisengsrom frå 1998 til 2002 for å innfri målsettinga om eisengsrom til alle sjukeheimsbuarar som ønskjer det. I 1998 vil dette utgjere 1 200 nye plassar. Det blir føresett 280 nye årsverk i perioden 1998-2002.
  • 5 000 fleire plassar med heildøgns pleie og omsorg (i sjukeheim eller omsorgsbustader med heildøgns tenestetilbod) i perioden 1998 til 2001 for å halde lag med auken i talet på eldre. I 1998 vil dette utgjere 1 250 fleire plassar. Dette føreset 1 120 fleire årsverk i 1998 og 4 500 i 2001.
  • 1 400 fleire plassar med heildøgns pleie og omsorg i perioden 1998-2001 for å sikre eit visst minstenivå på pleie- og omsorgstilbodet i kommunane, av dette 350 plassar i 1998. Tiltaket vil vere retta mot dei dårlegast stilte kommunane. I 1998 vil det medføre 310 fleire årsverk, aukande til 1 250 nye årsverk i 2001.
  • 4 800 plassar i perioden 1998-2001 for å skifte ut nedslitne sjuke- og aldersheimar, av dette 1 200 plassar i 1998.

Da Stortinget handsama Stortingsmelding 50, var det reist tvil om forslaget til utbyggjing var godt nok i høve til det eigentlege behovet i kommunane. Stortinget vedtok derfor at ein om to år skal gjennomgå behovstala på nytt, og at handlingsplanen må endrast med utgangspunkt i denne vurderinga. Departementet vil derfor gjennomgå behovet på nytt når vi har fått inn dei konkrete utbyggjingsbehova og planane frå kommunene.

4. Verkemidla

For å sikre at måla i handlingsplanen blir nådd, vil staten ta i bruk ulike verkemiddel, både økonomiske, juridiske og andre verkemiddel, m a krav til kommunal planlegging.

Økonomiske tilskotsordningar

Satsinga er samla kostnadsrekna til 30 milliardar kroner for dei fire åra, herunder omlag 20 milliardar kroner til investeringar, og 10 milliardar kroner til drift. Kommunane vil bli sett økonomisk i stand til å gjennomføre handlingsplanen gjennom øyremerka midlar på statsbudsjettet for 1998 og i seinare budsjettframlegg.

I statsbudsjettet for 1998 blir det føreslått i alt vel 3 milliardar kroner som øyremerka tilskot til investering og drift innan ramma av handlingsplanen. Dette er ein auke på omlag 2 milliardar kroner i høve til 1997.

Driftsmidlar

Driftsmidlane blir føreslått fordelt på denne måten:

  • Eit generelt driftstilskot på 695 mill kroner, som kjem i tillegg til dagens omsorgstenestetilskot på 350 mill kroner. Til saman utgjer dette 1 045 millionar kroner for 1998. Tilskotet blir føreslått fordelt til kommunane ut frå følgjande kriterium: Andel personar 67-79 år, andel personar 80-89 år, andel personar 90 år og over, andel ikkje gifte 67 år og over, og dødstal i kommunen.
  • Døgntenestetilskotet på 150 mill kroner blir vidareført. Dette blir fordelt til kommunane ut frå same kriterium som for det generelle driftstilskotet som er omtala over.
  • Eit skjønstilskot på 105 mill kroner til dei kommunane som er dårlegast stilt m.o.t. utbygging av tenestene. Midlane blir fordelt til det enkelte fylke i form av eit grunnbeløp på 3 mill kroner, og deretter i form av ein nøkkel beståande av institusjonsdekning og alderssamansettinga i kommunane. Fylkesmannen fordeler tilskotet til den enkelte kommune ut frå skjøn, men der det skal takast omsyn til institusjonsdekning og andre tilbod om heildøgns pleie og omsorg, kommunen sin økonomiske situasjon, m v. Det vil bli laga eigne retningslinjer for fordelinga av dette tilskotet.

Investeringstilskot

For å møte det auka investeringsbehovet, blir satsane for oppstarttilskot til sjukeheimsplassar auka frå 150 000 kroner til 375 000 kroner pr plass, og for omsorgsbustader frå 100 000 til 175 000 kroner pr bustad. Oppstarttilskotet blir gitt til alle nye bustader/plassar, også i dei tilfella der kommunane legg ned gamle bygningar og erstattar desse med nye.

Kommunar som i staden for å bygge nytt veljer å utbetre den gamle bygningsmassen vil kunne få utbetringstilskot, på same måte som i dag. Dette tilskotet som i dag er på minst 60 000 kroner, vil bli gradert oppover etter prosjektet sine kostnader til eit nivå som tilsvarer tilskotet for nybygde plassar/bustader.

Det særskilte tilskotet ved omgjering til einerom er føreslått avvikla frå 1. januar 1998.

Dei nye satsane blir gjort gjeldande for prosjekt som blir ferdigstilte etter 1. januar 1997. Dette gjeld også prosjekt der det er gitt tilsagn før dette tidspunktet.

Tilskot til renter og avdrag på lån

I tillegg til oppstarttilskotet til nye sjukeheimsplassar og omsorgsbustader, vil kommunar som set i gang utbygging og som dermed pådreg seg låneplikter få dekka eit tilskot til renter og avdrag. Til saman vil kommunane kunne få dekka utgifter opp til 830 000 kroner pr sjukeheimsplass og 740 000 kroner pr omsorgsbustad gjennom oppstarttilskot og ordninga med tilskot til dekning av renter og avdrag på lån. Prosjektkostnader som overstig desse beløpa vil kommunane sjølve måtte dekke. Ordninga gjeld for tilsagn gitt etter 1. januar 1997. Dette vil det bli gitt tilsagn om saman med tilsagnet frå Husbanken om oppstarttilskot og lån.

Bustøtte

I St.meld. nr.50 (1996-97) blir kommunane oppfordra til å ta mest mogeleg kostnadsrett husleige i omsorgsbustader. For at det likevel skal vere mogeleg for pensjonistar med låge inntekter å bu i desse bustadene er regelverket for bustøtteordninga endra, m a ved at det såkalla buutgiftstaket, dvs den øvste grensa for kor høge buutgifter som blir medrekna, blir heva. I tillegg er det gjort ei rekke andre endringar i bustøtteordninga, som også vil komme bebuarane i omsorgsbustader til gode.

Utviding av tida for kommunane sin disposisjonsrett til omsorgsbustader

I dag blir det krevd at kommunane har disposisjonsrett over omsorgsbustadene i 8 år. Det inneber at kommunane har rett til å fordele bustadene som ein del av det samla tenestetilbodet som kommunen har for eldre og andre med pleie- og omsorgsbehov. Disposisjonsretten vil bli føreslått utvida til 20 år frå 1. januar 1998.

Husbanken si rolle

Husbanken vil på same måte som tidlegare ha ansvaret for å behandle søknader om oppstarttilskot og utbetringstilskot, og frå 1998 også tilskotet til å dekke renter og avdrag på lån.

Kommunal- og arbeidsdepartementet og Husbanken vil i løpet av året komme tilbake med reviderte forskrifter og retningslinjer for bruken av desse ordningane.

Tal frå Husbanken viser at prosjektkostnadene for sjukeheimar og omsorgsbustader varierer svært mykje frå prosjekt til prosjekt. Husbanken vil i løpet av hausten 1997 utarbeide rimelege standardløysingar med god kvalitet for omsorgsbustader og sjukeheimar.

Krav om kommunale handlingsplanar

For å kunne følgje utviklinga i kommunane nøye og for å sikre mest mogeleg målretta bruk av midlane, har Sosial- og helsedepartementet sett som krav at kommunane skal utarbeide kommunale handlingsplanar for utbygginga av pleie- og omsorgstenestene for eldre. Dette vil vere ein føresetnad for å få utbetalt driftstilskota. Planen skal vedtakast politisk, og skal innarbeidast i dei kommunale økonomiplanane og budsjetta. Sosial- og helsedepartementet har utarbeida eit eige skjema til bruk i dette planarbeidet. Planen skal sendast fylkesmannen innan 1. februar 1998.

I arbeidet med planen skal kommunane vurdere behovet for tenester framover med utgangspunkt i situasjonen i dag, utviklinga i folkesamansetnaden framover, m v, og på bakgrunn av det, vedta konkrete tiltak for 1998. Sosial- og helsedepartementet ber i tillegg om at satsinga også for dei andre åra i handlingsplanen blir antyda samstundes, sjølv om dette ikkje blir like konkret.

Å utarbeide gode sektorplanar er likevel ein prosess som tek tid, og som også femner meir enn ei rein styrking av pleie- og omsorgstenesta. For å styrke det meir langsiktige og faglege planarbeidet, skal alle kommunar i tillegg utarbeide 4-årsplanar for heile pleie- og omsorgssektoren. Dette er eit meir omfattande planarbeid enn det som blir lagt opp til for å få utløyst tilskot for 1998. Arbeidet med desse sektorplanane skal ha teke til i løpet av 1998, og må sjåast i samanheng med planarbeidet elles i kommunen, herunder helse- og sosialplanar i dei kommunane som har slike. Sosial- og helsedepartementet vil utarbeide retningslinjer og vegleiande materiell for dette langsiktige planarbeidet. Dette vil vere ferdig tidlig i 1998.

Forslag til endringar i lovverket

Som ein del av tiltaka i handlingsplanen blir det fremja forslag om endringar i kommunehelsetenestelova og sosialtenestelova:

  • Stortinget har vedteke forskriftsfesting av einerom for alle som ønskjer det frå 2003.
  • Den nyss iverksette kvalitetsforskrifta blir følgt opp gjennom endringar i kommunehelsetenestelova og sosialtenestelova for å sikre eit godt heimelsgrunnlag for internkontroll, forskriftsheimel i sosialtenestelova, og plikt til å spesifisere vedtak om opphald i sjukeheim.
  • Stortinget har bede om ei harmonisering av dei to lovverka med sikte på eit felles lovverk for pleie- og omsorgstenestene.
  • Stortinget har også bede om ei utgreiing av ei likebehandling av betalingsordningar når det gjeld medisinar, hjelpemiddel og bustøtte i omsorgsbustader og sjukeheimar. Dette vil Sosial- og helsedepartementet følgje opp i samband med oppfølginga av det såkalla brukarbetalingsutvalet (NOU 1997:17).

Vidare har Sosial- og helsedepartementet sendt på høyring utkast til lov om helsepersonellet sine rettar og plikter. Lovutkastet tek sikte på å samle og presisere dei reguleringar av helsepersonell som i dag gjeld i helselovgjevinga. Lovforslaget omhandler m a generelle krav til utøving av yrket og spesielle krav og rettar for autorisert personell.

Personelltiltak

I alt er det lagt opp til å styrke sektoren med 12 000 årsverk i handlingsplanperioden. Å rekruttere og kvalifisere personell til sektoren er difor ei monaleg utfordring. Det er lagt fram ein eigen handlingsplan for helse- og omsorgspersonell med ei budsjettramme på 110 mill kroner, som også inkluderer tiltak for å styrke personellsida innanfor eldreomsorga. Kvalifisering av ufaglærte, og etter- og vidareutdanning av dei som allereie arbeider i denne sektoren, er viktige tiltak. Sosial- og helsedepartementet vil sette i gang eit prosjekt for å utgreie kompetansebehovet og rekrutteringspotensialet til pleie- og omsorgssektoren. Vidare vil departementet vurdere ulike tiltak for å hjelpe kommunane med internopplæring av nytilsette, spesielt ufaglærte, i form av eit seks til åtte vekers kurs, samt å gi ufaglærte høve til å ta fagbrev i omsorgsarbeid etter §20 i lov om fagopplæring i arbeidslivet. Vidare- og etterutdanning av helse- og omsorgspersonell blir vidareført og styrka. Innhaldet i grunnutdanninga vil også bli vurdert

5. Den statlege oppfølgjinga.

Regjeringa vil følgje utviklinga innanfor denne sektoren nøye gjennom handlingsplaperioden. Dette vil skje både gjennom gjennomgangen av dei kommunal handlingsplanane, og gjennom utvalsundersøkingar der ein ser på korleis tenestene for dei eldre utviklar seg i kommunene, og også korleis kommunane forvaltar dei tilskota dei får i samband med eldreomsorgssatsinga.

Fylkesmannen og fylkeslegane vil vera svært viktige samarbeidspartar for departementet i dette arbeidet. Dei skal både ha eit ansvar for å følgje opp dei kommunal handlingsplanane, fordele skjønnstilskot og drive råd og vegleiing overfor kommunane.

Vi må sørge for tiltrekkeleg med personell rundt om i kommunane. Personell som har tid og respekt for den enkelte eldre. Det er ein føresetnad for ei vellukka eldrereform. Regjeringa ynskjer og, på ein annan måte enn i dag, å spele på frivillig arbeid. Det mest synlege resultatet av dette er at vi har styrka frivillighetssentralane, slik at det neste år blir 30 fleire slike sentralar i tillegg til dei 15 nye i framlegget frå Arbeiderpartiet. Vi har og styrka organisasjonanes sin økonomi, m.a. har vi lagt inn fleire penger til pensjonistorganisasjonar.

Lagt inn 1 desember 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen