Historisk arkiv

Vinmonopolordninga i dagens politikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa

Vinmonopolordninga i dagens politikk

Vinmonopolet 75 år - Jubileumssymposium - Torsdag 27. november 1997

Kjære jubliant,
Gratulerer med dagen. Som samfunnsinstitusjon å rekna er du vel førebels ung, men full av mogen røynsle. Det skal koma godt med ettersom ikkje alle reknar deg som levedyktig. Eg vonar at du blir riktig gamal og held deg vital.

I den tida då Homer levde skal sjøfolk ha latt seg lokka i land på øyar der dei vakre sirenene budde, vel vitande om at øyane var omgjevne av farlege skjær. Då Odyssevs på si reise nærma seg klippene der sirenene song, skjøna han at han kunne bli freista over evne og at det kunne føra til katastrofale verknader. Han sytte for at han vart bunden fast til masta på skipet slik at han ikkje kunne endra kursen, samstundes med at han gav mannskapet ordre om å ha voks i øyro. Han la “band” på seg, av di han erkjende dragninga.

Bunden til masta...

Vinmonopolordninga er ei form for bandlegging av oss alle. Eit kontrollgrep for å handtera den norske drikkemåten og dermed sikra folkehelsa. Vi bind ikkje oss sjølve av di vi har særleg trong til sjølvtukt og plaging. Det er fyrst og fremst av omsyn til kvarandre.

Vi lever meir og meir i ei verd av menneskeskapt risiko. Det er ein skiftande risiko som ikkje så lett lar seg berekna. Paradoksalt nok skaper denne situasjonen føresetnader for nye former for ansvar, sosial integrasjon og miljøomsyn. Det handlar om å sjå helse som eit positivt mål saman med omsorg for miljøet, snarare enn berre å samla seg om anten å unngå sjukdom eller behandle han.

Det informasjonsapparatet som rettar seg mot den menneskeskapte risikoen må søkje nye samband mellom personleg og kollektivt ansvar for positiv helse - av di det meste av dette ikkje kan gjerast etter tradisjonelle retningsliner. Gå laus på ulikskapane, kontroller miljøforureining, fremja personleg livsstils-ansvar og ein demokratisk tilgang på kunnskap om og kjennskap til hjelpeapparatet - det er dei retningane vi skal gå. Desse faktorane heng nøye saman og vil ha mykje å seie for fornyinga av det sosiale og sivile liv.

Perspektivet for ein slik førebyggingsinnsats er eit uttrykk for ei haldning til omsorg. Omsorg inneber ein etikk om ansvar, for seg sjølv, for andre og for korleis samfunnet er bygt opp. Omsorg for andre er å akseptera eit ansvar for andre sitt ve og vel, ikkje å dominera, men å verna og ta vare på.

Regjeringa inviterer til ei verdimessig og samfunnsetisk mobilisering.Føremålet er nettopp større ansvar for kvarandre og fellesskapet.

Det som ikkje er til halda ut ved det norske tilveret skal visstnok mest treffande kunna definerast ved Vinmonopolordninga. Om vi berre fekk modernisert og overhala ho etter sunne marknadsprinsipp, ville livet kunna haldast ut her i landet, heiter det. Mange hadde jo håpa på at Franzén-saka skulle koma med uttømande og verksame ord om den småskorne norske alkoholomsetnaden. Det skal visst vera noko småleg ved vår sosialpolitiske konstruksjon, i motsetnad til den elegante, litt slentrande vivasitet ein alltid meiner å finna på kontinentet.

Utviklinga av Vinmonopolet har følgt eit klassisk mønster: Institusjonen fekk si form av folkelege krefter, motkulturane, fråhalds-, arbeidar- og kvinnerørsler, mot små og store forretningsinteresser og deira talerøyr. Folkevalde styre, lojale arbeidarar og funksjonærar har bygt det opp til det det er i dag.

I røyndomen er det ei form for ironi som vi ofte må leva med, det hender vi får noko anna enn det vi legg opp til: “ Resultatet var uventa” skriv Jakob Sverdrup i boka om dei fyrste 50 åra. Vinmonopolet var eit kompromiss som kom ut av fleire tiår med alkoholstrid - eit kompromiss mellom forbod og fri omsetnad. Den alkoholstriden som hadde tilspissa seg i det norske samfunnet fram mot 1920, gav i 1932 eit statleg monopol for omsetnad av vin og brennevin. Då var prinsippet om offentleg omsetnad av alkohol blitt gjennomført for alle vareslag utanom øl. Om tilhengjarane av forbodet tapte det avgjerande slaget, måtte motstandarane av forbodet akseptera omsetnadsformer som det opphaveleg hadde liten sympati for.

Vinmonopolet er, slik historikaren Sverdrup ser det, ei historie om korleis staten eller det offentlege la under seg ei særskild næringsverksemd. Linene går attende til tida før hundreårsskiftet då handelen med brennevinet vart lagd under kommunale samlag, over monopoliseringa av handelen med vin i eit sentralisert monopol etter første verdskrigen, fram til at staten sikra seg full kontroll over dette monopolet i byrjinga av 1930-åra. Utviklinga var ikkje medvite leia eller planlagd. Det er òg påfallande at ingen av gruppene i striden om alkoholen, som i desse åra sto sentralt i norsk politikk, kom til å sjå på eit vinmonopol som eit sentralt eller ynskjeleg mål. Monopolet vart til i kryssingspunktet mellom stridande partar.

EØS-avtalen (som har ei liknande skipingssoge) inneber i stor grad at politiske spørsmål vert gjorde til juridiske. Mange motstandarar av norsk alkoholpolitikk har sett si lit til denne avtalen. Det ligg sjølvsagt trugsmål mot detaljmonopolet i dei internasjonale kreftene. Styresmaktene må sjå på korleis vi kan skjerma oss frå desse trugsmåla. Likevel trur og vonar eg at det som kjem til å avgjera framtida til detaljmonopolet, fyrst og fremst er den nasjonale oppslutninga. Det har vore teikn i tida som tyder på at den er dalande. Likevel skal ein ikkje trekkja på skuldrene av at om lag halvparten sluttar opp om ei ordning som kan verka avgrensande på eigenutfaldinga. Det finn ein ikkje på så mange område. Endringane i alkohollova som Stortinget vedtok i vår, viste at Polet har solid støtte hjå dei folkevalde. Støtta er nok ikkje like stor i opinionen. Og det er ei utfordring også for Vinmonopolet.

Detaljmonopolet si eiga framferd vil såleis sjølv forma denne utviklinga, ikkje åleine, men har ei stor sjølvstendig kraft. Vinmonopolet skal leva innanfor ei alkoholpolitisk ramme der dei skal tene pengar for statskassa samstundes med at Polet er ei ordning for at vi skal drikka mindre. Overskotet skal inn i statskassa og det skal nyttast til investeringar i drifta. Det er viktig med tilstrekkeleg økonomi til å ta seg av modernisering av butikklokala og til å gjennomføra den utbygginga som Stortinget vedtok ytterrammene for i vårsesjonen.

De som arbeider i Vinmonopolet må òg finna eit svar i folket på om dei vil ha desse tenestene - de skal til ei kvar tid vera dei beste, dei mest kompetente, de skal sikra forbrukaren varekvalitet og service.

Departementet vil forhalda seg til dei intensjonane for nye utsal som Stortinget har trekt opp.

Regjeringa skal til våren leggja fram ein handlingsplan for redusert alkoholbruk.For meg blir det sjølvmotseiande å ikkje sjå landsplanen for nye utsal i samanhang med utarbeidinga av ein slik handlingsplan.Nokre nye utsal skal Vinmonopolet likevel om kort tid få høve til å planleggja utbygging av. Men uansett: Som verksemd, lik all anna offentleg og bedriftsøkonomisk retta verksemd, skal jamvel Vinmonopolet drivast kostnadseffektivt. Eg har forstått at nettopp økonomiske omsyn gjer at de ikkje er overivrige etter å oppretta flest mogleg nye utsal.

I alkoholpolitisk forstand skal detaljVinmonopolet ikkje ha andre band til dømes til sin gamle halvdel, no sjølvstendige Arcus, enn det har til alle dei andre legitime aktørane på importsida, med andre ord opptre forretningsmessig og nøytralt. Overfor forbrukarane sine skal dei utøve ein annan form for service og kompetanse. Og som eit godt døme på at ein vil ta meir omsyn til forbrukarane, kan eg vel nemne dei nye varene som kom i hyllene i mars eingong, og som vart slakta i pressa. Ved dei neste sleppa trur eg at Vinmonopolet hadde vedgått at dei ikkje var heilt usamde i kritikken.

Sortimentet på Vinmonopolet er vidt, men ikkje vidare enn kompetansen. For tida går det ein debatt om ruspulver, som utblanda med vatn gjev ein brusliknande rusdrikk. Departementet vurderer ulike tiltak for å få denne vara bort frå nyfikne barn. Her og no vil eg varsla at eg ikkje ser det som tenleg å utvida Vinmonopol-sortimentet med denne varetypen.Eg har heller ikkje registrert noka interesse frå dykk for det.

I alkoholpolitisk tenking er ikkje Vinmonopolet berre eit spørsmål om avgrensa tilgjengelegheit. Den som ikkje ved å gå inn i butikken sitt nøktern-sakrale lokale blir minna om at alkohol er eit stoff ein skal vera varsam med, er lite kjenslevar for dei sosiale signala. Dette er også eit viktig element i diskusjonen om å sleppa vinen inn i daglegvarebutikken.Monopolsystemet representerer konkret avgrensing av tilgjengeleghet.

Eg meiner at den normative sida ved våre alkoholpolitiske verkemiddel er svært undervurdert. Dei opplysnings- og påverknadseffektane som ligg i restriksjonane våre, har stor eigenverdi. Det gjeld ikkje minst den bodskapen som ligg i summen av dei. Heilskapen av verkemidla er ei påminning om at omgangen med alkohol er ei alvorleg sak. Høge avgifter og prisar er slik sett ikkje berre eit verkemiddel for å redusere etterspurnaden, sjølv om det ikkje er noka ulempe at den restriktive alkoholpolitikken, i motsetnad til opplysningsverksemda, representerer ein plusspost på dei offentlege budsjetta. Ein slik politikk, som legg avgrensingar på folk sine eigne val, krev oppslutning frå folket. Ein kan lukka øyro for informasjonsbodskapen, men ikkje for monopol og høge avgifter. Det er jo nett det som er vinninga med slike verkemiddel. På det konkrete planet er slike restriksjonar ei plage for somme. I det lange løp kan ein slik politikk overleva berre om folket godtek grunnane som ligg bakom.

Alkoholpolitikken, som all annan politikk i eit demokratisk samfunn, er i det store og heile avhengig av at det finst grunnlag for han i folket. Som alle andre offentlege verksemder vil også Polet overfor forbrukarane sine stadig måtta grunngje sin eksistens. Våre prinsipielle grunnar for å driva alkoholpolitikk, står fast. Like sterkt som detaljmonopolet. Vi kan likevel ikkje rekna med evig og alltid å ha dei same grunngjevingane for ordningane. Her ligg nemleg ei utfordring i alkoholpolitikken: i den grad vi lukkast i å avgrensa alkoholskadene, blir vi ikkje lenger minna om kvifor restriksjonar er naudsynt.

Høgre-leiar Jan Petersen har kome med ei førehandshelsing til dette jubileet:Alkohol er ikkje eit samfunnsproblem,det er eit individpoblem .Så lettvint går det ikkje an å omtala samfunnskostnader som i 1989 vart rekna til 30 milliardar kroner,og kanskje er det doble i dag.Parallelt med denne samlinga her i dag,drøftar Stortinget rammene for statsbudsjettet for 1998.Det hadde t.d. vore noko mindre press på helsesektoren om nokre av dei rundt 100 000 sjukehussengene som årleg er opptekne på grunn av alkoholrelaterte skadar ,hadde vore frigitte.

Eg påstår ikkje at det finst ein alkoholpolitikk som gjev den endelege løysinga i seg sjølv, eller at ein i alkoholpolitikken har eit svært effektivt og variert arsenal av tiltak til disposisjon. Avvikling av kontroll verkar negativt, men det inneber ikkje at jo meir kontroll dess betre. Kontrollen har òg visse negative verknader. Desse må vi òg merka oss.

Alkoholpolitikk er eit spørsmål om å sjå pengar, moral og velferd i forhold til kvarandre. Sett i internasjonalt perspektiv er det i dag store spenningar mellom økonomiske interesser og velferdsinteresser. Tre hovudsynspunkt har vore sett fram når det gjeld verknader av ein restriktiv alkoholpolitikk som vil hindra eller minska skadeverknader av alkoholbruk, fyrst og fremst ved å redusere tilgangen til alkohol. Det fyrste går på at slike tiltak ikkje har nokon nemneverdig effekt på dei skadeverknadene som alkoholbruken fører til, av di restriksjonane berre har ein forbruksdempande effekt på dei som drikk lite, medan den som har alkoholproblem likevel får tak i det han vil ha. Forskinga avviser påstanden. Forskarane hevdar tvert imot at nett storforbrukaren i særleg grad blir påverka av restriktive kontrolltiltak.

Det andre synet hevdar at restriksjonar har ein motsett effekt av det ynskte, slik at det i lengda skaper auka skadeverknader. Hovudgrunnen skal vera at styresmaktene sine restriksjonar hindrar utviklinga av sosiale normer for akseptabelt omgjenge med alkohol, at vi får ein “forboden frukt”-verknad. Også den påstanden blir avvist av forskarsamfunnet.

Det tredje synet går ut på at offentleg kontroll med tilgjenge av alkohol gjev det ønskte resultatet, nemleg å redusere alkoholforbruket. Difor kan slike verkemiddel nyttast for å redusera omfanget av alkoholforbundne problem. Denne påstanden blir sterkt støtta av ei lang rekke empiriske undersøkingar.

Eg er sjølvsagt klar over at verknadene av ulike tiltak kan variera mykje frå tid til tid, frå stad til stad og frå person til person. Men i sum verkar dei i rett lei. Ein alkoholpolitikk som i tillegg ikkje er merksam på når det blir drukke, kven som drikk og korleis det blir drukke, kan lett bli einøygd. Men kva for skadeverknader ein fokuserer på, er ikkje berre eit spørsmål om empiri. Det er også eit spørsmål om strategisk val. Å konsentrera seg om dei sosiale skadene gjev eit betre grunnlag for ein solidarisk alkoholpolitikk. Å fokusera på dei medisinske skadane hjå den einskilde brukaren spelar opp til eit meir individualistisk og liberalistisk syn, som finn lite gjenklang i norsk debatt. Mange vil hevda at det må vera eit privilegium for den einskilde om han vel eit rusforbruk som kan påføra han skader. Men få vil meina at dette privilegiet bør strekkjast ut til òg å plaga andre.

Eg har nemnt medverknaden til forskinga.Lat os ta med eit sitat frå den gongen Senterpartiets Einar Hovdhaugen var saksordførar i Stortinget under skipinga av eit samfunnsforskingsinstitutt for omlag tretti år sidan:

Samfunnsvetskapen kan vere til rettleiing, men han kan aldri bli noko korrektiv til folkestyret. Ingen må tru at dei problem som eit samfunn står overfor, kan løysast på vetskapleg basis. All vurdering på det samfunnsmessige området må ligge hos folket, der vetskapsmannen også går inn som ein del av folket. Ingen ville vera tent med at vi fekk ein sosialvetskapleg ingeniørstand som skulle tømre opp eit mønstersamfunn.”

Alkoholpolitikken vår er eit godt døme på fornuft og omtanke. Kombinasjonen av høge avgifter og prisar, avgrensa tilgang og positivt opinionsarbeid er ein god modell. Likevel trur eg som tidlegare nemnt at det finst trugsmål mot alkoholpolitikken. Men det finst òg faktorar som medverkar til å vedlikehalda innsikta om det naudsynte i å visa måtehald. For det fyrste har vi i Noreg god kunnskap om skadeverknadene både på kropp og sjel. For det andre gjev utviklinga i mange u-land, men òg i dei gamle “austblokklanda”, skremmande døme på fråver av alkoholkontroll. For det tredje finst det i mange industrialiserte land utan alkoholpolitisk tradisjon ei støtte for ein ny alkoholpolitikk og ei innsikt om trongen for å verkeleggjere WHOs tankar om nasjonale alkoholpolitiske planar og senka totalforbruk. For det fjerde har periodar med liberalisering i Norden hatt negative og uføresette verknader.

At alkoholvarer blir etterspurde er enkelt å slå fast. Men det kan ikkje vera Regjeringa si oppgåve å gje etter for all slik etterspurnad nårsomhelst og kvarsomhelst. Ikkje veit eg kor mange små gleder som skal til for å vega opp for ei stor sorg. Båe delar kan nok aukast, utan Vinmonopol og høge prisar. Men vi får ikkje det eine utan det andre. For dette er den mest sentrale bodskapen frå alkoholforskinga; du kan ikkje rekna med å kunna drikka meir utan samstundes å få fleire drikkeproblem på kjøpet. Det er ein høg pris å betala, sjølv om enkeltdrinken skulle bli billeg.

Vi er i dag inviterte til symposium. Ordboka fortel at synposium er eit gresk uttrykk for drikkegilde med ordskifte. Sjølv må eg tilbake til finansdebatten i Stortinget. Eg ynskjer de får eit godt symposium, med mest ordskifte...

Lukke til!

Lagt inn 27 november 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen