Historisk arkiv

Arbeidslinja - berre eit gode?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp):

Arbeidslinja - berre eit gode?

Innlegg på Trygdeetatens årskonferanse 23. november 1998.

Kontrollèr mot framføring

Arbeid er eit gode for dei fleste

Å ha lønna arbeid er eit gode for dei fleste. Å ha arbeid inneber at du kan forsørgja deg sjølv. Den enkelte får høve til å bruka krefter og evner og delta i verdiskapinga i samfunnet. Arbeid gjer sjølvrespekt og høve for påverknad. Forskjellar i levekår kjem klart til uttrykk mellom dei som har arbeid og dei som har lita eller inga tilknyting til arbeidslivet.

I stortingsmeldinga om utjamning i levekår, som Regjeringa vil leggja fram til våren, legg vi opp til ei grundig kartlegging av ulikskapar mellom anna som følgje av ulik tilknyting til arbeidslivet. Ulike økonomiske levekår fell ofte saman med ulik tilgang på andre velferdsgode. Meldinga vil sjå på samspelet mellom yrkesdeltaking, hushald- og eller familiesituasjonar og velferdstilbod til ulike grupper.

Å satsa vidare på arbeidslinja har høg prioritet. Høg yrkesdeltaking er ein føresetnad for at folketrygda skal kunne innfri sine skyldnader overfor framtidige pensjonistar og å yta nødvendige helse- og omsorgstenester utan at skattebyrda blir for stor. I åra framover, særleg etter år 2010 vil vi få ein nedgang i talet på yrkesaktive i forhold til talet på pensjonistar.

Mange ønskjer å ha meir tid til familie og meir tid til aktivitetar på fritida. Dette ser vi av debatten om kontantstøtte. Mange familiar med små barn får ikkje tida til å strekkja til. Kontantstøtta gir større valfridom for somme - for andre er delstilling ein periode alternativet.Eit stort fleirtal vil ha meir fleksibel arbeidstid.

Det er stor skilnad på det å ha høve til å velja og det å kjenna seg pressa ut or arbeidslivet.
Det siste er det diverre altfor mange som opplever,også i ei tid med mangel på ulike typar arbeidskraft. Mange har problem med å hengja med på grunn av auka krav til effektivitet og omstilling. Særleg gjeld dette for eldre arbeidstakarar. Yrkesdeltakinga blant eldre har vore fallande gjennom lang tid. Tendensen har vore at stadig fleire sluttar i arbeid før dei når pensjonsalderen, i hovudsak som auka uføretrygding.

Ei mengd personar i yrkesaktiv alder er i dag heilt eller delvis ute av arbeid på grunn av helseplager, i periodar eller varig. Mange av desse vil ha høve til å delta i arbeidslivet heilt eller delvis dersom forholda blir lagt betre til rette. Dette vil gi betre velferd for den enkelte og vera lønnsamt for samfunnet. For nokon vil ein kombinasjon arbeid og trygd vera det beste.
Eg vil ta til orde for ei meir mjuk arbeidslinje.Arbeidslinja slik ho blir praktisert i dag,verkar for mang som ein heilt klar stimulans og eit gode.Det er likevel ingen tvil om at ho også opplevest som ein pisk som er altfor vanskeleg å forhalda seg til.
Arbeidslinja blir eit problem når stadig fleire endar opp med full uføretrygd etter ein mislukka runde i arbeidslivet.
Eg vil lytta til dei som hevdar at sjukdomsbiletet har endra seg og at vi bør fylgja med og også endra regelverket.Eg har sjølv møtt t.d.personar med psykiske og reumatiske lidingar som gjerne vil arbeida meir enn dagens reglar gir dei høve til.Eg ser det kan vera gode grunnar for at ein må vera 50% ufør for i det heileteke å ha høve til den typen trygd.Eg vil likevel påstå at det er behov for å vurdera om ikkje både trygdeutgiftene kan reduserast og den einskilde og arbeidslivet hausta gevinst av eit meirfleksibelt regelverk – større høve til å kombinera arbeid og trygd enn i dag.Det ser vi no nærare på i stortingsmeldinga om utjamning i levekår.

Regjeringa har elles i forslaget til statsbudsjett for 1999 varsla at vi vil å setja ned eit offentleg utval for å utgreie årsakene til auka i sjukefråvær og tilgangen på nye uførepensjonistar og finna fram til tiltak som kan dempa utgiftsveksten.

Trygdeetaten som medspelar for å sikra fleire arbeid

”Hjelp til sjølvhjelp” er like gamalt som sosialforsikringa si historie. I den nye folketrygdlova er det tatt direkte inn i formålsparagrafen at folketrygda skal bidra til hjelp til sjølvhjelp med sikte på at den enkelte skal kunne forsørgja seg sjølv og vera mest mogleg sjølvstendig i dagleglivet.

Trygdeetaten har med andre ord ei sentral rolle blant anna som pådrivar og vegvisar i forhold til rehabilitering og attføring. Målet for etaten må vera at flest mogleg av stønadsmottakarane skal få høve til sosial deltaking, ordinært arbeid eller kombinasjonar arbeid og trygd framfor passive trygdeordningar. I tråd med dette skal etaten i kraft av rolla som vegvisar gje informasjon og råd til den enkelte, ta initiativ til tiltak for at stønadsmottakarane skal kunne koma tilbake i arbeid. Dette forutset tett dialog mellom trygdekontor og stønadsmottakar, mellom trygdekontor og lege, arbeidsgjevar og andre aktørar på rehabiliterings- og attføringsfeltet.

Fleire stønadsmottakarar med sjukdomsrelaterte trygdeytingar på veg mot uførepensjon

Det har i seinare tid vore ei auke i utbetalinganetil ytingar frå folketrygda på grunn av sjukdom eller helseproblem, trass i fleire års satsing på tiltak for å få ned sjukefråværet og yrkesretta attføring.

Om lag 12 prosent av befolkninga i yrkesaktiv alder står utanfor arbeidslivet på grunn av helse- eller funksjonsproblem.

  • Etter fleire år med nedgang i sjukefråværet har fråværet etter 1994 auka sterkt til no. Dette gjeld særleg det lange fråværet. Over halvparten av fråværsdagane med utbetaling frå folketrygda skuldast muskel- og skjelettlidingar.
  • Talet på stønadsmottakarar med rehabiliteringspengar har også auka sterkt den siste tida. Også her er muskel- og skjelett og psykiske lidingar dei største diagnosegruppene.
  • Etter ei utflating på byrjinga av 1990-talet har talet på nye uførepensjonistar igjen vist ei kraftig auking. Tilgangen har vore særleg sterk blant yngre og sterkare blant kvinner enn blant menn.

Tendensen er at mange vandrar mellom ulike stønadsordningar og til slut endar opp med uførepensjon. Rikstrygdeverket har vist at ein stor del av auka i sjukefråværet dei seinare åra kan tilbakeførast til såkalla gjengangarar i trygdesystemet og ein relativt høg overgang til sjukepengar frå andre stønadsordningar. Dette kan vera ein indikasjon på at dei sjukmelde i større grad enn tidlegare held ved like kontakten med arbeidslivet og eit vellukka resultat av arbeidslinja i form av tilbakeføring til arbeid. Eller at det skjer ei utsetjing av overgangen til andre varige ordningar (uførepensjon). Det kan sjå ut som det siste er tilfelle.

Tal frå Rikstrygdeverket viser at nærmare 20 prosent av dei som avslutta rehabiliteringspengar i 1995 hadde uførepensjon ved utgangen av året. Eit år seinare var nesten 40 prosent på uførepensjon. Andelen som går frå rehabiliteringspengar til yrkesretta attføring har vore avtakande, mens det har vore ei viss auke i andelen som går direkte frå sjukepengar til yrkesretta attføring.

Også blant dei som blir send over til arbeidsmarknadsetaten for yrkesretta attføring er det stadig fleire som endar opp med uførepensjon. Dette viser kor viktig det er å setja inn tiltak for å førebyggja varig avgang frå arbeidslivet. Samtidig er det viktig å sikra at ikkje nokon fell utanfor dei sosiale velferdsordningane.

For nokon vil kombinasjonar arbeid og trygd vera den beste løysinga. Det blei som forsamlinga sikkert er kjend med gjort fleire endringar i regelverket for uførepensjon i 1997 for å motivera til større fleksibilitet og stimulera uførepensjonistar til å prøva seg i arbeid anten i kombinasjon med pensjon eller å gå ut og inn av arbeidslivet i periodar.

Det har ikkje vore eit uttalt mål å få ned talet på uførepensjonistar eller redusera uføregraden gjennom desse endringane i trygdelova. Tvert i mot vil hevinga av friinntektsgrensa kunna føra til at personar som tidlegare ville ha fått redusert uføregrad, hel fram med full trygd. På lengre sikt vil likevel slik tilrettelegging kunne føra til at fleire uførepensjonistar tør å prøva seg i arbeid og seinare går over i meir permanente arbeidsforhold på heltid eller deltid.

Det er etter det eg forstår litt for tidleg å seia noko om effekten av tiltaka, men tal frå Rikstrygdeverket viser ei auke den siste tida i andelen uførepensjonistar med gradert pensjon. Erfaringane med desse forsøka tek vi med inn i arbeidet med utjamningsmeldinga.

Rehabiliteringsmeldinga – behovet for brubygging mellom helse, trygd og arbeid

I Voksenåsenerklæringa har Regjeringa peikt på at det er viktig å sikra at ikkje nokon fell mellom etatane sine ansvarsområde, jf diskusjonen om å vera for frisk for uførepensjon og for sjuk for attføring eller arbeid. Tiltak som kan byggja bru mellom helse, trygd og arbeid er avgjerande stikkord i denne samanheng.

Moderne medisin har ført til at stadig fleire overlever sjukdom og skader og at fleire og fleire lev lenger med sjukdom og funksjonsproblem. Dette gir nye utfordringar som vi ikkje har gode nok svar på. Fleire har behov for hjelp for å kunne meistre ei ofte uvant og problematisk tilvære. Dei “moderne” lidingane er ofte meir diffuse og mindre synlege, samstundes som dei ofte kan gå ut over funksjons- og arbeidsevna. Personar med samansette lidingar med meir diffuse symptom krev ofte fleire typar hjelpetiltak enn menneske med meir eksakte/objektivt registrerbare sjukdommar. Dette krev nye måtar å tenkja og handla på og nye former for organisering av tiltak i form av tverrfagleg og tverretatleg innsats. Utfordringa er og å få til smidige overgangar mellom ulike livsfasar.

Det overordna målet med rehabiliteringsmeldinga, som blir lagt fram i desember, er å leggja til rette for at personar med helseproblem og funksjonshemmingar skal få eit best mogleg liv, tufta på sjølvstende og sosial deltaking.

For mange grupper, bl.a. kronisk sjuke, men også personar med alvorleg sjukdom eller skade, vil det ofte vera formålstenleg å setja inn yrkesretta tiltak tidleg i ein rehabiliteringsprosess. Rehabilitering og yrkesretta attføring bør foregå parallelt når det er mogleg. Dette stiller store krav til samarbeid på tvers av fag og etatar, ikkje minst når det gjeld spørsmåla kring motivasjon og meistring.

Både trygdeetaten og arbeidsmarknadsetaten har etterlyst større innsats frå kommunane si side i overgangen frå sjukefasen til attføring og arbeid. Dette er viktig for å hindre at menneske blir sendt unødig fram og tilbake mellom etatane. Mange av dei som blir send over frå trygdeetaten til arbeidsmarknadsetaten for yrkesretta attføring har problem med å dra nytte av tilboda i arbeidsmarknadsetaten. For somme vil krav og forventingar til eit heldags attføringsopplegg bli for store, særleg for dei med svingande sjukdomsbilde/helsetilstand og variabel yteevne. Andelen som må slutte i eit yrkesretta attføringsopplegg på grunn av helseproblem har gått noe ned de seinare åra, men er framleis høg. For noen vil uførepensjon vera det rette. Ein del av desse vil ikkje fylle dei medisinske vilkåra i uførepensjonsordning om 50 prosent reduksjon i inntektsevna på grunn av varig sjukdom.

Rehabilitering har generelt vore lågt prioritert i kommunar og fylkeskommunar. Spesielt gjeld dette for personar med psykiske lidingar og meir samansette muskel- og skjelettlidingar.

I rehabiliteringsmeldinga blir kommunane sitt ansvar for å koordinering og tilrettelegging av rehabiliteringsarbeidet understreka. For å tydeleggjera kommunene sitt ansvar for rehabilitering og syte for at det blir utvikla motivasjons- meistrings- og læringstiltak for å førebu den enkelte på attføring og arbeid føreslår vi i meldinga at dette blir tatt inn i ei eiga forskrift til kommunehelselova.

Kommunane og fylkeskommunane skal utarbeida individuelle rehabiliteringsplanar når dette er formålstenleg. Krav til slike individuelle planar blir føreslått regulert i kommunehelselova og lov om spesialisthelsetenesta.

Kommunane skal ha eit særskilt ansvar for å byggja bru mellom helsetiltak og arbeid og bidra i større grad til parallelle løp. Arbeidsmarknadsetaten må trekkjast inn i samarbeid med brukaren om utvikling av individuelle planar på eit tidleg tidspunkt før det er aktuelt med tiltak frå arbeidsmarknadsetaten si side.

Brukarperspektivet er sentralt innafor rehabilitering. Brukardeltaking inneber både ein rett og ei plikt for brukaren. Rehabilitering utan medverking i ei eller anna form er knapt tenkjeleg så lenge rehabilitering handlar om å meistre sitt eige liv. Det er derfor viktig å sikra at den enkelte får eit reelt medansvar for utarbeiding av rehabiliteringsplanar og tiltak.

Meldinga peikar på behovet for arenaer og møteplassar for sosialt samvær, sosial trening og andre aktivitetar som førebuing til arbeid. Det blir vist til gode erfaringar med likemannsarbeid og sjøvhjelpsgrupper blant anna i trygdeetaten. Kommunane skal ha ansvar for å leggja til rette for slike tiltak. Også andre kommunale aktørar bør trekkjast inn i etablering av møtestader og arenaer, og trygde- og arbeidsmarknadsetaten må bidra med sine kompetanse.

Regjeringa har i budsjettframlegget for 1999 føreslått midlar til forsøk med brukarkontor. Oppgåva skal vera å koordinera tiltak og tenester til personar som treng støtte frå fleire etatar. Målet er betre tenester og å hindra at nokre blir ”kasteballar” i det offentlege hjelpeapparatet.

Oppfølging av sjukmelde i trygdeetaten

Trygdeetaten sitt viktigaste bidrag til rehabiliterings- og attføringsprosessen vil vera gjennom oppfølging av sjukmelde og stønadsmottakarar av rehabiliteringspengar. Tidleg oppfølging av sjukmelde er ofte ein føresetnad for at attføring skal lukkast. Gjennom oppfølging av sjukmelde og mottakarar av rehabiliteringspengar er det trygdeetaten si oppgåve å motivera til arbeid og yrkesretta tiltak.

I budsjettet for 1999 er det føreslått å styrkja trygdeetaten med 5 mill kroner for å byggja opp kompetansen i fylka.

Det er viktig at den sjukmelde ikkje missar kontakten med arbeidsplassen og at ordninga med aktiv sjukmelding blir betre kjent blant arbeidsgjevarar og legar. Mange sjukmelde vil kunne arbeida noko dersom forholda blir lagde til rette for det. Arbeidsgjevarar som har nytta ordninga med aktiv sjukmelding har gode erfaringar. Det er viktig at erfaringane frå forsøksvirksomhet med arbeidsgjevar–kontakt og aktiv sjukmelding blir implementert i dei daglege rutinene i etaten. Det er gledeleg at delen langstidssjukmelde på aktiv sjukmelding har auka frå 2 til 4 % frå 1997 til i år. 4 % - det fortel likevel om framleis store moglegheiter til å få fleire inn på den ordninga.

Når det gjeld ordninga med kjøp av behandlingstiltak for sjukmelde, har eg forventningar om at den også vil føra til kortare sjukefråvær blant dei som blir omfatta av ordninga. I budsjettet for 1999 er det sett av 25 mill kroner til tiltak for å auka behandlingskapasiteten og 5 mill kroner til styrking av trygdeetaten.

Statistikken viser at 5 prosent av arbeidstakarane står for 80 prosent av langtidsfråværet. Det er særleg viktig å fanga opp personar med gjentekne sjukmeldingar for å hindra overgang til meir permanente trygdeordningar.

Trygdeetaten si rolle som oppfølgjar og pådrivar er understreka i rehabiliteringsmeldinga. Dei signal som gis her er i all hovudsak i samsvar med Rikstrygdeverket sine mål og prioriteringar for oppfølging av sjukmelde.

Eg veit at Rikstrygdeverket har betre brukarkontakt og betre informasjon blant måla for oppfølgingsarbeidet i 1999. Det er viktig at både skriftleg og muntleg informasjon er forståeleg for brukarane. Alle sjukmelde bør få tilbod om ei samtale på trygdekontoret. Eg er klar over at dette er eit spørsmål om ressursar. Tett kontakt mellom trygdekontor og den sjukmelde er likevel ofte en føresetnad for aktive vegval. Det er derfor viktig å lage gode kriterium for utveljing av tilfelle der det er behov for spesiell oppfølging, til dømes gjentekne sjukefråvær, særskilde yrkesgrupper og diagnosar. Det må vera en føresetnad at oppfølgingsarbeidet blir vidareført i rehabiliteringspengefasen.

Lege, arbeidsgjevar og arbeidsmarknadsetaten er dei viktigaste samarbeidspartnarane til trygdeetaten. Når kommunehelsetenesta er inn i bildet bør trygdeetaten samordna sine oppfølgingsplanar med kommunen sine individuelle rehabiliteringsplanar.

Samarbeid med partane i arbeidslivet - idébank

Arbeidsgjevaren har ansvar for å leggja til rette arbeidsoppgåvene blant anna i samband med aktiv sjukmelding, men også når det er behov for meir varige tiltak.

Gjennom forsøksordningar kor trygdeetaten og partane har vore involvert har ein etter kvart hausta viktige erfaringar som ein må ta vare på. Målet har vore å finna fram til rehabiliterings- og attføringstiltak i samarbeid med arbeidsgjevar. Prosjekta har vore retta spesielt mot personar med muskel- og skjelettlidingar. Det kan ofte vera ein samanheng mellom slike sjukdomar og forhold på arbeidsplassen. Det er derfor viktig at sjukefråværsarbeidet blir ein integrert del i helse-, miljø- og sikkerhetsrutinane i bedriftene.

Mange bedrifter har gode erfaringar med sjukefråværsarbeid. Det er viktig at også andre verksemder som ikkje har vore fullt så flinke får kjennskap til dei gode eksempla. Eg har tatt initiativ til oppretting av ein idebank i arbeidslivet for å kunne samla kunnskap og erfaringar. Idèbanken skal også kunne ta initiativ til tiltak og prosjekter på bakgrunn av innhenta materiale og erfaringar. (trim – samlivskurs – utvida medarbeidarsamtale).

Idébanken skal organiserast som eit samarbeidsprosjekt mellom partane i arbeidslivet og sentrale styresmakter. Vi har i budsjettet for 1999 foreslått at det setjast av 3 mill kroner til prosjektet. Det er lagt opp til ein prosjektperiode på 4 år.

Førebuingane er godt i gang. Vi er no på utkikk etter eit miljø med kompetanse på sjukefråvær, arbeidsmiljø og formidling av kunnskap som kan ta på seg sekretariatsoppgåva. 8. desember skriv SHD kontrakt med partane i arbeidslivet.

Oppsummering

Tilbake til spørsmålet om arbeidslinja er eit gode. Svaret er i hovudsak ja, men vi treng ei mjukare arbeidslinje.

  • For dei aller fleste er det av stor verdi å ha eit arbeid å gå til
  • Vi må gjera meir for å sikra at det er plass i arbeidslivet også for dei som i periodar ikkje fungerer 100 prosent. For somme vil ein kombinasjon av arbeid og trygd vera den beste løysinga.
  • Vi må sikra at dei som på grunn av helseplager ikkje kan delta i arbeidslivet ikkje fell utanfor dei sosiale velferdsordningane.
  • Nært samarbeid mellom etatar og sektorar på alle nivåer er ein føresetnad for å lukkast. Det er viktig at dei signala som kjem frå sentralt hold om prioriteringar og resultatkrav er klåre og eintydige.
  • Samtidig er eg bekymra for den sterke auka i talet på nye uførepensjonistar, særleg blant dei unge.

Gjennom handlingsplanen for funksjonshemma set Regjeringa spesiell fokus på unge funksjonshemma

  • Uttrykket ”kasteball” er avskyeleg. Eg vil vona at vi om få år kan oppsummera at det ikkje er grunnlag for å bruka ordet om personar som har kontakt med fleire greiner velferdssystemet.
  • Reglar kan alle lesa, også om dei er kompliserte. Innleving og forståing er viktige føresetnader for at brukar og sakshandssamar i fellesskap skal finna fram til løysingar for den einskilde!

Hald fram som de no stemner! Lukke til!

Lagt inn 23.november 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen