Historisk arkiv

Helsing frå Sosialministeren under opninga av Norges Handikapforbund sitt Landsmøte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa

Helsing frå sosialministeren under opninga av Norges Handikapforbund sitt landsmøte

Hotell SAS Radisson Plaza i Oslo, 12.-14. juni 1998

Eg takkar på vegne av Regjeringa for at eg fekk koma hit i dag for å opna Norges Handikapforbund sitt Landsmøte. Det er ikkje lenge sidan eg sist var på et arrangement i regi av Norges Handikapforbund. Eg var med på opninga av utstillinga Handikap 98 for nokre veker sidan. Det var særs nyttig for meg å sjå mangfaldet og omfanget som finst av tekniske hjelpemiddel.

I dag vil eg nytta høvet til å snakka litt om kva vi planlegg å gjera i tida framover. Forbundet skal vedta prinsipprogram fram til år 2001. Vi arbeider med Regjeringa sin reviderte handlingsplan for funksjonshemma for same tidsrom.

Eg kjem stadig attende til at fleire har spurt om det trengst ein eigen politikk for funksjonshemma. Er vi ikkje no komne så langt at funksjonshemma er ein del av den ålmenne politikken? Er det naudsynt med ein eigen handlingsplan for ein politikk for funksjonshemma?

De veit betre enn nokon at det enno er eit stykke att før vi kan seia at vi har eit samfunn som er tilgjengeleg for alle. Men vi er på rett veg. Vi treng enno tiltak spesielt for funksjonshemma. Vi treng også å minna kvarandre når vi legg til rette tiltak generelt om at vi ikkje må gløyma å ta omsyn til funksjonshemma. Omsynet til funksjonshemma skal vera ein del av tenkinga innafor kvart einskild departement, kvar fylkeskommune og kvar kommune.

Regjeringa vil leggja denne profilen til grunn i arbeidet med revideringa av Handlingsplanen for funksjonshemma for perioden 1998 – 2001. Dei fleste tiltaka i planen skal verta gjennomførte som ein del av den vanlege verksemda på dei forskjellige sektorar. På nokre område vil det verta naudsynt med særskild innsats. Til grunn for arbeidet legg vi FN sine standardreglar for like høve for menneske med funksjonshemming. Vi vil setja i verk tiltak for å spreia kunnskap om standardreglane i forvaltninga på alle nivå. Her har organisasjonane (SAFO) gjeve ei viktig hjelp med lommeutgåva av standardreglane.

Regjeringa ynskjer ein endå meir tiltaksretta plan enn den vi har i dag. Dette gjeld særskild områda tilgjenge, arbeid og brukarmedverknad.

I tidlegare handlingsplanar har det vore lagt vekt på å skolera brukarane og brukarorganisasjonane i brukarmedverknad. I den nye handlingsplanen vert det lagt opp til skolering av offentlege instansar i å ta brukarane med på råd under utforminga av dei ulike tenestene. Det er no i gang eit utviklingsprogram i regi av Miljøverndepartementet som skal betra likestilling og deltaking for funksjonshemma. Her skal plan- og bygningslova nyttast som reiskap for brukarmedverknad. Samstundes skal ein prøva å gjera samfunnet meir tilgjengeleg for alle.

Regjeringa har som mål å få flest mogleg funksjonshemma knytte til arbeidslivet. Funksjonshemma utgjer ein viktig ressurs for arbeidsmarknaden. Vi ynskjer at funksjonshemma skal ha høve til å delta i verdiskapinga i samfunnet.

Arbeid har store fylgjer for den einskilde si inntekt og levekår. Dessutan er arbeidsplassen ein viktig arena for fellesskap og sosialt miljø for alle. For å fokusera på auka yrkesdeltaking blant funksjonshemma vil dette temaet bli omtala i eit eige kapittel i revidert handlingsplan for funksjonshemma

I samarbeid med Norges Handikapforbund har Departementet no gått i gang med prøveordning med funksjonsassistent. Det er ei ordning som gjer det mogleg for sterkt funksjonshemma å få hjelp på arbeidsplassen med dei oppgåver som dei ikkje sjølve kan gjera som ein følgje av funksjonshemminga. Prøveordninga har blitt godt motteken mot blant dei som er med.

Norges Handikapforbund og Departementet har arbeidd tett saman over fleire år for å hindra at unge funksjonshemma blir varig verande på alders- og sjukeheimar. For 1998 har Regjeringa dobla utskrivingstilskotet til kommunane. Vi har avhalde 3 konferansar for kommunale arbeidstakarar og hatt eigen stand på Handikap 98 med dette som tema. Vi planlegg også oppsøkjande verksemd overfor kommunane. Mange kommunar ynskja å fylgja opp, vi må setja i gang tiltak som gjer det lettare for kommunane å koma i gang med utflyttinga.

I samband med revideringa av Regjeringa sin handlingsplan for funksjonshemma ynskjer vi å sjå spørsmålet om funksjonshemma sine rettar i ein større samanheng. Vi kan då betre vurdera ulike strategiar og verkemiddel for å betre levekåra for funksjonshemma, og høve for deltaking og likestilling i det norske samfunnet.

Stortingsmelding 34 viser at levekåra blant funksjonshemma på mange variablar er lågare enn hos resten av befolkninga. Dette medfører mindre deltaking i samfunnet og noko dårlegare privatøkonomi enn i befolkninga elles. Vi arbeider no med ei stortingsmelding om utjamning i levekår. Først ein analysefase fram til september, deretter forslag til tiltak. Voksenåserklæringa inneheld fleire tiltak som kan vera med å retta opp desse skeivheitene (nokre av tiltaka er allereie gjennomførte). Eg kan nemna desse tiltaka:

  • Vidareutvikla ordninga med brukarstyrt personleg assistent(tilskottet er meir enn dobla for 1998)
  • Leggje barnehagetilbodet og avløysingstilbodet betre til rette for foreldre med funksjonshemma barn
  • Betre tilgjenge for funksjonshemma i husvære, gjennom Husbanken sine ordningar.
  • Auka bruk av omsorgsløn og avløysing for dei som treng pleie og deira pårørande
  • Ein gjennomgang av uføreordninga for å sjå om det kan bli lettare å kombinera arbeid og trygd
  • Betra tilbod til dei som i dag er for sjuke til å arbeida og for friske til å bli trygda

(her kan nemnast forsøk med ”brukarkontor”)

Eg ser ut frå programmet at Landsmøtet skal vara heile helga. Eg ynskjer dykk lykke til med arbeidet i denne verkstaden for utforming av Norges Handikapforbund sin politikk. Eg håpar at Norges Handikapforbund og Departementet kan halda fram med det gode samarbeid vi har hatt. Mange av dykk er langvegsfarande. Eg er sikker på at de alle får ei fin junihelg i hovudstaden.

Takk!

Lagt inn 16. juni 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen