Historisk arkiv

Innleiing på AKAN-konferanse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Politisk rådgjevar Steinulf Tungesvik

Innleiing på AKAN-konferanse

Oslo, 1. oktober 1998

Godtfolk!

Eg skal helsa så mykje frå sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa, som gjerne ville ha vore her. Ho bad meg bringa vidare kor imponert ho er over innsatsen til AKAN, over det store arbeidet de gjer. Sjølv er ho i Tromsø i dag på ”lanseringa” av SN sitt internasjonale eldreår 1999.

Så er det eg som er glad for dette høvet til å opna AKAN-konferansen 1998. AKAN er ein institusjon vi set høgt. Og vi er ikkje åleine om det. Også omverda verdset AKAN. AKAN-konstruksjonen er blitt ei norm internasjonalt for korleis arbeidslivet best kan førebyggja og handsame problem med rusmiddel. Den måten AKAN er bygd opp og verkar på, er ein modell for andre land - det er inntrykket ein får når ein talar med folk frå den internasjonale arbeidsorganisasjonen, ILO. Eg ser på AKAN-systemet som kollektiv fornuft. Og eg trur ar skipinga av AKAN både har vore forut for si tid og at ho er større enn seg sjølv.

Arbeid og arbeidsmiljø

Vi har i Noreg ein situasjon der arbeid og rusmiddel for dei fleste arbeidstakarar ikkje høyrer saman. Det er ein verdi av største slaget, både for bruttonasjonalproduktet og for folkehelsa. Dei fleste av oss har ein umiddelbar oppfatning og oppleving av kva det vil seie å “arbeide”. Verdet for den einskilde syner seg på mange måtar. Eit gamalt buddhistisk ordtøke peiker på at arbeid har tre tydingar.

Det gir kontakt med andre, ein gjer noko nyttig for samfunnet og det gir det daglege brød.

Arbeidsmiljøet er viktig for den einskilde sine levekår. Arbeidsmiljøet og dei arbeidsulukker, yrkessjukdomar og påkjenningar det skaper, varierer mellom ulike næringar. Det er eit resultat av teknologiske, juridiske og økonomiske forhold. For den einskilde bedrift vil ein del av disse forholda vere å forstå som rammevilkår, medan andre er resultat av den økonomiske tilpassinga som bedriftene set i verk, til dømes val av produksjonsteknologi.

Arbeidsmiljøet påverkar ikkje berre den einskilde arbeidstakar på ein positiv eller negativ måte, det har òg store samfunnsøkonomiske verknader. Eit viktig spørsmål er difor kva slag verkemiddel politikarane kan ta i bruk for å få til ei betring av arbeidsmiljøet. Somme av rammevilkåra som verksemdene står overfor må oppfattast som uforanderlege på kort sikt, medan andre er eit resultat av politiske vedtak, slik som utforming av lover og skattlegging.

Nå er ikkje dette mitt kompetanseområde, og eg korkje kan eller vil servere dei “rette” løysingane. Men generelt kan ein seie at når det offentlege går inn og endrar på rammevilkåra til verksemder, vil det også ofte resultere i ei endra tilpassing frå verksemda si side. Det kan i sin tur føre til at den tiltenkte endringa i arbeidsmiljøet ikkje blir verkeleggjort. Men det eg kan seie med større visse, er at mykje av dei samfunnsøkonomiske kostnadene son følgjer av eit dårleg arbeidsmiljø må berast av resten av samfunnet, ikkje av den einskilde verksemda.

God helse er ein av fleire føresetnader for å kunne halda fram i arbeid. Problem med helsa er den viktigaste årsaka til at eldre arbeidstakarar går ut av arbeidslivet. Eit godt arbeidsmiljø har god effekt på helsa og er såleis heilt sentralt når det gjeld sjansane for den enkelte til å halda fram. Samstundes kan trivsel på arbeidsplassen, og kjensle av å høyre til, vere viktig for om arbeidstakarar blir verande i arbeid eller ikkje.

Det er viktig å ha rom for personar som er i ferd med å falla ut av arbeidslivet. Dette gjeld både for eldre og yngre arbeidstakarar. Høgt og gjentakande sjukefråvær kan vere eit signal om at noko gale er på ferde. Det er difor om å gjera at langtidssjukmelde ikkje misser kontakten med arbeidsplassen. Her har både arbeidsgjevar og arbeidskameratar eit ansvar.

Trass i tettare oppfølging i trygdeetaten og engasjementet til partane for å førebyggje sjukefråvær, har sjukefråværet likevel auka kraftig dei seinare åra. Årsakene til auke i sjukefråværet er samansette. Det er ikkje mogeleg å peike på ein eller nokre få faktorar som forklarer auken i fråværet. At det er samanheng mellom dårleg arbeidsmiljø og høgt fråvær kan alle einast om. Vi veit mindre om korleis krav om effektivitet og kostnadsreduksjon slår ut i press og stress og auka sjukefråvær. Denne typen problem er ei svær utfordring for arbeidsgjevarane i åra framover.

Ordninga med “aktiv sjukmelding” frå 1993, der den sjukmelde får prøva seg i arbeid utan å mista retten til sjukepengar, er eitt av fleire verkemiddel når trygdeetaten følgjer opp sjukmelde. Ordninga skal gjera det lettare å setja i gang tiltak på arbeidsplassen for sjukmelde som kan arbeida noko og som kan utføra alternativt arbeid i bedrifta. Føremålet er å hindra unødig passivitet som følgje av sjukdom og arbeidsuførleik og hjelpa til så den sjukmelde held ved like kontakten med arbeidsplassen. Ordninga har vore lite nytta. I 1997 prøvde berre 2 prosent av dei sjukmelde aktiv sjukmelding. Det synest klårt at ordninga er for lite kjend, og departementet vil satsa meir på å spreia kunnskap i 1999.

Arbeidsgjevarar har etter arbeidsmiljølova hovudansvaret for tilrettelegging på arbeidsplassen for tilsette med helseplager og funksjonshemmingar. I visse høve kan det bli gjeve tilskot frå folketrygda til hjelpemiddel på arbeidsplassen. I 1993 fikk vi ei føresegn i folketrygdlova om at arbeidsgjevarar på oppmoding frå trygdekontoret har plikt til å gje ei utgreiing om moglege tiltak på arbeidsplassen for at den sjukmelde skal kunne koma tilbake til arbeid. Denne føresegna inngår i rutinane for oppfølging av sjukmelde.

Arbeidsmarknadsetaten har ansvar attføring. Personar som er sjukmelde, får behalde sjukepengane i inntil eitt år også når dei er på yrkesretta attføringstiltak. Dei siste åra har det vore ein auke i talet på sjukmelde som er på yrkesretta attføringstiltak, men framleis er det berre i få tilfelle at det har kome i gang slike tiltak mens personen framleis får sjukepengar.

Sosial- og helsedepartementet har sett i gang ulike forsøk i seinare tid mellom anna i samarbeid med partane i arbeidslivet for å finne fram til tiltak for å førebyggje langtidssjukefråvær. Det har vore ei føresetnad at tiltaka skal vere forankra på arbeidsplassen. Eg ser det som viktig at også bedrifter og andre som ikkje har vore med i forsøka får kjennskap til erfaringane frå forsøksverksemda og liknande tiltak. Dette er bakgrunnen for at eg har teke initiativ overfor partane i arbeidslivet om at det bør opprettast ein idébank. I budsjettet vil me koma tilbake med midlar for å vera med på å leggja til rette for idébanken. Men det er avgjerande at dette er eit felles prosjekt.

I dei regelmessige møta sosialministeren har med partane i arbeidslivet om tiltak mot aukande sjukefråvær, bør også AKAN ha ein plass. Til neste møte i haust vil vi invitera AKAN.

Når vi veit at 5 prosent av arbeidstakarane står for over 80 prosent av langtidsfråværet, syner dette at det er viktig å satsa på målretta tiltak overfor risikogrupper.

Handlingsplan for redusert rusmiddelbruk

Regjeringa ser med uro på at forbruket av alkohol er aukande, samstundes med at illegale rusmiddel får innpass i nye ungdomsmiljø. Ei slik utvikling aukar presset på helsestellet og forsterkar dei sosiale problema som er knytte til bruk av alkohol og narkotika. Det er i denne samanhengen viktig med eit aktivt arbeid i alle aldersgrupper for å motverke rusmisbruk, som er ei kjelde til dårleg helse, sjukefråvær, kriminalitet og valdsbruk. På bakgrunn av dette har eg lagt fram for Stortinget ein handlingsplan for redusert bruk av rusmiddel. Gjennom denne planen vil eg setje i verk ei rekkje tiltak som kan føre til auka innsats i det haldningsskapande og førebyggjande arbeidet mot rusmiddelbruk.

Restriktiv rusmiddelpolitikk

Rusmiddelpolitikken er – og må vere – stadig gjenstand for debatt. Det finst ingen enkle løysingar, men mange dilemma. Mange har glede av eit moderat alkoholforbruk og merkar lite til skadeverknadene. Derfor har mange også eit motsetnadsfylt forhold til alkoholpolitikken og dei verkemidla som må til for å få ned forbruket. Også narkotikapolitikken inneber vanskelege val. Ein heilskapleg politikk inneber både kontrolltiltak og stimuleringstiltak. Det er avveginga mellom dei ulike tiltaka som ofte skaper usemje og debatt. Denne regjeringa vil vidareføre og ytterlegare fokusere ein restriktiv rusmiddelpolitikk. Det er nødvendig for å avgrense skadeverknadene. Men det er ikkje på kontroll- og lovgjevingssida det no er størst behov for innsats. Dei reiskapane vi har fått, mellom anna gjennom eit revidert lovverk, bør no takast aktivt i bruk, og planen eg nemnde tek sikte på å styrkje handhevinga av regelverket. Eg vil vidare stimulere til brei mobilisering, basert på omsorg for dei svakaste og for komande generasjonar. Det er påvist ein klar samanheng mellom totalforbruket av alkohol i eit samfunn og talet på storforbrukarar; eit “fuktig samfunn” vil statistisk sett også ha mange storforbrukarar. Solidaritet med dei svakaste inneber derfor at vi alle må ha eit medvite forhold til bruk og misbruk av rusmiddel. Eg kan ikkje få understreka nok kor viktig holdningsskapande arbeid er.

Alt heng saman

Frå tid til anna blir førebygging, kontrolltiltak og behandling oppfatta som noko som er skilt frå kvarandre. Det inneber at førebygging da berre skulle femne om informasjon og skiping av haldningar. Eg trur det er villeiande tenking. Det overgripande målet for alkoholpolitikken er å avgrense skader medan det for narkotikapolitikken handlar om å nå eit mest mogleg narkotikafritt samfunn. Då blir førebygging overordna. Også dei kontrollpolitiske innsatsane fyller, på same måte som behandling, ei førebyggjande oppgåve og har dermed mykje å seie for utviklinga av rusmiddelskadar og bruk.

Førebygging kan vere meir eller mindre effektiv, men ingen einskild innsats er effektiv om den vart gjord åleine. Og ingen restriktiv rusmiddelpolitikk kan i lengda bli halden oppe om ein ikkje samstundes gjennom informasjon og haldningsskapande åtgjerder finn ei forankring i folket.

Det ligg føre eit sterkt samband mellom det totale alkoholforbruket i eit land og skadenivå. Dess meir som vert drukke i eit samfunn, di fleire menneske går over frå måtehaldsdrikking til storforbruk og misbruk. Og dess fleire som drikk mykje, di fleire får skader som skuldast alkoholbruk. Desse sambanda er vel underbygde i norsk og internasjonal forsking. Også på narkotikaområdet er det etter alt å dømme slik at om tilgangen er stor og det er lett å få tak i stoff, så aukar talet på personar som prøver narkotika. Folks haldning til bruk av narkotika ser òg ut til å bli påverka av tilgangen. I eit samfunn der tilgangen er stor er vanlegvis også haldningane meir liberale. I dag finst det røyster som krev avkriminalisering og til og med legalisering av narkotika eller bruk av stoff for einskilde misbrukargrupper.

Strategiar i ein ny situasjon

Fleirtalet av dei vaksne som bruker alkohol, dei drikk med måte. Ei mindre gruppe står for ein stor del av det totale forbruket. Enkelte meiner difor at alkoholpolitikken skulle gjelde denne gruppa aleine. Det ville innebere at vi lot “vanlege folk” i fred med sine alkoholvaner. Men det går ikkje, av fleire grunnar: målet vårt er jo å motverke nyrekruttering til gruppa storkonsumentar eller misbrukarar. Og storforbrukarane sine alkoholvaner er ikkje uavhengige av dei same vanane hjå folk flest. Dess “våtare” alkoholkultur, dess meir som blir drukke, di fleire går over frå måtehald til storforbruk og misbruk. Ein annan grunn er at den mindre gruppa med storforbrukarar faktisk ikkje står for alle medisinske og sosiale alkoholskader. Grensa mellom risikofylt og meir risikofri måtehaldsbruk er ikkje lett å trekkja i praksis. Menneske med mindre ekstreme alkoholvaner svarar for ein stor del av alkoholskadane.

Punktfråhaldskampanjar

Frå planen vil eg nemne to saker som båe har samband til AKAN:

Samarbeid om å vidareutvikle og styrkje punktfråhaldskampanjar knytte til mellom anna arbeidslivet, graviditet, idrett og trafikk er og område eg legg stor vekt på.

Det er viktig å halde ved like og styrkje den breie oppslutninga om at sentrale arenaer og situasjonar skal haldast rusmiddelfrie. Dersom ein gjennom informasjon, opplysningsverksemd eller andre tiltak kan få folk til å kjenne seg att i situasjonar der det ikkje passar å bruke alkohol, vil det vere ein effektiv måte å redusere alkoholproblem på. Bodskapen bør vere at ein bør drikke mindre og sjeldnare, og unngå alkohol heilt i visse samanhengar. Eit godt døme på ein slik situasjon er nett det at det her i landet ikkje er vanleg å kombinere alkohol og arbeid, slik at arbeidet for dei aller fleste yrkeskategoriar utgjer ein “alkoholfri sone”. Dette leier sjølvsagt til at det snøgt vil bli reagert på alkoholbruk i eller i tilknyting til arbeidet.

Arbeidsplassen utgjer også i dei fleste tilfelle eit positivt nettverk, der alle har sin meiningsfylte plass, og kor ein til ein viss grad ser etter kvarandre og er oppteken av kvarandre. Dessutan er ansvarsforholda som regel klart definert. Førebyggingsaspektet ligg klårt i dagen.

Vi ynskjer å vidareutvikle og styrkje det samarbeidet som allereie skjer på dette området, mellom anna med Alko-Kutt-aksjonen, AKAN og Norges Idrettsforbund.

Rusmiddelpoltisk råd

Føresetnaden for å drive ein sjølvstendig rusmiddelpolitikk blir påverka av tilsvarande politikk i nabolanda våre, i for sterk grad av EØS-avtala og av andre internasjonale forhold. Desse forholda i vår eiga omverd inneber at det ôg blir naudsynt å finne fram til nye metodar og arbeidsformer for å nå dei måla vi har sette oss. Det trengst til eit meir intensivt samarbeid mellom staten og dei etablerte partane i arbeidslivet . Fleire må forplikta seg og ta ansvar. Handlingsplanen strekar under føresetnaden om ein brei samfunnsmessig medverknad og ei omfattande ansvarleggjering, dersom politikken om reduserte skadeverknader skal lukkast. Og for å dekkja dette vil sosialministeren oppretta eit Rusmiddelpolitisk råd. Her er AKAN eit opplagt medlem, i båe tydingar av ordet, og er allereie invitert.

Ideologisk oppbrot

Når eg innleiingsvis nytta omgrepet “kollektiv fornuft” om AKAN, heng det saman med mi samfunnsforståing. Forenkla er tenkemåten slik: Dei store ideologiske forteljingane er ikkje på moten for tida. Dei ulike -ismane var ideologiske konkurrentar i industrisamfunnet. Akkurat no har ikkje desse ideologiane den same forklarande, enn seie: mobiliserande, kraft. Ein grunn er at velferdsstaten har skapt eit samfunn med større grad av rettferd. Men entreprenørane for velferdsstaten var “statsblenda”: dei såg det som lite problematisk at statsmakta greip styrande inn, i det økonomiske krinslaupet, òg i borgarane sitt vidare livskrinslaup. Den byråkratisk-profesjonelle verkeleggjeringa av velferdsstaten kan i seg sjølv verka passiviserande og tingleggjerande. Vi treng i tillegg ein annan dimensjon, ulik stat og marknad - det sivile samfunn, der fellesskap vert etablerte, normer vert skapte og haldningar lærte.

Eigenorganisering er meir enn velgjerdshjelp

Det er her eg meiner at AKAN både var forut for si tid og er større enn seg sjølv. Det kjem mellom anna av at hovudpartane i arbeidslivet har funne opp ein organisasjon som kan handtera problem på arbeidsplassen på ein slik måte at han tek omsyn til partane sine ulike interesser: tar vare på den som har eit problem, set det inn i eit helse-, miljø- og tryggleiksarbeid, og tek omsyn til at det tek lang tid å utdanna kompetente medarbeidarar, slik at det òg lønar seg å satsa på å innsats som kan bringa folk attende i arbeidet. Det ligg mellom anna mykje i den måten AKAN arbeider på ved å ta omsyn og samstundes stilla krav og ved at det som vert sett i verk skjer menneskeleg og profesjonelt.

Av den grunn trur eg at AKAN aldri har vore meir moderne og til rett tid enn no. Det er difor med glede at eg kan opna AKAN-konferansen 1998. Takk for meg.

Lagt inn 1. oktober 1998 av linkdoc099005-992460#docStatens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen