Historisk arkiv

“Kampen mot rusmiddel- David mot Goliat ?”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa

“Kampen mot rusmiddel- David mot Goliat ?”

ved opninga av Norsk sykehus- og helsetjenesteforenings konferanse om Dobbeldiagnosar, rus og psykiatri, 29. september 1998 kl. 1010-10.30

Eg har siste året nytta høvet til å vitja ulike behandlingstilbod, samtalt med rusmisbrukarar, og lytta til dykk som arbeider innan dette feltet. Eg er imponert over den innsatsen de gjer – at de står på år ut og år inn i eit felt med håp, ja – men også med enorme skuffelsar. Takk for at de ser enkeltmennesket og ikkje gir opp!

Temaet for konferansen omhandlar tilbod til ei målgruppe som i lang tid har vore forsømt og som lett fell mellom fleire stolar. Vi treng sterkare fokus på samansette problem. Det krev betre samarbeid over det som ofte er sektorgrenser.

Historia om David sin kamp mot Goliat har fleire parallellar til kampen mot rusmiddel. Kva var det David gjorde som gav han siger over Goliat ? Israelittane hadde nær gitt opp kampen mot Goliat då ungguten David kom fram og ville gå inn i tvikamp med kjempa. David fann fem glatte steinar, tok slynga si og staven i handa, og gjekk mot Goliat. De kjenner slutten på historia. Ein stein trefte Goliat i panna, han fall utfor eit stup og døydde.

Kva var særskilt med David ? Jo, han hadde mot, eit klårt mål og ei tru på det han skulle gjere. Han handla òg strategisk. Eg trur det er det vi treng i kampen mot rusmiddel; mot, klåre mål, tru på det vi skal gjera og handlingar for å nå målet.

Mange rusmiddelmisbrukarar har psykiske lidingar i tillegg. På den eine sida er psykiske lidingar ofte ei viktig medverkande årsak til at einskildmenneske byrjar å misbruke rusmiddel, og på den andre sida vil rusmiddelmisbruk ofte utløyse eller forverre psykiske lidingar.

Personar med alvorleg psykisk liding i kombinasjon med vedvarande alvorleg misbruk kjem i gruppa med “dobbeltdiagnose”. Omfanget av denne gruppa og deira trong for behandling er ikkje tilstrekkeleg kartlagt. Gruppa utgjer ei krevjande oppgåve for behandlingsapparatet. Dei fell ofte utanfor både tiltaka for rusmiddelmisbrukarar og det psykiske helsevernet. Behandlarane kan føle seg hjelpelause i møtet med de einskilde og deira samansette problem. Dei vanlege behandlingstilboda “passar ikkje. Av denne grunn blir klientane blir ofte avviste etter kort tid med store konfliktar. Dei blir overlatne til seg sjølve, og blir gåande utan tilbod heilt til krisa og trongen for innlegging blir så synleg for nærmiljøet at det endar i ei akutt tvangsinnlegging. Gruppa er overrepresentert blant dei heimlause i dei store byane, i hospits o a.

Ansvaret for pasientar med slik dobbeldiagnose i snever forstand er forankra i psykisk helsevern. Det er behov for særlege tilbod med spesiell kompetanse, både i form av eigne døgnpostar og poliklinisk oppfølging.

Det er òg behov for å kartleggje storleiken på gruppa og trongen gruppa har til behandling. Statens helsetilsyn er no i gang med å gjere dette. Regjeringa tek gjennom Opptrappingsplanen for psykisk helse for perioden 1999-2006, som vart vedteken i Stortinget i juni i år, eit krafttak for å styrkja psykiatrien generelt. Ei slik styrking, særskilt kommunane sine tilbod til menneske med psykiske lidingar, vil og kunne bidra til eit betre tilbod til dei med dobbeldiagnosar. Handlingsplanen tek og sikte på ei særskilt styrking av tilbodet til menneske med dobbeldiagnosar. Oslo kommune har med eigne midlar starta eit særskilt tiltak på Gaustad sjukehus med 8 døgnplassar for denne gruppa. Det er behov for liknande tilbod i fleire fylke. I løpet av opptrappingsperioden tek ein difor sikte på å opprette i alt fem regionale institusjonstilbod til klientar med dobbeldiagnosar.

Det er nødvendig med ytterlegare kompetanseoppbygging når det gjeld tilbod til rusmiddelmisbrukarar med psykiske lidingar. Det er i dag ingen akademiske stillingar innan dette fagområdet. Slike stillingar vil kunne vere med på å styrkje statusen til fagområdet og auke omfanget av den forskinga som vert gjord i dag. I løpet av planperioden vil det difor bli oppretta to akademiske stillingar på dette området.

Vi kan gjere mykje for å få til eit betra tilbod til rusmiddelmisbrukarane generelt. Den einskilde må oppleva tidlegare hjelp og ei meir samanhengande behandlingskjede. Det vil innebere eit nært samarbeid mellom kommunar og fylkeskommunar. Det vil innebere eit tett samarbeid rundt den einskilde frå fleire instansar, sosialtenesta i kommunane, institusjonar, helsetenesta, private organisasjonar m.v. Den største utfordringa no er å styrkje det kommunale arbeidet med rusmiddelproblematikk, medrekna tiltak for misbrukarar. Det er den kommunale sosialtenesta som har hovudansvaret for å syte for hjelpe-, behandlings- og rehabiliteringstilbod til misbrukarar, medrekna ettervern. Tiltak retta mot tungt problembelasta misbrukarar må ha eit langsiktig perspektiv og omfatte nære pårørande og – i den grad det lèt seg gjere – større delar av det sosiale nettverket.

Departementet har i år sett i verk ein eigen handlingsplan for styrking av førstelinetenesta i sosialtenesta, “Kunnskap og brubygging”. Det er gledeleg å registrera den positive mottakinga denne planen har fått. Ei nysatsing med grunnlag i det utviklingsarbeidet som har vore drive i sosialtenesta med støtte frå departementet gjennom 1990-åra.

La meg også understreka at dei rusmiddelpolitiske handlingsplanane i kommunane bør synleggjere korleis behov for tiltak for rusmiddelmisbrukarar, medrekna den langsiktige ettervernsoppfølginga, skal sikrast. Kunnskap og brubygging er meint å.

Sosialtenestelova inneheld eigne føresegner om behandling av rusmiddelmisbrukarar utan eige samtykke. Lova har strenge føresegner for kven som kan takast inn etter desse lovparagrafane. Vi ynskjer i hovudsak å behandle rusmiddelmisbrukarar etter deira eige samtykke.

Tvangsinnlegging kan likevel i nokre tilfelle redda liv eller gi nødvendig motivasjon til vidare behandling. Særleg gjeld dette for gravide rusmiddelmisbrukarar, der tvangsbruken har heimel i omsynet til barnet. Fleire hundre born i dette landet vert fødde kvart år med rusmiddelskadar. Tvang kan vere ein veg til å bli edru, slik at misbrukaren kan ta eit sjølvstendig og meir gjennomtenkt val, og det kan vera eit middel til å få sett i gang eit langvarig behandlingsløp. Det er behov for revisjon av tvangsføresegnene. Departementet la difor i juni fram ein proposisjon for Stortinget om ymse endringar i sosialtenestelova.

Endringane vil blant anna vere:

  • gi pårørande høve til å krevje at det blir sett i verk undersøkingar med sikte på eventuell tvangplassering.
  • kommunane får plikt til å lage handlingsplanar for den einskilde
  • Det vert gitt føresegner om urinprøver, innhenting etter rømming, betre høve til overgang mellom tvangsplassering etter §6-2 og plassering etter §6-3 (tilbakehold i institusjon etter eige samtykke)

Noreg har mange døgninstitusjonsplassar for omsorg for, behandling og rehabilitering av rusmiddelmisbrukarar. Det er viktig å vidareutvikle og sikre kvaliteten ved desse institusjonane. Så snart lovendringane er handsama av Stortinget vil vi utarbeida ei forskrift om kvalitet i tiltak for rusmiddelmisbrukarar. Forskrifta vil mellom anna leggje vekt på kor viktig det er å etablere eit nært samspel mellom døgninstitusjonane og den kommunale sosialtenesta om oppfølging før og etter institusjonsbehandling (ettervern). Også døgninstitusjonane bør aktivt formidle informasjon om, og søkje å dra vekslar på, dei positive ressursane som finst i frivillige organisasjonar og grupper. Som ledd i kvalitetssikringsarbeidet vil departementet òog vidareføre støtta til dei regionale kompetansesentra for rusmiddelspørsmål og leggje til rette for samarbeid mellom kompetansesentra for rus, psykiatri og barnevern. Departementet vil dessutan stimulere forsøk med nye etterverntiltak. Dette er eit nytt tiltak som ligg i handlingsplanen for redusert rusmiddelbruk som vi la fram i mai.

Ved behandlinga av St.meld. nr. 16 (1996–97) Narkotikapolitikken vedtok Stortinget å etablere metadonassistert rehabilitering som eit landsomfattande og permanent tilbod til ein del tungt belasta opiatmisbrukarar. Målgruppa er rusmiddelmisbrukarar som har eit langt opiatdominert misbruk, utan at andre hjelpe- og rehabiliteringstiltak har gitt betre fungeringsevne og livssituasjon. Eg vil understreke at desse tiltaka berre kan vere nyttige når dei blir brukte saman med eit sett av andre verkemiddel i heilskaplege rehabiliteringsopplegg. Det er kommunane som må syte for slike opplegg. Dei spesialiserte sentra vi no etablerer i Oslo, Bergen, Trondheim og i tre-fylkesamarbeidet Buskerud/Telemark/ Vestfold skal ha viktige inntaks- og rettleiingsfunksjonar i høve til kommunane.

David hadde to våpen: slynga med steinar og ein stav. På same måten har vi to ”hovudvåpen” i kampen mot rusmiddel: førebyggjande arbeid og behandling. Ein viktig del av det førebyggjande arbeidet er restriktive tiltak for å redusere tilgjengeligheten til alkohol og narkotika. Behandling kan ikkje sjåast isolert frå det førebyggjande arbeidet, men er båe naudsynte deler av ein heilskapleg rusmiddelpolitikk.

Vi har i Noreg lenge hatt oppslutning om to høge mål. Vi ynskjer å redusera det totale alkoholforbruket, og vi ynskjer eit samfunn utan narkotikamisbruk. Fleire har tatt til motmæle mot desse måla. Det blir hevda dei er urealistiske og for ambisiøse. Rusmiddelpolitikken er – og må vere – stadig gjenstand for debatt. Eg trur ikkje det finst enkle løysingar, men mange dilemma. Mange har glede av eit moderat alkoholforbruk og merkar lite til skadeverknadene. Difor har mange òg eit motsetnadsfylt forhold til alkoholpolitikken og dei verkemidla som må til for å få ned forbruket. Narkotikapolitikken inneber og vanskelege val. Ein heilskapleg politikk inneber både kontrolltiltak og positive stimuleringstiltak. Det er avveginga mellom dei ulike tiltaka som ofte skaper usemje og debatt.

Regjeringa har tru på at det er mogleg å redusere alkoholforbruket og arbeide for eit samfunn utan narkotikamisbruk. Vi vil stimulere til brei mobilisering, basert på omsorg for dei svakaste og for komande generasjonar. Det er påvist ein klar samanheng mellom totalforbruket av alkohol i eit samfunn og talet på storforbrukarar; eit “fuktig samfunn” vil statistisk sett òg ha mange storforbrukarar. Solidaritet med dei svakaste inneber difor at vi alle må ha eit medvite forhold til bruk og misbruk av rusmiddel.

Regjeringa har lagt fram for Stortinget ein handlingsplan for redusert bruk av rusmiddel. Planen inneheld ei rekkje tiltak både på førebyggings-, behandlings- og ettervernområdet. La meg avslutningsvis peika på nokre viktige område for auka innsats.

1. Rusmiddelpolitisk råd.

Det er nødvendig med eit breitt samfunnsmessig engasjement og ei omfattande ansvarleggjering dersom vi skal oppnå redusert bruk av rusmiddel. Eg vil difor oppnemne eit rusmiddelpolitisk råd som skal vere bindeledd mellom styresmaktene, partane i arbeidslivet, næringslivsorganisasjonane, forsikringsbransjen og dei rusmiddelpolitiske organisasjonane, og sett saman av representantar for desse. Felles interesseområde vil til dømes vere innsats mot ulovleg omsetting og skjenking av alkohol, og redusert sjukefråvær som følgje av rusmiddelmisbruk.

2. Ansvarleggjera foreldra

Familien er den grunnleggjande sosiale eininga i samfunnet, og forholda i familien er svært viktige for einskildmennesket. Det er i familien grunnlaget blir lagt for tryggleik og utvikling av personlegdommen til den einskilde. Det er eit hovudmål å gjere born og unge rusta til å møte dei prøvingane livet byr på og meistre dei problema det skaper – og dermed utvikle vilje til å ta hand om seg sjølv og ta vare på andre. Foreldra må stille spørsmål ved sitt eige rusmiddelforbruk og sine eigne normer.

3. Styrka skulen og nærmiljøet sine oppgåver

Saman med heimane og fritida utgjer skulen den viktigaste arenaen for haldningsskapande arbeid retta mot born og unge. I denne samanhengen er ei av dei viktigaste oppgåvene å syte for å gi born og unge tryggleik, styrke og kunnskap til å ta aktive og positive val. Eit inkluderande skulemiljø, der den einskilde føler seg verdsett og trygg, vil vere ein vesentleg faktor i det førebyggjande arbeidet. Departementet vil tilføre dei regionale kompetansesentra for rusmiddelspørsmål ekstra ressursar for å rettleie grunnskulane og dei vidaregåande skulane i rusmiddelundervisninga og andre holdningsskapande tiltak.

4. Gi ungdomsorganisasjonane gode vilkår

Det er oppmuntrande at ungdom sjølv i mange tilfelle stiller opp og gir uttrykk for negative haldningar til rus, valdsbruk og kriminalitet, og dannar alternative “motkulturar”. Ungdom er sentrale rollemodellar for kvarandre, og slike “motkulturar” er difor viktige. Døme på slike initiativ er “Stopp dopet, ikke dansinga” og “Non Fighting Generation”, utover det gode arbeidet mange tradisjonelle ungdomsorganisasjonar gjer. Det gjeld både ungdomspartia og sektororganisasjonane, som gjer ein stor innsats i å skapa medvitne ungdomar som sjølv tek stilling i større grad. Det er viktig at kommunane støttar slike og liknande initiativ, slik at dei får høve til å utfalde seg og vekse.

5. Haldningskampanjar

Regjeringa vil, i tillegg til at Rusmiddeldirektoratet set i gang haldningskampanjer på dei områda eg nett har nemnt, auke støtta til dei rusmiddelpolitiske organisasjonane. Organisasjonane har fleire viktige funksjonar, og Regjeringa legg vekt på aktivitetane både ut frå den eigenverdien dei har, og ut frå den førebyggjande verknaden. Lokallaga til dei rusmiddelpolitiske organisasjonane representerer ressursar i det lokale førebyggjande arbeidet. Prosjekt som tek sikte på å byggje nettverk i lokalmiljøa, vil bli prioriterte.

- Rusfrie soner

Det er viktig å halde ved like og styrkje den breie oppslutninga om at sentrale arenaer og situasjoner skal haldast rusmiddelfrie. Dersom ein gjennom informasjon, opplysningsverksemd og andre tiltak kan få folk til å kjenne seg att i situasjonar der det ikkje passar å bruke alkohol, vil det vere ein effektiv måte å redusere alkoholproblem på.

Takk for at de har følgt med så langt. Eg ynskjer dykk lukke til i arbeide med dei ulike problema denne konferansen tek opp.

David hadde eitt våpen til. Han trudde på kreftar utanom seg sjølv!

Skal Regjeringa lukkast i rusmiddelpolitikken, treng vi støttespelarar.

Lagt inn 21. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen