Historisk arkiv

Om kvalitet i tiltaka for rusmiddelmisbrukarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Kontrollerast mot framføring.

Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Idedugnad: Om kvalitet i tiltaka for rusmiddelmisbrukarar

22. APRIL 1998

Velkomen til idedugnad !

Å gje rusmiddelmisbrukarar eit eller anna tilbod om behandling eller andre tiltak, er ikkje spørsmålet for denne samlinga. Utfordringa i dag ligg i å finna tiltak som nyttar, tiltak som er tilpassa den einskilde klienten og som varer lenger enn eit institusjonsopphald. Regjeringa omtalar rusmiddelproblematikken i Voksenåsendokumentet. Det er viktig for oss å sikra eit betre ettervern.Det må også etter vårt syn leggast betre til rette for eit verdig liv for dei mest langtkomne misbrukarane. Det er avgjerande for misbrukaren at han får eit behandlingstilbod som passar .

Kommunen må sørga for naudsynte tiltak også etter eit institusjonsopphald. Dette inneber at både institusjonen, kommunen og klienten sjølv må samarbeida om å hjelpa misbrukaren. Korleis dette best kan gjerast, vonar eg forsamlinga her i dag har mange gode og konkrete forslag om.Det er fint å møta dykk! Det er også godt å vita at de berre er eit utval og at vi her kunne samla langt fleire som har meiningar og erfaringar omkring dette temaet.Vi er heilt avhengige av kompetansen og erfaringane til dykk som er her i dag for å kunna utvikla ei kvalitativt god teneste for rusmiddelmisbrukarane.

Kvart år blir det brukt store beløp på behandling og ulike tiltak for rusmiddelmisbrukarar. Det er viktig å stilla spørsmål om kva samfunnet får att for denne investeringa, og om behandlinga og andre tiltak for den einskilde rusmiddelmisbrukar nyttar. Eg har dette siste halvåret vitja fleire behandlingsinstitusjonar. Eg har fått bekrefta at dei fleste som kjem seg ut av rusmiddelmisbruk etter behandling, har gjennomgått fleire opphald innanfor same tiltak, eller vore gjennom fleire ulike tiltak.

Det å bli rusfri er ein lang og vond prosess der ein bør gripe tak i både avhengigheita og dei psykiske og sosiale problema den einskilde måtte ha, enten som ei årsak til misbruket, eller som ein konsekvens av misbruket. Dei ulike rusmiddelmisbrukarane vil ha behov for ulik type hjelp for å læra seg korleis dei skal mestra og leva med problema sine. Det seier seg sjølv at dette ofte er ein årelang prosess og at det difor må leggast stor vekt på oppfølging og relasjonsbygging både i og utanfor institusjon. Dette gjer det naudsynt med eit mangfaldig behandlingsapparat som til saman kan gje eit breitt tilbod. Vidare er det viktig å auka kunnskapane og dokumentasjonen om innhaldet i dei ulike tiltaka og korleis tiltaka verkar, slik at ein kan utvikla tiltaka og det faglege innhaldet i desse.

Sosialtenesta i kommunane har hovudansvaret for å samordna hjelpetiltak overfor rusmiddelmisbrukarar. Denne tenesta bør i samarbeid med dei aktuelle behandlingsinstansane, leggja stor vekt på oppfølging der ein tek omsyn til heile livssituasjonen til misbrukaren. I tillegg til å tilretteleggja for bustad, arbeid, utdanning, attføring eller anna, bør det leggast til rette for at familien kan takast med som ein positiv ressurs. Det å knyta kontakt med sjølvhjelpsgrupper som kameratklubbane, Anonyme Alkoholikere,AL-Anon og Anonyme narkomane kan og vera viktig. Det sentrale er uansett at misbrukaren får moglegheit til å skapa seg eit liv som er så godt at han eller ho ikkje fell attende til misbruken.

De er inviterte for å setja eit kritisk søkjelys på kvaliteten i tiltaka for rusmiddelmisbrukarar.Det har nokre av dykk vore med på før.Det naudsynt med ein open dialog mellom behandlings- og forskningsmiljø og brukargruppene.Eg minner om at nokre av dykk på ein konferanse i 1996 var samde om

- at det skulle leggast vekt på krav til vurdering av klienten sin situasjon og behov, vurdering av om den einskilde institusjonen egnar seg for klienten og den situasjonen klienten er i.

- Vidare at innhaldet i institusjonstilbodet tydeleg må framgå, og at det bør både lagast kontrakt mellom misbrukaren, kommunen og klienten om tilbod, rettar og plikter, og utarbeidast individuelle behandlingsplanar.

-Det var og semje om at institusjonane skal innarbeida rutiner for intern evaluering, samstundes som dei er opne for å bli evaluert av ytre instansar.

Etter konferansen har stortingsmelding nr 16 (1996-97) om narkotikapolitikken vist at det er brei semje i Stortinget om narkotikapolitikken. Her står det mellom anna at Sosial- og helsedepartementet, med utgangspunkt i konklusjonane frå konferansen, vil utarbeida ei forskrift som skal sikra kvaliteten i behandlings- og rehabiliteringstiltak for rusmiddelmisbrukarar. Forskrifta vil bli utforma med sikte på å utdjupa regelverket på området, og samstundes tydeleggjera kommunen, fylkeskommunen og institusjoneigarane si plikt og ansvar for å sikra tenester som er i samsvar med misbrukaren sitt behov.

Fleire tiltak skal setjast i verk som fylgje av handsaminga av narkotikameldinga.

-Departementet vil gjennom eit eige program for fyrstelinjetenesta i kommunane stimulera dei større kommunane til å spesialisera tenestene til rusmiddelmisbrukarar, og mindre kommunar til å etablera interkommunale samarbeidsordningar for å betre utnytta spesialkompetansen som finst. Dette opplæringsprogrammet inngår i ein handlingsplan som rettar seg inn mot sosialtenesta i kommunane. Planen heiter “Kunnskap og brubygging” og vart sendt ut no i april. Planen skal legga til rette for at vi kan arbeida framover i heile landet mot enda betre tenester, og at alle kommunar vert trekte med i dette. Konkret vil vi satsa på kunnskapsutveksling, opplæring, rettleiing og samhandling. Brukarperspektivet vil heile tida stå sentralt. Arbeid med rusmiddelmisbrukarar er eit sentralt satsingsområde i planen, og både kommunar, fylkesmenn og kompetansesentra for rus er sentrale samarbeidspartnerar i både utforming og gjennomføring av dette arbeidet.

Av andre tiltak i narkotikameldinga vi arbeider med, vil eg nemna metadonassistert rehabilitering og endringar i Lov om sosiale tenester.

-Gjennomføring av metadonassistert rehabilitering som eit landsdekkjande tilbod har vore eit prioritert arbeidsområde i departementet i lang tid. Regionale sentra i Trondheim, Bergen og Oslo under oppbygging, og det vert utvikla eit samarbeidstiltak i Telemark, Buskerud og Vestfold. Rundskrivet om dei mellombels retningslinjene for metadonassistert rehabilitering vart sendt ut til kommunar og andre no i april.

Eg vil peika på at det overordna målet med metadonassistert behandling er eit liv utan rus og yrkesmessig og sosial rehabilitering, men at ein, som i alt anna rehabiliteringsarbeid, må ta utgangspunkt i klienten sin faktiske situasjon, og stilla realistiske krav om gradvis framgang. Eg vil understreka at metadonforskrivning som del av eit heilskapleg rehabiliteringsopplegg berre er eitt av ei rekkje verkemiddel. Vidare vil eg understreka nok ein gong: Metadonassistert rehabilitering skal ikkje koma på bekostning av det tradisjonelle, medikamentfrie behandlingstilbodet.

Ein Odelstingsproposisjon om endringar i Lov om sosiale tenester vil bli lagt fram for Stortinget i vårsesjonen. Av dei mest vesentlege forslaga til lovendringar i denne proposisjonen vil eg nemna at:

  • Meldingar frå pårørande om omfattande misbruk skal gje sosialtenesta plikt til å vurdera å fremja tvangssak.
  • Kommunane vil bli pålagde å utarbeida tiltaksplanar for den einskilde tvangsplasserte rusmiddelmisbrukar
  • Det skal ikkje lenger vera eit vilkår for bruk av tvang at fylkesnemda har godkjent institusjonen i den konkrete saka. Kommunane vil såleis få litt betre tid til å finna ein eigna institusjon til klienten
  • Lova skal tillata direkte overgang frå vedtak om tvang til avtale om tilbakehald ved tvang

Regjeringa er oppteken av alle sider ved rusmiddelproblematikken.I slutten av mars arrangerte vi ein idedugnad i høve arbeidet med ein handlingsplan for redusert rusmiddelbruk. Denne er ei oppfølging av Voksenåsendokumentet, legg vekt på strategiar og tiltak som kan auka innsatsen i det haldningsskapande og førebyggjande arbeidet. Eit betra og meir effektivt behandlings- , etterverns- og omsorgstilbod er eit avgjerande punkt i ein slik plan.. På førre idedugnad var mellom anna næringslivsorganisasjonane, forsikringsbransjen og dei rusmiddelpolitiske organisasjonane representerte. Deltakarane ga verdifulle innspel til handlingsplanen.

Med dei positive erfaringane frå idedugnaden i mars, har eg store forventingar til innspel frå dykk som er her i dag. Eg overlet ordet til salen, og vonar det vil koma mange gode røynsler, forslag og andre innspel til kva som kan gjerast for å sikra kvaliteten i tiltaka for rusmiddelmisbrukarar både i og utanfor institusjon.

Lagt inn 22 april 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen