Historisk arkiv

Omfanget av vald

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Politisk rådgjevar Steinulf Tungesvik

Seminar for valdsofferorganisasjonar laurd. 09.05.98 - Høgskolen i Oslo

Oppgåvene til dei friviljuge organisasjonene

Gode seminardeltakarar!

Mange takk for invitasjonen til dette seminaret. Eg set pris på å verta invitert hit til Kompetansesenter for valdsofferarbeid/Høgskolen i Oslo for å få snakka om eit tema som sosialministeren og eg er opptekne av.

Eg vil byrja dette innlegget med å referera nokre tal frå undersøkingar som seier noko om omfanget og breidda av valdsproblematikken i samfunnet. Vidare vil eg seia litt om kva for tiltak Sosial- og helsedepartementet har sett i verk både for å førebyggja vald og for å behandla personar som allereie har vorte utsett for vald eller overgrep. Departementet sitt tilhøve til friviljuge organisasjonar generelt og i valdsofferarbeidet spesielt vil utgjera den tredje delen av innlegget.

Omfanget av vald

Ei rekkje menneske - i hovudsak eldre, kvinner og born - vert utsette for valdelege overgrep og lever i ein kvardag prega av utryggleik og trugsmål. Levekårsundersøkingane frå Statistisk sentralbyrå viser at om lag 170.000 personar kvart einaste år vert utsette for valdshandlingar og alvorlege trugsmål, mellom desse gøymer det seg ei rekkje personar som om igjen vert utsette for overgrep. Kvart offer rapporterer i gjennomsnitt sju valds- eller trugsmålshendingar.

Kvart år vert om lag kvart 30. barn utsett for seksuelle overgrep før fylde 14 år, og i 1995 utgjorde seksuelle overgrep mot barn meir enn 60 % av alle etterforska grove sedskapsbrotsverk. 5-6000 kvinner oppsøkjer kvart år krisesentra og om lag 10.000 kvinner oppsøkjer i løpet av samme tidsperiode lækjar for behandling av skade som skuldast vald i heimen.

Når det gjeld vald mot eldre er dette eit relativt nyoppdaga problem, men forskinga kan tyda på at overgrep i heimen rammar kring tre prosent av eldre over 65 år. Dette utgjer ca. 20.000 personar.

Vald mot eldre, kvinner og born er svært opprørande, men valden rammar også i særleg grad unge menn i det offentlege rommet, på gater og torg i byane om kveldane. Her spelar rus og bruk av rusmiddel ei viktig rolle. Regjeringa sin handlingsplan for redusert rusmiddelbruk, som vart lagd fram 8. mai, føreslår ei rekkje tiltak på dette området.

Dei seinare åra er fokus også retta mot vald og overgrep på arbeidsplassane. I ei undersøking gjennomførd av forskingsstiftinga FAFO går det fram at omfanget av trakasseringsliknande press mot tilsette særleg innanfor omsorgsyrka er stort. Tre av fire yrkesutøvarar har opplevt skuldingar, utskjelling, fysisk aggresjon eller ubehageleg seksuell interesse. For dei aller fleste er dette situasjonar som har hendt fleire gonger.

Bak tala eg har referert over gøymer det seg i første rekkje ein tragedie for den som vert ramma av valden, noko som truleg ikkje overraskar dykk som er til stades her i dag, med den røynsla de har frå arbeidet mellom personar som har vore utsette for overgrep. Frå min, og den sitjande regjeringa sin ståstad er det all grunn til å slå fast at vi ikkje er tente med eit samfunn der mange menneske lever i utryggleik og dermed vert hemma i vanleg livsutfalding. Det er difor eit mål for regjeringa å arbeida for å utvikla eit tryggare, varmare og meir rettferdig samfunn der også dei svakeste har eit vern slik at omfanget av valden minskar.

Tiltak/prosjekt finansiert av Sosial- og helsedepartementet

Sosial- og helsedepartementet har de seinare åra sett fokus på vald, og finansierer i dag ulike tiltak retta mot å kjempa mot vald og å betra valdsofra si stilling. I ein presentasjon av innsatsen vår på området kan det vera naturleg å byrja med å seia nokre ord om Kompetansesenteret for voldsofferarbeid, som er den direkte årsaka til seminaret her i dag.

Kompetansesenteret som vart åpna i 1996, er ein del av den førre regjeringa sin handlingsplan "Tryggleik og nærleik i kvardagen". Kompetansesenteret skal drivast som eit fireårig forsøksprosjekt og har som hovudmål å styrka stillinga til valdsofra. Senteret er finansiert av Sosial- og helsedepartementet, Barne- og familiedepartementet og Justisdepartementet. Senteret har fire tilsette som alle har praksis eller nær tilknyting til fagområda kompetansesenteret skal dekkja.

Innan driftsperioden på fire år er over skal senteret evaluerast. Resultatet av evalueringa, som mellom anna vil setja fokus på nytta dei friviljuge organisasjone har av senteret, vil vera eit viktig grunnlag for avgjerda om eit kompetansesenter for valdsofferarbeid skal opprettast permanent. Senteret har fylgjande hovudoppgåver :

  • retta søkeljoset mot det faktum at valdsofferproblematikk ikkje er avgrensa til den gatevalden massemedia er mest oppteken av, men som i særleg grad rammar eldre, barn og kvinner på andre arenaer.
  • bidra til å betra tilhøva for valdsoffer ved å engasjera seg i utviklingsarbeid og andre kompetanseutviklande tiltak, for å forbetra tilbodet frå offentlege styresmakter om behandling av valdsoffer.
  • innhenta og formidla kunnskap om vald og valdsoffer, som lokale og sentrale styresmakter kan gjera oss nytte av når vi skal leggja opp våre strategiar og innsats i kampen mot vald.
  • samla inn informasjon om eksisterande tiltak i offentleg og privat regi, og gjera denne informasjonen tilgjengeleg på førespurnad for dei som i arbeidet sitt treng slik kunnskap.
  • fungera som nettverksbyggjar mellom ulike tiltak i privat og offentleg regi og særleg leggja vekt på å arbeida for at det vert oppretta samtale- og sjølvhjelpsgrupper for dei ulike valdsoffergruppene. Slike gruppespesifikke nettverk kan lettare knytast til fokusering på den særeigne problematikken for kvar einskild gruppe. Det er eit uttalt mål for senteret at i alle fall to slike grupper er oppretta innan 1 1/2 år etter at senteret er etablert.
  • bidra til at det vert etablert funksjonelle nettverks- og samarbeidsformer mellom aktuelle forskningsmiljø og bidra til at det vert etablert undervisning på området valds- og valdsofferproblematikk ved aktuelle profesjonsutdanningar, mellom anna ved utgjeving av undervisningsmateriell.

.

Sosial- og heldepartementet har sidan 1986 finansiert fleire prosjekt med sikte på å utvikla tiltak retta mot eldre som vert utsette for overgrep i heimen. I 1986 gav departementet ut temaheftet “ Mishandling og vanskjøtsel av eldre - et offentleg problem”. Frå og med 1988 har departementet løyvt midlar til forsøk og forsking i Porsgrunn kommune og ved Ullevål sjukehus. Prosjektet “ Vern for eldre” vart gjennomført i Manglerud bydel i Oslo i perioden 1991 - 94. Målet med dette prosjektet var å utvikla ein arbeidsmodell for å motverka overgrep mot eldre i familien. Arbeidsmodellen som vart utvikla i prosjektet var vellukka og har resultert i ein brosjyre kalla “ Mye er blitt bedre etter at de åpnet” som er sendt til alle kommunane i landet. Det er også gjeve ut ein større rapport frå prosjektet.

I 1995 gav Kommuneforlaget med støtte frå Sosial- og helsedepartementet ut boka “ Vold, mishandling og seksuelle overgrep - en håndbok for ofre og pårørende”. Håndboka vender seg til alle som har vore utsette for vald, mishandling eller andre kriminelle handlingar, og har som mål å gje hjelp til å forstå kva som har hendt og kva for reaksjonar det er normalt å få etter slike opplevingar. Her finst også oversikt over tiltak og hjelpeinstansar for ofra.

I 1995 vart det oppretta eit nasjonalt ressurssenter for seksuelt misbrukte born ved Aker sykehus. Prosjektet er treårig og har som hovudmål å gje seksuelt misbrukte born og deira pårørande eit tilbod om utgreiing, behandling og støtte. Senteret skal vidare vera med og jamna ut geografiske skilnader i tilboda, inspirera til kontakt og samarbeid innan og mellom ulike fag- og forskingsmiljø, og formidla informasjon og delta i samfunnsdebatten for å førebyggja seksuelle overgrep mot born.

I samarbeid med Justisdepartementet er det sett i gang eit prosjekt for å oppretta rådgjevingskontor for kriminalitetsoffer. I løpet av 1996 og 1997 vart det åpna kontor i Haugesund, Tromsø, Trondheim, Drammen, Fredrikstad og Oslo. Rådgjevingskontoret gjev rettleiing, råd og hjelp til kriminalitetsoffer som treng hjelp og støtte. Hjelpa er eit supplement til det offentlege hjelpeapparatet og vert ytt til offer for mellom anna innbrot, ran, veskenapping, valdtekt, fysisk og psykisk vald og mishandling heime. Kontoret vert leia av løna fagpersonell med røynsle frå feltet.

Å setja i verk behandlingstiltak overfor personar som utøver vald er ein svært viktig del av det forebyggende arbeidet. Sosial- og helsedepartementet har difor gjennom fleire år gjeve tilskot til behandling av seksuelle overgriparar. Det har vore løyvt midlar til 3 behandlingsprosjekt sidan 1991; ved Trondheim kretsfengsel, Kristiansand kretsfengsel og i Oslo. I Trondheim vart behandling først gjeve i fengselet, og deretter flytta til lokale utanfor. Det er ikkje registrert nokon tilbakefall mellom dei 18 deltakarane som deltok i denne behandlinga. I Kristiansand var behandlinga av sedskapsdømde ein del av eit større tverrfagleg behandlingsprosjekt som tok for seg familiar som har vore utsette for seksuelle overgrep. Målet har vore å hindra nye seksuelle overgrep, få større innsikt i eiga åtferd, restrukturering av seksuell åtferd m.v. Det er heller ikkje registrert tilbakefall mellom dei 15 som deltok i dette prosjektet.

Sosial- og helsedepartementet har frå 1997 gitt tilskot til Institutt for klinisk sexologi og terapi for behandling av inntil 50 sedskapsdømde i året. Med sedskapsdømde meinar ein her dømde i sedskapssaker, personar som er varetektsfengsla i sedskapssaker og klientar under Kriminalomsorg i fridom. Tidlegare har Instituttet gjeve behandling til seksuelle overgriparar uavhengig av dom. I psykiatrireforma vert det lagt opp til å utvida dette til fleire enn dømde.

Stiftinga Alternativ til Vald (ATV) er eit behandlings- og forskingssenter for menn med valds- og aggresjonsproblem i høve til partnarane sine. Senteret har motteke midlar frå Barne- og familiedepartementet og Sosial- og helsedepartementet sidan det opna i 1987. ATV har i denne tida arbeidd med menn som har øvd vald mot kvinner. 70% av kontaktane har kome frå mennene sjølv. ATV har vore finansiert som eit prosjekt, er evaluert og vidare organisering og forankring er nå til vurdering.

Forsking har vist overraskande høge frekvensar av valdsbruk frå kvinner. I den seinare tid har fleire og fleire kvinner vendt seg til ATV for behandling. Frå 1996 har senteret starta opp eit 3-årig prosjekt med behandlingstilbod til kvinner med valdsproblem. Målet er å auka kompetansen på feltet og utarbeida samarbeidsmodellar med barnevernet, der valden involverer born. Sosial- og helsedepartementet yt tilskot til dette prosjektet.

Tilhøvet mellom det offentlege hjelpeapparat og den frivillige sektoren

Det offentlege spelar ei viktig rolle både i arbeidet for å førebyggja at vald skjer, og i behandlinga og oppfylginga av personar som har vore utsette for vald og overgrep. Når det gjelder førebygging er arbeidet med å avgrensa omfanget av bruk av rusmiddel eit viktig område. Samanhengen mellom bruk av rusmiddel og vald er veldokumentert og kjem særleg til utrykk i den såkalla “blinde” valden - der gjerningspersonen tilsynelatende umotivert utøver vald mot tilfeldig forbipasserande.

Innanfor Sosial- og helsedepartementet sitt område er det difor naturleg å setja fokus på alkoholpolitikken og då særleg på skjenkeløyve og stengetider. Det er eit uttalt mål frå Stortinget at forbruket av alkohol skal reduserast med 25 % innan år 2000, slik også Verdas helseorganisasjon har tilrådd. Ein søkjer å nå målet mellom anna gjennom stønad til rusmiddelpolitiske organisasjonar og rusmiddelførebyggjande arbeid i regi av andre frivillige organisasjonar. Førebygging dreier seg ikkje berre om lovgjeving og regulering men også om formidling av haldningar og verdiar. Her har både nærmiljøet, skulen og heimane ei viktig rolle å spela, og Regjeringa vil arbeida for å styrka rollene deira.

Som valdsoffer har ein krav på naudsynt helsehjelp i den kommunen ein bor eller oppheld seg. Enkelte kommunar har oppretta særskilde valds- og valdtektsmottak knytte til legevakt eller lokale sjukehus. Helsesektoren kjem berre i kontakt med eit mindretal av personar som har vore utsette for vald. Dette skuldast mellom anna at fleirtalet av ofra for vald ikkje har fått fysisk skade som krev behandling av lækjar. Fråværet av fysisk skade tyder ikkje at offeret er utan skade. Sjølv “milde” valdshandlingar i juridisk tyding kan opplevast både trugande og traumatiserande for offeret, og kan gje seinverknader av svært alvorleg karakter. I den grad fysisk skade oppstår er det mykje som tyder på at den hjelpa offeret får i helsesektoren berre i lita grad hjelper til å bøta på heile skaden. Offeret får akuttbehandling for den fysiske skaden, men lite hjelp til å takla kjenslemessige reaksjonar etter overgrepet.

Valdsoffer er ofte i gråsona mellom ulike etatar og profesjonar. Problema etter eit overgrep ofte er samansette og diffuse. Samansette problem krev heilskapleg behandling og felles oppfylging. Jo meir komplisert problema er, jo større kan krava til samordna innsats frå hjelpeapparatet vera. Dei brukarane som er i gråsona mellom ansvarsområda til fleire etatar, har ein tendens til å verta nedprioritert i ein situasjon med knappe ressursar. Dette kan skje fordi andre etatar vert rekna for å vera dei eigentleg ansvarlege. Resultatet kan lett verta at dei brukarane som har dei vanskelegaste og mest samansette problema vert skuvne frå kontor til kontor utan å få eit adekvat hjelpetilbod.

Det er liten tvil om at ein del tenester til personar som har vore utsette for vald og overgrep krev lågare terskel og større grad av fleksibilitet enn eit til tider stort tungrodd offentleg apparat kan stilla opp med. Sjølvhjelpsgrupper og støttesenter for valdsoffer drivne av frivillige er gode døme på slike lågterskeltilbod. Her vil eg leggja til at det dei seinare åra er sett i gang fleire forsøk i kommunar der målet er å avbyråkratisera og desentralisera ansvaret for grupper med samansette behov, slik at tilbodet vert meir fleksibelt og brukarorientert.

Før eg går over til å seia noko spesielt om kor viktig frivillige arbeid for valdsoffer er, vil eg seia noko generelt om grenseoppgangen mellom det offentlege ansvaret og det frivillige tilskotet. Når Regjeringa framhevar kor viktig den frivillige innsatsen er, har dette av einskilde vorte feiltolka som at omsorga for enkelte grupper skal privatiserast. Men medkjensle og omsorg overfor våre medmenneske er eit område som aldri har vore og aldri kan verta overlate til offentlege tilsette. Verdiar og haldningar som dannar basis for samfunnet vårt er solidaritet og medkjensle. Desse verdiane skal vi ikkje gjera til eigne profesjonar. Regjering ynskjer å heva statusen på den frivillige innsatsen i samfunnet og vil bidra til å styrka vilkåra for deltaking og medverknad i det lokale organisasjonslivet. Dette kan vi gjera ved å leggja forholda til rette for at organisasjonar og nettverk kan spela saman og driva utviklingsarbeidet sitt med kontinuitet. Vi vil arbeida målretta for å vidareutvikla og styrka samspelet mellom frivillig og offentleg sektor.

Grenseoppgangen mellom offentlege tenester og frivillig sektor må trekkjast ut frå eit velferdspolitisk fordelingsprinsipp. Det må takast tilstrekkeleg omsyn til brukaren sin tryggleik, det frivillige sin eigenart og profesjonane sin fagkunnskap. Det er ei viktig oppgave å klargjera kva for oppgåver som er spesielt eigna for de ulike aktørane. Eit viktig element i ei slik arbeidsdeling er å presisera det offentlege kjerneansvaret, d.v.s. kva for tenester som skal finansierast og produserast av det offentlege, og kva for oppgåver som er eit naturleg frivillig ansvar. Medisinskfagleg behandling og pleie er klåre døme oppgåver som høyrer inn under det offentlege sitt ansvarsområde. I somme tilfelle vil frivillig innsats vera eit reelt alternativ som ikkje kan erstattast av offentlege ytingar. Sjølvhjelpsgrupper basert på felles erfaringar kan ingen fagutdanning eller offentleg apparat erstatta. Vi kan lære mykje om kjensla av å vera redd etter eit overgrep, men attkjenninga og kjensla av støtte frå andre som VEIT korleis redsla kan lamma kan berre den gje som sjølv veit kvar skoen trykkjer.

Frivillig innsats for valdsoffer

Når det gjeld den frivillige innsatsen på valdsofferområdet er det jo nettopp dette siste som er kjernen. Eit sitat frå Støttesenteret mot Incest sitert i NIBR-rapporten “ Hjelp til valdsoffer i Oslo” illustrerer dette:

“ Vi er våre egne eksperter. Den som har kjent problema på kroppen og aktivt har bearbeidet dem, er den som best kan støtte å hjelpe andre i deres prosess”.

Dette utsegna tyder ikkje at den profesjonelle i det offentlege hjelpeapparatet ikkje har ein viktig funksjon å utøva, men gjev ein peikepinn om at dei offentlege ytingane berre kan dekkja delar av dei behova for hjelp som oppstår etter ein krisesituasjon.

Eit anna aspekt gjeld terskelen på tilboda innanfor det offentlege hjelpeapparatet. Offer for vald vil i mange tilfelle føle både skuld og skam etter å ha vorte utsette for overgrep, noko som gjer det vanskeleg å oppsøkja det offentlege hjelpeapparatet for å be om hjelp. Det å skulla gjenfortelja historia om overgrepet eller overgrepa kan opplevast som så traumatisk at ein reaksjon nettopp kan vera å unngå stimuli som er assosiert med dette traumet. For personar som vert utsette for det vi vanlegvis kallar den “private valden” - der gjerningspersonen og offeret er kjennigar eller nærståande og det sjeldan finst vitne til overgrepet, vil redsla for ikkje å verta trudd vera ein barriere som det for mange vil vera vanskeleg å forsera. Her vil “ord stå mot ord” og det vert opp til rettsvesen eller hjelpeapparat å vurdera truverdet til dei impliserte partane. Dei frivillige organisasjonane kan, i motsetnad til store delar av det offentlege tilbodet, karakteriserast som “lågterskeltilbod”, der den fyrste kontakten ikkje treng å vera noko meir enn ein anonym telefonsamtale. Denne fyrste samtalen kan for mange vera fyrste skritt på vegen ut av isolasjonen og over i ein fase med byrjande sannkjenning og forståing av eigne reaksjonar på overgrepa. At terskelen er låg tyder at tilgjenget er lett og fleire får høve til å nytta tilbodet på ein uforpliktande måte.

Dei frivillige organisasjonane på valdsofferområdet har også ein viktig samfunnsmessig funksjon. Dei målber eit ynske om å auka den ålmenne forståinga for “saka”; det vil seia tilbodet til personar som har vore utsette for vald, og påskundar dermed det offentlege engasjement på dette feltet. Frå å vera eit privat ansvar for familie og pårørande er behandling og oppfølging av personar som har vore utsett for vald nå i større grad gjort til eit ansvar også for styresmaktene. Gradvis er tilbodet bygt ut, men som eg har nemnt tidlegare, er det eit berrsynt behov for eit frivillig supplement som kan bidra med medkjensle og solidaritet basert på felles erfaringar.

Heilt til slutt vil eg få gje uttrykk for min og departementet si beundring for det arbeidet som vert utført innanfor den frivillige sektor på valdsofferområdet. Departementet vil på si side framleis ha vald og valdsofferproblematikk som eit viktig satsingsområde. Det er vidare vårt syn at dei frivillige organisasjonane i velferdssamfunnet i framtida skal spela ei aktivt medverkande rolle. Utan den frivillige entusiasme og innsatsvilje som de og resten av organisasjonane er berarar av, vil velferdssamfunnet vera vanskeleg å vidareutvikla.

Lagt inn 29. mai 1998 av linkdoc099005-992460#docStatens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen