Historisk arkiv

Sjuk, men ikkje arbeidsufør

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Kontrollerast mot framføring.

Innlegg av sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa

Sjuk, men ikkje arbeidsufør

Innlegg på sjukefråværskonferansen 12. mars 1998.

“Men dagens krav er arbeid, ikke sang”
Henrik Ibsen

Ei mengd i yrkesaktiv alder er i dag heilt eller delvis ute av arbeidslivet på grunn av helseplager. Mange av desse vil ha høve til å delta i arbeidslivet heilt eller delvis dersom forholda blir lagt til rette. Dette vil gi betre velferd for den enkelte og vera lønnsamt for samfunnet.Eg har desse få månadene som sosialminister møtt denne utfordringa frå fleire sider:

Eg har motteke mange brev frå personar som inderleg ynskjer at det skulle vera ein plass for akkurat dei i arbeidslivet og som etterlyser større høve til å kombinera arbeid og trygd.

Eg har møtt tilsette i pressa arbeidsforhold som er urolege for kor lenge ei skrantande helse held.

Eg har truffe leiarar som er oppriktig opptekne av å gjera tilhøva på arbeidsplassen enda meir inkluderande og stimulerande og som kjenner trykket av aukande kostnader ved stigande sjukefråver.

Eg kjenner sjølv presset inn mot trygdebudsjettet,rekordutbetaling i 1997.Eg skulle så gjerne hatt midlar til tiltak overfor grupper som eg ser treng betring,men må sikra midlar til å dekkja inn omkostningane ved at det er så mange sjuke......

Etter møtet med representantar for “ Paraplyen” 12.februar og i mediaomtale i samband med det har eg fått tilsendt ei rekkje døme på arbeidsplassar der arbeidstakarar og arbeidsgjevar i fellesskap har lukkast i å redusera sjukefråveret .

Vi har i dag nærmare 250 000 uførepensjonistar. Dei utgjer om lag 8,5 prosent av befolkningsgruppa 16-67 år. Vel 20 prosent av dei har gradert pensjon.

I tillegg kjem personar på sjukepengar, rehabiliteringspengar og yrkesretta attføring.

Nøkkeltal frå Rikstrygdeverket for1997 viser at sjukefråvær med sjukepengar frå folketrygda, unnateke statstilsette, utgjorde 10,7 prosent av moglege arbeidsdagar. Sjukefråvær i arbeidsgivarperioden kjem i tillegg. Over 23 000 personar fekk rehabiliteringspengar i 1977 og vel 30 000 fekk stønad under yrkesretta attføring.

Forskjellar i levekår kjem klart til uttrykk mellom dei som har arbeid og dei som har lita eller inga tilknyting til arbeidsmarknaden.Å satsa vidarepå auka yrkesdeltaking har derfor høg prioritet. (Samtidig er det behov for eit lyft i ytingane til dei som har sakka akterut i velstandsutviklinga.)

I stortingsmeldinga om utjamning i levekår som Regjeringa vil leggja fram om eit år, legg vi opp til ei grundig kartlegging og analyse av ulikskapar blant anna som følgje av ulik tilknyting til arbeidslivet. Ulike økonomiske levekår fell ofte saman med ulik fordeling av tilgang på andre velferdsgode. Meldinga vil m.a. sjå på samspelet mellom yrkesdeltaking, hushalds- og/eller familiesituasjonar og velferdstilbod til ulike grupper.

Tiltak for å auka arbeidsdeltakinga innanfor dei ordningane vi har i dag

Oppfølging av sjukmelde i trygdeetaten

Trygdeetaten har på 1990-talet hatt oppfølging av sjukmelde som ei prioritert oppgåve. Aktivitetane på dette området blei særleg trappa opp frå 1993/94. Formålet er raskare tilbakeføring til arbeidslivet. Trygdekontora skal bl.a. på grunnlag av sjukmelding II frå behandlande lege vurdera om det er behov for alternative tiltak til tradisjonell medisinsk behandling. Parallelt har det vore satsa på yrkesretta attføring i arbeidsmarknadsetaten.

Aktiv sjukmelding

Ordninga med aktiv sjukmelding frå 1993 er eitt av fleire verkemiddel når trygdeetaten følgjer opp sjukmelde. Ordninga skal gjera det lettare å setja i gang tiltak på arbeidsplassen for sjukmelde som kan arbeida noko og som kan utføra alternativt arbeid i bedrifta. Formålet er å hindra unødig passivitet som følgje av sjukdom og arbeidsuførleik og bidra/motivera til at den sjukmelde held ved like kontakten med arbeidsplassen.

Vi trur at mange sjukmelde kan delta i noko arbeid dersom forholda blir lagt til rette på arbeidsplassen. I ein del tilfelle vil det også kunne vera behov for aktivisering i meir terapeutisk samanheng.

Ordninga stiller krav til den sjukmelde, til behandlande lege og ikkje minst til arbeidsgivaren

Arbeidsgivaren har ansvar for å leggja til rette arbeidsoppgåver og følgja opp den sjukmelde. Aktiv sjukmelding føreset at den sjukmelde får arbeidsoppgåver som er tilpassa den medisinske tilstanden og føresetnadene på arbeidsplassen. For arbeidsgivarane vil den sjukmelde kunne bli ein ressurs gjennom ordninga med aktiv sjukmelding.

Den sjukmelde får prøva seg i arbeid utan å mista retten til sjukepenger.

Det er ein føresetnad at sjukdommen ikkje er direkte til hinder for aktivitet og at det ligg føre ein konkret plan for aktiviteten. Dersom det viser seg å vera behov for eit meir langsiktig attføringsopplegg anten hos eigen arbeidsgivar eller utanfor bedrifta, skal trygdekontoret vurdera om vedkomande fyller vilkåra for yrkesretta attføring og overføra saka til arbeidsmarknadsetaten

Bedrifter og sjukmelde som har erfaring med ordninga er gjennomgåande svært positive. (Døme:Oppdal)

Men ordninga har vore altfor lite brukt.

Sjølv om det etter kvart er fleire personar på aktiv sjukmelding, er det framleis berre vel 2 prosent, eller om lag 10 000 arbeidstakarar som har brukt ordninga i 1997. Til samanlikning har 20 prosent av dei sjukmelde gradert sjukmelding.

Eg er glad for at LO og NHO har engasjert seg aktivt for å auka bruken av aktiv sjukmelding, bl.a i eit prosjekt i regi av Folkehelsa for å finna fram til tiltak for å auka bruken av ordninga.

I 1997 blei det opna for at personar på rehabiliteringspengar får same høve til aktivisering/arbeidstrening på eigen arbeidsplass som sjukmelde personar, etter mønster av aktiv sjukmelding. Aktivisering eller arbeidstrening kan i kortare periode likestillast med medisinsk behandling. På denne måten vil den sjukmelde lettare kunne få ei gradvis tilbakeføring til arbeidslivet.

Dersom det er behov for bistand t.d. i tilknyting til arbeidstrening hos annan arbeidsgivar eller anna form for opplæring/utdanning, er dette arbeidsmarknadsetaten sitt ansvar. Personar som er sjukmelde, får behalda sjukepengane i inntil eitt år også når dei er på yrkesretta attføringstiltak. Dei siste åra har det vore ein auke i talet på sjukmelde som er på yrkesretta attføringstiltak, men framleis er det berre i få tilfelle at det har kome i gang slike tiltak mens personen framleis får sjukepenger.

Arbeidsgivaren si plikt til å gjera greie for moglege tiltak på arbeidsplassen

Arbeidsgivar har etter arbeidsmiljølova hovudansvaret for attføring av eigne tilsette.

Dette blir regulert av arbeidsmiljølova. I tillegg fikk vi i 1993 ei føresegn i folketrygdlova om at arbeidsgivarar på oppmoding frå trygdekontoret har plikt til å gi ei utgreiing om moglege tiltak på arbeidsplassen for at den sjukmelde skal kunne koma tilbake til arbeid. Denne føresegna inngår i rutinane for oppfølging av sjukmelde. Eit mogleg tiltak kan vera å leggja til rette for aktiv sjukmelding.

Dei nye oppfølgingsrutinane stiller store krav til utoverretta verksemd i trygdeetaten i så måte. Erfaringane frå oppfølgingsarbeidet i trygdeetaten viser så langt at trygdekontora i mindre grad enn venta har teke kontakt med arbeidsgivaren til den sjukmelde. Betre og hyppigare kontakt med arbeidsgivaren (og legen) er mål for oppfølgingsarbeidet i 1998.

Det lokale trygdekontor må oppvurderast - det er lokalt samarbeidet og oppfylgjinga skjer!

Yrkesretta attføring

Samarbeidet mellom trygdeetaten og arbeidsmarknadsetaten fungerer stort sett bra etter ansvarsdelinga i 1994. Men erfaringane viser at trygdeetaten og arbeidsmarknadsetaten ofte har ulik vurdering av attføringspotensialet, og at dette fører til at enkeltpersonar kan falla mellom to stolar, dvs. er for sjuke for attføring, men for friske for uførepensjon. Hovudoppgåva for arbeidsmarknadstaten er å formidla arbeidskraft. Det er blitt hevda at etaten prioriterer de friskaste og mest ressurssterke av dei som søkjer om attføring, mens personar som har vanskar med meistring og motivasjon blir sende tilbake til trygdeetaten utan å få tilbod om høveleg attføringsopplegg.

For mange grupper, bl.a. kronisk sjuke, men også personar med alvorleg sjukdom eller skade, vil det ofte vera formålstenleg å setja inn yrkesretta tiltak tidleg i ein rehabiliteringsprosess. Rehabilitering og yrkesretta attføring bør foregå parallelt når det er mogleg. Men dette stiller store krav til samarbeid på tvers av fag og etatar, ikkje minst når det gjeld spørsmåla kring motivasjon og meistring. Det stiller også krav til behandlingsapparatet og til rehabiliteringstenesta.

Rehabilitering generelt har vore lågt prioritert i kommunar og fylkeskommunar. Spesielt gjeld dette for personar med psykiske lidingar og meir samansette muskel- og skjelettlidingar. I rehabiliteringsmeldinga som vil bli lagt fram i løpet av hausten 1998 vil vi vurdere tiltak for å styrkje rehabiliteringa og byggje bru mellom behandlingsapparatet og yrkesretta attføring, slik at fleire kan gjera seg nytte av yrkesretta attføringstilbod.

Større høve til å kombinera arbeid og trygd

Det er det siste året gjort fleire endringar i folketrygdlova som gir uførepensjonistar større høve til å prøva seg i arbeid utan at retten til uførepensjon fell bort.

Mange uførepensjonistar har framleis arbeidsevne dei kan utnytta i tidlegare arbeid eller i annan bijobb. Men dei ofte vore lite motiverte til å prøva seg i arbeid fordi dei er redde for at helsa skal svikta eller at arbeidsforholdet ikkje skal vera varig. Ein ny søknadsprosedyre om uførepensjon kunne vera tidkrevjande og vil også kunne innebera at vedkommande ikkje lenger fylte vilkåra etter dei nye og strengare inngangsvilkåra frå 1991.

På denne bakgrunnen blei den såkalla “friinntekta” heva frå ½ G til 1 G (Grunnbeløp i folketrygda) frå 1. mai 1997. Dette inneber at uførepensjonistar kan tena inntil 42 500 kroner utan at uføregraden blir revurdert. Interessa for regelendringa tyder på at mange uførepensjonistar har høve til inntektsgivande arbeid ved sida av pensjonen. Regelendringa inneber også at personar med gradert pensjon i kombinasjon med deltidsarbeid har fått større høve til å avansera til høgare lønna stilling utan at dei mister retten til gradert pensjon.

For å gi uførepensjonistar større høve til å vera meir yrkesaktiv er det også opna for å tilstå uførepensjon med uføregrad lågare enn 50 prosent. Det er ein føresetnad at vedkommande alt er tilstått uførepensjon og er i eit konkret arbeidsforhold. Dette er ei forsøksordning. På bakgrunn av erfaringane med ordninga vil vi vurdera om ordninga skal gjerast permanent.

Uførepensjonistar som begynner i lønna arbeid eller i arbeidstrening fekk tidlegare behalda retten til innvilga pensjon i inntil eitt år. Denne “frysperioden” er no utvida til 3 år. Dersom arbeidsforsøket ikkje lykkast, vil vedkommande få tilbake uførepensjonen utan ny søknadsprosedyre.

Personar som er født uføre eller er blitt uføre før fylte 26 år har krav på garantert tilleggspensjon på grunnlag av 3.3 pensjonspoeng. For å motivera sterkt funksjonshemma og andre med monaleg uførleik til å prøva seg i arbeid, får dei frå 1. januar 1998 behalda retten til garantert tilleggspensjon i inntil 10 år dersom det er klart dokumentert at vilkåra for garantert tilleggspensjon var oppfylt før fylte 26 år. Det er ingen føresetnad at dei tidlegare skal ha motteke uførepensjon.

Det er for tidleg å seia noko om effekten av tiltaka. Det har ikkje vore eit uttalt mål å få ned talet på uførepensjonistar eller redusera uføregraden. Tvert imot vil hevinga av friinntektsgrensa kunne føra til at personar som tidlegare ville ha fått redusert uføregrad, held fram med full trygd. Men på lengre sikt vil slik tilrettelegging kunne føre til at fleire uførepensjonistar tør å prøva seg i arbeid og seinare gå over i meir permanente arbeidsforhold på heiltid eller deltid.

Har arbeidslinja lykkast ?

Sjukefråværet har auka kraftig dei seinare åra trass i tettare oppfølging i trygdeetaten og engasjementet til partane for å førebyggja sjukefråvær. Det er nærliggjande å spørja seg om førebyggande tiltak er nyttelause for å få ned sjukefråværet.

Årsakene til auke i sjukefråværet er samansette Det er ikkje mogleg å peika på ein enkelt faktor eller nokre få faktorar som forklarer ein auke.Regjeringa varsla i Voksenåsenerklæringa ei kartlegging av årsakene til endringar i sjukefråværet. Dette arbeidet har kome godt i gang. Ein kunnskapsstatus over erfaringar frå tiltak, skal liggja føre innan kort tid.

Veksten i sjukefråværet dei 3-4 siste åra synest å hengja saman med utviklinga på arbeidsmarknaden. Ein eventuell samanheng mellom situasjonen på arbeidsmarknaden og sjukefråværet har særleg vore drøfta i relasjon til to typar effektar, ein disiplineringseffekt og ein seleksjonseffekt.

Disiplineringseffekten inneber enkelt sagt at arbeidstakarane blir meir redde for å mista jobben når arbeidsløysa aukar, og reduserer derfor fråværet sitt. Seleksjonseffekten inneber at ein relativt stor del av arbeidstakarane som elles ville ha hatt høgt sjukefråvær, vil vera utan arbeid når det er høg arbeidsløyse og låg sysselsetjing. Når sysselsetjinga aukar, vil helsemessig svake grupper igjen koma inn på arbeidsmarknaden, og sjukefråværet aukar.

Nyare undersøkingar gjort bl.a. av Rikstrygdeverket ser ut til å gi støtte til hypotesen om seleksjonseffektar. Ein analyse av sjukefråværet blant stabile arbeidstakarar og nykomarar på arbeidsmarknaden i ein konjunkturoppgang viser at det er mest sannsynleg at det er nykomarane som er mest er borte frå arbeidet, vel og merke når det gjeld menn. Ein annan analyse (Rikstrygdeverket 1998) ser på variasjon mellom sjukefråvær og sysselsetjing i kommunane. Resultata peikar i retning av at det ikkje berre er endringa i sysselsetjinga som har noko å seia, men også på kva nivå sysselsetjinga var før endringa. Desse analysane ser ut til å dokumentera at samansetjinga av den sysselsette delen av befolkninga er påverka av seleksjonseffektar. Men det er framleis noko uklart i kva grad og kor mykje desse seleksjonseffektane kan forklara dei store svingingane i sjukefråværet dei siste 10 åra.

Ei anna undersøking som har sett på forholdet mellom sjukefråvær og arbeidsløyse reknar med at ei dobling av arbeidsløysa gir ein reduksjon i korttidsfråværet på ca 15 prosent, mens utslaget for langtidsfråværet er 9 prosent for kvinner og 4 prosent for menn. Dette viser med andre ord ein sterkare samanheng mellom endringar i arbeidsløysa og korttidsfråvær, og kan vera ei støtte til disiplineringshypotesen. Korttidsfråværet har endra seg forholdsvis lite dei siste 10 åra, og derfor er det lite som tyder på at holdningsendringar isolert sett framstår som noka sentral forklaring på utviklinga i sjukefråværet på 1990-talet.

Det er også grunn til å tru at endringar i tilgrensande stønadsordningar som er gjort på 1990-talet har hatt sitt å seia for fråværsutviklinga. Dette gjeld bl.a. innstrammingane i uførepensjonsordninga (innskjerpinga i dei medisinske vilkåra frå 1991), innføring av tidsavgrensninga i stønadstida for rehabiliteringspengar og opptrappinga av tiltak innanfor yrkesretta attføring. Langtidssjuke som utan desse tiltaka truleg ville ha havna på uførepensjon, er i aukande grad blitt kanaliserte inn i medisinsk rehabilitering og yrkesretta attføring og vidare ut i arbeid (eller sjukefråvær) for kortare eller lengre tid.

Det har dei seinare åra vorte fleire nye uførepensjonistar med gradert pensjon. Dette har truleg samanheng med utviklinga på arbeidsmarknaden, og at fleire av dei som søkjer om uførepensjon har høve til å halda fram med deltidsarbeid.

Ein «gjengangar» er ein person som har meir enn eitt sjukepengetilfelle i løpet av 6 månader. Førebels overslag for 1996 og 1997 tyder på at talet på gjengangarar aukar.

Auken i gjengangarar og den relativt høge overgangen til sjukepengar frå andre stønadsordningar kan også vera ein indikasjon på betre oppfølging av sjukmelde i trygdeetaten og at dei sjukmelde i større grad held ved like kontakten med arbeidslivet. Dette kan tolkast på to måtar, for det første som eit vellykka resultat av den såkalla arbeidslinja i form av tilbakeføring til arbeid, eller ei utsetjing av overgangen til andre varige ordningar (uførepensjon),med forsterka oppleving av press og kjensla av å ikkje strekkja til for dei det gjeld.

Årsakene til auke i sjukefråværet er samansette Det er ikkje mogleg å peika på ein enkelt faktor eller nokre få faktorar som forklarer ein auke.Regjeringa varsla i Voksenåsenerklæringa ei kartlegging av årsakene til endringar i sjukefråværet. Dette arbeidet har kome godt i gang. Ein kunnskapsstatus over erfaringar frå tiltak, skal liggja føre innan kort tid.

Kanskje får vi då også meir kunnskap om korleis krav om effektivitet og kostnadsreduksjon slår ut i press og stress og auka sjukefråver.

Forsøksverksemd

Trygde- og rehabiliteringsprogrammet 1992-1997

Formålet var å finna fram til gode rehabiliterings- og behandlingstiltak for personar med muskel- og skjelettlidingar og “diffuse” sjukdomstilstandar for på denne måten å få ned sjukefråvær og førebyggja uførepensjonering.

Muskel- og skjelettlidingar og psykiske lidingar står for om lag 66 prosent av sjukepengedagane finansiert over folketrygda. Heile 55 prosent av sjukepengedagane blant kvinner kjem av muskel- og skjelettlidingar. Dette viser kor mykje tiltak for denne gruppa har å seia.

Det blei gitt støtte til 30 prosjekt. Dei fleste prosjekta gjekk ut på å prøva ut ulike former for fysisk trening og motivasjonsstrategiar. Erfaringar og evalueringar viser at dei som deltok i prosjekta opplevde dette som svært positivt. Mange opplevde betra livskvalitet. Men prosjekta ser ut til å ha hatt lite å seia for å få ned sjukefråværet.

Målgruppa er personar med muskel- og skjelettlidingar som er sjukmelde eller står i fare for å bli sjukmelde. Målet med prosjektet er å få til eit betre samarbeid om å følgja opp sjukefråværet og å hindra at personar i yrkesaktiv alder fell ut av arbeidslivet.

Prosjekta er forankra i trygdeetaten, mens arenaen for forsøksverksemda er arbeidsplassen.

Prosjekta er ulike med omsyn til problemområde, organisering og gjennomføring. I dei fleste prosjekta har initiativet kome frå trygdeetaten. Relativt mange av prosjekta er knytte til offentleg verksemd (tilsette i pleie- og omsorgsetaten, sjukehus mm). Det deltek også fleire private bedrifter, sjølv om det har vore vanskelegare å få desse med i prosjekta.

Erfaringane viser at det har hatt ein positiv effekt både på etatar og bedrifter å vera med på desse prosjekta. Dei fleste prosjekta vil vera avslutta første halvår 1998. Rikstrygdeverket vil i tillegg til å følgja opp prosjekta som er i gang, konsentrera innsatsen i år om informasjon og spreiing av erfaringane frå prosjekta. Departementet vil i samarbeid med den sentrale rådgivargruppa i løpet av første halvår 1998 avklara korleis innsatsen skal førast vidare.

Forsøk i offentleg sektor

Det har vore ein sterk auke i sjukefråværet i delar av statleg sektor og i kommunane.

Sosial- og helsedepartementet og Arbeids- og administrasjonsdepartementet har med bakgrunn i dette teke initiativ til nokre prosjekt om sjukefråvær i statleg sektor. Posten, NSB, Rikshospitalet og trygde- og arbeidsmarknadsetaten er inviterte til å delta og har kome med prosjektskisser. Prosjekta skal gå over to år og gjennomførast i år og neste år.

Prosjekta har som overordna mål å få ned sjukefråværet i verksemdene gjennom systematiske tiltak innanfor helse, miljø og tryggingsarbeid. Gjennomføringa av prosjekta skal skje i samarbeid mellom leiing og tilsette. Vidare er det ein føresetnad at tiltaka skal byggja på dokumentert kartlegging av arbeidsmiljø og sjukefråvær (internkontrollarbeid) og koma med forslag til framtidige tiltak. Det er òg ein føresetnad at verksemdene skal sørgja for tilfredsstillande rutinar for oppfølging av sjukmelde. Utover dette er prosjekta ulike når det gjeld utforming og målgruppe.

I kommunesektoren planlegg Sosial- og helsedepartementet større utviklingsprosjekt i pleie- og omsorgssektoren i fire fylke eller regionar og 2 til 5 kommunar i kvart fylke eller region. Vi tek sikte på å starta opp hausten 1998 og avslutta prosjektet i år 2000. Førebels prosjektskisse har vore diskutert med partane i kommunesektoren.

Vidareføring av arbeidet med sjukefråvær i samarbeid med partane

Å føra vidare samarbeidet mellom partane er viktig. Eg viser til møtet 12. februar der det kom mange gode innspel. Mange bedrifter har gode erfaringar. Det er viktig at andre bedrifter og verksemder som ikkje har vore fullt så flinke, får kjennskap til dei gode eksempla. Dette er først og fremst partane sitt ansvar og som det vart sagt på dette møtet:Apparatet er der!

Med utgangspunkt i det bakgrunnsmaterialet som finst, ynskjer eg å fokusera på fylgjande:

Dersom det er slik at 5 % av arbeidstakarane står for over 80 % av langtidsfråveret,ville det då ikkje løna seg både for arbeidstakarane ,bedriftene og offentlege budsjett om den einskilde i ei risikogruppe fekk ei tettare oppfylgjing?

Det er viktig å knyta sjukefråværsarbeidet opp mot HMS-arbeidet i bedriftene.EGA-prosjektet,som har som mål å minska einsidig gjentakande arbeid, vil venteleg gi viktig kunnskap om forholdet mellom fysisk og organisatorisk arbeidsmiljø i privat sektor og sjukefråvær generelt, og sjukefråvær som kjem av muskel- og skjelettlidingar og belastningslidingar spesielt.

Både leiarar og tilsette har eit ansvar. Eg trur her er mykje å henta ved å ytterlegare ansvarleggjera leiarar på alle nivå Eg vonar “Paraplyen” kan drøfta ein målretta innsats, gjerne ein kampanje, for å få dette til.

Dei gode døma,dei overtydande forsøka,sett i gong av leiarar og arbeidstakarar som kjenner ansvaret,er mange.

Eg vonar apparatet dykkar kan nyttast til ein idebank,slik at langt fleire kan henta inspirasjon til ny og forsterka innsats.

Eg ser fram til tilbakemelding til Sosial- og helsedepartementet innan midten av april.

Regjeringa har teke initiativ til verdimessig og samfunnsetisk mobilisering. Målet er større ansvar og omsorg for kvarandre.

Eg vonar ein del av den debatten blir at enda fleire enn i dag får kjenna gleda ved eit arbeid. Ein lika viktig del er å arbeida for holdningar og ordningar som gjer at vi ikkje tek glede og livskvalitet frå den som ikkje kan fungera i eit arbeid!

Lagt inn 12. mars 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen