Historisk arkiv

”Strategiar bak regjeringa si rusmiddelførebygging”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa

”Strategiar bak regjeringa si rusmiddelførebygging”

The European Drug Prevention Week – 19.11.98

Kontrollèr mot framføring

Innleiing

Takk for dette høvet til å leggja fram Regjeringas rusmiddelpolitikk.

Bruken av rusmiddel vev seg inn i heile normfundamentet i befolkninga. Endringane reflekterer økonomi og urbanisering, dei er knytte til musikk, motar og stiluttrykk, og dei er ekko av internasjonale trendar. Forskaren Willy Pedersen seier i boka ” Bittersøtt” fylgjande: Livsvanar vandrar frå den leiande fortropp og bakover i rekkene. Aktiviteten kan ta til som moteriktige teikn på at ein er i forkant av utviklinga, den spreier seg til meir ”vanlege” folk. Så tar fortroppen til å øygna brysame sider ved aktiviteten og kortar ned på bruken, det gjer kanskje også mellomlaget, medan baktroppen, iblanda somme som snubla ut av fortroppen, fortset til svarte lunger og anna trøbbel syter for framskunda naturleg avgang.

Kva ligg bakom?

Internasjonalt har andre forskarar prøvd å nøste opp årsakene til at kurvene for rusmiddelbruk blant ungdom har stige dei siste femti åra.

Hovudforklaringa er denne, slik dei ser det: ” Dei viktigaste faktorane ser ut til å vere sekulariseringa og urbaniseringa av samfunnet. Konsekvensen er at kontrollen over ungdomen si åtferd har blitt svekt, frå familie, kyrkje og nabolag si side. Dei unge har fått mindre respekt for autoritetsfigurar. Dei har utsett eller latt vere å stifte eigne familiar, og dei har fått auka disponibel inntekt.”

Dette er resultat av dels prosessar politikarane ikkje styrer, dels av ynskte politiske prosessar – men då som sideverknader. Desse moglege sideverknadene må vi ta større omsyn til i utviklinga av næringspolitikken, av infrastrukturen, av utdanningspolitikken o.s.v.

Statsvitaren Ottar Hellevik har i meir enn ti år studert utviklinga i norske kultur- og verdimønstre. Han finn store endringar i utviklinga i befolkninga. Det inneber ei nedtoning av verdiar som ”personleg utvikling” og ”åndeleg liv” og auka prioritering av ”eigne behov”. Det tyder mindre interesse for ”sunn livsførsel” og auka vekt på ”nyting” og ”konsum”.

Ungdomstida

Det er i ungdomstida ein tek til å eksperimentere med rusmiddel – ein fase i livet kor mykje anna også skjer. Kropp, tenkemåtar og kjensleliv blir forandra. Nye arenaer blir erobra, nye oppgåver blir løyste. Å ta risiko og utforska grenser er erfaringar som kan gje utvida handlingsrom, men noko kan òg ha ein mogleg kostnadskonto som ikkje er god. I dette spennet mellom utvikling og kostnader finn vi også rusmidla. I vår kulturkrets utgjer dei eit symbol, seier samfunnsforskarane, på at barndomen er over. Dei, altså rusmidla, markerer for ein sjølv og omgjevnadene at ein har erobra eit nytt sett normer. Dei representerer sosialitet, stil og fridom og er samstundes ein sterk markør av eit viktig fellesskap i jamnaldergruppa. På den andre sida har rusmidla ein kaskade av moglege kostnader: Skadar, ulykker og seksuelle krenkingar er akutte. Dette er konsekvensar tett vovne inn i kvarandre. Rusmidla kan dessutan føre til avhengigheit. Dei har også ei opning for å døyve og gjere ein motstandsfør overfor ny erkjenning. På lengre sikt kan dei ha alvorlege sosiale verknader og dra den einskilde mot ein marginal plass i samfunnet. Rusmidla har eit janusandlet. Vi har alle eit forhold til dei. Og vi vil alle møte båe sider av andletet.

Tvitydig

Vi kjenner alle dei heslege bileta – frå fjernsynet, aviser og kampanjar. Bileta blir elta saman: rus og sjukdom, fyll og elende, narkotika ogdød. Men vi kjenner også ein annan røyndom, der rusmidla er med i situasjonar vi likar og blant menneske vi verdset. Skadekontoen er høg, og politikken for å regulere det heile er difor naudsynt. Men dei offisielle bileta kan forfalle til stereotypiar, og dei fleste vil ikkje gje opp rusmidla.

Det følgjande er nå godt dokumentert: sosiale og aktive ungdomar, med vener ein kan stole på, er ein viktig rekrutteringsbase. Det er tale om ein kollektiv ruskultur tett spekka med symbol og samansette mønster for påverking og samhandling. Vi kjenner den bitre sida, medan vi har vore mindre opptekne av det søte, for å halde meg til Willy Pedersen. Det er to sider. Begge er viktige.

Det store nettverket

Ei sak til: det har vore vanleg å sjå dårlege levekår og psykososiale faktorar som grunnlag for utviklinga av rusmiddelproblem. Alt tyder på at dette ikkje er eintydig. Etterkrigstida syner at samstundes med betring av levekår og auka velstand, auka også ei rekke problem blant ungdom - og særleg gjeld det problem knytt til alkohol- og narkotikabruk. T.d. er i dag velståande delar av Oslo i ei særleg risikosone for høgt forbruk av nokre rusmiddel. Men – fakta fortel at det framleis er slik at rusmiddelproblema er størst der det er ei opphoping av dårlege levekår. Levekårsomgrepet går mykje vidare enn til økonomiske inntektsforhold.

Rotløyse, endra normgrunnlag, svekt familiestruktur og endra mønster for forbruk er med på å forklare denne utviklinga.

Kva gjer så sentrumsregjeringa med dette?

To grep

Vi har to ”hovudgrep”: førebyggjande arbeid og behandling. Ein viktig del av det førebyggjande arbeidet er restriktive tiltak for å redusere tilgjenget til alkohol og narkotika. Behandling kan ikkje sjåast isolert frå det førebyggjande arbeidet.Begge er naudsynte delar av ein heilskapleg rusmiddelpolitikk.

Måla

Det har lenge vore brei oppslutning i Stortinget og i folket om to høge mål. Vi ynskjer å redusera det totale alkoholforbruket, og vi ynskjer eit samfunn utan narkotikamisbruk. Fleire har likevel tatt til motmæle mot desse måla. Det blir hevda dei er urealistiske og for ambisiøse. Rusmiddelpolitikken er – og må vere – stadig gjenstand for debatt. Eg trur ikkje det finst enkle løysingar, men mange dilemma. Mange har glede av eit moderat alkoholforbruk og merkar lite til skadeverknadene. Difor har mange òg eit motsetnadsfylt forhold til alkoholpolitikken og dei verkemidla som må til for å få ned forbruket. Narkotikapolitikken inneber og vanskelege val. Ein heilskapleg politikk inneber både kontrolltiltak og positive stimuleringstiltak. Det er avveginga mellom dei ulike tiltaka som ofte skaper usemje og debatt.

Dilemma

  • Kor langt skal samfunnet gå i å sette grenser for ei gruppe eller den einskilde sitt val av ”fri utfalding”?
  • Kor langt skal ein gå i å sette grenser for det einskilde mennesket si sjølvøydeleggjande åtferd?
  • Kor langt skal ein gå i å vise ”omsut” for misbrukarar som openbert øydelegg seg sjølv: metadon, heroinforskriving, sprøyterom, legalisering av narkotikamisbruk?
  • Kva omsyn skal ein ta til omgjevnadene, barn, ektefelle, nærfamilie?

Mobilisering

Regjeringa har tru på at det er mogleg å redusere alkoholforbruket og arbeide for eit samfunn utan narkotikamisbruk. Vi vil stimulere til brei mobilisering, basert på omsorg for dei svakaste og for komande generasjonar. Det er påvist ein klar samanheng mellom totalforbruket av alkohol i eit samfunn og talet på storforbrukarar; eit “fuktig samfunn” vil statistisk sett òg ha mange storforbrukarar. Solidaritet med dei svakaste inneber difor at vi alle må ha eit medvite forhold til bruk og misbruk av rusmiddel.

Handlingsplan for redusert bruk av rusmiddel

Regjeringa har lagt fram for Stortinget ein handlingsplan for redusert bruk av rusmiddel. Han inneheld ei rekkje tiltak både på førebyggings-, behandlings- og ettervernområdet. I budsjettet for 1999 inneber handlingsplanen ei ekstra satsing med 22 mill kr, i tillegg til dei 20 mill kr som vart føreslått i 1998. Narkotika- og alkoholpolitikken har i nokon grad ulike mål, ettersom utgangspunktet er ulikt. Alkohol er ei lovleg vare, medan bruk av narkotika er illegalt. Det er likevel behov for å sjå rusmiddelpolitiske tiltak i samanheng. Denne handlingsplanen er eit uttrykk for dette:

  • heva debutalder for bruk av alkohol
  • auka medvit om samanhengane mellom bruk og misbruk av ulike rusmiddel
  • reduksjon av det totale alkoholforbruket slik Verdshelseorganisasjonen tilrådde i 1980 i samband med planen «Helse for alle år 2000»
  • reduksjon av misbruket av illegale stoff, medrekna cannabis, ecstasy og liknande stoff blant ungdom og yngre vaksne
  • styrkae negative haldningar til bruk av narkotika og misbruk av alkohol
  • eit betra og meir effektivt behandlings-, etterverns- og omsorgstilbod for rusmiddelmisbrukarar, inkludert rusmiddelmisbrukarar med born og gravide rusmiddelmisbrukarar

Strategiar

Regjeringa legg vekt på

  • ei brei mobilisering av frivillige krefter, organisasjonar og ungdomskulturelle miljø
  • at kommunane, det lokale politiet og lokalmiljøa spelar ei sentral rolle i det førebyggjande arbeidet
  • at det førebyggjande arbeidet har eit langsiktig perspektiv
  • at innsatsen vert retta både mot heile befolkninga og mot risikogrupper
  • at ungdom og unge vaksne blir viktige målgrupper for innsatsen
  • at behandlings- og omsorgstiltak spelar på lag med frivillige organisasjonar, grupper og einskildpersonar
  • at ettervernet blir styrka

La meg peika på nokre av områda for auka innsats:

1. Rusmiddelpolitisk råd

Det er naudsynt med eit breitt samfunnsmessig engasjement og ei omfattande ansvarleggjering dersom vi skal oppnå redusert bruk av rusmiddel. Eg har difor oppnemnt eit rusmiddelpolitisk råd som skal vere bindeledd mellom styresmaktene, partane i arbeidslivet, næringslivsorganisasjonane, forsikringsbransjen og dei rusmiddelpolitiske organisasjonane, sett saman av representantar for desse. Politimeisteren i Oslo, Ingelin Killengren, har teke på seg ansvaret å vera leiar for rådet. Eg har sterk tru på at rådet under hennar leiing skal bli ein plass for djupare diskusjon om reelle tiltak for å få ned russkadane enn det debattar i media gjev rom for. Felles interesseområde vil til dømes vere innsats mot ulovleg omsetting og skjenking av alkohol, og redusert sjukefråvær som følgje av rusmiddelmisbruk.

2. Ansvarleggjere foreldra

Familien er den grunnleggjande sosiale eininga i samfunnet, og forholda i familien er svært viktige for einskildmennesket. Det er i familien grunnlaget blir lagt for tryggleik og utvikling av personlegdommen til den einskilde. Det er eit hovudmål å gjere born og unge rusta til å møte dei prøvingane livet byr på og meistre dei problema det skaper – og dermed utvikle vilje til å ta hand om seg sjølv og ta vare på andre. Foreldra er den gruppa som er best i stand til å gjere noko for å førebyggje ei uheldig utvikling, og som kan gi ungdom sjølvkjensle, tryggleik og styrke til å setje eigne grenser. Ofte vil det innebere at foreldra må stille spørsmål ved sitt eige rusmiddelforbruk og sine eigne normer i denne samanhengen. For å auke forståinga blant foreldre om kor viktig det er å skape trygge og femnande oppvekstmiljø for born og unge, og at foreldra må vere gode rollemodellar når det gjeld bruk av rusmiddel, vil Rusmiddeldirektoratet gjennomføre ein haldningskampanje.

Samstundes med at innsatsen overfor foreldra blir auka, vil Rusmiddeldirektoratet også lansere ein haldningskampanje mot ”ungdomsfylla”. Hovudmålet vil vere å utsetje debutalderen. Kampanjane vil mellom anna også fokusere på dei skadeverknadene som følgjer av langing av alkoholhaldig drikke til mindreårige.

Regjeringa vil syte for at det vert sett i verk tiltak for å gjere foreldre betre i stand til å oppdage ungdommen sin narkotikabruk.Rettleiing om korleis dei bør forhalde seg til misbruket høyrer òg med.

3. Styrke skulen og nærmiljøet

Saman med heimane og fritida utgjer skulen den viktigaste arenaen for haldningsskapande arbeid retta mot born og unge. I denne samanhengen er ei av dei viktigaste oppgåvene å syte for å gi born og unge tryggleik, styrke og kunnskap til å ta aktive og positive val. Eit inkluderande skulemiljø, der den einskilde føler seg verdsett og trygg, er ein vesentleg faktor i det førebyggjande arbeidet. Saman med heimane og fritida utgjer skulen den viktigaste arenaen for haldningsskapande arbeid retta mot born og unge.

Spreiinga av narkotiske stoff som cannabis og ecstasy blant unge utanom dei tradisjonelle misbruksmiljøa er ein viktig grunn til at skulen må prioritere det rusmiddelførebyggjande arbeidet. Det er avgjerande at den undervisninga om rusmiddel som blir gitt i skulen, blir integrert i den ordinære undervisninga. Det er utvikla mykje godt materiell som vil kunne gjere det lettare for lærarane å gjennomføre undervisninga om rusmiddel i samsvar med intensjonane i læreplanen. Rusmiddeldirektoratet har oversikt over slikt materiell. Direktoratet har òg faktamateriell og ytterlegare undervisningsopplegg under utarbeiding. Direktoratet samarbeider dessutan med dei høgskulane som gjev lærarutdanning om pedagogiske rettleiingsopplegg for undervisninga om rusmiddel. I budsjettet for 1999 tilfører vi dei regionale kompetansesentra for rusmiddelspørsmål ekstra ressursar for å rettleie grunnskulane og dei vidaregåande skulane i rusmiddelundervisninga og andre holdningsskapande tiltak.

4. Gi ungdomsorganisasjonane gode vilkår

Juvente er ein organisasjon som i fleire år har samarbeidd med skulen om haldninga til rusmiddel (HMR). Det er oppmuntrande at ungdom sjølv stiller opp og gir uttrykk for negative haldningar til rus, valdsbruk og kriminalitet, og dannar alternative “motkulturar”. Ungdom er sentrale rollemodellar for kvarandre, og slike “motkulturar” er difor viktige. Døme på slike initiativ er “Stopp dopet, ikke dansinga” og “Non Fighting Generation”, utover det gode arbeidet mange tradisjonelle ungdomsorganisasjonar gjer. Det gjeld både ungdomspartia og sektororganisasjonane. Deigjer ein stor innsats i å skapa medvitne ungdomar som sjølv tek stilling i større grad. Det er viktig at kommunane støttar slike og liknande initiativ, slik at dei får høve til å utfalde seg og vekse.

Rusmiddeldirektoratet har gjennom fleire år gitt støtte til oppbygging av rusfrie miljø. Det er gitt støtte etter søknad til mellom anna musikk-kaféar og ungdomskaféar i fleire byar. «Kom og dans», ei stifting som driv med rusførebyggjande verksemd retta mot dei breie folkelege festkulturane, er eit døme på ei verksemd som har motteke tilskot gjennom fleire år. «Kom og dans» har rusfrie dansemiljø for vaksne i nesten heile Noreg, og har også tilbod for born og ungdom. Stiftinga er no i ferd med å prøve ut eit opplegg i samarbeid med kyrkja og politiet, der det mellom anna er ein føresetnad at kommunen og foreldre spelar ei sentral rolle. Rusmiddeldirektoratet vil vidareføre og vidareutvikle støtta til rusfrie miljøtiltak og ungdomskulturelle «motkulturar», og vil leggje vekt på å prøve ut nye tiltak på området.

5. Dei rusmiddelpolitiske organisasjonane

Regjeringa vil auke støtta til dei rusmiddelpolitiske organisasjonane. Organisasjonane har fleire viktige funksjonar. Regjeringa legg vekt på aktivitetane både ut frå den eigenverdien dei har, og ut frå den førebyggjande verknaden. Rusmiddelpolitikken kan ikkje drivast fram einsidig frå det offentlege. Frivillig engasjement er ein nødvendig føresetnad for gjennomføring av politikken, og mykje av dette skjer i organisasjonane. Dei representerer eit korrektiv til og ei supplering av den verksemda som blir driven i offentleg regi. Organisasjonane gir verdifulle innspel til samfunnsdebatten om rusmiddelbruk, driv aktivt informasjons- og holdningsarbeid, og har ei rad aktivitetstilbod til born og unge. Lokallaga til dei rusmiddelpolitiske organisasjonane representerer ressursar i det lokale førebyggjande arbeidet. Prosjekt som tek sikte på å byggje nettverk i lokalmiljøa, vil bli prioriterte.

6. Andre organisasjonar

Regjeringa ser det òg som viktig å engasjere organisasjonar og grupper som ikkje har førebygging rusmiddelbruk som hovudmål, i det lokale førebyggjande arbeidet. Regjeringa vil auke støtta til rusmiddelrelaterte førebyggjande prosjekt i regi av mellom anna frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, kultur- og fritidstiltak og ulike ungdomsgrupper.

7. Punktfråhaldskampanjar knytte til m.a. arbeidslivet, graviditet, idrett og trafikk

Regjeringa vil halde ved like og styrkje den breie oppslutninga om at sentrale arenaer og situasjonar skal haldast rusmiddelfrie. Dersom ein gjennom informasjon, opplysningsverksemd og andre tiltak kan få folk til å kjenne seg att i situasjonar der det ikkje passar å bruke alkohol, vil det vere ein effektiv måte å redusere alkoholproblem på. Det skal satsast på førebyggjande tiltak som direkte påverkar drikkesituasjonane, og der bodskapen blir at ein bør drikke mindre og sjeldnare, og unngå alkohol heilt i visse samanhengar. Døme på slike situasjonar eller «soner» kan vere samvær med og aktivitetar saman med born og ungdom, graviditet, idrett og friluftsliv, og periodar der ein bruker medikament. Regjeringa vil vidareutvikle og styrkje det samarbeidet som allereie skjer på dette området, mellom anna med Alko-Kutt-aksjonen, AKAN og Norges Idrettsforbund. Vi vil òg vurdere korleis satsinga gjennom Alko-kutt kan organiserast for å gi denne ein meir permanent karakter.

8. Reklameforbod

Alkoholindustrien bruker i utstrekt grad idretten som arena for reklamesatsinga si. Det kjenner vi godt til også i Noreg, Strengare reglar frå siste nyttår er implementerte, og vi arbeider no med meir effektive handhevingsmåtar. Dispensasjonen til ishockey-VM i Noreg i 1999 er fylgd opp med eit konstruktivt samarbeid mellom styresmaktene og idretten sjølv for å hindra reklame også ved internasjonale arrangement i framtida. Med det presset industrien er i stand til å setja inn, treng vi å samarbeida om dette. Eg har sjølv teke initiativ overfor fleire land for å skjerpa inn regelverket internasjonalt. Sosial- og helsedepartementet utarbeider i tillegg retningsliner for dispensasjonsheimelen frå reklameforbodet for å innskrenka rommet for eventuelle seinare søknader.

9. Norsk Forebyggingsforum

Sosial- og helsedepartementet oppnemnde i 1997 Norsk forebyggingsforum for to år. Forumet er ei breitt samansett gruppe av einskildpersonar med ulik bakgrunn frå arbeid mot rusmiddelmisbruk. Forumet skal freiste å påverke innsatsen frå styresmaktene si side, og samarbeide med andre aktørar på området. Forumet har for l998 fått drifts- og prosjektmidlar for 3,8 mill. kr. I år skal forumet mellom anna

  • lage ei handbok i førebyggjande arbeid i samarbeid med Nordlandsklinikken
  • leggje fram forslag til ein langsiktig kampanje for å redusere forbruket av alkohol og narkotika
  • setje i gang tiltak for ungdom utan tilknyting til organisasjonslivet

10. Stortingsmelding om utjamning av levekår

Regjeringa arbeider no med ei stortingsmelding om utjamning av levekår som skal leggjast fram til våren. Vi vil der presentera eit oversyn over levekår i Noreg brei forstand, og føreslå tiltak for få til ei betre fordeling. Vi vil såleis vurdera tiltak både for dei som kjem best ut og dei som slit mest i Noreg i dag. Rusbruk og misbruk er ein levekårsfaktor som vi vil behandle i meldinga. Dette vil gje grunnlag også for å setja inn betre førebyggingsstrategiar. I det heile er eit betre behandlingsapparat og ettervern ein viktig faktor også i førebyggingsarbeidet. Store misbrukarmiljø fungerer tvillaust rekrutterande. Stortinget behandlar akkurat no eit lovframlegg som skal effektivisera reglane for tvangsinnlegging av rusmisbrukarar. Det same lovframlegget gjev heimel for å fatssetja forskrift om kvaliteten i behandlingsapparatet, og eg vil snart lansera nye initiativ for ein styrka behandlingssektor.

Avslutning

Ein kan seie mangt om norsk narkotikapolitikk, men den er ikkje mislukka”, skreiv FOLKET nyleg i samband med undersøkinga av rusmiddelvanar blant studentane i Oslo. Inntrykket frå media om at dei unge kastar seg over narkotiske motestoff er ikkje riktig. Dei unge tenkjer sjølv, men det er vanskeleg å stå aleine. Det er ei tydeleg melding.

Sosial støtte tyder helse- og livskvalitet. Vi veit at nære band til andre er ein kjernefaktor for aktivitet og meistring. Eit system som fremjar helse, utgjer mykje meir enn eit helse- og sosialvesen, og femner berekraftige, støttande sosiale nettverk.

Gjennom eit omgrepsapparat frå Verdshelseorganisasjonen kan vi sjå på uførleik som ei kløft mellom individa sine evner og dei krav dei møter frå sine sosiale omgjevnader. Sosialplanlegginga må sjå til at menneske i alle fasar av livet blir stilt overfor krav som er rimelege, evner og krefter medrekna. Vi må skipa lokalsamfunn og offentlege rom som skaper hardførleik og ikkje uførleik.

Trongen for at det er bruk for meg, er der så lenge eg lever. Utan trygg sosial forankring kan vi ikkje nyttiggjere oss moglegheitene i eit langt liv. Det er i samspel med andre at vi ser sambandet mellom livets alfa og omega. Det er slik vi held vedlike evner og meistring. Dette er det som ligg til grunn for Regjeringa sin sosialpolitikk.

Lagt inn 20. november 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen