Historisk arkiv

Tale ved opninga av "Alkoholuka"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Kontrollerast mot framføring

Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa

Tale ved opninga av "Alkoholuka"

“Alkoholuka” - SiA - 20. april 1998

Beste tilhøyrar. Eg vil få takke for dette høvet til å opna “Alkoholuka” her på SiA. Regjeringa legg fram ein handlingsplan for redusert rusmiddelbruk i mai. Vi er heilt avhenging av gode medspelarar for å få til resultat. Vi er svært glade for dykkar initiativ her i dag! Det er ein god ide å arrangere temaveker om helse og levemåtar. At det skjer på eit sjukehus kan synast sjølvsagt. I tider med knappe midlar og andre aktutte oppgåver er ikkje det opplagt. Desto meir gledeleg er det å registrera at de er framsynte og har overskot til å sjå samanhangen på lenger sikt!!

Helse er ein av dei mest lovpriste verdiane i eit moderne samfunn. At god helse er verdt å trakta etter, er så kvardagsleg og trivielt et ein sjeldan bryr seg om å formulere kvifor. I mange undersøkingar om kva Kari og Ola Normann meiner med eit “meiningsfullt liv” blir “god helse” faktisk rangert føre “godt familieliv” og “gode vener”. Spørsmålet melder seg omgåande: Kvifor er vi så opptekne av helse? Kva for verdiar gøymer seg bakom denne idealiseringa?

Tre stikkord trur eg grip noko av kjernen i helse som verdi: Sjølvstende (autonomi), handlefridom og moro. Ei redusert helse trugar sjølvstendet, til dels misser vi kontrollen - og kanskje kontakten - med eigen kropp og eige sinn. Dei verkar ikkje lenger så godt som “reiskapar” for kontakten med og påverknaden av omverda. Til dels gjer skrantande helse oss nøydd til å gje eigen “sjølvråderett” til andre - til legane sine forskrifter og dei næraste som må gje pleie. Vår eigen handlefridom blir så å seie bandlagt - i arbeid, i sosial omgang, i dei fleste syslar. Sjukdom kan stelle seg i vegen for glede og livslyst. Det er lite tilfredsstillande å måtte gje opp planar eller gje avkall på det ein har gleda seg til. Det som råkar oss av sjukdom eller liding gjer oss urolege for framtida.

Vi blir alle uunngåeleg opptekne av helse. Temaet melder seg ofte i samfunnslivet - frå kaffipraten til dei offentlege budsjett. Helse er eit vilkår for, og ein del av, “det gode liv”. Opplysningar om helsetilhøve er særs viktige i alle levekårsundersøkingar. Men vi kan likevel ikkje seie at helse som verdi står i ei særstilling framfor andre verdiar. Vi finn helse både i samspel og konflikt med andre verdiar. Det kan de lese ved å sjå korleis politikarane prioriterer pengar, eller korleis eit samferdslesystem som fører til fleire døde kvart år enn som misser livet ved drap gjennom 10 år, blir akseptert som noko sjølvsagt eller i verste fall som eit uunngåeleg vonde. På det individuelle planet vel somme utan tvil risikofylte yrke (dykkarar) eller fritidssyslar (base hopping). Utan å ta standpunkt til om stoffmisbrukaren kan velja, trur eg at han oftast veit at misbruket kan øydeleggje helsa hans. Storforbrukaren av alkohol, storrøykaren og storetaren viser alle ei åtferd som vitnar om at andre verdiar skuvar helseverdien til sides.

Dette fører meg over til denne utstillinga om alkohol. Etter det internasjonal statistikk syner, døyr nordmenn sunnare enn dei fleste andre folkeslag, men vi lever ikkje lengst. Statistikken syner ikkje kva det er best å døy av. Eg trur at det er viktig som de gjer i denne utstillinga, og veka, å vurdere korleis det er best å leva.

Då leiaren av Rolling Stones, (50-åringen) Mick Jagger, var i Oslo siste gong, skal han ha uttalt at resepten for det sunne liv var ingen narkotiske stoff, ingen tobakk - men god sex med kjærasten og to glas vin i veka.

Kva er så rådet til dei som drikk? Det er enkelt: er du yngre enn Mick Jagger, jo mindre, dess betre. Er du like gamal eller eldre enn Mick Jagger, gjeld framleis jo mindre, dess betre.

Men, sidan vi er i eit sjukehus, er det ikkje slik at ein moderat alkoholbruk hindrar utvikling av hjarte- og karsjukdomar? Har eg ikkje nett sagt at vi set ein høg pris på helsa? Svaret er ja, det er godtgjort ein positiv biologisk førebyggjande verknad av alkohol ved slike sjukdomar hjå ei eldre aldersgruppe med høg risiko for hjarte- og karsjukdom. Men det er ingen slik verknad for aldersgruppene under! Og uansett er ikkje verknaden betre enn den du får ved å ta ein halv aspirin to gonger i veka og auke mosjonen. Til skilnad frå andre livsstilsendringar må jo vinninga ved minska risiko for hjarte- og karsjukdomar vegast opp mot den auka risikoen for andre alkoholtilknytta lidingar. Det vil seie at så snøgt ein går over frå lågt forbruk, fører meir drikking til auka risiko for negative konsekvensar. Rett nok er dette eit samansett spørsmål. Den samla bodskapen til den einskilde og til samfunnet er likevel: jo mindre, dess betre. Og til dei som vonar at alkohol og kan sjåast som medisin, let eg presidenten i Legeforeningen, Hans Petter Aarseth, få ordet: “ Satt på spissen: man må velge mellom en strategi hvor man kan vinne noen få leveår hos den eldre del av befolkningen, eller en strategi hvor man kan unngå tap av mange leveår hos de unge. Etter mitt syn kan dette valget ikke være vanskelig. Vi må holde fast ved at alkohol ikke er medisin.” (Tidssk Nor Lægeforen nr. 5, 1997;117).

Ord kan ikkje alltid forklare korleis alkoholmisbruk skadar familien eller kva for rolle solidaritet speler i alkoholpolitikken. All bruk av alkohol endar sjølvsagt ikkje i elende eller liding. Bruken av alkohol rommar mange av teaterspråket sine element: komedie og tragedie, nyting og liding. Vi gjer oss alle opp ei meining om alkohol, folk vil ha ulike grunnar for å halde seg frå eller bruke alkohol. Likevel er eg viss på at den helsepolitiske vurderinga av alkoholbruk er denne: “ Det kan ikkje seiast å vere ein risiko heilt eller nesten heilt å la vere å drikke alkohol”.

Med desse orda vil eg få opne “Alkoholuka” her på Sentralsjukehuset. Eg vonar at dei mange utstillarane blir oppsøkt av publikum, og at det blir ein sunn og konstruktiv samferdsel av meiningar mellom dei som møtest i lokala. Til lukke med veka.

Lagt inn 27. april 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen