Historisk arkiv

Trygd, rehabilitering og arbeid - verdiar og vegval mot neste århundre

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa

Trygd, rehabilitering og arbeid - verdiar og vegval mot neste århundre

Opningsforedrag på tidsskriftet Velferds symposium 27. mai 1998 (kontroller mot framføring)

Etter ein periode med relativ høg arbeidsløyse, er vi no i ein situasjon med mangel på arbeidskraft i enkelte yrke og sektorar. Sysselsettinga har auka med heile 64 000 personar frå 1. kvartal i fjor til 1. kvartal i år. Alle spådommar om stagnasjon i “utanforlandet” er gjort til skamme. Arbeidsløysa er i dag på vel 3 prosent. Mange som har stått utanfor arbeidsmarknaden har klart å skaffa seg arbeid. Arbeidsløysa er likevel framleis høg i enkelte grupper, mellom anna blant ungdom utan utdanning og innvandrarar. Mange personar i yrkesaktiv alder med helseproblem er og heilt eller delvis ute av arbeidslivet.

Å ha lønna arbeid er eit gode i seg sjølv. Gjennom arbeid får den enkelte høve til å bruka krefter og evner, og delta i verdiskapinga i samfunnet. Deltaking i arbeidslivet fyller òg ein viktig sosial funksjon. Arbeid gjev betre velferd for den enkelte og er lønnsamt for samfunnet. Forskjellar i levekår kjem klårt til uttrykk mellom dei som har arbeid og dei som har lita eller inga tilknyting til arbeidslivet. Å satsa vidare på auka yrkesdeltaking har derfor høg prioritet.

Samtidig ser stadig fleire livet i periodar. Mange ynskjer å kombinera arbeid og omsorg betre enn i dag. Det ser vi av debatten om kontantstøtte og 6-timars dag.

Utviklinga i åra framover, med fleire eldre i befolkninga, vil stilla store krav ikkje berre til arbeidsmarknadspolitikken, men også til helse-, omsorg-, sosial- og trygdepolitikken.

  • · Talet på eldre arbeidstakarar vil auka. Dette krev tilrettelegging i arbeidslivet, tilpassa kvar enkelt sine føresetnader.
  • · Fleire eldre over 80 år, særleg etter år 2020, stiller store krav til tilrettelagde helse- og omsorgstilboda.
  • · Auka utbetalingar til pensjonar (alders- og uførepensjon)

Pensjonspolitiske utfordringar

Nordmenn blir pensjonerte stadig tidlegare, samstundes som dei lever lenger. Det er ikkje lenger uvanleg å bli 90 år i Noreg. Med dagens pensjonsordningar vil mange leva opptil ein tredel av livet som pensjonistar.

Framskrivingar av befolkninga viser sterk vekst i talet på eldre/pensjonistar, særleg etter 2010. Samstundes vil gjennomsnittleg alderspensjon auka sterkare enn den allmenne inntektsveksten i samfunnet. Dette heng saman med at fleire vil ha full opptening i folketrygda og at fleire, mellom anna kvinner, har tent opp rett til tilleggspensjon. Vi blir fortalt at veksten i arbeidsstyrken stansa opp ved starten på det neste hundreåret. Etter mange debattar om innvandingsstopp, er det stadig fleire som tek til orde for import av hødvendig arbeidskraft.

Det vil bli færre personar i yrkesaktiv alder til å forsørgja den eldre delen av befolkninga. Den yrkesaktive delen av befolkninga blir også eldre. Vi vil ikkje ha råd til å skyva folk som er arbeidsføre ut av arbeidslivet og må i større grad satsa på fleksible løsningar.

Yrkesdeltakinga blant eldre har vore fallande gjennom lang tid. Tendensen har vore at stadig fleire sluttar i arbeid før dei når pensjonsalderen, i hovudsak som følgje av auka uføretrygding. Den yrkesaktive delen av livslaupet har dermed blitt kortare for mange, særleg blant menn. I aldersgruppa 50 til 66 år gjekk yrkesaktiviteten blant menn ned frå 79 til 65 prosent i perioden 1980 til 1995. Seinare har det vore ei svak auking. Også blant kvinner har det vore ei relativt omfattande “førtidspensjonering”. I arbeidsmarknadstatistikken blir dette meir enn oppvoge av den generelle tendensen til auka yrkesaktivitet. For aldersgruppa 67 til 74 år er yrkesfrekvensen blitt meir enn halvert etter 1980.

Gjennomsnittleg pensjoneringsalder i folketrygda er i dag under 60 år. Om lag 90 000 personar i aldersgruppa 60 til 66 år er i dag uførepensjonerte. Dette utgjer over 1/3 av aldersgruppa.

Målet må vera å gje større høve til fleksibilitet enn i dag og samtidig leggja til rette for høg yrkesdeltaking for dei som ønskjer og har helse til det.

Eldre arbeidstakarar vil i åra framover vera ein svært viktig ressurs for samfunnet. Menneske som har levd ei stund sit inne med kunnskap, erfaringar og verdiar som samfunnet treng. Eldre er ikkje, og skal ikkje sjåast på, som ei byrde for bedrifter og offentlege budsjett.

Men eldre arbeidstakarar er ei samansett gruppe. Mange av dagens eldre har ofte eit langt arbeidsliv med hardt fysisk arbeid bak seg, og vil kunne ha behov for å gå av før pensjonsalderen i folketrygda. Yngre personar har gjennomgåande starta i arbeidslivet seinare i livsløpet. I dag er det vanleg å vera under utdanning til ein er nærmare 30 år. Arbeidet er dessutan mindre krevjande fysisk. Det er grunn til å tru at gjennomsnittleg levealder framleis vil auka og at eldre i framtida vil ha betre helse enn dagens eldre arbeidstakarar.

Omfanget og innrettinga av pensjonsordningane verkar inn på yrkesdeltakinga. For å stimulera til arbeid er det viktig at pensjonssystemet i hovudsak er utforma slik at den enkelte får høgare inntekt ved å vera i arbeid enn å motta pensjon. Slike insentiv-verknader er særleg viktige i ordningar som er retta mot personar som framleis kan arbeida og som har ein viss valfridom.

For å motverka uønskt tidleg avgang frå arbeidslivet og stimulera til at fleire eldre som ønskjer og har helse til det til å halda fram i inntektsgjevande arbeid, er reglane i folketrygdlova om kombinasjon av alderspensjon og arbeidsinntekt liberaliserte frå 1997 slik at det er blitt gunstigare å vera i arbeid etter fylte 67 år.

Partane i arbeidslivet har medverka til at det er blitt enklare å kombinera pensjon og arbeidsinntekt i ordninga med avtalefesta pensjon. Tidlegare måtte ein slutta heilt i arbeid for å kunne ta ut AFP. Frå 1. oktober 1997 er dette endra, slik at det no er mogleg å trappa ned yrkesaktiviteten med ein eller to arbeidsdagar per veke. Dette er eit godt tilbod for dei som er slitne etter mange år i arbeidslivet, men som framleis ønskjer å arbeida noko redusert.

Det er oppnemnt eit offentleg utval som skal vurdera førtidspensjonsspørmål. Utvalet skal foreslå tiltak som kan vera med og auka motivasjonen for eldre arbeidstakarar for å halda fram i arbeid, og motivera arbeidsgjevarane til å leggja til rette for at eldre arbeidstakarar får eit reelt høve til å stå lenger i arbeid. Vidare skal utvalet ivareta behovet for fleksibel førtidspensjonering for dei som er slitne etter mange år i arbeidslivet, og høve til å arbeida etter fylte 67 år for dei som ønskjer det. Utvalet skal leggja fram innstillinga si innan 1. november i år.

Nettopp denne balansen mellom behovet for førtidspensjonering og målet om å auka den gjennomsnittlege pensjonsalderen vil vera heilt sentral i pensjonspolitikken i åra framover. Utfordringa blir med andre ord å kombinera ønsket om større individuell valfridom og fleksibilitet i ordningane på den eine sida med behovet for høgre yrkesdeltaking generelt.

Utfordringa for arbeidslivet vil vera å leggja til rette slik at dei som ønskjer det får vere lenger i arbeid, på heiltid eller deltid. Fleire undersøkingar tyder på at eldre arbeidskraft har mange fordelar framfor yngre, mellom anna når det gjeld ansvarskjensle. Det blir hevda at eldre arbeidstakarar både ofte er meir pålitelege og meir nøyaktige og fagleg dyktige, men at dei ofte har mindre evne til omstilling. I dagens samfunn blir dessutan kunnskap og kompetanse fort forelda. Etter- og vidareutdanning av arbeidskrafta er stikkord i denne samanhengen.

Mange verksemder legg i dag til rette for eldre arbeidstakarar fordi dei eldre representerer ein ressurs som verksemda har bruk for. Mange arbeidsgjevarar og leiarar ser òg verdien av ei blanda samansetning av arbeidsstokken. Her er det nok framleis mykje å gjera. Den enkelte si avgjerd om å trekkja seg tilbake frå arbeidslivet skal vera frivillig. I dag kjenner mange seg “pressa” til å slutta i arbeid. Utfordringane ligg i å gjera valfridommen reell.

Det er ved fleire høve peika på at verksemdene sine premieinnbetalingar til private tenestepensjonsordningar for eldre arbeidstakarar kan bli svært høge, og at dette gjer forholda på arbeidsmarknaden vanskeleg for mange eldre. Det er faktisk ikkje heilt uvanleg at verksemdene si innbetaling av premie til tenestepensjonsordningar er høgare enn løna til vedkomande arbeidstakar. Høg premie for eldre arbeidstakarar heng saman med auka løn og kort gjenverande finansieringstid.

I samband med utkastet til lov om føretakspensjon (NOU 1998:1), som no er ute på høyring, er det foreslått ei ordning med det ein kallar lineær opptening av alderspensjon. Dette prinsippet inneber mellom anna at innbetalinga til pensjonsordninga ikkje aukar fullt så bratt som i dagens ordning, og at det ikkje blir fullt så kostbart å ha eldre arbeidstakarar i verksemda. Den nye lova skal erstatta dagens reglar om privat tenestepensjon.

Vidare blir såkalla innskuddsbaserte pensjonsordningar utgreidd. I motsetning til dagens tenestepensjonsordningar, vil premieinnbetalinga i ei slik ordning vera uavhengig av arbeidstakaren sin alder, og arbeidsgjevarane sine innbetalingar til pensjonsordningar for eldre arbeidstakarar vil bli reduserte.

Hindra utstøyting

God helse er ein av fleire føresetnader for å kunne halda fram i arbeid. Helseproblem er den viktigaste årsaka til at eldre arbeidstakarar går ut av arbeidslivet. Eit godt arbeidsmiljø har god effekt på helsa og er såleis heilt sentralt når det gjeld høve for den enkelte til å halda fram i arbeid. Samtidig er trivsel på arbeidsplassen, og kjensle av å høyra til, viktig for om eldre arbeidstakarar blir verande i arbeid eller ikkje.

Det er viktig å ha rom for personar som er i ferd med å falla ut av arbeidslivet. Dette gjeld både for eldre og yngre arbeidstakarar. Høgt og gjentakande sjukefråvær kan vera eit signal om at noko gale er på ferde. Det er derfor om å gjera at langtidssjukmelde ikkje mister kontakten med arbeidsplassen. Her har både arbeidsgjevar og arbeidskameratar eit ansvar.

Arbeidsgjevar, trygdeetat og helsevesen har alle ansvar for oppfølging av sjukmelde.

Trass i tettare oppfølging i trygdeetaten og engasjementet til partane for å forebyggja sjukefråvær, har sjukefråværet likevel auka kraftig dei seinare åra. Årsakene til auke i sjukefråværet er samansett. Det er ikkje mogeleg å peike på ein eller noen få faktorar som forklarer auken i fråværet. At det er samanheng mellom dårleg arbeidsmiljø og høgt fråvær kan alle einast om. Vi veit mindre om korleis krav om effektivitet og kostnadsreduksjon slår ut i press og stress og auka sjukefråvær. Denne typen problem er ei svær utfordring for arbeidsgjevarane i åra framover.

Trygdeetaten har på 1990-talet hatt oppfølging av sjukmelde som ei prioritert oppgåve. Aktivitetane på dette området blei særleg trappa opp frå 1993/94. Føremålet er raskare tilbakeføring til arbeidslivet. Parallelt har det vore satsa på yrkesretta attføring i arbeidsmarknadsetaten.

Ordninga med “aktiv sjukmelding” frå 1993, der den sjukmelde får prøva seg i arbeid utan å mista retten til sjukepengar, er eitt av fleire verkemiddel når trygdeetaten følgjer opp sjukmelde. Ordninga skal gjera det lettare å setja i gang tiltak på arbeidsplassen for sjukmelde som kan arbeida noko og som kan utføra alternativt arbeid i bedrifta. Føremålet er å hindra unødig passivitet som følgje av sjukdom og arbeidsuførleik og hjelpa til så den sjukmelde held ved like kontakten med arbeidsplassen. Ordninga har vore lite nytta. I 1997 prøvde berre 2 prosent av dei sjukmelde aktiv sjukmelding. Her finst det gode dømer til etterfylgjing (Oppdal -12.1 pst. på aktiv sjukmelding og varigheten på fraveret ble redusert med 7.4 prosent).

Arbeidsgjevarar har etter arbeidsmiljølova hovudansvaret for tilrettelegging på arbeidsplassen for tilsette med helseplager og funksjonshemmingar. Dette blir regulert av arbeidsmiljølova. I visse høve kan det ytast tilskot frå folketrygda til hjelpemiddel på arbeidsplassen. I 1993 fikk vi ei føresegn i folketrygdlova om at arbeidsgjevarar på oppmoding frå trygdekontoret har plikt til å gje ei utgreiing om moglege tiltak på arbeidsplassen for at den sjukmelde skal kunne koma tilbake til arbeid. Denne føresegna inngår i rutinane for oppfølging av sjukmelde.

Dersom det er behov for bistand t.d. i tilknyting til arbeidstrening hos annan arbeidsgjevar eller anna form for opplæring/utdanning, er dette arbeidsmarknadsetaten sitt ansvar. Personar som er sjukmelde, får behalda sjukepengane i inntil eitt år også når dei er på yrkesretta attføringstiltak. Dei siste åra har det vore ein auke i talet på sjukmelde som er på yrkesretta attføringstiltak, men framleis er det berre i få tilfelle at det har kome i gang slike tiltak mens personen framleis får sjukepengar.

Dei nye oppfølgingsrutinane stiller store krav til utoverretta verksemd i trygdeetaten. Erfaringane frå oppfølgingsarbeidet i etaten viser så langt at trygdekontora i mindre grad enn venta har teke kontakt med arbeidsgjevaren til den sjukmelde. Betre og hyppigare kontakt med arbeidsgjevaren (og legen) er mål for oppfølgingsarbeidet i 1998. Samarbeid lokalt er ein føresetnad for å lykkast.

Departementet har sett i gang ulike forsøk i seinare tid mellom anna i samarbeid med partane i arbeidslivet for å finna fram til tiltak for å forebyggje langtidssjukefråvær. Det har vore ei føresetnad at tiltaka skal vere forankra på arbeidsplassen. Eg ser det som viktig at også bedrifter og andre som ikkje har vore med i forsøka får kjennskap til erfaringane fra forsøksverksemda og liknande tiltak. Dette er bakgrunnen for at eg har teke initiativ overfor partane i arbeidslivet om det bør opprettast ein idebank.

Prosjekta har i første rekke vore retta mot arbeidstakarar med muskel- og skjelettlidingar og arbeidsrelaterde sjukdommar. Når vi veit at 5 prosent av arbeidstakarane står for over 80 prosent av langtidsfråværet, syner dette at det er viktig å satsa på målretta tiltak overfor risikogrupper.

I Trygde- og rehabiliteringsprogrammet (1992-97) var formålet å betre livskvaliteten for brukarane og å finna fram til gode rehabiliteringstiltak for personar med muskel- og skjelettlidingar og “diffuse” sjukdomstilstandar for på den måten å få ned sjukefråvær og førebyggja uførepensjonering. Prosjekta har vore evaluerte både internt og eksternt. Når vi ikkje kan visa til den effekten på sjukefråværet og tilbakeføring til arbeidslivet som vi kunne ha ynskt oss (jf. Bruusgaard si evaluering), skyldast nok dette at vi står overfor helseplager/lidingar med kompliserte årsaker og sjukdomsmønstre som svingar. Deltakarane rapporterer gjennomgåande om betre livskvalitet. Vi veit førebels lite om dei langsiktige virkningane av dei tiltaka som pasientgruppa har vore igjennom. Kanskje må vi akseptera større fråvær og at enkelte må kunne arbeida i gode periodar og vere sjuke når de ikkje maktar å stille opp.

Erfaringane frå programmet er mellom anna bakgrunnen for iverksetjing av ei større utgreiing om Kvinners helse og eit arbeidsmiljøretta utviklingsprogram for tilsette i helse-, pleie- og omsorgssektoren.

Rehabilitering

I 1997 blei det opna for at personar på rehabiliteringspengar får same høve til aktivisering/arbeidstrening på eigen arbeidsplass som sjukmelde personar, etter mønster av aktiv sjukmelding. Aktivisering eller arbeidstrening kan i kortare periode likestillast med medisinsk behandling. På denne måten vil mottakarar av rehabiliteringspengar lettare kunne få ei gradvis tilbakeføring til arbeidslivet.

For mange grupper, bl.a. kronisk sjuke, men også personar med alvorleg sjukdom eller skade, vil det ofte vera føremålstenleg å setja inn yrkesretta tiltak tidleg i ein rehabiliteringsprosess. Rehabilitering og yrkesretta attføring bør foregå parallelt når det er mogleg. Men dette stiller store krav til samarbeid på tvers av fag og etatar, ikkje minst når det gjeld spørsmåla kring motivasjon og meistring. Det stiller også krav til behandlingsapparatet og til rehabiliteringstenesta.

Rehabilitering generelt har vore lågt prioritert i kommunar og fylkeskommunar. Spesielt gjeld dette for personar med psykiske lidingar og meir samansette muskel- og skjelettlidingar. I

rehabiliteringsmeldinga, som vil bli lagt fram hausten 1998, vil vi vurdera tiltak for å styrkja rehabiliteringa og byggja bru mellom behandlingsapparatet og yrkesretta attføring, slik at fleire kan gjera seg nytte av yrkesretta attføringstilbod.

Det overordna målet med meldinga vil vera å leggja til rette for at personar med helseproblem og funksjonshemmingar skal få eit verdig liv, tufta på sjølvstende og sosial deltaking. Den medisinske delen av rehabiliteringa utgjer berre ein av fleire bitar av ein større heilskap . Det har vore tverrpolitisk semje om å satsa på rehabilitering som eit nasjonalt felt i 90-åra (St. meld nr.41 (1991-92) Nasjonal Helseplan). Likevel har politikkutforminga på dette området vore utan klåre strategiar.

Vi står overfor ei rekke utfordringar på rehabiliteringsfeltet både når det gjeld finansiering, organisering og juridiske avklaring. Reformer i helsevesenet som psykiatrireforma, fastlegereforma og innsatsstyrt finansiering har vist at det er behov for supplerande tiltak for å styrkja rehabiliteringsinnsatsen. Det er og behov for meir kunnskap om korleis brukarperspektivet skal setjast ut i livet og større innsats innan forsking, utdanning og kompetanseutvikling.

Moderne medisin har ført til at stadig fleire overlever sjukdom og skader og at fleire og fleire lever lenger med sjukdom og funksjonsproblem. Fleire har behov for hjelp for å kunne meistre ei ofte uvant og problematisk tilvære. Dei “moderne” sjukdommane er ofte meir diffuse og mindre synlege, samstundes som dei ofte går ut over funksjons- og arbeidsevna. Vi står her overfor nye utfordringar som vi ikkje har gode nok svar på. Personar med samansette helseplager med meir diffuse symptom krev ofte fleire typar hjelpetiltak enn menneske med meir eksakte/objektivt registrerbare sjukdommar. Dette krev nye måtar å tenkja og handla på og nye former for organisering av tiltak. i form av tverrfagleg og tverretatleg innsats. Utfordringa er og å få til smidige overgangar mellom ulike livsfasar.

Brukarperspektivet er sentralt innafor rehabilitering. Brukardeltaking inneber både ein rett og ei plikt for brukaren. Rehabilitering utan medverking i ei eller anna form er knapt tenkjeleg så lenge rehabilitering handlar om å meistre sitt eige liv. Det er likevel viktig å sikre at den enkelte får eit reelt medansvar for utarbeiding av rehabiliteringsplanar og tiltak. Regjeringa vil i løpet av 1998 leggje fram forslag til ny lov om pasientrettar. Lova vil mellom anna gi den enkelte pasient rett til å medvirka i valet mellom faglege metodar. Retten vil og gjelde medisinsk rehabilitering og deltaking i utarbeiding av individuelle tiltaksplanar.

Større høve til å kombinera arbeid og trygd for uføre

Etter ein periode med nedgang og svak vekst i talet på uførepensjonistar, har det igjen vore ein sterk auke i talet på nye uførepensjonistar det siste året. Nytilgangen er no på same nivå som på slutten av 1980-talet.

Tidleg på 1990-talet blei det gjort visse presiseringar i regelverket for uførepensjon som i røynda innebar ei innstramming i ordninga. Tanken bak regelendringa var at den enkelte ofte ville vere betre tent med aktive tiltak med tilbakeføring til arbeidslivet som mål i staden for passive trygdeytingar. Utfordringa for trygdeetaten og arbeidsmarknadsetaten har vore og er framleis å sikre at stønadssøkarane ikkje fell mellom to stolar, det vil sei at dei verken har krav på uførepensjon eller yrkesretta attføring. (“For friske for uførepensjon, men for sjuke for arbeid”).

Vi har i dag om lag 250 000 uførepensjonistar. Dei utgjer om lag 8.5 prosent av befolkningsgruppa 16-67 år. Vel 20 prosent av dei har gradert pensjon.

Mange uførepensjonistar har framleis arbeidsevne som dei kan nytta i tidlegare arbeid eller i annan bijobb dersom forholda blir lagt til rette. Men dei har ofte vore lite motiverte til å prøva seg i arbeid fordi dei er redde for at helsa skal svikta eller at arbeidsforholdet ikkje skal vera varig. Ein ny søknadsprosedyre om uførepensjon vil kunne vera tidkrevjande og vil også kunne innebera at vedkommande ikkje lenger fyller vilkåra etter dei nye og strengare inngangsvilkåra frå 1991.

På denne bakgrunnen er det siste året gjort fleire endringar i folketrygdlova som vil gje uførepensjonistar større høve til å prøva seg i arbeid utan at retten til uførepensjon fell bort.

Den såkalla “friinntekta” blei heva frå ½ G til 1 G (Grunnbeløp i folketrygda) frå 1. mai 1997. Dette inneber at uførepensjonistar kan tena inntil 42 500 kroner utan at uføregraden blir revurdert. Interessa for regelendringa tyder på at mange uførepensjonistar har høve til inntektsgjevande arbeid ved sida av pensjonen.

Regelendringa inneber også at personar med gradert pensjon i kombinasjon med deltidsarbeid har fått større høve til å avansera til høgare lønna stilling utan at dei mister retten til gradert pensjon.

For å gi uførepensjonistar større høve til å vera meir yrkesaktiv er det også opna for å tilstå uførepensjon med uføregrad lågare enn 50 prosent. Det er ein føresetnad at vedkommande alt er tilstått uførepensjon og er i eit konkret arbeidsforhold. Dette er ei forsøksordning. På bakgrunn av erfaringane med ordninga vil vi vurdera om ordninga skal gjerast permanent.

Uførepensjonistar som begynnar i lønna arbeid eller i arbeidstrening fekk tidlegare behalda retten til innvilga pensjon i inntil eitt år. Denne “frysperioden” er no utvida til tre år. Dersom arbeidsforsøket ikkje lykkast, vil vedkommande få tilbake uførepensjonen utan ny søknadsprosedyre.

Personar som er født uføre eller er blitt uføre før fylte 26 år har krav på garantert tilleggspensjon på grunnlag av 3.3 pensjonspoeng. For å motivera sterkt funksjonshemma og andre med monaleg uførleik til å prøva seg i arbeid, får dei frå 1. januar 1998 behalda retten til garantert tilleggspensjon i inntil 10 år dersom det er klart dokumentert at vilkåra for garantert tilleggspensjon var oppfylt før fylte 26 år. Det er ingen føresetnad at dei tidlegare skal ha motteke uførepensjon.

Det er for tidleg å seia noko om effekten av tiltaka. Det har ikkje vore eit uttalt mål å få ned talet på uførepensjonistar eller redusera uføregraden. Tvert imot vil hevinga av friinntektsgrensa kunne føra til at personar som tidlegare ville ha fått redusert uføregrad, held fram med full trygd. Men på lengre sikt vil slik tilrettelegging kunne føra til at fleire uførepensjonistar tør å prøva seg i arbeid og seinare gå over i meir permanente arbeidsforhold på heiltid eller deltid.

Regjeringa vil vurdera erfaringane med dei endringane som er gjort i uførepensjonsordninga dei seinare åra (innstrammingane i dei medisinske vilkåra og tiltak for i større grad å kunna kombinera arbeid og trygd) i stortingsmeldinga om utjamning i levekår som vi tar sikte på å leggja fram våren 1999.

Avslutning

  • Oppfylgjing av sjukmelde skal prioriterast
  • Ordningar som inneber større høve til å kombinera arbeid og trygd blir fylgde opp
  • Regjeringa legg fram ei stortingsmelding om rehabilitering til hausten og
  • ei stortingsmelding om utjamning i levekår til våren

Det inneber avgjørande vegval i tida framover når det gjeld trygd, rehabilitering og arbeid.

Regjeringa har teke initiativ til verdimessig og samfunnsetisk mobilisering.

Målet er større ansvar og omsorg for kvarandre.

Eg vonar ein del av den debatten blir at enda fleire enn i dag får kjenna gleda ved eit arbeid.

Ein like viktig del er å arbeida for haldningar og ordningar som gjer at vi ikkje tek glede og livskvalitet frå den som ikkje kan fungera i eit arbeid!

Lagt inn 27. mai 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen