Historisk arkiv

Jubileumskonferanse på Framnes Kurstad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Statssekretær Steinulf Tungesvik

Jubileumskonferanse på Framnes Kurstad

Gode forsamling.

Gode Framnes, som fyller fantastiske 75 år.

Tysdag kveld var eg på teater og såg førpremieren av Personkrins 3:1 av Lars Norén. Det er eit stykke om dei som lever utanfor samfunnet vårt, dei utslåtte, rusmisbrukande, sjuke, kriminelle, råe - og innsiktsfulle, men håplause. Seks timar med direkte uttrykk frå livet bak jernbanestasjonen. Teatret presenterer stykket under overskrifta ”Folk vi helst vil unngå”. Teatersjef Vidar Sandem seier i programmet at han ikkje trur at teatret kan varar med på å endre samfunnet, slik forfattaren tillegg ein av rollefigurane i stykket å spørja. Men, seier Sandem, vi kan over tid endre haldningar. Føresetnaden er at teatret har sjølvmedvet og set vesentlege stykke på speleplanen. Det gjer teatret med stykket, som har premiarar i kveld, og som de kan lesa meldingane om i morgon.

«Det finst uendeleg med håp. Berre ikkje for oss». Seier ein av rollefigurane. Me er samla til seminar for 75 år med håp for mange av ”dei”. Håpet inneheld behov for både førebygging og eit differensiert tiltaksapparat med tilbud til ulike grupper med ulik livssituasjon, bakgrunn og problembelastning. Sjølv om vi har eit breispektra tilbod er det mange vi ikkje når, og/eller som det ikkje finst gode tilbod til. Her må det satsast.

Den viktige debatten som er reist om tiltak for dei aller hardast belasta rusmiddelmisbrukarane, og som delvis har tvinga seg fram som ei følgje av dei alt for mange overdosedødsfalla dei siste åra, må ikkje føre til ei nedprioritering av det førebyggjande arbeidet og den innsatsen som vert gjord i det medikamentfrie behandlingsapparatet, i tillegg til ei vidare styrking av tiltaka utanfor døgninstitusjonane, bl.a. ettervernet.

Hovudbodskapen må varar at skadereduserande tiltak er eit naudsynt supplement til innsatsen elles. Det er ikkje snakk om eit ”anten-eller”, men eit ”både-og”.

Bakgrunn

Sjølv om omgrepet skadereduksjon tradisjonelt ikkje er blitt brukt om tiltak for rusmiddelmisbrukarar i Noreg, representerer det ikkje noko prinsipielt nytt. Fleire av dei tradisjonelle tiltaka for eldre, sosialt marginaliserte og utstøytte alkoholikarar, tok i første rekke sikte på å redusarar eller lindre skadar som direkte følgde av alkoholmisbruket. Døme på dette er herberga, der misbrukarar fekk tak over hovudet i kalde vinternetter, og ordninga med verne- og tilsynsheimar etter at føresegna i lausgjengarlova, som dømde misbrukarar til tvangsarbeid, vart avvikla.

At misbrukarane av andre narkotiske stoff, frå midten av 1960-talet i utgangspunktet var unge i høve til alkoholikarar flest, var nok med på å forankre ei høg grad av behandlingsoptimisme i dei spesialiserte tiltaka, som etter kvart vart utvikla for å hjelpe dei. Det er derfor ikkje minst sosial- og helsearbeidarar innanfor dei nyare tiltaka for behandling av stoffmisbrukarar, som har hatt motstand mot skadereduksjonstiltak, som f. eks. igangsetting av metadonassistert rehabilitering.

HIV/AIDS-epidemien, som på midten av 1980-talet ramma også stoffmisbrukarmiljøa, gjorde det sterkt påkravd å setje i verk smitteførebyggjande tiltak, som informasjon om smittevegar og utdeling av reine sprøyter. Det aukande talet på eldre, sterkt forkomne stoffmisbrukarar, og den aukande dødsraten blant desse (270 overdosedødsfall i 1998 mot 177 i 1997), har sett fokus på den avgrensa kapasiteten som er i det medikamentfrie tiltaksapparatet, og på behovet for å utvikle fleire skadereduserande tiltak for å førebyggje overdosedødsfall.

Faktaopplysningar om skadereduksjon i Noreg.

Smitteførebygging:

  • Førekomsten av HIV-infeksjon blant sprøytemisbrukarar har vore minkande: 104 tilfelle i l986, 22 i 1990, 12 i l994 og 8 i 1998, totalt 429 tilfelle i perioden 1984-98.
  • Talet på AIDS-tilfelle blant misbrukarar i same periode er 109. Flest tilfelle vart diagnostisert i 1994 med 19 tilfelle. I l998 vart 4 misbrukarar AIDS-diagnostisert.
  • Utviklinga når det gjeld hepatitt A og B i misbruksmiljøa er derimot lite oppmuntrande. Sidan 1994 har det vore ein klar auke av akutt hepatitt B blant injiserande stoffmisbrukarar. Sidan byrjinga av 1995 og fram til utgangen av 1998 er det dessutan meldt i alt 930 tilfelle av hepatitt A assosiert med stoffmisbruk, og denne infeksjonen vert no registrert over heile landet.
  • Utdelinga av gratis, reine sprøyter og kondomar, samt informasjon tilpassa målgruppa, har vore heilt sentrale faktorar i det smitteførebyggjande arbeidet.
  • Helsestyresmaktene har hatt følgjande, hierarkiske mål for arbeidet: hindre narkotikamisbruk, unngå sprøytemisbruk, ikkje dele sprøyter, men bruke ny eller reingjord sprøyte, kjende HIV-positive skal bruke sprøyta sist, dersom deling ikkje kan unngåast.
  • AIDS-informasjonsbussen i Oslo (”Sprøytebussen”), ei mobil eining etablert i 1988, er eit konkret døme. Målet er å syte for betre tilgang på reine sprøyter og kondomar, og å informere om smitterisiko og korleis ein kan unngå smitte. I 1998 hadde bussen 113.000 personkonsultasjonar, og 1.900.000 sprøyter vart delt ut. Kommunane sin innsats elles på dette området er varierande.

Helsetilbod elles:

  • Utviklinga har gått mot ein generelt stadig dårlegare helsetilstand for dei tyngste misbrukarane. Mange nyttar seg i liten grad av dei ordinære helsetenestene. I tillegg avbryt dei ofte behandling i sjukehus, andre institusjonar og polikliniske tiltak.
  • På denne bakgrunn etablerte Oslo 8. februar i år eit lågterskel helsetenestetilbod (”Feltpleien”) til misbrukarar, organisert som 5 helsestasjonar knytta til andre, utprega lågterskeltilbod. Fram til 1. juli hadde ca 500 personer oppsøkt tenesta. Ei lang rekkje somatiske plager og lidingar er avdekka. Det vert gjennomført ei rekke sårskift kvar dag, og hepatitt A-vaksinering. Klienter vert viste og følgde til andre helsetenester, lagde inn i sjukehus m.v.
  • Departementet har gjeve midlar til Feltpleien i Oslo, og midlar til de øvrige 11 kommunane i Noreg som hadde flest overdosedødsfall i 1998, for etablering av liknande verksemd. Denne satsinga vil vi vidareføre til neste år, og den er ikkje låst til nokre faste kommunar.

Anna:

  • Straxtiltaka. Ei rekkje større bykommunar (Tromsø, Bodø, Trondheim, Bergen, Kristiansand, Arendal, Tønsberg, Drammen og Oslo) mottek statlege midlar til særlege tiltak overfor dei tyngst belasta rusmiddelmisbrukarane.
  • Vi har satsa særleg for å styrke ettervernet i kommunene, bl.a. gjennom støtte til butiltak tilknytta miljøarbeidartenesta. I Utjamningsmeldinga: Tilskot til utvikling av nye modellar.

Lækjemiddelassistert rehabilitering:

  • Metadonassistert rehabilitering er nå etablert som eit permanent, landsdekkjande tilbod. Det er venta om lag 600 klienter innen utgangen av året. SHD har gjeve midlar til forsøk med buprenorfin i Oslo, Bergen og Kristiansand. Fronten i den politiske debatten har lege her nokre år no. Det har gjeve sterkt fokus. Det er stadig spørsmål om utviding til fleire klientar og til fleire typar medikament. SHD stiller krav til at prosjekta skal vere underlagde krav til psykososial og annan individuell oppfølging.
  • Evaluering av metadon vil føreliggje i løpet av oktober. SHD gjev ut nye retningsliner i haust. Ulike røynsler i Oslo/mindre byar. Tiltakskjede.
  • Det vart halde Nordisk ministermøte om narkotikaproblem i slutten av august i år på Island. Skadereduksjon var hovudtema for diskusjonane. Også i dei fleste andre nordiske land vert skadereduserande tiltak oppfatta som eit nødvendig supplement til øvrige tiltak. Det vart likevel understreka, også av sosialminister Kleppa, at skadereduksjon må inngå i ei heilskapleg tilnærming til rusmiddelmisbrukarane.

Aktuell situasjon.

I ein interpellasjonsdebatt i Stortinget 16. februar 1999 om tiltak for å redusera risikoen og talet på overdosedødsfall, sette Arbeidarpartiet og Fremskrittspartiet fram til saman 13 forslag til styrking av innsatsen mot narkotikamisbruk. Dei fleste av tiltaka var allereie sette i gang eller planlagd sette i gang (førebygging, skule, diverse skadered. tiltak). Forslaga fekk ei merkeleg behandling i Stortinget. Ikkje votering etter debatten, men oversending til komite. Grundig spørsmålsrunde til SHD, så inga votering i komite heller. Oversending. No oppfølging i SHD.

Eitt av forslaga var å ”utrede etablering av sprøyterom bemannet med helsepersonell". Etter FN-organet INCB’s fråsegn av 18. mai i år til danske styresmakter, vert det ikkje rekna som aktuelt å setje i gang forsøk med sprøyterom i Noreg. Det vert i staden lagt stor vekt på å utvikle andre, alternative tiltak for dei tyngst problembelasta misbrukarane.

Meir om stortingssituajsonen: Lenge sidan Narkotikameldinga alt. Nokre parti har andre roller. Trur likevel vi når fram med bodskapen om både-og, når det gjeld førebygging-behandling, skadered-medikamentfri behandling, alk-nark. Nesvåg-gruppa skal etablere dette.

Regjeringa gjev høg prioritet til innsatsen mot rusmiddelproblem generelt. Både det førebyggjande arbeidet mot alkohol- og narkotikaproblem og behandlingsinnsatsen for rusmiddelmisbrukarar vert styrka. Stor utfordring å styrka behandlingstilbodet generelt. Byrje med spørsmålet: Kva treng vi? Og kanskje særleg: korleis når vi dei yngre misbrukarane?

Ei arbeidsgruppe sett ned av sosialministeren i desember 1998 har nyleg avslutta gjennomgangen av behandlingstilbodet til misbrukarar med omsyn til kapasitet, kvalitet, økonomiske og administrative ansvarsforhold. Rapportane til gruppa er no sende på høyring. Det vert parallelt arbeidd i departementet med ei eiga forskrift om kvalitet i behandling av rusmiddelmisbrukarar. Ein ser ikkje på skadereduserande tiltak for dei tyngst problembelasta misbrukarane som motsetning til, men snarare som del av eit generelt godt utbygd hjelpe- og behandlingstilbod. Nye reglar for tilbakehald i institusjon frå 1.1.99. Vellukka, for så vidt som at det er fleire tvangsvedtak. Omsyna bak: Effektivitet, pårørande og rettstryggleik. Sjølvsagt også eit spørsmål om ressursar.

Nesvåg-rapportane er no på høyring, politisk leiing har ikkje fasttømra meiningar no. Men, særleg rapport 2, mange gode ting, kan gå rett inn i forskrift om kvalitet (i haust). Godkjenningsordning, nær sagt full semje i høyringsrunden om lite føremålstenleg. Oppnår det same ved ulike typar kvalitetsgrep/tilsyn.

  • Utjamningsmeldinga inneheld bl. a. tiltak for bustadlause.
  • ”Omsorg 2000” vil vektleggje situasjonen til dei tyngst belasta rusmiddelmisbrukarane. Mangelen på eigna butilbod vert framheva. Mange bur i dag på hospits, og mange har omfattande psykiske lidingar.
  • SHD vil arrangere ein konferanse med internasjonal deltaking i november i år. Føremålet vil vere å sjå på røynsler med dei som tilsynelatande fell mellom alle tiltak, og som heller ikkje profitterer på bruk av metadon.

Problematisering/moment til diskusjon:

Det er nokre dilemma her. Ikkje minst er det behov for å utfordre fagfeltet til å delta aktivt ved å gje innspel som utfordrar dei enkle mediavenlege løysingane.

  • Kor langt skal samfunnet gå i retning av å setje grenser for gruppers høve til ”fri utfalding”?
  • Kor langt skal/kan ein gå i retning av å setje grenser for enkeltmenneske si sjølvøydeleggjande åtferd?
  • Kor langt skal ein gå i å vise ”omsorg” for misbrukarar som openbert øydelegg seg sjølv: Metadon, heroinutskriving, sprøyterom, - legalisering av narkotikamisbruk?

Den ensidige fokuseringa på dei tyngste misbrukarane og overdosedødsfalla inneber nokre farar: Ressursar kan verte flytta frå førebyggjande tiltak og det lækjemiddelfrie behandlingsapparatet til skadereduksjonstiltak, som nemnt. Det kan dannast ei generell oppfatning/haldning av at misbrukarar er ”håplause”, og omsorga kan på sikt verte dårlegare.

Eit ”verdig liv” for misbrukaren:

  • er neppe å verte møtt med negative forventningar om at du ikkje kan ”reise deg”, og at du derfor må gjevast opp og ”pensjonerast” med heroinforsøk og sprøyterom.
  • Det er tvert om at nokon bryr seg om og med deg, og har positive forventningar til at du kan strekkje deg og gjere noe sjølv for å kome ut av misbruket.
  • Eit verdig liv for misbrukaren inneber sjølvsagt å verte møtt av eit fagleg kompetent og haldningsmessig positivt personell og støtteapparat. Men det er viktig å vere klar over at det offentlege tiltaksapparatet ikkje forvaltar livsinnhald. Tilgjenge til miljø og situasjonar som kan gje deg oppleving av meining, vert derfor avgjerande. Sjølvhjelpsgrupper som innanfor Kameratklubbane, AA og NA kan vere viktige i denne samanhengen.
Lagt inn 11. oktober 1999 av linkdoc099005-992460#docStatens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen