Historisk arkiv

Korleis kan vi redusera sjukefråværet?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa

Korleis kan vi redusera sjukefråværet?

NHOs konferansesenter 3. februar 1999

”Hvilken betydning har sykefraværet i norsk næringsliv?”

Eg har fått tre spørsmål – tre vanskelege spørsmål å svara på.

Eg kjenner meg audmjuk i forhold til dagens tema, eg veit så altfor godt at det her ikkje finst enkle svar.

Kva er sjukefråver?

  • Det er arbeidstakarar som må melda pass.Mange har ein dignose som inneber ein lang pause, vegen frå undersøking til oppfylgjing kan vera ei uuthaldeleg påkjenning. Unge og eldre slit mellom arbeid og sjukdom. Somme veit at dei stoppar ein prosess på eigen arbeidsplass.Det vert for nokre ein ekstra motivasjon til å bli friskmeldt, for andre ei ekstra bør som gjer det enda vanskelegare å gå attende til arbeid. Atter andre veit at dei er faktisk ikkje sakna, det er knekkande likesælt for omgivnadene om dei passar arbeidet sitt eller ikkje.
  • Sjukefråver er kollegaer som er utrygge på korleis situasjonen skal taklast. Kor langt skal dei tøya seg, kor inkluderande klarer dei opptre? Skal dei heller vera ærlege og seia som sant er, eige arbeid er enklare når han eller ho som strevar er fråverande?
  • Sjukefråver er bedriftsleiaren som ikkje veit si arme råd med verken å få dei menneskelege eller dei økonomiske ressursane til å gå i hop. Nokre trør til, gjerne med uventa eller utradisjonelle tiltak, andre nyttar høvet til å kvitta seg med ein brysam medarbeidar.
  • Sjukefråver er for meg, som de skjønar, brotne lovnader – det går for seint med ei sak eg gjerne vil ha fram.
  • Sjukefråver er ein aukande utgiftspost på statsbudsjettet, ei gnagande påminning om at mange andre sårt tiltenkte prioriteringar må vika.

Kva er eigentleg sjukefråvær og korleis påverkar dette næringslivet?

Sjukefråvær skapar som oftast store problem på en arbeidsplass. Det er ei utfordring å finne løysingar på korleis arbeidsoppgåvene kan utførast sjølv om ein manglar viktige personar i prosessen. For små verksemder med spesialiserte oppgåver kan sjukefråvær over lenger tid være svært vanskeleg. Korleis skal en klare å skaffe ekstrahjelp med naudsynt kompetanse?

Kan en samarbeide med andre verksemder for å få hjelp i ein vanskeleg situasjon? Korleis kan ein leggje til rette for overtidsarbeid? Kan ein leggje om produksjonen eller få utsett leveransen?

Spørsmåla er mange og utfordringane store. Mange verksemder har ein god og gjennomtenkt personalpolitikk, ansvaret er fordelt og det er gode samarbeidsrutinar som gjer at arbeidet kan gå sin gang sjølv om det er sjukefråvær. Somme har også samarbeid med liknande verksemder for å være betre rusta i slike høve.

Alle kan bli sjuke, men kor lang behandlingstida skal vere avheng av mange tilhøve. Er det køar i helsevesenet? Vert den sjuke teken på alvor? Er det tilhøve på arbeidsplassen som er årsaka til sjukdomen? Eller kan ein endre arbeidsoppgåvene og kombinere arbeid og trygd?

Vi må leggje betre til rette for meir individretta tiltak som er tilpassa den enkelte sin situasjon. Det er ei utfordring både for verksemdene og for oss som utformer lovverket.

Høgt sjukefråvær inneber auka kostnader for arbeidsgjevarane og det offentlege.

Folketrygda sine utgifter til sjukepengar til arbeidstakarar utgjer i dag nærare 15 mrd. kroner.

Arbeidsgjevarane sine utgifter til sjukeløn i arbeidsgjevarperioden ligg på om lag same nivå. Sjukepengar til sjølvstendige og statleg tilsette kjem i tillegg.

Det er med andre ord mykje å spare ved redusert sjukefråvær. Arbeidsgjevarane og offentlege styresmakter har ei felles interesse i å få ned sjukefråværet. Eg trur at vi og langt på veg er samde om verkemidlane.

Høgt og stigande sjukefråvær forplantar seg vidare i form av auka tilgang til uførepensjon og enda større kostnader for det offentlege på lang sikt.

Politikarane sitt ansvar for å redusere sjukefråværet

Kva kan vi gjere for å redusere sjukefråværet? Det er mange årsaker til sjukefråvær. Og mykje kan dreie seg om levekår, korleis fungerar samfunnet, nærmiljøet, familie, venner. Regjeringa har sett ned en Verdikommisjon for å drøfte sentrale spørsmål knytta til levekår og verdiar. Går utviklinga mot et beintøft konkurransesamfunn som ikkje gir plass til ettertanke og omsorg for kvarandre? Eg ser fram til denne debatten.

Eit samfunn som har plass til alle må være politikarane sitt ansvar.

1999 er FN sitt internasjonale eldreår. Mottoet er eit samfunn for alle generasjonar. Kanskje kan et nærare forhold mellom gamle og unge vere med på å redusere sjukefråværet?

Auka innsats i forhold til helse og behandling er viktige prioriteringar for denne Regjeringa. Reduserte helsekøar gir kortare sjukefråvær. Og i årets budsjett er det sett av 40.mill.kr. av folketrygdmidlar til kjøp av ryggbehandling for å få fortgang i disse køane.

I tillegg vil eg kort nemne den store satsinga på å bygge ut ei betre psykiatribehandling og omsorg.

Eg har lagt fram en handlingsplan for redusert rusmiddelmisbruk. Og eg håpar på godt samarbeid med bedriftene og AKAN for å følgje opp dette på arbeidsplassen.

Utviklinga i sjukefråværet

Det er, etter siste statistikk frå januar 1999, 66000 personar heilt utan arbeid i dette landet. Mindre enn 3 personar for kvar hundre. Då er det innlysande at det er fleire i arbeid som slit mellom sjukdom og arbeid.

Når sysselsetjinga aukar, vil helsemessig svake grupper kome i arbeid igjen, og sjukefråværet aukar. Med andre ord: Dersom vi ynskjer at det skal vera plass i arbeidslivet til dei som ikkje fungerer 100 prosent til ei kvar tid, må vi akseptera eit høgre sjukefråvær mellom enkelte grupper.

Kvinnehelseutvalet la fram innstillinga si førre fredag. Lat meg peika på eit punkt i innstillinga.

Det er alarmerende at så mange kvinner er utsett for truslar om vold eller vert utsett for vold, overgrep og trakassering i samfunnet vårt. Det er en klar samanheng mellom slike opplevingar og dårleg helse. Overorda tiltak mot vold mot kvinner i Norge vil ha innverknad på sjukefråværet.

Den sterke veksten den siste tida i sjukefråværet og talet på nye uførepensjonistar gir grunn til bekymring. Talet på stønadsmottakarar er no høgare enn tidleg på 1990-talet, trass i omfattande satsing på førebygging og yrkesretta tiltak. Det er naudsynt å snu denne utviklinga, både for å sikra grunnlaget for dei sosiale velferdsordningane i åra framover og den enkelte sin tryggleik ved sjukdom og uførleik.

Regjeringa har difor vedteke å setja ned eit offentleg utval for å utgreia årsakene til auken i sjukefråværet og tilgangen til uførepensjon. Utvalet skal kartleggja dei samfunnsmessige og økonomiske sidene og finna fram til tiltak som kan dempa utgiftsveksten og få ned talet på stønadsmottakarar. Eg reknar med at utvalet vil vera etablert innan kort tid.

Eg er særleg bekymra når eg veit at stadig fleire unge får uførepensjon. Nokre av desse har aldri fått høve til å etablera seg i arbeidslivet.

Tiltak for funksjonshemma

Stortinget har no til behandling handlingsplan for funksjonshemma. Der har Regjeringa skissert fleire tiltak for å redusera uføretilgangen blant funksjonshemma og leggja til rette for auka yrkesdeltaking.

Målet å få fleire funksjonshemma eller yrkeshemma i arbeid. Dei aller fleste vil kunne utføra noko inntektgjevande arbeid dersom tilhøva vert lagt til rette. Deltaking i arbeidslivet vil gje betre velferd for den enkelte og vera lønsamt for samfunnet.

Eg vil nemne at det i 1997 blei etablert eit nasjonalt forum for integrering av yrkeshemma i arbeidslivet. Medlem i forumet er offentlege styringsmakter (departement og direktorat), partane i arbeidslivet og dei funksjonshemma sine organisasjonar. Forumet skal, i tillegg til å vera eit rådgivingsorgan, også kunne ta initiativ til tiltak som kan medverke til at yrkeshemma kjem i arbeid. Dette er eit samarbeidstiltak som forpliktar alle partar.

Forskjellar i levekår kjem klart til uttrykk mellom dei som har arbeid og dei som har lita eller inga tilknyting til arbeidslivet. I stortingsmeldinga om utjamning i levekår, som Regjeringa vil leggja fram denne våren, legg vi opp til ei grundig kartlegging av ulikskapar mellom anna som følgje av ulik tilknyting til arbeidslivet. Ulike økonomiske levekår fell ofte saman med ulik tilgang på andre velferdsgode. Meldinga vil sjå på samspelet mellom utdanning, yrkesdeltaking og høve til eiga inntekt. Vi vil m.a. vurdera ei mjukare arbeidslinje, større fleksibilitet mellom arbeid og trygd.

Rehabiliteringsmeldinga – samarbeidstiltak

I Voksenåsenerklæringa har Regjeringa peika på at det er viktig å sikra at ikkje nokon fell mellom dei ulike etatane sine ansvarsområde, fordi dei er for friske for uførepensjon og for sjuke for attføring eller arbeid. Gode samarbeidsrelasjonar og tiltak som kan byggja bru mellom helse, trygd og arbeid er stikkord i denne samanheng.

I Rehabiliteringsmeldinga, som blei lagt fram i desember, har vi peika på at for mange grupper, bl.a. kronisk sjuke, men også personar med alvorlege sjukdomar eller skadar, vil det ofte vera føremålstenleg å setja inn yrkesretta tiltak tidleg i ein rehabiliteringsprosess. Rehabilitering og yrkesretta attføring bør føregå parallelt når det er mogleg. Dette stiller store krav til samarbeid på tvers av fag og etatar, ikkje minst når det gjeld å styrka den einskilde sin motivasjon og meistring.

Det overordna målet med rehabiliteringsmeldinga, er å leggja til rette for at personar med helseproblem og funksjonshemmingar skal få eit best mogleg liv, tufta på sjølvstende og sosial deltaking.

Både trygdeetaten og arbeidsmarknadsetaten har etterlyst større innsats frå kommunane si side i overgangen frå sjukefasen til attføring og arbeid. Dette er viktig for å hindra at menneske blir sende unødig fram og tilbake mellom etatane. Mange av dei som blir sende over frå trygdeetaten til arbeidsmarknadsetaten for yrkesretta attføring har problem med å dra nytte av tilboda i arbeidsmarknadsetaten. Talet på dei som må slutta i eit yrkesretta attføringsopplegg på grunn av helseproblem har gått noko ned de seinare åra, men er framleis høgt. For nokre vil krav og forventingar til eit heildags attføringsopplegg bli for store, særleg for dei med svingande sjukdomsbilete/helsetilstand og variabel yteevne. Det er viktig at tilhøva i arbeidslivet blir lagt til rette for at dei som på grunn av helseplager ikkje fungerer 100 prosent til ein kvar tid skal kunna delta i arbeidslivet. Dette inneber også, som eg tidlegare har peika på, at vi må akseptera eit høgare sjukefråvær blant ein del arbeidstakarar. For nokre vil uførepensjon eller kombinasjonar arbeid og trygd vera det rette, men ein del av desse vil ikkje fylla dei medisinske vilkåra i uførepensjonsordning om 50 prosent reduksjon i inntektsevna på grunn av varig sjukdom.

Ofte vil det vera føremålstenleg å trekkja inn arbeidsmarknadsetaten i samarbeid med brukaren om utvikling av individuelle planar på eit tidleg tidspunkt før det er aktuelt med tiltak frå arbeidsmarknadsetaten si side. Dersom vedkomande har eit arbeidsforhold som han /ho skal tilbake til vil arbeidsgjevar vera ein viktig medspelar.

Rehabiliteringsmeldinga peikar på trongen for arenaer og møteplassar for sosialt samvær, sosial trening og andre aktivitetar som førebuing til arbeid. Det blir vist til gode erfaringar med likemannsarbeid og sjølvhjelpsgrupper blant anna i trygdeetaten. Kommunane skal ha ansvar for å leggja til rette for slike tiltak. Også andre kommunale aktørar bør trekkjast inn i etablering av møtestader og arenaer, og trygde- og arbeidsmarknadsetaten må bidra med sin kompetanse.

Departementet vil medvirka til at det blir sette i gang eit avgrensa forsøk med brukarkontor som skal ha som oppgåve å koordinera tiltak og tenester til personer som treng bistand frå fleire etatar (omtala i budsjettet for 1999). Målet er betre tenester og å hindra at enkelte blir ”kasteballar” i det offentlege hjelpeapparatet.

Kvinner si helse har vore lågt prioritert i forsking og behandling - det viser kvinnehelseutvalget si utgreiing som nyleg er overlevert til helseminister Dagfinn Høybråten. Utvalet pekar på at kvinner si helse skil seg frå menn si helse både i sjukdomsbilete og i bruk av tenester. Dette må takast på alvor både i forskningssamanheng og i behandling av kvinner. Kvinner sin posisjon i samfunnet fører til at de får lågare prioritering når det gjelder innsamling av kunnskap og tilretteleggjing av behandling.

I arbeidslivet blir dette ei utfordring både for bedriftene og det offentlege.

Ja til felles ansvar

Eg har her nemnt nokre tiltak som departementet arbeidar med. I tillegg ynskjer eg å samarbeide nært med partane i arbeidslivet om denne viktige oppgåva. Vi har eit felles ansvar.

Dei sentrale organisasjonane i arbeidslivet har i fleire år, som kjent, vore engasjert i sjukefråværsarbeid. Det tette samarbeidet har vore mogleg fordi begge partar har ei felles interesse i at verksemdene sin økonomi ikkje blir svekkja som følgje av høgt sjukefråvær.

Samarbeidet mellom partane og det offentlege har også vore svært konstruktiv. Frå Regjeringa si side har det vore viktig å føra vidare dette samarbeidet.

Korleis kan norsk næringsliv møte utfordringane med å redusere fråværet?

Det er viktig å setja inn tiltak tidleg for å førebyggja varig avgang frå arbeidslivet.

Arbeidsgjevaren har etter Arbeidsmiljølova hovudansvaret for attføring av eigne tilsette. I tillegg fekk vi i 1993 ei føresegn i folketrygdlova om at trygdekontoret kan be arbeidsgjevaren om å gjera greie for tiltak som kan setjast i verk på arbeidsplassen for at den sjukmelde skal kunne koma tilbake i arbeid. Denne føresegna inngår i rutinane for oppfølging av sjukmelde i trygdeetaten. For nokon kan det vera aktuelt med aktiv sjukmelding for å prøva ut den sjukmelde sin arbeidskapasitet og førebu haN eller ho på tilbakevending til arbeid. Aktiv sjukmelding er kostnadsfritt for arbeidsgjevaren. Det er folketrygda som betalar.

Arbeidsgjevarane har mykje å henta gjennom satsing på førebygging og sjukefråværsoppfølging. Arbeidstakaren er ein ressurs og ikkje ein kostnad for arbeidsgjevaren. Dette er det kanskje unødvendig å seia. I dei fleste tilfella er dette opplagt. Arbeidsgjevaren må ofte skaffa vikar, og viktig kompetanse kan forsvinna når arbeidstakaren blir sjukmeld. Men av og til kan det vere slik at arbeidsgjevaren gjerne vil kvitte seg med arbeidstakaren og derfor ikkje gjer nok for at han eller ho skal fungera i arbeidssituasjonen trass i helseplager eller andre problem.

Når vi veit at fem prosent av arbeidstakarane står for over 80 prosent av fråværet (utover arbeidsgjevarperioden), viser dette kor viktig det er med målretta tiltak ovanfor risikogrupper. Det er viktig å knytta sjukefråværsarbeidet opp mot HMS-arbeidet i verksemdene. Både bedriftsleiarar og tilsette har eit ansvar for å utvikla eit godt arbeidsmiljø utan sjukdomskapande element.

Idébank i arbeidslivet

Vi har mange døme på verksemder og offentlege etatar og kommunar som har lukkast med sjukefråværsarbeid. Det er viktig at også andre verksemder som ikkje har vore fullt så flinke får kjennskap til dei gode eksempla. Som kjent har eg teke initiativ til oppretting av ein idébank i arbeidslivet for å kunne samla kunnskap og erfaringar. Idébanken skal hente inn og samle erfaringar frå prosjekt og tiltak og etablera rutinar for spreiing av kunnskap. Dei seinare åra har det vore avsett store beløp til forsøksverksemd på rehabiliterings- og sjukefråværsområdet. Å få ei samla vurdering av effekten av desse tiltaka er viktig for vidare satsing. Det er også lagt opp til at idébanken sjølv skal kunne ta initiativ til tiltak og sette i gang prosjekt.

Idébanken skal organiserast som eit samarbeidsprosjekt mellom partane i arbeidslivet og offentlege styresmakter. Det er sett av 3 mill kroner til oppretting og drift i 1999, og lagt opp til ein prosjektperiode på 4 år. Det er oppnemnd ei styringsgruppe der organisasjonane i arbeidslivet er representert. Det blei underskrivi ein samarbeidskontrakt like føre jul.

Statens arbeidsmiljø institutt har fått ansvar for å husa sekretariatet, dvs. stilla kontorplass til disposisjon, bidra med råd i faglege spørsmål og elles ha arbeidsgjevaransvar. Det vil i desse dagar bli lyst ut stilling som sekretariatsleiar + ein medarbeidar.

Erfaringar frå sjukefråværsprosjekt i samarbeid med partane

Frå 1994 har det vore sett av midlar til forsøksverksemd der trygdeetaten samarbeider med partane i arbeidslivet om tiltak for å førebyggja sjukefråvær. Målet med forsøka har vore å etablera gode samarbeidsrelasjonar kring den einskilde og utvikla rehabiliterings- og attføringstiltak knytt til arbeidsplassen til dei sjukmelde. Målgruppa har vore personar med muskel- og skjelettlidingar. Dei fleste av prosjekta har vore knytt til i kommunale arbeidsplassar, men også fleire private verksemder har vore med i prosjekta.

Eg ser av programmet at erfaringar frå eit av prosjekta (Ringnes bryggerier) vil bli presentert her i morgon. I dette prosjektet har prosjektleiaren som er tilsett i trygdeetaten hatt kontorplass i bedrifta og delteke aktivt i sjukefråværsarbeidet i bedrifta.

I nokre av prosjekta har tilbod om fysisk trening, til dømes trimgrupper vore blant tiltaka. Det har vore vanskeleg å måla effekten av slike tiltak på sjukefråværet.

Blant prosjekta i kommunal verksemd vil eg trekkja fram prosjektet i Aurskog-Høland kommune der alle etatane i kommunen er med. Prosjektet har klart å setja sjukefråværsarbeid på dagsordenen på alle nivå i kommunen og har utarbeidd rutinar for sjukefråværsoppfølging og HMS-arbeid. Sjukefråværet har gått ned og er no på i underkant av 6 prosent i gjennomsnitt for hele kommunen. Prosjektet blei avslutta i desember 1998, men vil bli vidareført, og målet er eit fråvær på 4 prosent i løpet av år 2000.

Eit tiltak som har vist gode resultat er tilrettelegging for aktiv sjukemelding.

Det er ei ordning der helsetenesta , brukaren og trygdeetaten i nært samarbeid med arbeidsgjevaren legg til rette for ei moglegheit til delvis å vere i arbeid sjølv om ein er sjukemeld. Det er viktig å behalde tilknytinga til arbeidet også ved langvarig sjukdom.

Resultat frå eit slikt prosjekt i Oppdal kommune viste at lengda på sjukefråværet vart redusert med 7.4% ved aktiv sjukemelding.

Eit prosjekt i Sør-Troms viser også til svært gode resultat. Større bruk av aktiv sjukmelding er mellom årsakene til at sjukefråværet har gått ned. I første kvartal 1998 var heile 18 prosent av dei sjukmelde på aktiv sjukmelding.

Eg vil og nemne at Sosial- og Helsedepartementet har gitt støtte til det såkalla EGA-prosjektet som er eit samarbeidsprosjekt mellom LO og NHO der målet er å redusera einsidig gjentakande arbeid. Vi ventar at dette prosjektet vil gje kunnskap om tilhøvet mellom fysisk og organisatorisk arbeidsmiljø og fråvær generelt i privat sektor og sjukefråvær som skuldast belastningslidingar spesielt.

Sjukefråværsprosjekt i offentleg sektor

Partane sitt engasjement har i hovudsak vore retta mot private verksemder med høgt sjukefråvær. Men sjukefråværet er også høgt i deler av offentleg sektor. Det er ikkje berre i dei tradisjonelle næringane som industri, bygg og anlegg at risikoen for høgt sjukefråvær er stor. Her har tiltak for å betre det fysiske arbeidsmiljøet hatt ein positiv effekt på sjukefråværet. Men det har også vore høg avgang til uførepensjon og anna tidleg pensjon (AFP) i desse yrka.

I offentleg sektor er det særleg i den tenesteytande delen, blant anna i dei såkalla ”trøste og bære yrka” at sjukefråværet er høgt. I desse yrka er det truleg like viktig å betre det psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljøet som det fysiske.

Statleg sektor

Sosial- og helsedepartementet gav i 1998 forsøksmiddel til sjukefråværsprosjekt i fem statlege etatar/statsbedrifter - Rikshospitalet, arbeidsmarknadsetaten, trygdeetaten, NSB og Posten. Etatane og statsbedriftene er valt ut fordi dei har høgt sjukefråvær. Fleire av etatane/bedriftene har også gått gjennom store omstillingar.

Prosjekta skal finna fram til og setja i gang tiltak som skal redusera det arbeidsrelaterte fråværet gjennom systematisk HMS-arbeid. Tiltaka skal byggja på ei dokumentert kartlegging

av arbeidsmiljø og sjukefråvær og spenner frå leiarutvikling og opplæringstiltak til generell førebygging. Prosjekta skal koma med forslag til rutinar for sjukefråværsarbeid og sjukefråværsoppfølging.

Er ser av programmet at Posten vil leggja fram erfaringar frå sitt sjukefråværsarbeid i morgon.

I NSB er det sette i gang to prosjekt – eit mellom dei som har ansvar for reingjering av toga og eit mellom konduktørane på lokaltog. Sjukefråværet mellom reinhaldspersonalet har vore svært høgt, heilt opp i 30 prosent i periodar. Dei har tungt arbeid og eit vanskeleg fysisk arbeidsmiljø. Gjennom betre organisering/tilrettelegging av arbeidsoppgåver og betre opplæring av gruppeleiarar ventar NSB at dei vil kunne redusera sjukefråværet. Også blant konduktørane har sjukefråværet vore høgt. Det har vore vanskeleg å rekruttera stabil arbeidskraft. Også i dette prosjektet er leiarutvikling eit av tiltaka.

Oppfølging av sjukmelde i trygdeetaten

Oppfølging av sjukmelde og førebygging av langtidsfråvær har lenge vore eit prioritert innsatsområde i trygdeetaten. Jo lengre ein person er sjukmeld, jo større er sjansen for at han/ho skal falla ut av arbeidslivet for godt.

Trygdekontora si rolle er tosidig. På den eine sida har trygdekontora ei ”kontrollrolle”. Den skal passa på at vilkåra i lova er oppfylt. Samstundes skal trygdefunksjonæren fungera som vegvisar, pådrivar og koordinator ut i frå kjennskapen til den sjukmelde og dei virkemidla som trygdeetaten rår over. Gode samarbeidsrelasjonar med den sjukmelde og andre instansar som arbeidsgjevar og den sjukmelde sin lege er ein føresetnad for at trygdeetaten skal kunne lukkast i arbeidet med å få sjukmelde raskare tilbake i arbeid.

Det er viktig at dei sjukmelde ikkje missar kontakten med arbeidslivet. Mange sjukmelde vil kunne arbeide noe dersom forholda blir lagde til rette for det. Ordninga med aktiv sjukmelding

har gjort det lettare å setja i gang tiltak på arbeidsplassen når helsetilstanden ikkje er til hinder for det. Ordninga inneber at det skal bli lettare for sjukmelde å prøva seg i arbeid utan å missa retten til sjukepengar. Det er ein føresetnad at arbeidsoppgåvene blir tilpassa plagene og den medisinske tilstanden til den sjukmelde. Bedrifter og arbeidstakarar som har erfaringar med bruk av aktiv sjukmelding er positive til ordninga. Men ordninga har vore lite brukt, sjølv om det har vore ei viss auke i bruken den siste tida, (frå 2 prosent av dei sjukmelde i 1997 til 4 prosent i 1998). Eg trur at det låge talet på personar som inntil no har prøvd aktiv sjukmelding har samanheng med at ordninga er lite kjend blant arbeidsgjevarar og leger. Her har trygdeetaten ein jobb å gjera. Eg veit at LO og NHO har engasjert seg for å gjera ordninga betre kjent i arbeidslivet gjennom informasjonsmateriell og engasjement i eit intervensjonsprosjekt i regi av Folkehelsa.

Til slutt:

Næringslivet og offentlege styresmakter har ei felles interesse i og ansvar for å få ned sjukefråværet.

Arbeidsgjevar har ansvar for å leggja tilhøva til rette for at dei som slit med helseplager også skal kunne fungera i arbeidslivet.

Det offentlege sitt ansvar er å sikra økonomisk tryggleik ved sjukdom og uførleik og naudsynte helsetenester.

Arbeidsgjevarane har også eit ansvar ovanfor dei som står utanfor arbeidslivet. Mange av dei som i dag lever på trygd vil kunne delta i inntektsgjevande arbeid dersom dei får sjansen til å prøva seg. For nokon vil ein kombinasjon arbeid og trygd vera det rette.

Det offentlege si rolle er og å vera pådrivar og å setja krav mellom anna til helse-, miljø og sikkerheitsarbeidet i bedriftene. Trygdeetaten og kommunane har ei viktig oppgåve som koordinator. Samarbeid mellom etatar og sektorar på alle nivå er ein føresetnad for å lukkast i sjukefråværsarbeid og rehabilitering.

Førebygging og tidleg og målretta oppfølging er framleis det viktigaste virkemidlet for å få ned sjukefråværet. Etter eit år med sjukepengar er det ofte for seint å setja inn tiltak. Vi må lytta til og læra av dei mange som har gode røynsler med sjukefråværsarbeid. Eg har nemnt idébanken. Konferansar som denne er også viktig for å spreia informasjon og inspirasjon.

Lukke til !

Lagt inn 15. februar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen