Historisk arkiv

”Lov om sosiale tenester – visjon og virkelighet for rusfeltet”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa

”Lov om sosiale tenester – visjon og virkelighet for rusfeltet”

Arrangør: Fagrådet innan Rusvernet i Noreg, Fagkonferanse – Bergen, 27.10.99

Kontroller mot framføring!

Opning

Fagrådet – viktig samarbeidspartnar.

Takk til einskildmedlemmer for brennande engasjement for ein betre kvardag for einskildmenneske som slit. Takk for at de står på år ut og år inn på eit felt der de veit at det blir mykje – ”om att og om att”.

”Du skal få ein dag i morgon med blanke ark og fargestiftar til”

For meg har det vore eit privilegium å fylgja

  • rusfeltet på 2 år
  • eg har møtt mange av dykk som er her
  • medlemmer av fagrådet
  • møtt andre engasjerte fagpersonar
  • møtt mange rusmisbrukarar
  • opplevd kommuner som verkeleg satsar og vil ta eit tak for sine vanskelegstilte
  • folkevalde og tilsette med eit sterkt engasjement
  • og også nokre som er i ferd med å gi opp.

Eg har også tatt initiativ til gjennomgang både av det førebyggjande arbeidet og behandlingstilbodet.

Innleiing

Det rår ulike syn på – og forståing av – det å vere avhengig av rusmiddel. Tradisjonelt var det vel lenge oppfatta som ”dårleg vane”, og følgjeleg som eit moralsk spørsmål. Oppfatninga av avhengigheit som sjukdom har halde seg lenge, og vert framleis delt av mange. Andre legg vekt på livsstilsaspektet og den ”eksistensielle” dimensjonen som viktigast. Truleg må ein inkludere deler av alle desse synsmåtane, i forståinga av at det å vere avhengig av rusmidlar er eit samansett problem.

Av erfaring veit ein at behandlingsopplegg kjem til kort viss ikkje misbrukaren på eit tidspunkt viser evne til å ta større ansvar for eigne handlingar. Ein lukkast heller ikkje viss den det gjeld ikkje finn meining med livet utan rus. Ein sjukdomsdiagnose hjelper ikkje viss den ”sjuke” får inntrykk av at han eller ho med rette kan innta ei passiv haldning til eigen ”lækjedom”, og i alle fall så lenge det ikkje finst ein konkret og effektiv medisinsk behandlingsmetode.

Samansette problem krev samansette – og samordna – løysningar. At hovudansvaret for hjelpe- og behandlingstilboda til rusmiddelmisbrukarane er forankra i ei teneste, - den kommunale sosialtenesta -, tyder ikkje at sosialtenesta står aleine om ansvaret. Både kommunehelsetenesta, sjukehusa, det psykiske helsevernet og andre deler av forvaltinga har eit ansvar overfor denne gruppa.. Det tyder likevel at det er ei teneste som har det lovheimla ansvaret for å syte for at hjelp finst, i samarbeid med andre. Det heiter då følgjeleg også i sosialtenestelova §3-2:

”Sosialtenesta skal sørge for at sosiale hensyn blir ivaretatt av andre offentlige organer som har betydning for sosialtjenestens arbeid. Sosialtenesta skal samarbeide med andre sektorer og forvaltningsnivåer når dette kan bidra til å løse de oppgaver som den er pålagt etter denne loven…………”

  • Det var i desember 1998 Sosial- og helsedepartementet sette ned ei arbeidsgruppe for å gå gjennom hjelpe- og behandlingstilbodet for rusmiddelmisbrukarar . Nesvåg – utvalet. Mandatet var tredelt:

10. Vurdere det samla døgnbehandlingstilbodet

11. Vurdere tiltak for kvalitetssikring av hjelpe- og behandlingstilbodet til rusmiddelmisbrukarar.

12. Vurdere evnt. trong for endringar i den noverande ansvarsplassering- og finansieringssystem for tiltaka

  • Rapportane har no vore på høyring. Deler av dei vil bli omtala i stortingsmeldinga Omsorg 2000, ei melding som skal gjelda innhaldet og kvaliteten i omsorgstenestene. Dette gjeld spesielt tiltak for dei tyngste rusmiddelmisbrukarane, samt spørsmål omkring organisering av tenestene.
  • Det er eit mangfald av døgnbehandlingstiltak i Noreg, både fylkeskommunale og private. Kvaliteten på institusjonane varierer, og såleis også tilbodet som vert gitt til klientane. Etter dagens reglar står kven som helst i prinsippet fritt til å opprette døgninstitusjonar for rusmiddelmisbrukarar. Dette gjer spørsmålet om kvalitet og sikring av kvalitet spesielt viktig. Lov om sosiale tenester gir departementet høve til å gje rettleiande retningsliner om bygningar og utstyr, bemanning og dei tilsette si utdanning m.m. Departementet har så langt valt å ikkje gje slike retningsliner.

Lov om sosiale tenester

  • Lov om sosiale tenester vart sett i verk 1.1.93 etter ein omfattande og langvarig utgreiingsprosess. Lova er basert på fleire grunnleggjande sosialpolitiske overordna prinsipp:
  • Heilskap, nedbygging av særomsorg og sektorgrenser innan sosialsektoren.
  • Førebygging som overordna prinsipp
  • Samarbeid og samordning, dette gjeld både i høve til samordna innsats ovanfor den enkelte person og mellom sektorer
  • Rettstryggleik , m.a. utvida krav til sakshandsaming før avgjerd om tilbod om tenester, fylkesmannen sitt tilsynsansvar og særlege reglar for bruk av tvang innan rusmiddelomsorga.
  • Styrking av sjølvråderett for mottakaren, lova skal medverke til at den enkelte får mulegheit til å leve og bu sjølvstendig.
  • Lova sikrar et minimum av tenester kommunesektoren må ha.
  • Tenestetilbodet må vere tilgjengeleg.

Lov om sosiale tenester kap. 6

  • Kap. 6 inneheld enkelte særreglar for rusmiddelmisbrukarar og omfattar alle former for rusmiddelmisbruk. Men alle føresegner med omsyn til arbeidet med rusmiddelmisbruket går likevel ikkje fram av kap. 6. For det første er rusmiddelmisbrukarar ei målgruppe for sosialtenesta sine generelle tiltak etter kap. 3, 4 og 5. For det andre finst også særregler om rusmiddelmisbrukarar i andre kapittel i lova.
  • Sosialtenesta har etter kap. 6 eit særleg ansvar for å tilby rusmiddelmisbrukaren hjelp i lokalmiljøet. I samsvar med lova har sosialtenesta ansvar for råd, rettleiing og hjelpetiltak overfor den enkelte misbrukar utanfor institusjon, samt råd og rettleiing ovanfor misbrukaren sine pårørande. Dersom det er trong for det og klienten ynskjer det skal sosialtenesta syte for eit behandlingsopplegg. Det vert sagt at ansvaret først og fremst ligg hjå sosialtenesta. Men denne understrekinga av sosialtenesta sitt ansvar kan føre til ansvarsfråskriving frå andre deler av hjelpeapparatet. Sosialtenesta har også ansvar for klienten medan denne er innlagd på institusjon, innsett i fengsel eller liknande, og for tiltak etter institusjonsopphald. Tenestene/ tiltaka skal utarbeidast i samarbeid med klienten.
  • Misbruk av rusmiddel vil alltid representere ein alvorleg risiko for helseskader. Dette gjeld både i høve til den fysiske og psykiske helsa. Eg vil understreke at alle etter lov om kommunehelseteneste har rett på naudsynt helsehjelp, uavhengig av kva som er årsaka til at en har trong for denne hjelpa. Det viser seg likevel at rusmiddelmisbrukarar av ulike årsaker kan ha trong for spesielt tilpassa helsetenester i ei viss utstrekning. Undersøkingar frå Oslo kommune viser at t.d. misbrukarar i lita grad nyttar det etablerte helsetenestetilbodet. Eg har i 1999 sytt for øyremerka midlar til helsetenestetiltak, lågterskeltilbod, til dei 11 bykommunane som hadde flest registrerte overdosedødsfall i 1998. Denne satsinga vert vidareført i 2000-budsjettet. Vi må likevel her vere forsiktig så vi ikkje igjen opprettar ei ny særomsorg for rusmiddelmisbrukarar. Det er ei utfordring for helsetenesta å utforme det ordinære tenestetilbodet slik at rusmiddelmisbrukarane sine behov også vert ivaretekne.
  • Eit viktig verkemiddel for å få til eit betre samarbeid og for å få ei betre sosialteneste er utvikling av kompetanse. Det har gått føre seg eit omfattande utviklingsarbeid i sosialtenesta gjennom 1990-åra. Først gjennom ”Utviklingsprogram for sosialtenesta” så det påfølgjande ”Program for styrking av sosialtenesta”. I handlingsplanen Kunnskap og brubygging, som vi iverksette frå 1. mars 1998, er kvalitet og kompetanse sett på dagsorden. Satsingsområda i denne planen er:

27. Spreie erfaringar frå utviklingsarbeid dei siste åra.

28. Heve kvaliteten og kompetansen i sosialtenesta sitt arbeid med klienter med samansette behov, mellom dei rusmiddelmisbrukarar. Betring av ettervernet står sentralt.

29. Gjere sosialtenesta meir brukarvennleg og tilgjengeleg.

30. Redusere tilfeldig forskjellsbehandling i fordeling av økonomisk stønad.

Dette er ei unik opprusting av sosialtenesta i verdenssamanhang. Det skjer i nærmiljøet
- lokalt
- det er der problema er!!
- det er der dei må løysast!!

Ei av utfordringane framover er å tilpasse tenestene til brukarane sine behov. Sjølv om klienttalet flatar ut eller går ned dei fleste stader, ser vi at dei fleste kommunane no sit att med ei tyngre klientgruppe som krev samordna innsats frå fleire hald. Eit av satsingsområda i planen er difor å heve kvaliteten og kompetansen i sosialtenesta sitt arbeid med dei tyngste klientane. Verkemidla for å få dette til er først og fremst oppretting av faglege fora og rettleiingssopplegg i alle fylke og eit landsdekkjande opplæringsprogram med fokus på rus og generelt arbeid på sosialkontor.

Vi er inne i første året av opptrappingsplanen for psykiatrien. Hos alle fylkeslegeembeta er psykiatrirådgjevarar tilsette.

Erfaringa med handlingsplanen for eldreomsorga og samarbeidet mellom fylkesmann og fylkeslege om den, seier meg at vi no har ei ny mulighet for samarbeid i fylka: Fylkesmannen har ansvar for ”Kunnskap og brubygging”, fylkeslegen for psykiatriplanen – begge bistår kommunane for ein betre kvardag for personar med rus- og psykiske problem!

Mange rusmisbrukarar har problem med å skaffe eiga inntekt til livsopphald, og er slik avhengig av sosialhjelp. I analysane til St meld 50, Utjamningsmeldinga, som vart lagd fram i juni, og skal handsamast i Stortinget våren 2000, går det fram at det er til dels store variasjonar i stønadsnivået frå kommune til kommune. Regjeringa varslar i meldinga at vi vil innføre rettleiande normer for utmåling av økonomisk sosialhjelp. Dette går saman med handlingsplanen for førstelinja i sosialtenesta inn i ein samla strategi for å motarbeide tilfeldig fordeling av økonomisk sosialhjelp, og vil samstundes frigjere arbeidstid for den enkelte sakshandsamar til meir aktiv og individuell hjelp.

  • Arbeidet med rusmisbrukarar synest opprioritert i mange kommunar etter at lov om sosiale tenester trådde i kraft. Men vi ser også at grad av heilskaplege tilnærmingar og ivaretaking av ettervernet ser til å variere mykje kommunane imellom. Betring av ettervernet er difor sentralt. I tillegg til tiltaka innanfor Kunnskap og brubygging, der det også følgjer med prosjektmidlar, er det gjennom Handlingsplan for redusert bruk av rusmiddel gitt rom for utvikling av ettervernstiltak i kommunane. Det er også her avsett midlar til prosjekt for å styrke ettervernet for hardt belasta rusmiddelmisbrukarar i kommunane. I mange kommunar vert det satsa på bustader med tilknytta miljøarbeidarteneste.
  • I Utjamningsmeldinga er det og forslag om tiltak for å redusere bruken av hospits. Opphald på hospits høver svært dårleg for rusrehabiliterte. Den allsidige bruken og omsetnaden av rusmidlar på mange hospits gjer det vanskeleg ikkje å ta opp att misbruken, og dei sosiale tilhøve kan gjere det svært vanskeleg å etablere eit nytt livsmønster. Regjeringa vil redusere bruken av hospits, m.a. ved å prioritere ei styrking av Husbanken sine tilskotsordningar til bruk for kommunane i deira arbeid med bustadlause.

Det er og viktig å samordne hjelpetiltaka for bustadlause betre, og setje innsatsen for den enkelte inn i ein større samanheng.

Nærare om Nesvåg-gruppa sine rapportar

  • I den tredje delrapporten om tiltak for rusmiddelmisbrukarar;
  • ansvarsplassering, finansieringssystem og samarbeidsforhold, peikar gruppa på at særreglane i sosialtenestelova kap. 6 reiser prinsippielle problemstillingar. Særreglane medfører, vert det hevda, at tiltak for rusmiddelmisbrukarar i stor grad framleis kan seiast å vere ei særomsorg, og understreking av sosialtenesta sitt spesielle ansvar medverkar til ansvarsfråskriving. At tiltak for rusmisbrukarar einsidig er knytta opp mot sosialtenesta, kan også gjere det vanskeleg for klientar som ikkje har behov for andre sosiale tenester (merknad: enn hjelp med rusmiddelproblemet) å oppsøkje hjelpeapparatet.

På den andre sida vert det uttala i rapporten at særreglane si påpeiking av kommunan sitt ansvar for rusmisbrukarar langt på veg har medverka til etablering av lokale hjelpetiltak. Ei evt. oppheving av særreglane vil kunne føre til at det blir mindre press i kommunane på å etablere lokale hjelpetiltak. Arbeidsgruppa tilrår at det vert føreteke ein gjennomgang av lovverket med sikte på å vurdere kor vidt ein skal oppheve særreglane i sosialtjenestelova kap. 6. Eg vil syta for ein slik gjennomgang.

Tvang

  • Kap. 6 inneheld også reglar om tvang ovanfor rusmisbrukarar. To reglar i lova opnar for høve til å halde rusmisbrukarar attende i institusjon med (§6-3) og utan (§6-2) eige samtykke. Med verknad frå 1. januar 1996 trådde § 6-2 a i kraft. Det vart då opna for å halde attende gravide rusmisbrukarar utan eige samtykke, av omsyn til fosteret. Frå 1. januar 1999 er § 6-1a i verksett. Denne regelen pålegg sosialtenesta ei plikt til å vurdere bruk av tvang etter melding frå pårørande. Samstundes er vilkåret om at det må føreliggje ein konkret institusjonsplass før fylkesnemda får ei tvangssak til behandling, oppheva.
  • Talet på vedtak om å halde attende klientar utan eige samtykke er aukande. I 1997 gjorde fylkesnemdene 22 vedtak om tilbakehold utan eige samtykke. I tillegg ble det fatta 10 vedtak og 18 hastevedtak (godkjenning av mellombels vedtak) i forhold til gravide rusmisbrukarar. Tala for 1998 viser 31 vedtak om å halde attende misbrukarar, og i tillegg 17 vedtak og 30 hastevedtak ovanfor gravide rusmisbrukarar. For første halvdel i 1999 viser tala ein stor auke i tal vedtak. Det ser likevel ut til at dei fleste vedtak vert gjort overfor narkotikamisbrukarar trass i den helsefaren alkohol utgjer for fosteret.
  • Det har vore meldt om usikkerheit i sosialtenesta om framgangsmåten i behandlinga av tvangssaker. Departementet har difor nettopp gitt ut ein Handlingsrettleiar med føremål å gje tilsette i sosialtenesta, men også rusmiddelmisbrukarar og deira pårørande, eit praktisk oversyn over sakshandsamingsregler og naudsynte faglege regler i samband med vedtak om tvangsbehandling. Kompetansesenteret Rus i Oslo og Akershus har gjort det meste av arbeidet med denne rettleiaren.
  • Med enkelte unntak rapporterer fylkeskommunane i samband med utarbeidinga av Nesvåg-utvalet at plassering i døgninstitusjon på bakgrunn av tvangsvedtak ikkje har representert noe stort problem. Dette er nok fordi det har vært relativt få saker. Vi trur likevel den siste endringa av sosialtenestelova vil føre til auka etterspurnad etter behandlingsplassar som vil kunne ta imot misbrukarar i institusjon utan eige samtykke. Det er ei utvikling som kanskje allereie har starta.
  • Ei utfordring vert å kanalisere nok pengar til dette området, slik at mangel på økonomiske ressursar ikkje skal hindre at naudsynte vedtak kan gjerast.

Lov om sosiale tenester kap. 7

  • I samsvar med sosialtenestelova kap. 7 har fylkeskommunen ansvar for etablering og drift av institusjonar med tilknytta spesialisttenester for omsorg for og behandling av rusmisbrukarar. I dette ligg eit ansvar for:

2. at det finnes et tilstrekkeleg tal institusjonsplassar i fylket for å dekke det behov som til ei kvar tid måtte være til stades,

3. at institusjonane tilfredsstiller visse krav til kva et slikt tilbod skal innehalde

4. og at institusjonane drives økonomisk forsvarleg

Fylkeskommunen skal utarbeide planar for korleis dei pålagde oppgåvene blir løyste.

  • For å løyse oppgåvene fylkeskommunane står overfor kan det være føremålstenleg å etablere eit samarbeid med andre fylkeskommunar. Lov om sosiale tenester opnar for slikt samarbeid og fylkessamarbeidet mellom Telemark, Vestfold, Buskerud er døme på dette.
  • I Ot. prp. nr. 78 (1997-98) føreslo departementet ein heimel i sosialtenestelova for forskrift om kvalitet i behandlings- og rehabiliteringstiltak. Stortinget har slutta seg til dette forslaget. Forskrifta vil bli utforma med sikte på å utdjupe allereie eksisterande regelverk på området. Det vil bli lagt vekt på å tydeleggjere kommunen, fylkeskommunen og institusjonseigaren sine plikter og ansvar for å sikre den som bur i husværet tenester som er i samsvar med lova og deira behov. Det vil bl.a. bli lagt vekt på:

7. krav om at det skal skje ei vurdering av misbrukaren sin situasjon og behov.

8. vurdering av kor eigna institusjonen er.

9. at tiltaket (kommunalt, fylkeskommunalt eller privat) skal gjere tydeleg innhaldet i institusjonstilbodet.

10. kontrakt mellom misbrukaren, kommunen og institusjonen.

11. at det skal utarbeidast tiltaksplanar for den enkelte klient.

12. at det skal opnast for intern og ekstern evaluering av tilbodet.

Det vert stillt krav til samarbeid mellom institusjon, sosialteneste, kommunal helseteneste og andre involverte partar.

Forskrifta krev at fylkeskommunane og kommunane skal forsikre seg om at det tilbodet dei nyttar skal tilfredstille visse krav. Det vert på denne måten reist indirekte krav til alle institusjonar, private og offentlege, som kommunen og fylkeskommunen nyttar.

Ei forskrift om kvalitet vil bli sendt på høyring før jul.

  • · Når det gjeld døgntiltak er fylkesmannen tillagt et tilsynsansvar. Fylkesmannen skal føre tilsyn både med tiltak som er tekne inn på fylkeskommunane og kommunane sine planar og med private institusjonar og bustader med heildøgns omsorgstenester som ikkje er inne på nokon plan.
  • Tilsynet skal m.a. sjå til at ein institusjon vert driven i samsvar med gjeldande lover og retningsliner og at klienten får forsvarleg og respektfull behandling og omsorg. I følgje forskriftene skal det utførast minst 4 tilsynsbesøk i året på kvar institusjon. Minst halvparten skal ikkje vere varsla. I 1998 gjennomførte fylkesmennene eller tilsynsutvala 406 besøk ved rundt 160 institusjonar. Det gir et gjennomsnitt på 2,5 besøk per institusjon. Det er, sidan ordningane blei innført, registrert ein nedgang i tal tilsynsbesøk. Det er urovekkjande at krava i forskriftene ikkje blir oppfylgde.
  • Departementet har hatt i gang fleire prosjekt ved fylkesmannsembeta der ein prøver ut tilsyn etter internkontrollmetoden. Erfaringane ved å føre tilsyn med at institusjonane sjølve dokumenterer at dei oppfyller krava som lov/forskrift set er positive. Ei forskrift om kvalitet + skjerpa tilsyn vil likeverdig kvalitetsmessig betre opplegg enn i dag.
  • Rundskrivet til lov om sosiale tenester vil bli revidert. Eg reknar med at departementet har et nytt rundskriv klart i løpet av år 2000.

Avslutning, - utfordringar inn i eit nytt årtusen

Å styrkje det kommunale arbeidet med rusmiddelproblematikk er kanskje den største utfordringa no, medrekna tiltak for rusmiddelmisbrukarar. Nyare forsking har påvist samanhengar mellom vaksne sin alkoholbruk og bruken av andre, avhengigheitsskapande stoff mellom ungdom og yngre vaksne. Samstundes vil strategiar og tiltak for å redusere etterspurnaden etter alkohol og narkotika i stor grad vere dei same. Vi meiner difor at alle dei rusmiddelpolitiske spørsmåla som kommunane vert stillte overfor, bør handsamast i ein heilskapleg, rusmiddelpolitisk plan. Der gjer det enklare å sjå dei rusmiddelpolitiske utfordringane i samanheng, og prioritere førebyggjande tiltak og hjelpetiltak ut frå den lokale situasjonen og kommunane sine eigne behov. Difor har Sosial- og helsedepartementet utarbeidd ein rettleiande mal som er sendt ut til kommunane, som ein reiskap i deira arbeid med å utarbeide rusmiddelpolitisk handlingsplan i sin kommune.

Resultata frå undersøkinga her i Bergen frå juni i år mellom 8. og 10.-klassingar er alarmerande. Ein betydeleg auke i bruken av rusmidlar mellom ungdomskuleelevane. I fjor viste SIFA si årlege undersøking mellom ungdom frå 15 til 20 år så stor auke i alkoholbruk at dei ikkje torde gå god for tala. Den tilsvarande undersøkinga frå i år stadfestar trenden frå i fjor, ein urovekkjande auke og eit varsel om at den førebyggjande innsatsen i lokalsamfunna må intensiverast.

Utprøving av nye stoff stiller oss på kort varsel overfor nye utfordringar. Idag går det ut melding frå Statens helsetilsyn om at dei no fører GHB på narkotikalista er viktig. Det plasserer ansvaret for flørting med ei livsfarleg gift hjå dei unge sjølv. Og dette gjeld ikkje først og fremst unge med ei vanskeleg fortid eller notid, dette gjeld dei som prøver ut eit narkotisk stoff for å forlenga dansen natta over. Helsetilsynet sitt vedtak er ei påminning til foreldre, skule og lokalmiljø om å vera enno meir medvitne det som rører seg i ungdomsmiljøa, og engasjerer seg for å skape gode og trygge oppvekstmiljø.

Gjennom handlingsplanen Kunnskap og brubygging får tilsette i sosialtenesta hjelp til å vedlikehalde og vidareutvikle den høge kompetansen som allereie finst, til å forhalde seg til hjelpetrengjande med samansette problem, og til å samarbeide på tvers av profesjonar og etatar.

Samarbeid på tvers er helt naudsynt for å kome vidare på dette området. Justisministeren, helseministeren og eg er einige om at arbeidet med å stimulere gode samarbeidsordningar på lokalt nivå må trappast opp. Ei arbeidsgruppe vil før jul i år leggje fram forslag til korleis dette kan gjerast.

Kommunehelsetenesta kan spele ei viktig rolle når det gjeld å avdekkje rusmiddelproblem på eit tidleg tidspunkt, og gjennom råd og rettleiing hjelpe personar med eit byrjande misbruk med å leggje om drikkevanane sine. Tiltak retta mot tungt problembelasta misbrukarar må ha eit langsiktig perspektiv og omfatte nære pårørande og større delar av det sosiale nettverket. Mange misbrukarar slit med store problem i form av einsemd og ei kjensle av meiningsløyse etter avrusing. Det kan sjå ut som ein ofte ikkje legg nok vekt på den ”eksistensielle” eller ”åndelege” dimensjonen i tiltak for misbrukarar. Det profesjonelle, offentlege tiltaksapparatet – om aldri så viktig og dyktig – forvaltar ikkje livsinnhald. Difor er det så viktig at tiltaka formidlar kunnskap om ulike miljø der misbrukaren kan kjenne seg velkommen og få støtte. Anonyme Alkoholikarar (AA), Anonyme Narkomane (AN) og Kameratklubbane er døme på slike miljø. Ettervernet må utformast på ein slik måte at klienten får eit reelt alternativ til eit liv i rus.

Pårørande med sin erfaring og kompetanse er ein spesiell ressurs, både gjennom eigne etablerte foreningar og som einskildpersoner. La meg også nemna eit nytt tiltak i Stavanger, eit Pårørandesenter for pårørande med rus og psykiatri i næraste omgivnader. Senteret har eitt års drift og bak seg og stor pågang.

Eit verdig liv for misbrukaren er ikkje å bli møtt med negative forventningar om at du ikkje kan reisa deg og at du difor må gi opp. Det er tvert om at nokon bryr seg om og med deg, og har positive forventningar til at du kan strekkja deg og gjera noko sjølv for å koma ut or misbruket.

Det ligg store utfordringar framføre oss når det gjeld å gje heilskapleg tilbod innan rusomsorga inn i eit nytt årtusen.

Lost in space? – Det er tema for konferansen. LOST er ikkje i eit tomrom, - tvert imot, trygt forankra lokalt, der sosialtenesta er. Men viktig at også alle andre instanser tek sin del av ansvaret.

Spacing – action of putting gaps between something. Måtte konferansen bidra til det motsette til nærhet, ansvarsavklaring og heilskap! Det avgjerande er ikkje kva lovverk som heimlar dei ulike tilboda, men at ein lukkast i å samordne tenestetilbodet og unngå at dei som treng tenestene vert kasteballar mellom ulike sektorar og nivå i det offentlege hjelpeapparatet.

Lagt inn 5. november 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen