Historisk arkiv

Ny fordelingspolitisk offensiv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa

Ny fordelingspolitisk offensiv

Avisartikkel, 25. juni 1999

Den viktigaste grunnen til at Regjeringa nyleg la fram ei stortingsmelding om utjamning av levekår er eit ynske om å gjenreisa fordelingspolitikken som det viktigaste temaet i den politiske debatten. Medan dei fleste fekk betre velstand, auka forskjellane til dei svakaste gjennom det siste tiåret før regjeringsskiftet. Denne utviklinga vil Regjeringa setja inn krafttak mot, både gjennom betre velferdstenester for dei svakaste og ved meir rettferdige skattar.

Opposisjonen på Stortinget retta i 1996 kritikk mot dåverande regjering under leiing av Gro Harlem Brundtland (Ap). Anne Enger Lahnstein (Sp) løfta i ein interpellasjon til statsminister Brundtland spørsmålet og etterlyste tiltak. Lahnstein fekk lite imøtekomande svar. Eit seinare framlegg om at regjeringa skulle leggja fram ei fordelingspolitisk utgreiing for Stortinget vart nedstemt. Sentrumspartia sette i Voksenåsen-erklæringa som mål å skriva ei slik melding.

Meldinga er ei vidareføring av Regjeringa sin politikk for utjamning. Vi har alt gjennomført fleire tiltak for omfordeling, som auka minstepensjon og utbygging av det psykiatriske helsetilbodet. Analysen i meldinga dekkjer perioden 1986-1997. Forskjellane har i perioden auka fordi dei aller rikaste har dradd sterkt frå, medan den svakaste tidelen berre har hatt svak inntektsvekst siste tiårsperioden.

Strategiar for utjamning

I meldinga varslar vi fylgjande hovudstrategiar for å vidareutvikla den sosiale tryggleiken og betra fordelinga:

  • ei mjukare arbeidsline – få fleire yrkeshemma i aktivitet
  • betre offentlege tenester – for å nå betre ut til dei som treng det
  • ein meir sosial bustadpolitikk – alle skal ha rett til god bustad
  • eit meir finmaska sosialt tryggingsnett – betre inntektssikring
  • eit meir rettferdig og effektivt skattesystem – betre fordeling

Mange nye tiltak

Vi føreslår ei ny ordning med varig lønstilskot for arbeidsgjevarar som tilset personar med nedsett arbeidsevne, og utprøving av rett til uføretrygd sjølv omm ein berre er 30 % ufør. Samstundes skal fleire kommunar i ei forsøkstid få ansvaret for aktivisering av langtids sosialhjelpsklientar. Mange innvandrarar har vanskar på arbeidsmarknaden. Vi vil føreslå ein kvalifiseringsstønad for nyankomne innvandrarar som går inn i arbeidstrening eller utdanning.

Ein trygg bustad er viktig for alle. Ein del personar har vanskar på bustadmarknaden. Regjeringa vil auka bygginga av utleigebustader med butreningstilbod for bustadlause. Vi vil også heva bustøtta for nokre grupper, som vanskeleg stilte barnefamiliar, einslege sosialhjelpsmottakarar og unge uføre.

Dei som mellombels må leva på sosialhjelp treng ein meir påliteleg økonomisk situasjon. Nivået på sosialhjelpa varierer mykje mellom ulike kommunar. Regjeringa føreslår nye rettleiande statlege normer for sosialhjelp, som skal gjelda frå 2001. For at kontantstøtta skal gje valfridom også til dei fattigaste småbarnsforeldra, vil vi rå til at kommunane utmåler sosialhjelp i tillegg til kontantstøtta. Nokre langtids sosialhjelpsmottakarar har ingen sjanse til å koma seg over på vanleg inntekt. Det gjeld pensjonistar som har budd så kort i Noreg at dei ikkje har tent opp rett til minstepensjon. For desse føreslår Regjeringa at staten overtek ansvaret for ei ny supplerande stønadsordning.

Verkeleg utjamning kan ikkje gjerast utan å omfordela inntektene i samfunnet. Regjeringa vil arbeida for skattereglar som gjev ei betre fordeling mellom dei som har høge og dei som har låge inntekter.

Utjamning opptek folk

Eg er glad for at 61 % i ei meiningsmåling i juli 1998 (Scan-Fact/VG) gledeleg sa at det offentlege burde bruka meir pengar til utjamning og støtte til dei svakaste. Sjølv om dei fleste av oss har det bra, er dette noko som gjeld og opptek dei fleste. Utviklinga dei siste ti åra kan vera steg mot ei verkeleg påtrengjande forskjellssamfunn, med sterkare motsetnader mellom samfunnslag, veksande kriminalitet og mindre solidaritet. Det finst nesten ikkje viktigare spørsmål i den politiske debatten, her og no og på lang sikt.

Senterpartiet og Regjeringa har satsa mykje på å reisa kampen mot forskjells-Noreg. Men ingen ting kan gjennomførast utan at det er fleirtal for det i Stortinget. Interessante signal har i blant kome frå Arbeidarpartiet, som har regjert landet i den perioden skilnadene har auka sterkt. Thorbjørn Jagland sa til Dagbladet 6. mai at ”neste gang Ap kommer i regjering, skal det derfor være med et program for nye gjennombrudd i velferdsutviklingen”. No får Ap høve til å ta tak utan å vera i regjeringsposisjon. Samstundes er det SV, H og Frp Regjeringa har oppnådd fleirtal saman med for det kanskje viktigaste utjamningstiltaket i norsk politikk på 1990-talet; ”tusenlappen” til minstepensjonistane.

Lagt inn 28. juni 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen