Historisk arkiv

Svar på interpellasjon fra representanten John I. Alvheim

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa

Svar på interpellasjon fra representanten John I. Alvheim

Stortinget 16. februar 1999 (kontrolleres mot framføring)

”Ca 200 sterkt syke og nedkjørte narkomane døde av overdose i l998. Det høyeste overdosedødsfall i Norge på ett år. Det kan bli like mange og kanskje flere slike dødsfall i l999 om ikke ekstraordinære tiltak settes inn på gateplanet i Oslo umiddelbart.

Vil statsråden som representant for en regjering som flagger menneskeverd og livskvalitet høyt, også inkludere de narkomanes krav om livskvalitet ved snarest å sørge for konkrete og differensierte hjelpetiltak på gateplanet i Osloregionen?”

Svar:

President

Kriminalpolitisentralen har førebels registrert i alt 270 dødsfall i samband med narkotika i l998. Det er ei kraftig auke sidan 1997, då det same talet var 177. For fyrste gong var det like mange som døydde av narkotika utanom som i Oslo; 136 mot Oslo sine 134. Av dei som døyr i Oslo, kjem omlag fjerdeparten frå andre kommunar. Dette syner at overdoseproblemet ikkje lenger er eit særskilt Oslo-fenomen.

Av dei 270 døde i l998 var det 226 menn og 44 kvinner. Gjennomsnittsalderen til mennene var 35,5 år, til kvinnene 33,8 år. Bak kvart einaste tal i statistikken er eit menneskje som hadde store problem å stri med, og som fekk eit altfor kort liv. Familie og vener sit attende i sorg, ofte med ei rad med spørsmål dei aldri fekk svar på.

Det tykkjest vera fleire faktorar som verkar inn på mengda dødsfall på dette området. Generelt kan ein seia det er fleire eldre misbrukarar som er fysisk og psykisk meir forkomne. Det er i hovudsak heroinet som tek liv, og dei fleste som døyr har misbrukt dette stoffet i fleire år. Tilgangen på heroin har lenge vore god, og prisane låge. Heroin i kombinasjon med alkohol og vanedannande lækjemiddel, aukar faren for overdosar med dødeleg utgang. Vi veit og at misbrukarar som har vore i behandling, fengsel eller rusfrie av andre grunnar ei periode, mistar toleransen for heroin og får soleis auka risiko for overdosar.

Ei arbeidsgruppe, sett ned av Oslo kommune, la i april 1998 fram ein rapport med forslag til tiltak mot overdoseproblemet. Fleire av tiltaka er allereie sett i verk av kommunen. Det er oppnemnd ei tverretatleg styringsgruppe på politisk/administrativt nivå for å betre samordninga av innsatsen. Tilsette i offentlege og private verksemder, som kjem i kontakt med narkomane, har fått opplæring i fyrstehjelp. Tilsette i institusjonar og fengsel skal nytta utskrivingssamtalane til, mellom anna, å informera om fårene for overdose ved bruk av heroin etter lengre opphald. Det er øyremerka sengar i institusjonar som kan ta imot klientar som har teke overdose. Behandlingsinstitusjonane har fått instruks om ”å halda døra åpen” ei kort periode for klientar som fell ut av opplegget.

Mange av dei tungt belasta misbrukarane har dårleg helse, og er særleg utsette for smitte av alvorlege sjukdomar; tuberkulose, HIV/AIDS, hepatitt og kjønnssjukdomar. Ofte kjem dei for seint til, eller held seg vekke frå, den vanlege primærhelsetenesta. Fem lågterskel helsetilbod til narkomane i Oslo er difor nett åpna, der sjukepleiarar vil gjeva enkel behandling, skifta på sår og byllar, og driva smitteførebyggjande arbeid. Ein lækjar vil sirkulera mellom dei 5 lågterskeltilboda, som og vil samarbeida med Ambulansetenesta og dei andre tiltaka for rusmiddelmisbrukarar i kommunen. Eg har merkt meg at Ambulansetenesta i l998 rykte ut 2177 gonger i overdosesituasjonar, ei kraftig auke samanlikna med 1997 då det var om lag 1300 utrykningar. I omlag 90 prosent av desse tilfellene lukkast det, ofte i samarbeid med den oppsøkande tenesta for rusmiddelmisbrukarar i Oslo, å redda misbrukaren sitt liv.

Sosial- og helsedepartementet har, på si side, sidan 1992 gjeve øyremerka tilskot til tiltak for tungt belasta rusmiddelmisbrukarar i Oslo og, etter kvart, andre større bykommunar. I l999 får Oslo, av Stortinget si løyving til utvikling av sosialtenesta og tiltak for rusmiddelmisbrukarar, tilskot til ei rekkje tiltak for dei mest problembelasta narkomane, mellom desse tilskot til den oppsøkande tenesta og det særskilte helsetilbodet eg nett nemnde. Også Tromsø, Bodø, Trondheim, Bergen, Kristiansand, Arendal, Tønsberg og Drammen får tilskot frå denne løyvinga til lokalt tilpassa tiltak for den same målgruppa.

Tilbodet om metadonassistert rehabilitering er eit viktig supplement til dei medikamentfrie behandlingstiltaka og dei særskilte tiltaka som rettar seg mot misbrukarar i akuttsituasjonar og i tilfelle overdosar. Ved Senter for metadonassistert rehabilitering i Oslo var det pr 11. februar i år, ifylgje senterets eigne opplysningar, 239 klientar inntatt i behandling frå helseregion 1, og 322 Osloklientar på søkarlista. Ved Metadonklinikken i Hordaland er 27 misbrukarar tekne imot til behandling, og 15 er på veg inn. I Vest-Agder er det 11 til behandling og 3 på veg inn. Dei andre godkjente tiltaka byrjar inntaket i løpet av mars og april.

President

På trass av alt det som gjerast frå kommunane og staten si side, ser vi at hjelpa anten ikkje er der, eller kjem til kort, i altfor mange situasjonar når rusmiddelmisbrukarar treng ho mest. Mange av oss kjenner at tålmodet vert sett på prøve i høve til at det tek tid å etablera eit individuelt tilpassa metadontilbod til alle som vonleg kan få nytte av det. Samstundes veit vi at hjelpa må vera kvalifisert. Hadde vi åpna for at alle lækjarar kunne forskriva kva som helst av metadon og liknande lækjemiddel til alle dei misbrukarane som ynskjte det, hadde det bore galt av stad. Vi veit at metadon forskriven utan tilstrekkeleg kontroll og oppfylgjing, gjer vondt verre. Det må difor byggjast opp eit forsvarleg kontroll- og tiltaksapparat i kommunane rundt kvar einskild klient som får tilbod om metadon. Dette tar tid, og både kompetansen og tiltaksapparatet må utviklast i eit forsvarleg tempo slik at klientane får den oppfylgjinga som er naudsynt for å lukkast.

Det er både nasjonalt og internasjonalt debatt om dei såkalla skadereduserande tiltaka for narkomane, - mellom anna tilgangen på reine sprøytar, ”sprøyterom” i tydinga offentleg innreia stader der misbrukarane kan injisera med tilsyn frå helsepersonell, forskrivning av metadon og andre vanedannande lækjemiddel. Nokre land har gått langt i å syte for slike tiltak. Andre land har ei meir atterhalden og restriktiv haldning, og meiner at å introdusera skadereduksjon er det same som å ta steg i retning av ei liberalisering av narkotikapolitikken og legalisering av narkotikamisbruk.

Sjølv meiner eg det er båe mogleg og riktig å ha fleire tankar og strategiar i hovudet på ein og same gong. Det er viktig å vera klår over at det ikkje finst eit einskild tiltak som kan løysa rusmiddelmisbrukaranes trong til hjelp og behandling aleine. Vi må ha eit mangfold av ulike tiltak på mange nivåer dersom vi skal lukkast i å betra det samla tilbodet på dette området. Og tiltaka må organiserast slik at misbrukaren kan få den hjelpa han treng i dei ulike situasjonane han kjem i. Dette vil seia at hjelpa nokre gonger må leggja størst vekt på pleie og omsorg, andre gonger ha i seg auka krav til eigen innsats for å veksa ut av misbruket.

Vi må halda ved like – og styrkja - det medikamentfrie hjelpetilbodet i og utanfor døgninstitusjonane. Det er difor eg har sett ned ei arbeidsgruppe som, i samsvar med Stortinget sitt ynskje, går igjennom tiltaka for rusmiddelmisbrukarar. Gruppa, som allereie er godt i gang med arbeidet, ser på antalet døgnbehandlingsplassar i høve til etterspurnaden, på tiltak for å vidareutvikla kvaliteten i tilbodet, og på om det er naudsynt å føreslå forandringar i dei noverande administrative og finansielle ansvarstilhøva. Gruppa skal gjera seg ferdig før sommaren, og eg vil – som tidlegare opplyst – orientera Stortinget på eit høveleg vis om resultata.

Eit godt utbygd, medikamentfritt tiltaksapparat er framleis ein grunnleggjande føresetnad for at det metadonassisterte rehabiliteringstilbodet og andre skadereduserande tiltak skal kunne fungera. Det overordna målet må framleis vera fridom frå rusavhengigheit og sosial rehabilitering. Når dette er sagt, President, må vi samstundes vera åpne for - og viljuge til - å vurdera seriøst alle forslag til tiltak som kan vera med på å redusera lidingane til dei verst stilte misbrukarane, og førebyggja dødsfall.

Det har i den offentlege, narkotikapolitiske debatten her heime den siste tida vore synt til mellom anna vellukka erfaringar i Frankrike med å bruka buprenorfin som alternativ til metadon i behandlinga av rusmiddelmisbrukarar. Saman med norsk ekspertise vil eg difor sjølv allereie om få veker vitja Frankrike for å få direkte kunnskap om desse erfaringane, og for deretter i samråd med Statens helsetilsyn og andre kompetente instansar, vurdera om vi også i Noreg bør setja igong liknande forsøk.

Narkotikaproblema og misbruksmønstra er ikkje statiske, men meir eller mindre heile tida i forandring. Dei stiller oss stadig ovanfor nye narkotikapolitiske utfordringar. Det har i mange år vore brei semje om hovudlinjene i narkotikapolitikken. Sist blei det bekrefta då Stortinget drøfta dette emnet i l997. Eg vonar det framleis er slik. Likevel bør vi heile tida vera åpne for å evaluera strategiane våre, og gjera dei justeringane som er naudsynte. Eg ser i denne samanhangen fram til å ta imot tilrådingane frå arbeidsgruppa for gjennomgang av behandlingstilbodet, og vil vurdera dei nøye. Regjeringa er ikkje avvisande til og å vurdera andre sidar av den totale narkotikapolitiske innsatsen i Noreg.

Takk, President.

Lagt inn 26. mars 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen