Historisk arkiv

Tale 17. mai i Bondeungdomslaget

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Statssekretær Steinulf Tungesvik

Tale 17. mai i Bondeungdomslaget

Oslo, 17. mai 1999

Godtfolk!

Det er ei stor ære å halda 17. maitalen hjå BUL i 100-årsjubileumsåret 1999. Gratulerer dobbelt med dagen.

Dagen er flott. Fridom, kom treng deg på! Det er det ordet eg fyrst tenkjer på, pluss pølser, is og eggedosis. Særskilt eggedosis, det beste eg veit, som foreldra mine rasjonerte strengt elles i året. Eit oppdragarknep for å læra ungar at nokre dagar er spesielle. For det er Nasjonaldagen, vår eigen – som me rett nok sidan 1997 deler med Kongo.

Tilbake til oss og fridomen. Me feirar vår eiga Grunnlov og nasjonalforsamling, og sjølvsagt frigjeringa frå Danmark, dette snedige knepet på Eidsvoll i 1814, der 112 representantar møttest og i ly av avklaringane mellom maktene Danmark og Sverige skipa opp att den norske staten og vedtok ei radikal norsk grunnlov. Me feirar den seinare frigjeringa frå Sverige i 1905, og den seinare igjen frå nazi-Tyskland i 1945.

17. mai er ein dag for fridom som er vunnen. Men ingen siger varer evig. Derfor må me òg evna å sjå kva som trugar fridomen i dagens samfunn, og kva som kan truga han i morgon. Det er ikkje fridomen til folket (”nasjonen”) som er det grunnleggjande, men fridomen til folk. Det er vanskeleg å tenkja seg den andre utan den fyrste, men i konkrete politiske valsituasjonar kan ein måtta velja.

17. mai må vera ein demonstrasjon av ynsket om fridom no og i framtida, meir enn feiringa av eit kjært klenodium. Det må tyda at me tek vel imot at feiringa tek nye former. Slik er soga til 17. mai, til ei viss grad. Wergeland raste rundt i landet og eggja folk til å feira, han drog i gang barnefeiring, og Bjørnson var kan henda den som fekk i gang toga, 17. mai vart etter kvart offisiell fridag, i mange fasar sterk politisk kampdag, og no driv me meir med leik enn med politikk. Kanskje skal me få fram politikken meir att? Ordskiftet om nasjonen og nasjonalstaten er i ei brytingstid under globalisering og regionalisering, og nasjonaldagen kan vera høveleg til også politisk å fremja dei goda nasjonen representerer også i ei både tettare og meir fragmentert verd.

Om me skal fylgja med i tida, treng me ikkje hengja oss på alle nye trekk. Arbeidarpartiet har teke denne heilt ut i markeringa av 1. mai. Det er manglande oppslutnad om den dagen mange stader. Partiet gjev derfor folk som ikkje orkar høve til å ”gå i tog” på Internett, der alle kan senda inn sin eigen parole. I fjor talde denne kraftfulle arbeidararmeen 2000 virtuelle sjeler, med nesten like mange parolar. Er det fellesskap? Då føretrekk eg løysinga i Bergen, som har ”borgartog” i ettermiddag, som vanleg med ei rekkje politiske parolar.

Ei ny form for markering har dukka opp i Oslo dei seinare åra: Arrangementet ”17. mai for alle” på Kuba. Utspringet og føremålet er antirasistisk og arrangementet er ein samanhengande konsert med allslags typar musikk - utanom skulekorps, og støtta av Kulturrådet. Det er ikkje anti-nasjonalt, sjølv om nokre av arrangørane trur og hevdar det. For kva er eigentleg nasjonalt? Ikkje minst landets største lag i norskdomsrørsla må ha eit sterkt medvit om det.

Nasjonen er folket og hopehavet. I dag er det populært å distansera seg frå alt nasjonalt. Det er i verste fall noko fråstøytande fordi det ekskluderer og hevdar oss framfor andre, og i beste fall noko gamaldags og bondsk, som diverre er av mote. Men dette er ikkje rett. Som så mykje anna i vår tid, er det noko me tek for gitt (og dermed eigentleg vedkjenner oss), noko me ikkje kjenner bakgrunnen for og ikkje treng å stri for. Sanninga er at ideen om den norske nasjonen som eining for politisk makt gjekk på tvers av dei fleste politiske skiljeliner i Noreg, og nasjonal frigjering har fylgt side ved side med sosial frigjering, som to sider av same sak. Allereie riksforsamlinga på Eidsvoll samla menn frå alle stender, dei fleste krefter utanom høgresida bar fram nasjonsreisinga, den ålmenne røysteretten og unionsoppløysinga: Det beste dømet på samanfall mellom sosial og nasjonal frigjering stammar frå unionsoppløysinga, då svenske arbeidarar truga med generalstreik for å hindra krig mot Noreg.

17. mai er i seg sjølv ein dag for alle, også ei antirasistisk markering, t.d. markerer me fjerninga av jødeparagrafen. Det er ikkje ein dag for sjølvhevding, men for glede, og den skal folk oppleva uansett nasjonal bakgrunn, sjølv om flagget er norsk. Poenget er å feira sjølvstende og fridom i Noreg, ikkje at me er betre enn dei andre. Eller som Kjetil, 7 år, sa det mykje betre til avisa før helga: ” Man har flagg i toget, for ellers er det jo vanskelig å se om det er Norge eller Sverige man feirer.”

Det er eit moge trekk ved feiringa at hovudstaden i år har valt ein asiatisk innvandrar til leiar i komiteen, i suverent trass for Frp sine 18 prosent på gallupen.

17. mai er ein dag for kjensler. Det er ein dag folk i Noreg kollektivt kan vera glade. Me har fri og det er grunn til glede. Slike dagar finst det jo trass alt ein god del av. Men i dag er det legitimt å visa saman, for alle, denne gleda. 17. maikomiteleiar Rubina Rana (Ap), som ser feiringa med friskare augo enn oss som har vakse opp med det, og vore ein del av det heile livet, sa det slik i eit intervju nyleg: ” 17. mai er den eneste dagen hvor det er liv i Norge. Andre ”hellige” dager er det helt stille, de feires innendørs hjemme. På 17. mai ønsker nordmenn å vise seg fra sin beste side og gi et positivt inntrykk av seg selv.

Med utspring i forståingar av nasjonalismen har stygge overgrep vore utførte. Som politisk doktrine vekkjer nasjonalismen motstridande assosiasjonar. Me veit at han er ei frigjeringskraft for undertrykte folk sin kamp mot framandt herredøme, som i Noreg. Samstundes kjenner me nok av døme på sjåvinistisk demagogi og aggressiv militarisme i namnet åt nasjonen. Ø. Østerud kallar dette at ”nasjonalitetsprinsippet går i baklås og løper amok”.

Er risikoen for dette til stades i Noreg, og syner døma på overgrep at nasjonalitetsprinsippet er feil måte å organisera statane og verda på? Eg kan ikkje svara absolutt nei på nokon av spørsmåla, sjølv om ei organisering der folkegrupper får rå seg sjølv, med tett kontakt mellom styrande og styrte, og med nært internasjonalt samarbeid med andre, synest som gode vilkår for godt styre. I Noreg har dei rotne kreftene aldri fått noko grep om dei nasjonale symbola og retorikken, og slett ikkje krafta i det nasjonale.

Den same Rubina Rana sa vidare i intervjuet eg nemnde: ” [Derfor] (p g a den sjeldsynte gleda) blir 17. mai også innvandrernes dag. Å delta i feiringen gir meg en følelse av nasjonal tilhørighet og tilnytning til landet jeg bor i.” Eg synest det gjer godt å lesa slikt.

No er Noreg i krig, gjennom Nato. Gjennom den alliansen me gjekk inn i under 2. verdskrigen og formelt etterpå. Kva er det som skjer i verda? Kva er allianse og forsvar no? Kva for interesser er det me er allierte bak? Er det våre interesser, får me fremja vårt syn? Kva kan ei norsk regjering eller eit norsk storting seia? Bør me ha det slik? Er nasjonalstaten sin suverenitet svekka ved det som skjer i Jugoslavia no? Er folkeretten endra? Og er det i så fall bra? Det vert ein heilt sentral debatt framover.

I Jugoslavia har ein gått frå pannasjonalt kommunistregime utan demokrati via sterk nasjons- og mytebygging til aggressiv sjåvinisme. Den storserbiske nasjonalismen er elitistisk, og har vore ein tenleg reiskap for skiftande politiske og kulturelle elitar. Me er vitne til ei grusom utvikling, og i mykje eit svik frå dei intellektuelle, det er dei som har produsert ideologi for ein politisk leiarskap som har vore viljug til å satsa, etter at Tito døydde. Stygge overgrep mot minoritetane har skjedd lenge, det vart truleg bortimot meiningslaust å leva i Kosovo som albanar etter kvart, der alle rettar var tekne frå folk, og der dei dagleg vart utsette for trakassering, vald og tilfeldig ran av eigedom. Me skal nok ikkje sjå bort frå at ein del av dette var framprovosert av albanske opprørarar, men det store ansvaret kviler på den politiske leiarskapen. Den serbiske nasjonale rørsla har etter oppsplittinga av det austerriksk-ungarske keisarriket utanom under kampen mot nazi-Tyskland ikkje vore progressiv i tydinga arbeidd for frigjering for folket i Serbia.

Kosovo har vore eit helvete sidan 1989. No brenn det i helvete. Det har Natos krigføring diverre eit stort medansvar for. Det serbiske styret er utoleleg, men er det rett å bomba? Er det rett når krig berre gjer vondt verre?

Resultatet no er: Kosovo brenn, ein million er på flukt - noko som tyder at den etniske reinsinga i stort er gjennomførd i eit mon som ikkje var tenkjeleg utan krig, infrastrukturen er sprengd i filler, miljøøydeleggingane er enorme, meiningane til opposisjonen i Serbia er bomba vekk, sjølv flyktningane vert i aukande grad direkte trefte av bombene, og som den danske avisa ”Information” nyleg skreiv: Dei seinaste 50 dagane har ”rystet en i forvejen skrøbelig verdensorden”.

Me har medansvar for dette, denne gongen ikkje fordi me ”ikkje gjer noko” (jf ordskiftet om Bosnia – skulle me ha bomba der òg?), men fordi me ”gjer noko”. Fordi me ut frå overilt trong til å hjelpa har gått til krig mot aggressoren, Jugoslavia. Dette reiser spørsmål av nasjonal og demokratisk art hjå oss også. For eg sa nyleg at den demokratiske nasjonalstaten best sikrar reell politisk deltaking og dei minst dårlege politiske løysingane.

Gransking viser at det knapt har hendt at demokrati går til krig mot kvarandre. Statsvitskapleg forsking er usamd om årsakene. Skuldast det normene og verdiane i demokratia, tregleiken i dei demokratiske institusjonane, at demokratisk styre berre inntreff der freden utad alt er sikra? I alle fall: Det er med uvilje me må konstatera at prosessen fram til åtaket på Jugoslavia har vore særs lite demokratisk. Kommandolinene frå USA til leiingane i dei andre Nato-landa har vore einvegs og med særs korte fristar til gjennomføring, dette har hindra diskusjon av saka i ope Storting (berre i den lukka utvida utanrikskomiteen). Vil me ha Nato og norsk utanrikspolitikk slik? Kanskje er dette òg eit utslag av regelen om demokratiet som krigshindrande. Skal me kriga, må me setja dei vanlege spelereglane til sides?

No gjeld det å finna løysingar. Dei må skje innanfor FN-ramma, og med fredsstyrkar som ikkje har for sterk Nato-dominans. Eg vil vona albanarar, serbarar, nordmenn og alle andre får bli sparte for den om tenkjeleg endå større katastrofen bakkekrig kan føra til.

Midt oppi dette er det gledeleg å sjå at Noreg og nordmenn i bygd og by gjer det me kan for å ta imot flyktningane og gje dei eit best mogleg tilvære når dei kjem hit.

Kvar 17. mai blir det nemnt og det fortener det: Nemleg at ungane er dei som står i fokus i feiringa, medan mange andre nasjonaldagar er prega av militærparadar. Så langt har det ikkje kome hjå oss, og me får vera glade for at den politiske kontrollen fungerte så godt at Forsvaret slapp å gjennomføra den fantastiske ideen om tanks på Karl Johan for å feira 700 år med festningsverket på Akersneset.

Wergeland var glad i ungar. Ei stund skreiv han ny song til 17. mai kvart år, og den mest kjende er: «Vi ere en nasjon vi med, vi små en alen lange...». «Vi små» er nok både ungane og nordmennene, og det kan framleis vera ein passande måte å omtala oss på.

Demokratiet er det viktigaste trekket ved nasjonalstaten, slik som den norske. Eg finn grunn til å minnast filosofen Hans Skjervheim, som døydde i vinter. Han var den fremste akademiske talsmannen for demokratiet gjennom etterkrigstida. Han etterlyste ordskiftet. Det gode samfunn føreset demokratiet, som føreset at mangfaldet får koma fram. Samtalen er det sentrale, den kan aldri bytast ut med Den Rette Løysinga, som alltid vil vera datostempla, og for lett for nokon å manipulera. Skjervheim fokuserte på avgjerdsprosessen når eit problem skulle løysast, ikkje på den praktiske og kanskje banale problemløysinga (om denne fanst i marxismen eller målstyringsideologien). Det er den som har overføringsverdi til andre omkverve. Utan å bli fullstendig relativist, er dette noko viktig å ta med seg. For politikarar og for organisasjonslivet, sikkert også norskdomsrørsla og BUL.

BUL er nettopp ei slik formidlande kraft gjennom appellen til allslags folk; bygdisar, byfolk, innvandrarar, funksjonshemma, toppidrettsfolk…. Det breie spekteret av aktivitetar dreg til seg mange ulike folk til kulturarbeid, mål- og kulturpolitikk og idrett, ein slik møteplass er avgjerande viktig å dyrka.

Tida er inne til å henfalla kort til publikumsfrieri. Eg var for ein del år tilbake medlem i BUL, i skigruppa i Idrottslaget. Men eg har seinare falle ut. Invitasjonen til å koma her i dag inspirerer meg til å gjera det eg har tenkt på ofte: Melda meg inn att i dette spennande laget! Får eg det, frå talarstolen?

Norskdomsrørsla har skapt mykje i og frå hovudstaden. Me trengst både her og på bygdene. I dag høver det særskilt godt å trekkja fram det nynorske riksorganet ” Den 17de Mai”, som rørsla stod bak frå 1894 og i fleire tiår frametter. I dag er me langt frå å ha eit dagleg nynorsk riksorgan. Det er ein fin draum. Eg vonar det kan vera ei oppgåve mange vil kjenna ansvar for inn i neste hundre-, ja faktisk tusenår.

Me feirar i dag 17. mai for siste gong i dette tusenåret. Det gjev ein sus av noko riktig stort. Eit høve til å sjå seg att og fram, og stilla spørsmål. ”Fin de siecle-stemninga” synest eg ikkje har vore påtrengjande, korkje i kunst eller på andre område. Men ho har vel kome no, gjennom den ustabile politiske situasjonen i Europa.

Eg byrja med ei hylling av fridomen 17. mai-verket gjorde mogleg. Eg vonar me kan nytta denne tidevenda til noko anna enn å venda oss frå den sort fridom som ligg i trygt og føreseieleg internasjonalt samarbeid mellom sjølvstendige og frie nasjonalstatar. Eg vonar me snarare kan koma ut av denne krisa med vissa om at me må ta eit steg tilbake, og så igjen gå samarbeidsvegen, der menneskerettane er det viktigaste, og der me innser at dei best kan sikrast når makta er spreidd og samarbeidet føregår med politiske middel.

Talaren skal slutta. Til avslutning vil eg sitera Aasmund Olavson Vinje, som i diktet Nasjonalitet treffer genialt det som bør vera tonen i det norske nasjonale, òg framover. Her ligg audmykta for alt det andre har, saman med trua på vårt eige.

Vi meina og tru, det gjævaste er å vera ein Noregs mann. Ja, denne heimen oss fyrst er kjær; men vita vi må at den store verd er berre vårt store fedreland Dei største tankar vi alltid få av verdsens det store vit; men desse tankar dei brjotast må, lik strålar av soli, som alltid få i kvar si bylgje ein annan lit.

Takk for at de høyrde på!

Lagt inn 28. mai 1999 av linkdoc099005-992460#docStatens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen