Historisk arkiv

Voldens ofre – vårt ansvar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa

Voldens ofre – vårt ansvar

Nordisk fag – og forskningskonferanse om vold, Oslo, 18. november 1999

Kontrollerast mot framføring!

Gode deltakarar!

All bruk av vald er uakseptabelt. Det er samfunnet sitt ansvar å bidra til å førebyggje vald overfor alle grupper i befolkninga. Frå min ståstad er det all grunn til å slå fast at vi ikkje er tente med eit samfunn der mange menneske lever i utryggleik og dermed vert hemma i vanleg livsutfalding. Det er eit uttrykt mål for denne Regjeringa å arbeide for å utvikle eit tryggare, varmare og meir rettferdig samfunn, der også dei svakaste har eit vern, slik at omfanget av valden minkar. Men eg vil samstundes understreka at dette ikkje er ein jobb styresmaktene kan gjere åleine. Utan eit aktivt engasjement frå ulike delar av samfunnet er det tvilsamt om vi kan klare å redusere valden.

Omfanget av vald i samfunnet

I 1998 vart det registrert 21.000 valds- og trusselmeldingar i Noreg. Dette innebar ein auke på i underkant av 2 % i forhold til året før. Talet på meldingar om vald har vist ein jamn auke sidan 1960, ei utvikling vi også kan sjå i andre europeiske land som det er naturleg å samanlikne med. Gjennom media får vi ofte eit bilete av at vi står overfor ei valdsbølgje på 90 talet, men trass i at valden faktisk har auka noko er dette inga riktig framstilling av situasjonen. Auken i den registrerte valden har ikkje vore noko større i dette tiåret enn på 70- og 80- talet. Valden utgjer heller ikkje ein større høvesvis del av kriminalitetsbiletet no enn i 1960.

Det talmaterialet vi har i Noreg gir med andre ord ikkje grunnlag for å hevde at omfanget av valden er markert endra dei siste åra. Om ein ser på talet på personar som har vore utsette for vald eller trugsmål i løpet av eit år, viser Levekårsundersøkinga for 1998 at dette råkar omlag 180.000 personar, dei utgjer 6 % av befolkninga. Kjønnsfordelinga mellom dei som vert råka er om lag lik. Talet er fem prosent for menn og om lag seks prosent for kvinner. Ein liten del av befolkninga er svært valdsutsette og har vore utsette for vald og overgrep gjentekne gonger. 75 % av valdstillfella i løpet av eit år rammar 1.5 % av befolkninga. Den gjentakande valden rammar fleire kvinner enn menn.

Ser ein på tal frå politiet sitt register viser det seg at berre 15 % av valdshendingane vert melde til politiet. Dette tyder på at størsteparten av den vald og dei overgrepa som finn stad forblir skjult og at den registrerte valden ikkje gir eit reelt bilete av omfanget av valden. Det er fleire forhold som har betydning for om valden vert meldt eller ikkje. Her vil forhold knytte til kor grov eller synleg valden er, og kva for eit forhold offeret har til gjerningsmannen ha mykje å seie for om ein vel å melde forholdet. I nokre tilfelle vil den som har vorte utsett, ikkje sjølv vere i stand til å kunne melde valden. Eg tenkjer her særleg på born, eldre og pleietrengjande som vert utsette for vald i ulike samanhengar. Også kvinner som vert utsette for vald av sambuarar eller ektefellar har ein høg terskel for å melde valden. Og truleg er ikkje dette så uforståeleg - Det skal meir til å melde ein ektefelle/sambuar, forsørgjar og far til barna til politiet med krav om straff, enn ein framand valdsutøvar. Når kvinnene først går til det skritt og melde slik vald har den gjerne vart i lang tid og må nærmast kunne karakteriserast for å vere ein form for tortur.

Konsekvensar for ofra

Vald og overgrep har konsekvensar og set djupe spor hos den som vert ramma. Ikkje berre av fysisk art, ofte er det dei psykiske såra som er dei vanskelegaste å leva vidare med. Dei sosiale konsekvensane er knytte opp mot dårlegare meistring av eige liv, angst og depresjon, og er ofte store både for den einskilde som vert ramma og familiane. Frå samanfattingar av internasjonale studiar om etterverknader av vald veit vi at om lag 30 % av dei som har vore utsett for ei valdshending klarer seg utan nemneverdige langtidsverknader – og kjem på nokre livsområde styrkja ut av ei valdshending. Ein tilsvarande prosent klarer seg dårleg og får si livsutfalding og sin livskvalitet permanent redusert etter å ha vore utsette for vald. Resten, om lag 40 % får etterverknader av varierande grad og varigheit. Vi kan med andre ord konkludere med at vald utgjer eit betydeleg helseproblem for dei som vert ramma. Det er derfor av vesentleg betydning at både helse- og sosialtenesta er merksame på dei spesielle problema offer for vald slit med.

Nokre særleg utsette grupper

Vald mot eldre

Eg vil få setja søkjelyset på to særleg utsette grupper av valdsoffer, nemleg dei eldre og kvinner med funksjonshemming. Deira situasjon er særleg vanskeleg, både fordi denne valden ofte foregår skjult for omverda og fordi mange kan ha vanskar med sjølve å kunne formidle at dei har vore utsette for vald

Vald mot eldre er eit relativt nyoppdaga problem i Noreg. Valden og trugsmåla finn stad både i heimane og på institusjonar. Den generelle valds- og overgrepsstatistikken frå kriminalstatistikk og levekårsundersøkingar, fangar bare i liten grad opp dei overgrep eldre blir utsette for. Denne valdens private karakter medfører og at ofra helst held han skjult, også for intervjuarane frå Statistisk sentralbyrå.

Resultat frå forsking dei seinare åra kan tyde på at overgrep rammer om lag 3 % av eldre over 65 år. Dette utgjer om lag 20.000 personar. Av desse er det flest kvinner som vert utsette for fysisk mishandling, men også eldre menn vert mishandla framfor alt psykisk.

Mange eldre overgrepsoffer har avgrensa fysisk funksjonsevne. Dette gjer dei meir utsette for overgrep, og overgrepa kan få meir alvorlege konsekvensar enn for de yngre og fysisk sterkare. Overgrepa kan også framskunde fysiske og psykiske aldringsprosessar . Ved nedsett mobilitet, demens eller afasi vil offeret ha vanskar med å varsle og be om hjelp frå ulike hjelpeinstansar for å få vern mot overgrep og hjelp til å lindre skadeverknadene frå overgrep. Eldre menneske kan vere meir sosialt isolerte og ha eit mindre sosialt nettverk dei kan søkje støtte hos når dei vert utsette for overgrep enn andre grupper i samfunnet.

Dei eldre er særleg sårbare. Mange har behov for pleie og omsorg, og dette fører med seg at det kan vere aktuelt med ein breiare definisjon av kva som skal reknast som overgrep enn kva som har vore vanleg overfor andre typar offer. I tillegg til fysiske, psykiske og seksuelle overgrep kan det vere aktuelt å trekkje inn omsorgssvikt, økonomiske (tjuveri, tvang til å låne ut pengar eller til å kausjonere for lån, sal av egendeler uten den eldres godkjenning mv) og strukturelle overgrep (manglande omsyn, omsorgssvikt, umyndiggjering og infantilisering mv).

Wenche Malmedal som deltek i eit symposium her i morgon utarbeidde i 1998 ein rapport om overgrep i sjukeheim ( ”Noen må følgje betre med- om overgrep i sykehjem”). Konklusjonen i studien var at overgrep ikkje er isolerte hendingar, men ein vanleg del av institusjonslivet.

Sjølv om denne undersøkinga kun omfatta eit avgrensa tal spurde, er det all grunn til å ta funna på alvor. Ei løysing for å fange opp overgrep og avvik er eigenkontrollsystem og betre rutinar ved sjukeheimane. Sjølv om institusjonar som sjukeheim burde vere meir oversiktlege og lettare å kontrollere som system, kan ein ikkje ta det for gitt at det ikkje skjer urett. Eg ser nærare på dette spørsmålet i Stortingsmeldinga OMSORG 2000.

Oslo kommune har sett som eit mål at alle bydelar skal ha eit tilbod til eldre valdsoffer etter modell frå Vern for eldre innan år 2000. Frå 1997 har også Drammen fått sitt Vern for eldre. Erfaringane så langt viser at det er eit stort behov for støtte til eldre overgrepsoffer og at det er mogleg å nå fram med hjelp. I samband med at 1999 er det internasjonale eldreåret har Kompetansesenter for valdsofferarbeid sendt ut eit brev til samtlige av landets ordførarar, fylkesmenn og fylkeslegar og bede dei om å fokusere på problema knytt til vald og overgrep mot eldre, og i tillegg informert om dei tiltak som har vorte sett i verk i Oslo og Drammen.

Vald mot kvinner med funksjonshemming

Den tradisjonelle kvinne- og valdsforskinga har i liten grad eksplisitt tatt for seg vald, overgrep og seksuell trakassering retta mot funksjonshemma kvinner. Dei seinare åra har det kome fram opplysningar som gir grunn til mistanke om at kvinner med funksjonshemming er meir utsette for overgrep, vald og trakassering enn andre kvinner. Her finst det sannsynlegvis store mørketal. Slike overgrep mot kvinner med funksjonshemming er ei maktutøving som vidarefører det avmaktsforholdet desse kvinnene ofte er i. Enkelte rørslehemmingar og hørselshemmingar kan medføre at kvinna ikkje kan verne kroppen sin. Talevanskar kan forsterke problem med å forsvara seg for den som vert krenkt.

Utgangspunktet for Torunn Arntsen Sørheim si undersøking frå 1998, om ”Vanlige kvinner – uvanlige utfordringer ” , var behovet for å synleggjere liva til kvinner med funksjonshemming. 37 kvinner deltok i undersøkinga.

Eitt tema i Sørheim sin rapport var overgrep og trakassering. Omgrepa seksuell trakassering og seksuelle overgrep er definert av kvinnene sine eigne opplevingar av å ha blitt utsette for det dei sjølve meiner er overgrep og trakassering. Grensene er utydelege for kva som er og kva som ikkje er overgrepssituasjonar.

Over 20 % av dei intervjua kvinnene hadde vore utsette for seksuelle overgrep, og fleire av desse hadde vore utsette for meir enn eitt overgrep. I tillegg hadde fleire av de andre kvinnene vore utsette for nesten-overgrep, det vil si at dei hadde klart å kome seg ut av situasjonen. Kvinnene hadde vore utsette for overgrep frå personar dei hadde hatt eit tillits- og avhengigheitsforhold til, det vil seie personar som skulle yte støtte til kvinnene.

Eit enda meir omfattande problem i undersøkinga er seksuell trakassering (uønskt seksuell interesse eller tilnærmingar). Både overgrep, nesten-overgrep og trakassering skaper frykt i kvardagen. Overgrepa kan først og fremst forståast i eit maktperspektiv og som eit mannsproblem.

Rapporten om kvinner med funksjonshemming og rapporten om overgrep på sjukeheim viser at det skjer overgrep av ulik karakter overfor grupper som vanlegvis har avgrensa funksjonsevne. Her har vi døme på at hjelpeapparatet har svikta. Tenester, som etter intensjonen skulle betre desse gruppenes situasjon, har ikkje hatt tilfredsstillande kvalitet da dei vart levert av dei tilsette og andre hjelparar.

Kva slags kunnskap treng vi for å betre situasjonen for ulike brukargrupper som er offer for overgrep av ulike slag? Målsettinga i dette arbeidet må vere å minske gapet mellom visjonar og røyndom i velferdssamfunnet. Målet må vere at gapet mellom dei ideal som er skrivne i offentlege dokument og den røyndom som pleiarane står i til dagleg skal bli mindre. Mykje er alt gjort for å verte meir brukarorientert, men mykje kan bli betre. Å rette på dette vil kreve auka innsats og ei haldningsendring slik at respekt for mottakaren blir sett i fokus.

Mangelen på forsking om overgrep mot eldre og funksjonshemma, både nasjonalt og internasjonalt, fører med seg at kunnskapsbehovet er tilsvarande stort. Det er behov for meir kunnskap om omfang, årsaker og risikofaktorar, om konsekvensar og etterverknader og om korleis vi kan stoppe, forhindre og lindre skadene av overgrepa.

Vi arbeider på fleire område for å betre forholda for brukarane av t.d. pleie og omsorgstenestene og for dei tilsette innanfor desse sektorane. Døme på dette er handlingsplanen for eldreomsorga (med målsettinga om tryggleik -respekt- kvalitet), handlingsplanen for funksjonshemma, handlingsplanen for helse- og sosialpersonell og stortingsmeldingane Helse 2000 og Omsorg 2000 som kjem ved årsskiftet.

Frivillig innsats frå andre enn pårørande spelar også ei rolle i omsorgsarbeidet. Denne innsatsen har mange positive eigenskapar med seg fordi ein bygger opp under solidaritet og samfunnsansvar. Regjeringa vil stimulere til styrking av den frivillige innsatsen. Dette for å mobilisere til auka ansvar og samhald i nærmiljø og lokalsamfunn. For å oppnå dette må det offentlege spele på lag med dei frivillige, legge til rette for og støtte opp om deira innsats.

Andre tiltak i regi av Sosial- og helsedepartementet

Sosial- og helsedepartementet har dei seinare åra sett fokus på vald. Vi finansierer i dag ulike tiltak retta mot å kjempa mot vald og å betre valdsofra si stilling. Kompetansesenteret for valdsofferarbeid vart opna i 1996. Det har vore drive som eit fireårig forsøksprosjekt og har hatt som hovudmål å styrkje stillinga til valdsofra. Senteret har vore finansiert av Sosial- og helsedepartementet, Barne- og familiedepartementet og Justisdepartementet. Senteret har hatt fire tilsette som alle har praksis eller nær tilknyting til fagområda kompetansesenteret skal dekkje.

Eg kan i dag melda at Regjeringa har vedteke at arbeidet ved senteret skal vidareførast i ein ny treårsperiode – slik at drifta vert oppretthalden i første omgang ut år 2002.

Senteret har fylgjande hovudoppgåver :

  • retta søkjelyset mot det faktum at valdsofferproblematikk ikkje er avgrensa til den gatevalden massemedia er mest oppteken av, men som i særleg grad rammar eldre, barn og kvinner på andre arenaer.
  • bidra til å betre tilhøva for valdsoffer ved å engasjere seg i utviklingsarbeid og andre kompetanseutviklande tiltak, for å forbetre tilbodet frå offentlege styresmakter om behandling av valdsoffer.
  • innhente og formidle kunnskap om vald og valdsoffer som lokale og sentrale styresmakter kan gjera seg nytte av når dei skal leggja opp sine strategiar og innsats i kampen mot vald.
  • samle inn informasjon om eksisterande tiltak i offentleg og privat regi, og gjere denne informasjonen tilgjengeleg på førespurnad for dei som i arbeidet sitt treng slik kunnskap.
  • fungere som nettverksbyggjar mellom ulike tiltak i privat og offentleg regi og særleg leggje vekt på å arbeide for at det vert oppretta samtale- og sjølvhjelpsgrupper for dei ulike valdsoffergruppene. Slike gruppespesifikke nettverk kan lettare knytast til fokusering på den særeigne problematikken for kvar einskild gruppe. Det er eit uttalt mål for senteret at i alle fall to slike grupper er oppretta innan 1 1/2 år etter at senteret er etablert.
  • bidra til at det vert etablert funksjonelle nettverks- og samarbeidsformer mellom aktuelle forskingsmiljø og bidra til at det vert etablert undervisning på området valds- og valdsofferproblematikk ved aktuelle profesjonsutdanningar, mellom anna ved utgjeving av undervisningsmateriell.

Under leiing av Justisdepartementet er det sett i gang eit arbeid for å utarbeide ein handlingsplan retta mot vald og overgrep mot kvinner i samliv. Planen skal leggjast fram om eit par veker og vil innhalda forslag til tiltak både for å førebyggje og for å gje eit betre tilbod til dei kvinnene som vert ramma av slik vald.

I tillegg til å hjelpe offera, er det viktig å setje i verk behandlingstiltak overfor personar som utøver vald som ein svært viktig del av det førebyggande arbeidet. Sosial- og helsedepartementet har difor gjennom fleire år gjeve tilskot til behandling av seksuelle overgriparar.

Det har vore løyvd midlar til 3 behandlingsprosjekt sidan 1991; ved Trondheim kretsfengsel, Kristiansand kretsfengsel og i Oslo. (I Trondheim vart behandling først gjeve i fengselet, og deretter flytta til lokale utanfor. Det er ikkje registrert nokre tilbakefall mellom dei 18 deltakarane som deltok i denne behandlinga. I Kristiansand var behandlinga av sedskapsdømde ein del av eit større tverrfagleg behandlingsprosjekt som tok for seg familiar som har vore utsette for seksuelle overgrep. Målet har vore å hindre nye seksuelle overgrep, få større innsikt i eiga åtferd, restrukturering av seksuell åtferd m.v. Det er heller ikkje registrert tilbakefall mellom dei 15 som deltok i dette prosjektet.)

Sosial- og helsedepartementet har frå 1997 gitt tilskot til Institutt for klinisk sexologi og terapi for behandling av inntil 50 sedskapsdømde i året. (Med sedskapsdømde meinar ein her dømde i sedskapssaker, personar som er varetektsfengsla i sedskapssaker og klientar under Kriminalomsorg i fridom. Tidlegare har Instituttet gjeve behandling til seksuelle overgriparar uavhengig av dom.) I psykiatrireforma vert det lagt opp til å utvide dette til fleire enn dømde.

Stiftinga Alternativ til Vald (ATV) er eit behandlings- og forskingssenter for menn med valds- og aggresjonsproblem i høve til partnerane sine. Senteret har motteke midlar frå Barne- og familiedepartementet og Sosial- og helsedepartementet sidan det opna i 1987. ATV har i denne tida arbeidd med menn som har øvd vald mot kvinner. 70% av kontaktane har kome frå mennene sjølv.

Forsking har vist overraskande høge frekvensar av valdsbruk frå kvinner. I den seinare tid har fleire og fleire kvinner vendt seg til ATV for behandling. Frå 1996 har senteret starta opp eit 3-årig prosjekt med behandlingstilbod til kvinner med valdsproblem. Målet er å auka kompetansen på feltet og utarbeida samarbeidsmodellar med barnevernet, der valden involverer born. Sosial- og helsedepartementet yter tilskot til dette prosjektet.

Viktige oppgåver framover

Voldsoffer har vore ei forsømt gruppe fram til no. Som valdsoffer har ein krav på naudsynt helsehjelp i den kommunen ein bur eller oppheld seg. Enkelte kommunar har oppretta særskilde valds- og valdtektsmottak knytte til legevakt eller lokale sjukehus. Helsesektoren kjem berre i kontakt med eit mindretal av personar som har vore utsette for vald. Dette skuldast mellom anna at fleirtalet av ofra for vald ikkje har fått fysisk skade som krev behandling av lege. Fråværet av fysisk skade tyder ikkje at offeret er utan skade. Sjølv «milde» valdshandlingar i juridisk tyding kan opplevast både trugande og traumatiserande for offeret, og kan gje seinverknader av svært alvorleg karakter. I den grad fysisk skade oppstår er det mykje som tyder på at den hjelpa offeret får i helsesektoren berre i liten grad hjelper til å bøte på heile skaden. Offeret får akuttbehandling for den fysiske skaden, men lite hjelp til å takle kjenslemessige reaksjonar etter overgrepet og seinskader.

Mange voldsoffer opplever at dei i tillegg til eventuelle fysiske og psykiske plager etter et overgrep også blir ståande i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon.

Folketrygdlova har ingen særordninger for voldsoffer. Dersom valdshandlinga har medført skade eller sjukdom som har ført til heilt eller

delvis bortfall av arbeidsevna, vil vedkomande dekkast av folketrygda sine reglar for inntektssikring under arbeidsuførleik. Når det gjeld helsetenester, dekkar trygda som hovudregel berre delvis slike utgifter, og pasienten må sjølv betale egendel.

Eg har forståing for at det kan opplevast urimeleg for valdsoffer å måtte betale eigendel for helsetenester som er naudsynte som følgje av valdshandlinga. Folketrygdlova har i dag ei særordning for yrkesskadde som medfører at stønad til helsetenester vert dekka fullt ut for denne gruppa. Ei liknande ordning for valdsoffer ville kunne lette noko på deira situasjon.

Dei økonomiske ordningane for valdsoffer er ikkje gode nok i dag. Eg vil sjå nærare på både folketrygdlova og sosialtenestelova for å finne betre ordningar til denne gruppa.

I mange høve må valdsofferet vente høvesvis lenge før ei avgjerd om valdsoffererstatning vert teken. Dette kan verte ei ekstra påkjenning for den enkelte. Justisdepartementet sender i desse dagar ut rundskriv til alle landets fylkesmenn der ein opnar for at fylkesmennene kan utbetale valdsoffererstatning der vilkåra for slik er oppfylte, utan å avvente at ei eventuell forsikringssak vert avgjort. Det vert og opna for at forskot kan utbetalast frå Fylkesmannen, m.a. i tida valdsofferet er under medisinsk rehabilitering.

Valdsoffer er ofte i gråsona mellom ulike etatar og profesjonar. Problema etter eit overgrep er ofte samansette og diffuse. Samansette problem krev heilskapleg behandling og felles oppfølging. Jo meir kompliserte problema er, jo større kan krava til samordna innsats frå hjelpeapparatet vere. Dei brukarane som er i gråsona mellom ansvarsområda til fleire etatar, har ein tendens til å verte nedprioriterte i ein situasjon med knappe ressursar. Dette kan skje fordi andre etatar vert rekna for å vere dei eigentlege ansvarlege. Resultatet kan lett vere at dei brukarane som har dei vanskelegaste og mest samansette problema vert sende frå kontor til kontor utan å få eit adekvat hjelpetilbod.

For å gi et tilfredsstillande tilbod til valdsoffer er det mye som tyder på at fokus i større grad må rettast mot organiseringa av tenesteapparatet, mot koordinering og plassering av heilskapleg ansvar, framfor innhaldet i dei enkelte tenestene. Dette tyder ikkje at tilbodet innafor dei enkelte etatar/instansar i dag er tilstrekkeleg utbygd, med omsyn til kompetanse og kunnskap om vald og valdsofferproblematikk, men at den største gevinsten på kort sikt vil kunne hentast ut ved å sette fokus på det tverretatlege og tverrfaglege samarbeidet.

Regjeringa har utarbeidd Rehabiliteringsmeldinga, ”ansvar og meistring”. Den skisserer kommunalt ansvar for ein heilskapleg rehabilitering prosess fram til eit aktivt/ sosialt liv (skole og arbeid). Personar med store og samansette problem skal få utarbeidd individuelle planar for oppfølging. Dette vil gjelde også for personar som har vorte utsette for vald. Det tverretatlege samarbeidet skal styrkjast. Vi har skissert ordningar med offentlege servicekontor og forsøk med brukarkontor.

Det er likevel liten tvil om at ein del tenester til personar som har vore utsette for vald og overgrep krev lågare terskel og større grad av fleksibilitet enn eit til tider stort tungrodd offentleg apparat kan stilla opp med.

På området vald mot kvinner er krisesentra det mest sentrale hjelpetiltaket vi har i dag. I tillegg til å vere eit tilbod på dagtid, gir krisesentra og eit midlertidig butilbod til mishandla kvinner og deira born som i ein akutt periode finn det uhaldbart å bli buande i eigen heim. Vidare omfattar tilbodet bistand i høve til kontakt med ulike kommunale instansar, advokatar m.m. Krisesentra gir eit ”lågterskeltilbod” til kvinner, der siktemålet er å gje hjelp til sjølvhjelp.

Med enkelte unntak er krisesentra drivne i regi av private organisasjonar. Krisetiltaka skal vere eit supplement til offentlege tenester. Staten, ved BFD, dekkar 50% av driftskostnadene, føresett at dei resterande 50% vert ytt av kommunen, med tilskot frå fylkeskommunen og andre. Regjeringa er oppteken av å sikre finansiering av drifta ved krisesentra, og har i gang eit arbeid for å utvikle ein økonomisk modell som kan bli meir forutsigbar for både brukarane, kommunane og departementet.

I alt 2200 kvinner og 1700 born overnatta i til saman nær 800000 døgn ved krisesentra i 1998. Desse tala viser at vald i samliv og i stor grad rammar borna, der det blir deltakande vitne til vald mellom foreldra eller og sjølve vert utsette for vald.

Regjeringa har sett i gang eit utviklingsarbeid med sikte på å betre situasjonen for born på krisesenter. Vi vil og fremje ei eiga stortingsmelding om vald i høve til born og unge. Stortingsmeldinga vil sjå på verkemiddel for born som veks opp i heimar prega av vald i ein breiare samanheng, men vil og ta opp tiltak for born på krisesenter.

Sjølvhjelpsgrupper og støttesenter for valdsoffer drivne av frivillige er andre gode døme på slike lågterskeltilbod. Her vil eg leggja til at det dei seinare åra er sett i gang fleire forsøk i kommunar der målet er å avbyråkratisera og desentralisera ansvaret for grupper med samansette behov, slik at tilbodet vert meir fleksibelt og brukarorientert. Regjeringa vil difor arbeide målretta for å vidareutvikle og styrkje samspelet mellom frivillig og offentleg sektor. Det er til dømes gitt tilskot til 62 nye frivillig sentralar dei to siste åra.

Heilt til slutt vil eg få ynskje lukke til med konferansen og uttrykkje glede over at så mange er her og har prioritert tid til dette vanskelege, men viktige tema.

Lagt inn 18. november 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen