Historisk arkiv

Utdrag frå innlegg på Landskonferansen "Forebygging av rusmisbruk - nye trender i forebyggende arbeid"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgjevar: Sosial- og helsedepartementet

Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa

Utdrag frå innlegg på Landskonferansen "Forebygging av rusmisbruk – nye trender i forebyggende arbeid"

28. og 29. februar 2000

Kontroller mot framføring!

  • Førebygging
  • trivsel – inkluderande miljø
  • obs på einskilde i faresona
  • redusere skader i ein misbruksituasjon

Naudsynt med stor innsats, kva skal til?

  • Statens institutt for alkohol- og narkotikaforsking (SIFA) har sidan 1968 kartlagt ungdom (15 – 20 år) sitt forbruk av rusmiddel. I 1999 seier 82 % av ungdomane at dei har drukke alkohol. Tala er om lag dei same på bygdene som i byane. Den prosentvise auken i gjennomsnittleg alkoholforbruk har vore lik for begge kjønn, men framleis drikk gutar i gjennomsnitt meir enn jenter på same alder. Debutalderen når det gjeld å smaka alkohol første gong ligg stabilt på om lag 15 år.
  • På landsplan har delen av ungdom som seier at dei har brukt cannabis, hasj eller marihuana auka frå 8% i 1990 til 18% i 1999. Dette er ei markant endring. I Oslo svarar 27% at dei har brukt narkotiske stoff.
  • Stadig fleire ungdomar seier at cannabis bør seljast fritt. Forskarar meiner det er tale om ein rusmiddel-liberal trend blant unge i dag. Dette gjev grunn til stor uro. Samstundes er det viktig å merka seg at denne utviklinga går i bølgjer og difor kan endra seg eller endrast. Vi må heller ikkje gløyma den store gruppa av ungdom som ikkje brukar narkotiske stoff. Det finst og viktige ungdomsorganisasjonar og andre grupperingar av unge som tek klår avstand frå rus.
  • På den eine sida finn vi miljø der misbruket er kobla til kriminalitet og store psykososiale problem. På den andre sida finn vi såkalla ressurssterke ungdomsgrupper der misbruk av rusmiddel har plass som del av ein meir kulturbevisst livsstil.
  • Narkotikapolitikken byggjer på kunnskapen om at misbruk oppstår i eit samspel mellom:
  • kor tilgjengelege narkotiske stoff er
  • miljøfaktorar
  • individ som av ei eller fleire årsaker har behov for å bruka narkotiske stoff

Rusmiddelmisbruk er eit samansett problem. Det finst ikkje enkle løysingar. Difor må innsatsen rettast inn mot alle årsaksforhold og vera samordna.

  • St.prp. nr. 58 Handlingsplan for redusert bruk av rusmiddel (1998 – 2000) som vart handsama i Stortinget november 1998 er difor retta inn mot tre område:
  1. Vi skal oppretthalda ein sterk kontrollinnsats og
  2. avvisa legalisering

  3. Vi skal opplysa meir gjennom skulen og via
  4. foreldra, friviljuge organisasjonar og kampanjar

  5. Vi skal byggja eit breiare og endå meir tilpassa

behandlingstilbod.

  • Den rettleiande malen for kommunal rusmiddelpolitisk handlingsplan som vart sendt ut til kommunane hausten –99 vektlegg samarbeid på tvers av instansar:
  • Heim og skule må samarbeida i det haldningsskapande arbeidet.
  • Friviljuge krefter, organisasjonar og ungdomskulturelle miljø må mobiliserast på brei basis.
  • Kommunen, det lokale politiet og lokalmiljøa skal spela ei sentral rolle i det førebyggjande arbeidet.
  • Det førebyggjande arbeidet skal ha eit langsiktig perspektiv.
  • Innsatsen skal rettast mot alle innbyggjarane og mot risikogrupper.
  • Ungdom og unge vaksne skal vera viktige målgrupper for innsatsen.
  • Behandlings- og omsorgstiltak skal spela på lag med friviljuge organisasjonar, grupper og enkeltpersonar.
  • Ettervernet skal styrkjast.
  • Vi kan ikkje sjå førebyggjande tiltak isolert frå samfunnet sine normer og verdiar. Vi finn førebygging i ein sosial kontekst som er historisk bestemt. Difor må vi og spørja kva det er med samfunnet som gjer at dei unge i aukande omfang tek til å misbruka narkotika? Vi må mellom anna ikkje lura oss sjølve til å tru at rusmiddelbruken blant ungdom utviklar seg uavhengig av bruken hos vaksne. Det er samanheng mellom vaksne sine rusvanar og det som skjer i ungdomsmiljøa. Vi veit at bruken av rusmiddel aukar blant vaksne og. Difor er det viktig å understreka at førebygging har med haldningar å gjera, og at kvar enkelt av oss har eit ansvar for å stansa utviklinga. Foreldra er viktige rollemodellar for dei unge. Kontinentale drikkevanar er i ferd med å overta også hjå oss, og ser ut til å koma i tillegg heller enn i staden for helgefylla. Foreldra må gjerast medvitne om samanhangen mellom eigne rusvanar og ungdomane sine. Det kan vera problematisk å bli konfrontert med samanhangen mellom eige rusbruk og hasjbruken til sonen din for å setja det på spissen. Difor: Ikkje hald rusbruken hemmeleg som ein del av vaksenverda. Snakk med barna og gjer klart kva for verdiar og normer som står på spel (Foreldrerettleiingsprogram i skulane).
  • Innsatsen må vera breitt retta. Erfaring viser at ofte dei mest vellukka førebyggingstiltaka er retta inn mot fleire område samstundes. Til dømes at tiltak i skulen går parallelt med tiltak i lokalmiljøet.
  • Kva gjer vi for å endra, påverka i ei rett retning? Vi må vera der ungdommen er og møte dei på deira eigne premisser. Når eg ser titlane på dei andre innlegga på denne konferansen er eg glad for at det er der fokuset er sett. Her må vi nytta oss av den kompetansen som finst. Ungdommen sjølve er den viktigaste ressursen vi har i så måte. Blant dei som arbeider med barn og unge finst også mykje viktig kunnskap. Forskinga kan bidra på sin måte ved å fokusera på problemområda og peika ut vegen vidare når det gjeld førebygging. Konferansar som denne er viktige for å sikra kunnskapsformidlinga.

Samfunnskostnader og ikkje målbare lidingar

  • Regjeringa ser med uro på den aukande rusmiddelbruken i befolkninga, ikkje minst hjå dei unge. Ei slik utvikling forsterkar dei sosiale problema som er knytt til bruk av alkohol og narkotika. Presset på helsestellet vårt aukar. Det er i denne samanhengen viktig med eit aktivt arbeid i alle aldersgrupper for å motverke rusmiddelmisbruk, som er ei kjelde til dårleg helse, kriminalitet og valdsbruk.
  • Forsking har vist at dess tidlegare ein debuterer i forhold til sigaretter og alkohol, desto meir utsett er ein for å ta i bruk andre rusmiddel som cannabis og andre illegale stoff. Einskilde ungdommar i gruppa som debuterer tidleg, har høgare risiko for å utvikla alvorlegare rusproblem enn andre. Samanhangen mellom problemåtferd og rusmiddelmisbruk blant unge gjev grunn til bekymring og gjer det viktig med ei brei satsing. Vi veit ikkje kven som vil utvikla eit problematisk forhold til rusmiddel, difor må mange tiltak retta mot barn og unge sjåast som heilskapleg helseførebygging retta mot heile gruppa.

Tidleg intervensjon kan vera eit viktig stikkord her. Forskarar har vore opptekne av at redusert impulskontroll i ung alder kan ha samanhang med seinare utvikling av rusmiddelmisbruk. (Opptrappingsplanen for psykiatrien – 800 nye stillingar i skulehelsetenesta).

  • Rusmiddelmisbruk kan ha svært alvorlege konsekvensar og medverka til å marginalisera ungdom i forhold til skule, arbeid og familie. Stoffmiljøa er subkulturar som markerer avstand til vanlege normer og verdiar.
  • Ein rapport frå det danske Sundhetsministeriet har rekna på kor mykje forbruket av alkohol kosta det danske samfunnet i 1996 – 10 milliardar kroner. Eg vil ikkje her gå inn på detaljane i utrekningane, men det set ting i perspektiv når ein veit at det her berre er teke med dei kostnadene som kan dokumenterast (til dømes kostnader til behandling og tapt arbeidsinntekt som følgje av misbruket). Familien sine lidingar knytt til barn som misbrukar rusmiddel, barn som veks opp med rusmiddelmisbrukande foreldre – dette er kostnader vi ikkje kan berekne. Det er klart at det lønar seg å førebygge framfor å reparere skadene seinare.

Regjeringa sin ståstad og satsing

  • Gode oppvekstmiljø for barn og unge er det viktigaste førebyggjande tiltaket vi kan setja i verk. Dette føreset ein familiepolitikk der foreldra har evner, tid og ro på seg til å ta ansvar og vera saman med borna sine. Det handlar om ein skulepolitikk som legg til rette for at også elevar med ulike vanskar kan veksa og læra. Det dreiar seg og om meir målretta satsingar retta mot ungdom som står i fare for å falle ut av skulen og drifta bort frå heimen. Barn og unge ønskjer mest av alt å bli sett, dernest ønskjer dei å meistra sin eigen livssituasjon. Det viktigaste alle vaksne kan syta for er eit inkluderande miljø og gode rammer krig oppveksten.
  • Ungdom er ein ressurs i seg sjølv og samstundes sentrale rollemodellar for kvarandre. Det er viktig å stimulera motkulturane. Ikkje minst gjeld det aktiviteten i ungdomsorganisasjonane. Desse medverkar til å skapa medvitne ungdommar som sjølv tek stilling i større grad. Kommunane må stø opp om slike initiativ slik at dei får høve til å utfalde seg og vekse.
  • Rusfrie soner, møteplassar der ungdom kan møtast og ha det triveleg utan rusmiddel, er ynskt av mange tenåringar. Regjeringa har eit godt samarbeid med idrettsrørsla, for å behalde idrettsarrangement som rusfrie soner. Kommunane skal ha ein medviten haldning ved tildeling av skjenkeløyve, slik at det finst tilbod i lokalmiljøa der ein kan møtast utan alkohol.
  • Regjeringa har vedteke å omorganisera det statlege ansvaret for førebygging av rusmiddelproblem. Omorganiseringa inneber at ei rekkje av Rusmiddeldirektoratet sine noverande arbeidsoppgåver blir overført til andre aktørar (med frist 1. januar 2001).
  • Målet med ei ny organisering er ein ny giv, ei styrking av det førebyggande arbeidet mot rusmiddelbruk og misbruk. Vi fører den samla satsinga nærare kommunane og dermed lokalmiljøa der folk bur. Eit nærare samspel mellom kunnskaps- og informasjonsflyten og strategisk planlegging skal bidra til meir målretta tiltak og ei betre utnytting av kompetanse og ressursar på området.

Regjeringa sin strategi er følgjande:

  • å styrkja det politisk/strategiske arbeidet på førebyggingsområdet. Departementet si rolle på førebyggingsområdet skal styrkjast mellom anna gjennom eit større forvaltningsansvar for staten sin del i dei regionale kompetansesentra for rusmiddelspørsmål.
  • å styrkja det lokale og regionale arbeidet med førebyggande tiltak. Gjennom større ressursar til dei sju kompetansesentra innan rusvernet kan det rettast større fokus på tiltak tilpassa lokale og regionale behov.
  • å styrkja kunnskapsproduksjon og formidling av kunnskap. Tettare organisering av dokumentasjon, statistikk og forsking vil gje ei meir målretta satsing både innan førebygging og behandling.
  • å effektivisera handteringa av einskilde forvaltingsoppgåver som i dag ligg i Rusmiddeldirektoratet.
  • Dei sju regionale kompetansesentra for rusmiddelspørsmål har i dag som hovudoppgåve å gje etterutdanning til nøkkelpersonell i kommunane, og å vidareutvikla spesialisttenestene for rusmiddelmisbrukarar på 2.linjenivå. Regjeringa ønskjer at sentra i tillegg skal få som oppgåve å utvikla kompetanse på førebyggingsområdet, ta initiativ til nye førebyggande tiltak, sørgje for at undervisningsopplegg om rusmiddel i skulane blir tilpassa lokale behov, og gje råd til departementet om vidareutvikling av den nasjonale rusmiddelpolitikken. Regjeringa ønskjer å leggja til rette for eit nært samarbeid mellom kompetansesentra og kommunane, fylkesmennene, fylkeslegene og statens utdanningskontor om desse oppgåvene. Det forvaltningsmessige ansvaret for kompetansesentra, som før var lagt til Rusmiddeldirektoratet, vil bli ført tilbake til Sosial- og helsedepartementet. Dette som eit ledd i å styrkja departementet sitt strategiske engasjement på førebyggingsområdet.
  • Stikkord til oppsummering:
  • Heilskap, samordning og samarbeid.
  • Mobiliser ungdommen, bruka ressursane.
  • Mobilisera foreldre, skule og lokalsamfunn.
  • Engasjement her er avgjerande!