Historisk arkiv

Utjamning av sosiale forskjellar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgjevar: Sosial- og helsedepartementet

Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa

Utjamning av sosiale forskjellar

Fylkesårsmøte i Rogaland Sp, 18.2.2000

Kontroller mot framføring

I verda i dag står vi overfor to problemstillingar som er større enn alle andre. Det er miljøutfordringa og det er fattigdomsproblemet.

Den fyrste er dagsaktuell i norsk politikk. Skal vi bidra til ein auke i CO2-utsleppa på storleik med halvparten av det bilparken slepp ut, eller skal vi setja innsatsen inn på å utvikla miljøvenlege gasskraftverk? Den andre er også dagsaktuell. Vi lever i ei verd med veksande kløfter mellom fattige og rike. Det vera seg verdsdelar, land, men også internt i land, faktisk også i Noreg.

Det er altså slett ikkje ei særnorsk problemstilling. Vi har då også eit utstrekt internasjonalt samarbeid på feltet. Vår eigen utviklingsminister styrer u-hjelpa. Sjølv deltek eg som sosialminister internasjonalt i mange samanhengar, der vi ofte diskuterer sosial eksklusjon og sosiale forskjellar. Det kan vera i FN, Europarådet, OECD, Nordisk ministerråd, bilateralt med einskildland eller med EU.

For to veker sidan var eg i Brussel og møtte kommisæren med ansvar for sosial- og arbeidsmarknadsspørsmål, Anna Diamantopoulo frå Hellas. EU har mykje større problem enn oss i den sosiale sektoren og på arbeidsmarknaden, men det er interessant for å halda kontakt og ha meiningsutveksling.

Neste veke skal eg møta den danske sosialministeren, Karen Jespersen. Ho har nett skrive bok med tittelen "Den ny fattigdom", der ho tek opp nettopp desse utstøytingsmekanismane i det moderne samfunnet. Her viser ho til USA og storbyane i Europa, der enorme sosiale og etniske motsetnader er nedfelt i ghettodanningar. "Skal vi unngå det i Skandinavia, så krever det engasjement og store investeringer hvor også de velfungerende borgerne er villige til å ofre noe til fordel for taperne og de mindre priviligerte." Eg er samd med Jespersen i det.

Til sommaren skal FNs sosiale toppmøte haldast i Geneve. Det er ei oppfylging av København-møtet i 1995. På toppmøtet er både nord-sør-spørsmål og sosiale forskjellar internt i rike og fattige land tema. Noreg skal vera representert både med Bistandsminister og Sosialminister. Vi vil sjå fattigdomsutfordringane heime og ute i samanheng.

Vi kjem ikkje utanom å nemna stikkordet globalisering i denne samanhengen. I altfor stor grad er det rett å kalla globaliseringa eit trugsmål mot dei fattigaste. Kva skal vi gjera med det? Dei ulike nasjonale økonomiane blir nærare knytte til dei internasjonale marknadene. Det er mindre rom for å driva motkonjunkturpolitikk over offentlege budsjett, både fordi kapitalrørslene er friare, og fordi internasjonale regelverk set grenser for offentleg intervensjon i produksjonslivet. Globaliseringa har fremja generell økonomisk vekst, men i stor grad er den skeivt fordelt.

Eg gløymer ikkje at me må ha ei verdiskaping for å kunna fordela verdiar. I vårt distrikt har me stolte tradisjonar i så måte. Og me skal leggja til rette for framhalden vekst i verdiskapinga i Noreg og ikkje minst i distrikta, dei delane av landet som verkeleg står for inntektsskapinga. Eg kjem på Håvard Teigen ved Høgskulen i Lillehammer som nyleg viste til ein artikkel av Terje Osmundsen i Dagens Næringsliv, der han stilte kritiske spørsmål ved at vi i Noreg meir og meir tek i bruk engelsk som arbeidslivs- og fagspråk. Han peikte på det heilt sjølvsagte: assosiasjonsrikdom og derfor også kreativitet går tapt når vi må bruke eit språk som vi ikkje fullt ut meistrar. Det vi meistrar er det vi har fått inn med morsmjølka. Dette openbare resonnementet gjeld kanskje også ved mindre språkleg framandgjering. Dette har vore heilt ute av biletet som forklaring i norsk forsking om innovasjonar og entreprenørskap. Mange freistnader har vore gjort for å forklare at Sunnmøringen og Jærbuen har vore dei mest innovative og har skapt dei beste entreprenørkulturane i landet. Kanskje kan forklaringa vere at dette er to regionar med stor sjølvkjensle med omsyn til å bruke sitt eige språk og sitt eige dialektgrunnlag?

Eit viktig tiltak regjeringa har sett i verk er den nye makt- og demokratiutgreiinga. Den skal leggja stor vekt på kva internasjonale forhold har å seia for utviklinga i Noreg. Elles trur eg det er spesielt viktig at vi no klarer å utvikla gode tiltak for å støtta ei dessverre veksande gruppe av sosialt utslåtte, som blir slått ut ikkje minst av det skjerpa konkurransesamfunnet som globaliseringa fører med seg. Vi må arbeida for rom i forhold til internasjonale avtalar og i budsjetta for å kunna gjer det.

Dette er viktig Senterpartipolitikk! I programmet vårt har velferdspolitikken ein sentral plass. Sjølve botnplanken i den er at alle skal ha ein sjanse til eit godt liv, at dei sterke skal dela med dei veikare. Eg er stolt av å sitja i ei regjering og eit departement som har sett forskjellar og fattigdom på dagsorden igjen, når det faktisk finst rundt oss, gjennom Utjamningsmeldinga. Og som har politisert debatten om omsorg og omsorgstenester gjennom den nyleg framlagde meldinga Omsorg 2000. Her tek vi mellom anna eit oppgjer med den lettvinte tankegangen einskilde på høgresida står for som går ut på privatisering for einkvar pris, av prinsipp. Vi peikar på dei gode grunnane for å behalda offentleg drift, for å ha ein arbeidsgjevar i staden for to eller fem på ein arbeidsplass, for ro og stabilitet for pasientar og tilsette.

Utjamningsmeldinga

Med Utjamningsmeldinga ønskjer sentrumsregjeringa å gjenreise sosial fordeling som eit sentralt mål i politikken. Dei siste åra har dei fleste fått større velstand. Dei rikaste har hatt den største velstandsauken, mens dei svakaste er blitt hengjande etter slik at forskjellane har auka. Denne utviklinga vil Regjeringa snu, og tiltaka i Utjamningsmeldinga er eit ledd i dette.

For å finna utgangspunktet for meldinga må vi gå nokre år tilbake. I Trontaledebatten hausten 1996 sette Sp fram følgjande framlegg:

Neste steg: Voksenåsen-dokumentet:

"Forskjellene i økonomisk levekår har økt på 1990-tallet… En sentrumsregjering vil ta de økte forskjellene på alvor og vil legge frem en stortingsmelding for å få belyst problemet i hele sin bredde. Det vil bli fremmet forslag om nødvendige tiltak for å motvirke utviklingen av et samfunn med økte forskjeller."

Meldinga tek mest for seg utviklinga frå 1986 til 1997. Utjamningsmeldinga har sett ein ny dagsorden, og slår til lyd for at alle skal få ein rimeleg del av dei materielle ressursane i samfunnet, og at desse ressursane må fordelast meir rettferdig enn i dag. Den handlar om å skape gode og trygge arbeidsplassar, gode butilhøve og bustader av god kvalitet, om retten til fullverdig utdanning, nødvendige helse- og sosialtenester, og eit sosialt tryggingsnett for alle. Meldinga trekkjer opp Regjeringa sin politikk for utjamning.

Dei fleste har fått det betre…

  • Folk flest har gode levekår, og dei fleste har hatt ei positiv utvikling på dei viktigaste levekårsområda i 1980- og 1990-åra. Det har vore vekst i inntekter og formue, og klare betringar i materiell standard.
  • Utdanningsnivået har blitt vesentleg høgare, det har vore ein kraftig vekst i sysselsetjinga, arbeidsløysa er låg og har gått ned, og den generelle helsetilstanden er betre. Dei fleste har ein god bustad.
  • Fleire enn før har gode og svært gode samla levekår.

Men…

  • Inntektsskilnadene i Noreg har auka frå 1986 til 1997. Skilnaden i inntekter ser ut til å ha auka noko meir i Noreg enn i dei fleste andre land, men grunnlagsmaterialet for samanlikning er noko usikkert.
  • Talet på personar med låg inntekt har halde seg stabilt eller har auka svakt.
  • Enkelte grupper i befolkninga har hamna utanfor velstandsutviklinga, dei har blitt marginalisert. Kjenneteikn for desse gruppene er svak økonomi, kombinert med låg utdanning, svak tilknyting til arbeidsmarknaden, dårleg helse og relativt dårlege butilhøve.
  • Somme har meir varig, låg inntekt og dårlege levekår på fleire av dei viktigaste levekårsområda.
  • Fordelinga av formue, arv og bustadinntekt er endå skeivare fordelt enn inntekt, og skilnadene mellom folk har auka her òg.

Kvifor har skilnadene auka?

  • Frå 1986 til 1997 er det tydeleg at lønsauken har vore størst for dei med høgast inntekt. Samtidig har lønsauken vore minst for dei med lågast inntekt. Den viktigaste grunnen til at dei med høgast inntekt har fått endå større inntekter, er at kapitalinntektene har auka relativt meir enn andre inntekter og er blitt skeivare fordelt på 1990-talet. Det kjem i særleg grad av ein kraftig auke i aksjeutbyte og gevinstar ved sal av aksjar og liknande.
  • I visse grupper er fleire utan arbeid, og talet på stønadsmottakarar har auka sterkt. Fleire er blitt avhengige av offentleg stønad som viktigaste inntektskjelde. Yrkesaktive har jamt over høgare inntekt og betre samla levekår enn dei som ikkje er i arbeid. Mangel på arbeid er derfor den viktigaste grunnen til låg inntekt.

Kven har låg inntekt?

  • Einslege under 45 år og einslege forsørgjarar, er klart overrepresenterte blant dei hushalda som har låg inntekt. Det er relativt sett litt fleire kvinner enn menn blant dei med låg inntekt. Det har vore ein auke i talet på menn med låg inntekt sidan 1986, mens talet på kvinner har halde seg meir stabilt.
  • Kven som har låg inntekt har endra seg: I 1986 var det flest eldre med låg inntekt. Ti år seinare var det ein stor del unge personar som hadde låg inntekt.
  • Blant dei med låg inntekt er det forholdsvis flest av ikkje-vestlege innvandrarar og personar som får offentleg stønad til livsopphald. Det gjeld personar som får økonomisk sosialhjelp, einslege forsørgjarar med overgangsstønad, arbeidslause, langtidssjuke med attførings- eller rehabiliteringspengar, og visse grupper av uførepensjonistar. Det er færre funksjonshemma og alderspensjonistar som har likså låg inntekt, men mange av dei har ei inntekt som ligg like over grensa for låg inntekt.
  • 50-100 000 personar, eller om lag 1-2 prosent av befolkninga i Noreg er fattige i den forstand at dei lenge har hatt relativt låg inntekt:
  • Om lag 2 prosent av befolkninga, om lag 90 000 personar, har lågare samla femårsinntekt (etter skatt) enn halvparten av den såkalla medianinntekta i befolkninga. Det er særleg einslege under 45 år, og i noko mindre grad par med små barn, som er overrepresenterte blant dei med låg femårsinntekt.

Mål og strategiar

  • Den største utfordringa i fordelingspolitikken er å snu ei utvikling som fører til at enkelte grupper i samfunnet blir varig sette på sidelinja. Slike marginaliserte grupper er dei viktigaste målgruppene for Regjeringa sine strategiar og tiltak i fordelingspolitikken.
  • Felles for målgruppene er at dei har meir eller mindre langvarige levekårsproblem, ofte på fleire levekårsområde samtidig.

Regjeringa vil at arbeidslivet i større grad enn i dag skal gje rom for personar som har varig helseproblem eller yrkeshemming av ulike slag og grad, og vil leggja til rette for eit meir fleksibelt og varig tilbod slik at fleire kan vera i arbeid.

  • Betre offentlege tenester
  • Eit meir finmaska sosialt tryggingsnett
  • Ein meir sosial bustadpolitikk

Avslutning – oppsummering

  • Meldinga er lagd fram. Det var stilt store forventningar, eg opplever at meldinga lever opp.
  • Vi har fått ein annan dagsorden. Men det er framover at oppfølginga skal skje. Vi må vurdera politiske initiativ og andre endringar i samfunnet opp mot fordelingspolitiske endringar på ein annan måte enn før. Meldinga er ein handlingsplan mot fattigdom og marginalisering, og eg vil arbeida for å konkretisera denne ytterlegare i budsjettsamanheng framover.
  • To område peikar seg kanskje ut som dei der størst satsingar er påkravd;
  • bustader, rimelege, utleige
  • tiltak for rusmisbrukarar

Her dreg meldinga saman med fleire andre dokument opp behovet og peikar i rett retning, men det krevst sterkare avklaring for verkeleg satsing framover.

Folketrygda er vårt viktigaste fordelingsinstrument ved sida av skatten. Regjeringa seier i Nasjonalbudsjettet for 2000 at vi i LTP 2002-2005 vil leggja føringar for Folketrygda i ei framtid med større utgifter og færre yrkesaktive. Vi må sameine fordelingsomsyna med omsyn til rettferdig samanheng mellom innbetaling og utbetaling.

Budsjett 2000

Allereie no i samband med budsjettet for 2000 har vi fått gjennomslag for dei fyrste stega på vegen mot ei større utjamning. I budsjettframlegget låg desse sakene inne:

  • Handlingsplanen for ei betre sosialteneste, 28 mill kr
  • Forsøk med lønstilskot med lengre varigheit, 20 mill kr
  • Butilskot til utleigebustader og auke i bustøtta til vanskelegstilte, 20 mill kr
  • Tiltak for bustadlause, 5 mill kr
  • Skatteopplegg med sosial profil. Noko auke i toppskatten, lønsfrådrag for dei med lågast løn
  • Kommunalt ansvar for arbeidstilbod til langtids sosialhjelpsmottakarar, 5 mill kr

Det siste tiltaket her vil eg gjerne nemna spesielt. I erkjenninga av at Arbeidsmarknadsetaten no er mest oppteken av å skaffa næringsliv og offentlege etatar fullkvalifisert arbeidskraft raskast mogleg, ser me at dei som er tyngre å formidla, som er yrkeshemma av ulike grunna, litt for ofte må finna seg i å få andre prioritet. Me skal styrka verkemidla i A-etaten, bl a gjennom det nye lønstilskotet. Men me skal i tillegg avlasta etaten. Dette er noko av det eg synest er mest spennande i Utjamningsmeldinga: At kommunar, som kjenner kvar einskildperson gjennom si sosialteneste, og som kjenner eiga drift og lokalt næringsliv gjennom næringsavdelinga, skal få ansvar for å kopla desse, nærare og meir effektivt enn i dag – trur eg det kan bli. Me treng forsøkskommunar, og vil i nær framtid gå ut med invitasjon. Eg kan lova så mykje som at om de er frampå og raskt ute, skal Rogaland få ein av dei fem forsøkskommunane!

Stortingsbehandlinga og oppfylginga

Utjamingsmeldinga er vår, som me har sett. No gjeld det å halda på initiativet. Stortinget skal ha saka i Sosialkomiteen fram til avgjeving 11. april – 4. mai, og så skal ho debatterast 19. mai. Fram til dess kan me gjera mykje for å framheva sakene, for å fortelja veljarane at det er Senterpartiet som har føringa for eit meir solidarisk Noreg!

Skal det vera verkeleg hald i det, må me skjøna at fellesskapen er viktig, og ikkje må neglisjerast, ei heller på inntektssida. Det har vore vekst i offentleg sektor gjennom 90-talet også. Men veksten i privat sektor har vore mykje større. Relativt sett har den offentlege delen av kaka skrumpa. Vil me det? I vår skal Finansdepartementet skriva og Regjeringa leggja fram ei skattemelding. I den må me få fram gode forslag til korleis me betre kan finansiera dei naudsynte tenestene til dei som er lågast på stigen, korleis me kan få dei velfungerande til å ta i hardare for dei utslåtte, slik min danske kollega var inne på.