I-11/99
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik I
Utgjevar: Sosial- og helsedepartementet
Styrings- og informasjonshjulet for helse- og sosialtenesta i kommunane
Rundskriv | Dato: 12.03.1999
Landets kommunar
Landets fylkesmenn
Landets fylkeslegar
Vår ref.99/00250 |
Dato 12.03.99 |
Styrings- og informasjonshjulet for helse- og sosialtenesta i kommunane
Nasjonale mål og hovudprioriteringar 1999/2000
Innhaldsliste
1 Innleiing
2 Korleis kommunane skal behandle dette rundskrivet og samanlikningstala
2.1 Behandling av nasjonale mål og hovudprioriteringar 2.2 Samanlikningstala3 Nasjonale mål og hovudprioriteringar
3.1 Nasjonale mål for tenestene 3.2 Hovudprioriteringar i dei kommunale helse- og sosialtenestene 3.2.1 Styrkje tilbodet til personar med psykiske lidingar 3.2.2 Førebu fastlegeordninga 3.2.3 Betre kapasiteten og kvaliteten på pleie- og omsorgstenestene3.2.4 «Kunnskap og brubygging» i sosialtenesta3.2.5 Rekruttere kvalifisert personell og auke kompetansen i tenestene 3.2.6 Folkehelsearbeid i kommunane 3.2.7 Styrkje feltet rehabilitering4 Korleis fylkesmennene og fylkeslegane skal følgje opp dei nasjonale måla og hovudprioriteringane
4.1 Generelt 1 4.2 Kort oppsummering frå fylkesmennenes/fylkesleganes rapportering frå 19981. Innleiing
Departementet sender med dette ut det årlege rundskrivet som inneheld nasjonale mål og hovudprioriteringar for helse- og sosialtenesta i kommunane. Rundskrivet er ein del av Styrings- og informasjonshjulet, som er departementets mål- og resultatsstyringssystem for tenestene. Hovudføremålet med systemet er å hjelpe til med å følgje opp nasjonale mål og hovudprioriteringar lokalt, og å gje ei samla oversikt over departementets innsats i kommunal sektor. I tillegg skal det gje kommunane eit betre grunnlag for vedtak og prioriteringar.
Hovudprioriteringane frå det førre rundskrivet (I-17/98) ligg fast, slik at også dette rundskrivet fokuserer på kva tilbod kommunen har til personar med psykiske lidingar, kapasiteten og kvaliteten på pleie- og omsorgstenesta og tiltak overfor rusmiddelmisbrukarar.
I mange kommunar har ein ikkje eigne planar for viktige område innanfor helse- og sosialsektoren. På bakgrunn av dette og ut frå korleis den nasjonale helse- og sosialpolitikken blir gjennomført, har departementet mellom anna i fleire stortingsmeldingar signalisert behov for at det blir utarbeidd delplanar på utvalde område. Departementet vil leggje stor vekt på å sjå desse i samanheng der dette er nødvendig.
Som ein del av Styrings- og informasjonshjulet sender departementet også ut årlege hefte med samanlikningstal for kommunane. Dette skjer i samarbeid med Statistisk sentralbyrå og Statens helsetilsyn.
Hausten 1998 heldt Sosial- og helsedepartementet fylkesvise informasjonskonferansar om sentrale helse- og sosialpolitiske satsingar. Tittelen på konferansen var «Fem planar på ei hand», og bodskapen var at departementet frå no av vil leggje større vekt på å samordne arbeidet med ulike handlingsplanar og satsingsområde innanfor helse- og sosialsektoren. Dei mange reaksjonane frå kommunane er tekne på alvor. Arbeidet med å samordne planlegging og få til eit tettare samarbeid mellom dei som er involverte på statleg og kommunalt nivå er i gang, som ein òg vil sjå av dette rundskrivet. Elles bør rundskrivet behandlast i samanheng med Rundskriv I-1/99 Statsbudsjettet 1999 - Oversikt over tilskudd til pleie-, omsorgs- og sosiale tjenester og til psykisk helsearbeid i kommunene.
2. Korleis kommunane skal behandle dette rundskrivet og samanlikningstala
Departementet har generelt som føresetnad at kommunane gjer signala i dette rundskrivet om til tiltak som byggjer på lokale behov og utfordringar, eigne prioriteringar og kva som er økonomisk mogleg. Siktemålet er at den enkelte kommunen skal vere med på å gjennomføre den nasjonale helse- og sosialpolitikken ved å tilpasse tenestene lokalt.
2.1 Behandling av nasjonale mål og hovudprioriteringar
Dei nasjonale måla er viktige føresetnader for helse- og sosialpolitikken, både sentralt og lokalt. I plan- og budsjettarbeidet bør kommunen heile tida vurdere kva signal som er særleg relevante, og ta med desse i vilkåra for plan og budsjett i kommunen.
Vidare må dei nasjonale måla setjast i samanheng med kommunens eigne langsiktige mål og helst vere del av ein plan som går over ein lengre periode (kommuneplan, økonomiplan eller liknande).
Det er ein føresetnad at kommunane tek med hovudprioritaringane i det ordinære plan- og budsjettarbeidet sitt, i arbeidet med årsmelding, eller i planlegging, utbygging og drift på andre aktuelle område.
2.2 Samanlikningstala
Gjennom hefta med samanlikningstal får kommunane tilbakemelding på statistikkrapportering, og det er mogleg å samanlikne tal med andre kommunar. Siktemålet er at kvar enkelt kommune skal få betre grunnlag for å planleggje og setje i verk tiltak som svarer til dei utfordringane kommunen møter. Med dette materialet som grunnlag kan ein prøve å motverke uønska variasjonar mellom tenestetilbodet i kommunane.
Dei fleste data i hefta med samanlikningstal har førebels status. Kvaliteten på desse førebels tala er gjennomgåande god. Når det gjeld pleie- og omsorgsstatistikken, har det likevel vore varierande kvalitet på innsende data. I samband med handlingsplanen for eldreomsorgen er regional statsforvaltning i aukande grad nytta til kvalitetssikring av data. Her kan det liggje eit potensiale for auka kvalitet allereie for 1998-tala. I alle høve er det slik at kvaliteten på publiserte data er avhengig av at kommunane har fylt ut skjema korrekt. Det har også vore varierande kvalitet på data som gjeld statistikk om vaksinasjonar. Grunnen til dette er både visse tekniske problem med SYSVAK-registeret og mangelfull rapportering.
Det er eit ønske at samanlikningstala skal liggje føre tidleg på året slik at dei kan hjelpe kommunane i plan- og budsjettarbeidet. Ein planlegg å publisere tala i juni 1999.
Det blir arbeidd med å forenkle og samordne statistikkrapporteringa frå kommunane til Statistisk sentralbyrå. Kommunal- og regional-departementet og fleire fagdepartement samarbeider om KOSTRA (KOmmune STat RApportering), der målet er å etablere rutinar for statistikkrapportering som sikrar at data for økonomi, tenesteproduksjon og brukarar/målgrupper blir sedde i samanheng. På den måten får ein fram relevant styringsinformasjon som kan samanliknast. Statistisk sentralbyrå har prosjektleiaransvaret for KOSTRA. 25 kommunar var med i 1998, medan om lag 100 er meint å delta i 1999. Alle kommunar skal etter planen ha innført dei nye rutinane for statistikkrapportering før år 2001. KOSTRA vil venteleg føre til betre datakvalitet, enklare oppgåvebør for kommunane og at data blir raskare rapportert tilbake.
3. Nasjonale mål og hovudprioriteringar
I dette kapittelet blir nasjonale mål og hovudprioriteringar presenterte.
3.1 Nasjonale mål for tenestene
Regjeringas mål for ein heilskapleg helse- og sosialpolitikk
Uavhengig av alder, kjønn og bustad skal heile folket vere sikra god tilgang på offentlege helse- og sosialtenester av god kvalitet. Lovverk og føresegner set fast kva tenester og tiltak helse- og sosialsektoren skal yte. Regjeringa meiner at enkelte målgrupper bør prioriterast særskilt.
Prioriterte målgrupper
I perioden 1999-2000 er desse målgruppene særleg prioriterte innanfor helse- og sosialtenesta:
- eldre og funksjonshemma
- personar med psykiske lidingar
- rusmiddelmisbrukarar.
Mange brukarar har samansette behov, og Sosial- og helsedepartementet vil understreke at den kommunale helse- og sosialtenesta må samarbeide når dei planlegg tenestetilbodet til dei ulike målgruppene. Det vil seie at dei ulike deltenestene for desse brukarane samla skal utgjere ei heilskapleg teneste innanfor helse- og sosialsektoren.
I punkt 3.2 blir det konkretisert korleis ein prioriterer tenester og andre ytingar til desse gruppene.
3.2 Hovudprioriteringar i dei kommunale helse- og sosialtenestene
Kommunane skal fremje folkehelse, trivsel, gode miljø- og sosiale forhold, og har ansvar for å gje befolkninga eit fullgodt helsetenestetilbod. Til grunn for hovudprioriteringane er lagt ei vurdering av situasjonen i alle kommunane sett under eitt, og dei nasjonale måla.
Kommunen skal syte for at innbyggjarane får nødvendig helsehjelp jf. kommunehelsetenesteloven §1-1, vere pådrivar overfor andre sektorar og medverke til helsefremjande og førebyggjande arbeid.
Gjennom pleie- og omsorgstenesta skal kommunene sikre at alle som har behov for pleie og omsorg får nødvendige og individuelt tilpassa tenester, uavhengig av alder, bustad, inntekt og ressursar. Det er ein føresetnad at tenestene blir bygde ut både med omsyn til kapasitet og kvalitet.
Gjennom sosialtenesta skal kommunen fremje økonomisk og sosial tryggleik, betre levekåra for dei som har det vanskeleg, medverke til auka likeverd og likestilling og førebyggje sosiale problem.
Samarbeid med andre sektorar og forvaltningsnivå er ofte avgjerande når ein skal løyse oppgåver og oppnå resultat. Dette gjeld internt samarbeid mellom ulike kommunale tenester, og tilhøvet mellom offentleg, frivillig og privat sektor.
Hovudprioriteringane for helse- og sosialtenestene i kommunene er utdjupa og konkretisert i det som følgjer.
3.2.1 Styrkje tilbodet til personar med psykiske lidingar
Da Stortingsmelding om opptrappingsplan for psykiatri (St.prp. 63 (1997-98) blei behandla, understreka Sosialkomiteen at målet for tenestetilboda til personar med psykiske lidingar må vere å gjere dei mest mogleg uavhengige, sjølvstendige og i stand til å meistre sitt eige liv. Det er derfor viktig at dei kommunale tiltaka i størst mogleg grad syter for at denne gruppa blir integrert i det vanlege livet i nærmiljøet, at dei får betre livskvalitet og blir mest mogleg i stand til å hjelpe seg sjølv. Her er det nødvendig med eit tverrsektorielt samarbeid mellom helse-, sosial- og omsorgstenestene. Det er også viktig at desse tenestene samarbeider med andre etatar som for eksempel kultur- og bustadetaten, arbeidsmarknadsetaten og trygdeetaten.
Ut frå opptrappingsplanen for psykisk helse 1999-2000 og tidlegare øyremerkte tilskot som blir førte vidare, gjeld desse måla for 1999:
- styrking av tiltak og informasjon retta mot brukarar
- kompetanseheving og rekruttering av personell
- nye bustadtilbod - fleire omsorgsbustader
- styrking av heimebaserte tenester
- dagsenter og andre aktivitetstilbod til fleire
- fleire støttekontaktar
- utbygging av kultur- og fritidstiltak
- styrking av tilrettelagde tenester i kommunane
- utbygging av psykososiale tenester og støttekontaktar, kultur- og fritidstiltak for barn og unge
- styrking av helsestasjons- og skolehelsetenesta
- arbeid og sysselsetjing til fleire - tettare samarbeid med arbeidsmarknadsetaten
- styrking av samarbeidet mellom kommune og fylkeskommune.
Hovudmåla og dei kommunale oppgåvene i tilhøve til desse er nærmare utdjupa i rundskriv I-1/99 Statsbudsjettet 1999 - Oversikt over tilskudd til kommunenes pleie-, omsorgs- og sosiale tjenester og til psykisk helsearbeid.
Departementet vil komme nærmare tilbake til oppdatering av dei kommunale psykiatriplanane og korleis dei kan passast inn i dei andre kommunale planane.
Som før tar ein sikte på å samanfatte korleis kommunane bruker dei øyremerkte midlane for 1998 og ta resultata med i dei årlege hefta med samanlikningstal. Det blir også planlagt ei separat og meir utfyllande tilbakemelding på denne resultatrapporteringa til kommunane.
3.2.2 Førebu fastlegeordninga
I november 1998 sende departementet ut høringsnotatet «Legetjenestene i kommunene - trygghet og ansvar». Dokumentet presenterer departementets framlegg til korleis fastlegeordninga skal utformast. Ein tar sikte på å leggje fram Ot.prp. om fastlegeordninga våren 1999, på basis av framlegget og respons frå høyringsinstansane.
Da Stortinget behandla statsbudsjettet for 1999, blei det vedteke å utsetje innføringa av fastlegeordninga til januar 2001. Når reformen blir utsett, får kommunane betre tid til å førebu og leggje tilhøva til rette for reformen.
I tida fram til fastlegeordninga blir innført, vil departementet arbeide for større stabilitet i legestillingane i distriktet. I budsjettet for 1999 er det sett av 20 millionar kroner til stimuleringstiltak for å auke rekrutteringa og styrkje stabiliteten i legestillingane. Løyvinga skal mellom anna finansiere desse tiltaka:
- rettleiing av turnuskandidatar
- tilskot til vidare- og etterutdanning
- tilskot til legevaktsamarbeid
- oppretting av vikarordning.
I rundskriv I-39/98 blei det orientert nærmare om planlegging av fastlegeordninga. Kommunane blei også bedne om å vurdere behov for legestillingar/heimlar. Fleire kommunar har meldt tilbake at det er behov for nye legestillingar/heimlar. Frå 1.1.1999 skal søknader om nye legestillingar rettast til departementet ved Nasjonalt råd for legefordeling. Departementet vil vurdere søknadene etter nærmare kriterier som ein vil vedta i samarbeid med partane; KS, Oslo kommune og Legeforeningen.
3.2.3. Betre kapasiteten og kvaliteten på pleie- og omsorgstenestene
Stortingets behandling av St.meld. nr. 50 (1996-97), Handlingsplan for eldreomsorg, jf. Innst. S. nr. 294 (1996-97) inneber ei monaleg satsing på pleie- og omsorgstenestene i kommunane ved at overføringar blir øremerkte. Stortinget har med dette gjeve klare signal om prioritering av målgruppa eldre i perioden 1998-2001.
Handlingsplanen for eldreomsorga 1998-2001 gjer det mogleg for kommunane å byggje ut kapasiteten i pleie- og omsorgstenestene mellom anna for å møte behovet hos det aukande talet på personar over 80 år. Det er vedteke å byggje til saman 24 400 nye omsorgsbustader/ sjukeheimsplassar og å rekruttere 12 030 nye årsverk i handlingsplan-perioden. Det blir gjeve tilskot både til investeringar og drift for å få til dette. Da statsbudsjettet for 1999 blei behandla, vedtok Stortinget å gje høve til å utsetje investeringane i 2 år for dei kommunane som har problem med å planleggje og gjennomføre investeringar innanfor den tidsramma som handlingsplanen set opp. Den opphavlege tidsramma for handlingsplanen ligg likevel fast.
Kommunane må gjere politiske vedtak om korleis tenestene skal byggjast ut, og sende desse til fylkesmannen for å få utløyst dei øyremerkte tilskota. Fylkesmannen skal samarbeide med fylkeslegane om å vurdere planane med sikte på tilskot, og følgje med kva kommunane gjer på dette området gjennom eigne rapporteringsopplegg, pleie- og omsorgsstatistikken og budsjett- og rekneskapstal frå kommunane. Fylkesmannen og fylkeslegane har òg fått som oppgåve å rettleie og informere kommunane i arbeidet med å utforme tenestene så dei passar til behova i kommunen. Det er likevel viktig å understreke at det er opp til kommunane å velje konkrete løysingar ut frå lokale behov og prioriteringar.
Ein viktig føresetnad for å kunne gje personar med pleie- og omsorgsbehov ei kvalitativ god teneste, er stor nok kapasitet til å ta seg av behova. Samtidig er det viktig å sjå på innhaldet i tenestene. Kvalitetsføresegna som tok til å gjelde 1. mai 1997 (Rundskriv I-13/97) skal nyttast når kommunane utformar og gjennomfører pleie- og omsorgstenester. Denne må òg gjelde for utbygginga som no skjer gjennom handlingsplanen for psykisk helse (St.prp. nr. 63 (1997-98)). Føresegna gjev mellom anna kommunane ansvaret for å etablere eit system og prosedyrar som skal sikre at dei grunnleggjande behova brukarane har, blir tatt hand om med respekt for deira eigenverdi og livsførsel. Fylkeslegane skal i samarbeid med fylkesmannen drive informasjon og rettleiing med bakgrunn i rundskrivet. Det er etablert eigne stillingar som kvalitetsrådgjevarar hos fylkeslegane, og desse vil kunne rettleie kommunane i arbeidet, jf. Nasjonal strategi for kvalitetsutvikling i helsetjenesten (IK 2482).
Brukarstyrt personleg assistanse
Regjeringa meiner at kommunane bør nytta brukarstyrt personleg assistanse som eit ledd i tiltakskjeda innanfor pleie- og omsorgstenesta. Målet er større fleksibilitet når brukaren får meir styring med tenestene, og at ho/han har kontakt med færre personar utan at det totale tenestetilbodet blir redusert. Ei form for praktisk støtte kan vere ein personleg assistent som ein kan få hjelp av både i og utanfor heimen.
Eit eige stimuleringstilskot blir gjeve til kommunar som gjev løyve til personleg assistent til enkeltindivid (sjå rundskriv I-43/97 og I-50/98). Dei statlege løyvingane til dette formålet er auka vesentleg i 1999 fordi Regjeringa ønskte å styrkje dette tenestetilbodet.
Funksjonshemma som i dag bur i ein aldersinstitusjon
Regjeringa meiner at funksjonshemma ikkje bør bu i institusjon over lengre tid dersom det er mogleg å etablere eit meir sjølvstendig bualternativ. Det er eit kommunalt ansvar å etablere alternative og betre tilbod slik at ein slepp å tilby yngre funksjonshemma langvarig/permanent opphald i aldersinstitusjonar. Bustadskommunen får eit statleg tilskot på kr 600 000 for kvart vedtak om flytting.
Sosial- og helsedepartementet har sendt eit rundskriv til alle kommunane i landet for å få betre oversikt over kor mange personar under 67 år som framleis bur på alders- og sjukeheimar, og kva som er grunnen til at dei ikkje har flytta ut. På grunnlag av denne undersøkinga vil departementet samarbeide nært med fylkesmennene om å setje i verk tiltak for å nå det målet at ingen yngre funksjonshemma skal ha alders- og sjukeheimar som fast bustad mot eige ønske etter år 2005.
Leggje tilhøva til rette for trygging av omsorgsoppgåver
Kommunane har eit ansvar for å etablere gode avlastningstilbod til familiar der funksjonshemma bur heime. Dette må skje i samarbeid med dei familiane det gjeld. For at funksjonshemma barn og ungdommar skal få høve til å delta i samfunnet på same måte som ikkje-funksjonshemma, og for at familiane med dagleg omsorg for dei skal få god nok hjelp, må ein ta med barnehage, skole- og fritids-/kulturinstitusjonar når ein utformar tilbodet. I mange kommunar er avlastningstiltaka dårleg utbygde og dårleg tilrettelagde for ulike aldersgrupper og funksjonshemningar.
Regjeringa meiner at omsorgslønn er ei viktig ordning for personar med store omsorgsoppgåver, og at kommunane bør velje å tilby denne løysinga til fleire. Lovgjevinga pålegg kommunane å ordne med omsorgslønn til dei som har særleg tyngjande omsorgsarbeid. Kommunane må sjå til at dei set av midlar til dette formålet i årsbudsjettet. Ein må vurdere tilbod om omsorgslønn i samanheng med andre pleie- og omsorgstenester som heimehjelp, heimesjukepleie og avlastning. Ein skal gjere enkeltvedtak i saker som gjeld tilbod om eller avslag på søknad om omsorgslønn. Departementet har gjeve ut eit nytt rundskriv om omsorgslønn, sjå rundskriv I-42/98 og Retningslinjer om omsorgslønn.
Med heimel i lov om sosiale tenester skal kommunane også arbeide for at det blir sett i verk velferds- og aktivitetstiltak for funksjonshemma. Familiar med funksjonshemma barn treng støtte og informasjon for å meistre dagleglivet. Når dei møter personar eller familiar i same situasjon, kan dei utveksle emosjonelle og praktiske erfaringar, noko dei ofte opplever som positivt. Kommunane bør aktivt leggje til rette for denne typen kontakt. Det har for eksempel vist seg at helsestasjonar og frivilligsentralar kan skape felles møteplassar for funksjonshemma og familiane deira.
3.2.4 «Kunnskap og brubygging» i sosialtenesta
Departementets handlingsplan for førstelinja i sosialtenesta byggjer på erfaringane frå Program for styrking av sosialtjenesten frå 1994-1997, og på erfaringane mellom anna frå fylkesmennene, sosialtenesteforskinga og kommunane. Planen legg vekt på å styrkje kvaliteten og kompetansen i den kommunale sosialtenesta. Sjølv om klienttalet dei siste åra har flata ut eller gått ned dei fleste stader, ser det ut til at dei fleste i klientgruppa har svært samansette problem. Desse krev heilskapleg og samordna innsats frå fleire instansar. I dette arbeidet vil sosialtenesta stå sentralt og ha ein sjølvstendig plass. Desse verkemidla er med i planen:
- oppretting av faglege fora
- rettleingsopplæring i alle fylke
- landsdekkjande opplæringsprogram
- utgreiing av behovet for eit utviklingssenter for sosialtenesta.
Med tiltaka i handlingsplanen Kunnskap og brubygging ønskjer departementet å gje kommunane eit tilbod om kompetanseforsterking i sosialtenesta. Som arbeidsgjevar må kommunen derfor gjere det mogleg for saksbehandlarane å delta. Tiltaka bør gå inn i dei kommunale og etatsvise opplæringsplanane, og har som føresetnad ein dialog mellom den politiske og administrative leiinga i kommunen.
Handlingsplanen legg til grunn eit samarbeid mellom kommunen, fylkesmannen og departementet med vekt på lokal tilpassing.
- Sosial- og helsedepartementet har ansvaret for å opplyse om rammer og retning for opplæringa og dekkjer store delar av kostnadene.
- Fylkesmannen har ansvaret for å gjennomføre opplæringsprogrammet lokalt, for å byggje opp dei faglege fora og for å koordinere hjelp frå kompetansesentra.
- Kommunane har ansvaret for at dei tilsette tek del, og oppfølging i handlingsplanperioden.
Det er i 1998 etablert 5 regionale sentre der tungt belasta opiatmisbrukarar kan få metadonassistert behandling. Sentra har eit landsdekkjande ansvar, og kommunane slepp å betale for metadonen. Det må i utgangspunktet liggje føre ein forpliktande tiltaksplan om eit heilskapleg rehabiliteringsopplegg før ein kan få del i dette opplegget.
Ei arbeidsgruppe under Sosial- og helsedepartementet vil i første halvår av 1999 gå gjennom hjelpe- og behandlingstilbodet til rusmiddelmisbrukarar. Her vil ein òg vurdere om samarbeidsforholdet mellom institusjonane og kommunene sikrar kontinuitet og samanheng i tilboda til den enkelte, med særleg vekt på ettervernet.
Redusere tilfeldig forskjellsbehandling i fordeling av økonomisk stønad
Erfaringane viser at det framleis er ulik praksis både mellom og innanfor kommuner når det gjeld utbetaling av økonomisk stønad etter lov om sosiale tenester. Mykje tyder på at ikkje alle forskjellar kjem av at dei som tek imot stønad har ulike behov. Ei utgreiing som Statistisk sentralbyrå har gjort for departementet, konkluderer med at prinsippet om likebehandling ikkje blir teke vare på. Forskjellane i ytingsnivå for einslege sosialhjelpsmottakarar som har sosialhjelp som einaste inntektskjelde, kan utgjere så mykje som 30 prosent av gjennomsnittleg inntekt. For å syte for ein meir einsarta praksis i saker som gjeld økonomisk stønad, har departementet sendt eit rundskriv (I-45/98), der ein klargjer innhaldet i omgrepet ‘livsopphald’, sett i høve til ulike grupper av søkjarar. Eit anna tiltak som kan motverke forskjellsbehandling, er å opprette faglege fora og rettleiingsordningar (jf. handlingsplanen Kunnskap og brubygging).
3.2.5 Rekruttere kvalifisert personell og auke kompetansen i tenestene
Handlingsplanen for helse- og sosialpersonell 1998 - 2001 vil komme i tredje utgåve. Den inneheld ei rekkje tiltak der målet er å betre kompetansen hos helse- og sosialpersonellet og å rekruttere kvalifisert personell.
Eit viktig satsingsområde er å auke kvalifikasjonane til dei som allereie arbeider i tenestene. Som ledd i statleg formulering av kompetansekrevjande tiltak vil ein fordele midlar til opplæringsformål mellom fylka i landet. Fylkesmannen/fylkeslegen skal fordele midlane til kommunane i fylket og fylkeskommunane etter ei vurdering av opplæringsplanar og rekrutteringsbehov fram mot år 2001. Departementet vil rå til at ein stimulerer samarbeidstiltak mellom fleire kommunar, fylkeskommunen og vidaregåande skole og/eller høgskolar/ universitet i fylket. Ein viser til rundskriv I-1/99 Statsbudsjettet 1999 - Oversikt over tilskudd til kommunenes pleie-, omsorgs- og sosiale tjenester og til psykisk helsearbeid.
Med rundskriva I-29/98 og I-33/98 blei det sett i gang program for kvalifisering av ufaglærte i kommunale tenester for psykisk helsevern og i pleie- og omsorgssektoren. Rundskriv I-50/98 inneheld ei førebels orientering om korleis tilskot kan bli fordelte i 1999. Det er viktig at kommunane arbeider vidare med opplæringsplanane sine.
Departementet vil komme tilbake med framlegg om korleis ein legg opp 6-8 vekers grunnopplæring for ufaglærte.
Dei nemnde opplæringsplanane vil også liggje til grunn når fylkesmannen/fylkeslegen fordeler tilskotsmidlar til etter- og vidareutdanning av fagutdanna personell. Departementet vil særleg prioritere personell med helse- og sosialfagleg høgskoleutdanning som tek tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helsearbeid. Sosial- og helsedepartementet har for 1999 overført 20 mill. kr til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, som skal fordelast til høgskolane for å auke kapasiteten innanfor denne vidareutdanninga.
3.2.6 Folkehelsearbeid i kommunane
I lov om helsetenesta i kommunane har helsetenesta fått eit særskilt ansvar for å ha oversikt over helsetilstanden i kommunen og å overvake faktorar som kan verke inn på helsa.
Sosial- og helsedepartementet sette 16. juli 1997 ned eit utval som skulle greie ut korleis folkehelsearbeidet i kommunane kunne styrkast (Folkehelseutvalget). Hovudutgreiinga til utvalet, NOU 1998:18 Det er bruk for alle - Styrking av folkehelsearbeidet i kommunene, blei send til høyring i januar 1999 med høyringsfrist 30. april. Høyringsrunden vil mellom anna støtte departementets arbeid med ei stortingsmelding om den nasjonale helsepolitikken ved inngangen til år 2000, der folkehelsearbeidet er eit av tema.
Folkehelsearbeidet i kommunane består av helsefremjande og førebyggjande arbeid. Med helsefremjande arbeid meiner ein at dei ressursane i befolkninga som verkar positivt på helsa, skal styrkast. Med sjukdomsførebyggjande arbeid meiner ein at faktorar som kan føre til sjukdom eller død i befolkninga, skal fjernast, hindrast eller reduserast. Det er verken mogleg eller tenleg å skilje desse to dimensjonane frå kvarandre.
Verksemda i helsestasjonar og skolehelseteneste er reiskap som helsetenesta nyttar i det førebyggjande og helsefremjande arbeidet overfor barn, unge og familiane deira. Departementet vil leggje til rette for ei større satsing på desse tenestene i perioden 1999-2003 gjennom utviklingsprogrammet Helsestasjon 0-20 år i fokus, jf. St.prp. nr. 1 (1998-99). Når tenestene blir styrka, blir ein betre i stand til å samarbeide meir heilskapleg om tiltak overfor barn og ungdom.
Statens helsetilsyn har i perioden 1996-97 gjennomført prosjektet «Videreutvikling av helsestasjons- og skolehelsetjenesten». I denne samanhengen er det utarbeidd ei ny rettleiing for helsestasjons- og skolehelsetenesta. Denne impliserer at helsepersonell i større grad skal fokusere på metodar og prosessar som gjer at foreldre, barn og unge blir betre i stand til sjølv å kunne påverke faktorar som fremjer helse, trivsel og meistring.
Gjennom St.prp. nr. 63 (1997-98) om opptrappingsplan for psykisk helse skal helsestasjons- og skolehelsetenesta styrkast ved at dei får øyremerka driftsmidlar. Midlane skal nyttast til å setje i verk kommunens planar for å førebyggje psykososiale problem blant barn og unge.
Kommunane må prioritere skolehelsetenesta, både i grunnskolen og i den vidaregåande skolen. Helsestasjon for ungdom er eit nyttig supplement til den ordinære skolehelsetenesta.
Etter tobakkskadelova har den enkelte kommune ansvaret for å passe på at lufta er røykfri i dei lokala der ålmenta ferdast. Dette gjeld også i restaurantar og på andre serveringstader. Passiv røyking er framleis eit stort innemiljøproblem. Det er viktig at kommunene prioriterer arbeidet med å avgrense dei helseskadane som bruk av tobakk fører med seg.
I samanheng med oppfølginga av St.prp. nr. 61 Om nasjonal kreftplan og plan for utstyrsinvesteringer ved norske sykehus har budsjettet ved Statens ernæringsråd og Statens tobakkskaderåd blitt styrkt. Helsefremjande og førebyggjande arbeid som kombinerer sunt kosthald, røykfritt miljø og fysisk aktivitet skal prioriterast, og det er eit vilkår at kommunar og lokale engasjement skal nyte godt av satsinga.
Ein skal peike ut styrar/varaperson ved alle sals- og skjenkeløyve, og desse skal bestå ei kunnskapsprøve om alkohollova. Tenesteorganet som gjev løyvet skal halde prøva for dei som melder seg. Departementet tar sikte på at ordninga tar til å gjelde 1. juli 1999 med ei overgangsordning på 12 månader for dei som allereie er styrar/varaperson. Departementet legg til grunn at den avgifta kvar enkelt kandidat betaler for å ta prøva, skal dekkje alle kostnader kommunen har med denne ordninga.
3.2.7. Styrkje feltet rehabilitering
Rehabilitering har til no vore lågt prioritert i mange kommunar. Departementet la fram ei stortingsmelding om rehabilitering i desember 1998 (St.meld. nr. 21 (1998-99)), og denne er no til behandling i Stortinget.
For å utvikle og systematisere den lokale verksemda legg meldinga hovudvekt på at det er vesentleg å:
- utvikle kommunale planar for rehabilitering, samordne desse med andre delplanar innanfor helse- og sosialfeltet og integrere dei i økonomiplanane
- etablere lokale organisatoriske løysingar som sikrar at rehabiliteringstilbodet er tilgjengeleg, planfast og systematisk
- utvikle individuelle planar som trekkjer brukarane med, og som så langt som mogleg går på tvers av sektorar
- styrkje samarbeidet med trygdeetaten, arbeidsmarknadsetaten og utdanningssektoren for å hjelpe sjukmelde, kronisk sjuke og funksjonshemma frå eit passivt liv til eit sjølvstendig og sosialt liv
- utvikle planfaste rehabiliteringstiltak som også gjeld for personar med psykiske lidingar.
Eit sentralt mål vil vere å betre situasjonen for personar som ønskjer arbeid eller aktiviseringstiltak. Kommunane blir oppmoda om å utvikle vidare eller ta initiativ til å opprette samarbeidsfora på leiarnivå mellom helse- og sosialtenesta i kommunen, trygdeetaten og arbeidsmarknads-etaten og eventuelt andre instansar jf. rundskriv H - 28/97. Dette for å oppnå betre rutinar for kommunikasjon mellom ulike instansar, og for å drøfte viktige fellesområde.
Yrkesretta tiltak er aktuelle som ledd i ein heilskapleg rehabiliterings-prosess. Samtidig er det svært ofte vesentleg at tilbod om behandling, rehabilitering og sosialisering støttar opp om dei som tek del i yrkesretta tilbod om attføring under arbeidsmarknadsetaten.
Einslege forsørgjarar
Dei stønadsordningar Folketrygda har for einslege forsørgjarar blei forandra frå 1. januar 1998. Omlegginga krev at einslege forsørgjarar med små barn blir følgde opp og aktiviserte på eit tidleg tidspunkt.
Eit nært samarbeid mellom trygdeetat, arbeidsmarknadsetat og kommunen er nødvendig for å hjelpe einslege forsørgjarar med barnetilsynsordning, utdanning og arbeid. Framlegget om reformen for einslege forsørgjarar kom i Velferdsmeldingen (St.meld. nr. 35 (1994-95)), og da meldinga blei behandla, streka Sosialkomiteen under det felles ansvaret etatane har for å finne den beste løysinga for den enkelte. Komiteen meinte òg at det er nødvendig at leiinga i alle etatane kjenner ansvar for å formalisere samarbeidet mellom etatane.
Gjennomføringsfasen av reformen for einslege forsørgjarar er evaluert av SEFOS (Senter for samfunnsforskning i Bergen), jf. Sosial- og helsedepartementets sammendragsserie nr. 8 - 1998. Her er merksemda særleg retta mot aktørane og korleis dei gjennomfører reformen, korleis tiltaka er organiserte og kva haldningar aktørane har. Ein reknar ikkje det tverretatlege samarbeidet som tilfredsstillande. Etatane bør avklare seg imellom kva som hemmer og fremmer samarbeidet reint organisatorisk.
4. Korleis fylkesmennene og fylkeslegane skal følgje opp dei nasjonale måla og hovudprioriteringane
I. Generelt
Når den nasjonale helse- og sosialpolitikken skal gjennomførast, er fylkeslegane og fylkesmennene si oppfølging av enkeltkommunar eit viktig ledd i den statlege styringa av kommunane.
I samband med dei store satsingane mellom anna innanfor eldreomsorga, psykisk helse, sosialtenesta og når det gjeld personell, har den regionale statsforvaltninga fått sentrale funksjonar når det gjeld å følgje opp kommunane og rapportere til sentrale styresmakter. Det er også forventa at det regionale leddet skal spele ei aktiv rolle med omsyn til å rettleie kommunane når KOSTRA skal innførast (sjå pkt. 2.2).
Sosial- og helsedepartementet ønskjer å sjå dei oppgåvene den regionale statsforvaltninga har overfor kommunene i samanheng, og har derfor ikkje vedteke ei særskilt oppfølging i Styrings- og informasjonshjulet i år. Fylkeslegar og fylkesmenn skal heller ikkje rapportere særskilt tilbake til til Sosial- og helsedepartementet i samband med dette rundskrivet. Dei rapporteringsbehova statlege styresmakter har når det gjeld kommunal innsats i høve til hovudprioriteringar og målgrupper, vil bli følgde opp på annan måte, og blir teke godt vare på også i 1999.
Det er likevel ein føresetnad at fylkesmennene og fylkeslegane følgjer opp enkeltkommunar og hovudprioriteringar i helse- og sosialsektoren i dei ordinære tilsyns- og rettleiingsoppgåvene sine. Ein kan òg ta opp heile eller enkelte område av rundskrivet i særskilte møte med enkeltkommunar.
II. Kort oppsummering frå fylkesmennenes/fylkesleganes rapportering frå 1998
I rundskrivet frå i fjor (I-17/98) blei fylkesmenn og fylkeslegar bedne om å følgje opp og melde tilbake om:
I. kommunar der det er særleg aktuelt å arbeide med å betre tilbodet til personar med psykiske lidingar
II. utvikling av pleie- og omsorgstenesta
III. tiltak overfor rusmiddelmisbrukarar og personar med samansette behov.
Fylkeslegar og fylkesmenn har lagt fram rapportane sine på ulikt grunnlag. Nokre skildrar den generelle tilstanden i fylket samla sett, medan andre rapporterer frå besøk i nokre få kommunar. Under følgjer hovudtrekk frå dei tilbakemeldingane departementet har fått.
Inntrykket frå rapportane er ei positiv utvikling med omsyn til å bruke kommunale ressursar i arbeidet med personar med psykiske lidingar. Rapportane viser i hovudtrekk at tenestetilbodet på alle målområde er styrka; spesielt når det gjeld talet på stillingar og talet på brukarar som får dagtilbod. Det har vore ein markant auke i personell med særleg utdanning eller erfaring i høve til denne gruppa dei siste åra. Det ser ut til at dei fleste kommunane har oppretta eller har planar om å opprette stillingar for psykiatriske sjukepleiarar. Det er eit inntrykk at fleirtalet av kommunane har utarbeidd psykiatriplan. Ein del manglar likevel eigne avsnitt om tilbodet til barn og unge med psykiske lidingar. Enkelte kommunar har enno ikkje utarbeidd planar. Desse blir følgde opp av fylkeslegane.
Fleire stader har fylkeslegar og fylkesmenn i fellesskap gjennomført møte med kommunane i samband med Handlingsplan for eldreomsorgen. Fylkesembeta følgjer på ulik måte opp Rundskriv I-13/97 Om kvalitet i pleie- og omsorgstjenesten. Nokre legg vekt på informasjon og rettleiing om innhaldet når dei er på tilsynsbesøk i kommunane, medan andre har ei meir omfattande og systematisk tilnærming.
Når det gjeld å skrive ut unge funksjonshemma frå aldersinstitusjon, har mange kommunar kome langt i dette arbeidet, medan andre held fram arbeidet med å etablere eit tilbod. Enkelte stader blir det meldt om motstand mot utskriving, spesielt frå brukarane. Fylkesembeta har i ulik grad arbeidd med å følgje opp kommunane når det gjeld avlastningstilbod utanfor institusjon for familiar som har funksjonshemma i alderen 20-50 år buande heime.
Nokre av fylkesembeta uttaler at dei i aukande grad vil følgje opp arbeidet for rusmiddelmisbrukarar i kommunane for 1999, i samband med handlingsplanen for førstelinja i sosialtenesta. I enkelte kommunar er det oppretta tverrfaglege samarbeidsfora og samarbeid om personar som har behov for hjelp frå fleire instansar.
Eit generelt inntrykk er at Styrings- og informasjonshjulet i stadig større grad blir brukt aktivt i kommunane. Det blir vist til at enkelte kommunar kjem med ei fråsegn til politisk og administrativ leiing om korleis dei følgjer opp dei nasjonale måla i helse- og sosialsektoren.
Med helsing
Magnhild Meltveit Kleppa Dagfinn Høybråten
Vedlegg Gjenpart:Arbeids- og administrasjonsdepartementet Barne- og familiedepartementet Kommunal- og regionaldepartementet Miljøverndepartementet Statens helsetilsyn Statistisk sentralbyrå Statens institutt for folkehelse Statens tobakksskaderåd Rusmiddeldirektoratet Statens ernæringsråd Statens helseundersøkelser Landets fylkeskommuner Kommunenes Sentralforbund Rådet for funksjonshemmede Statens eldreråd Rådet for høgskoleutdanning i helse- og sosialfag Norsk pensjonistforbund Funksjonshemmedes fellesorganisasjon Samarbeidsorganet for helsefremmende oppgaver
AKTUELLE DOKUMENT
St.meld. nr. 37 (1992-93) |
Utfordringer i helsefremmende og forebyggende arbeid |
St.meld. nr. 50 (1993-94) |
Samarbeid og styring. Mål og virkemidler for en bedre helsetjeneste |
St.meld. nr. 35 (1994-95) |
Velferdsmeldingen |
St.meld. nr. 16 (1996-97) |
Narkotikapolitikken |
St.meld. nr. 23 (1996-97) |
Trygghet og ansvarlighet. Om legetjenesten i kommunene og fastlegeordningen |
St.meld. nr. 25 (1996-97) |
Åpenhet og helhet. Om psykiske lidelser og tjenestetilbudet |
St.meld. nr. 34 (1996-97) |
Resultater og erfaringer fra Regjeringens handlingsplaner for funksjonshemmede og veien videre |
St.meld. nr. 50 (1996-97) |
Handlingsplan for eldreomsorgen. Trygghet - respekt – kvalitet |
St.meld. nr. 21 (1998-99) |
Ansvar og meistring. Mot ein heilskapleg rehabiliteringspolitikk |
Ot.prp. nr. 60 (1993-94) |
Om lov om endring i lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene |
Ot.prp. nr. 58 (1994-95) |
Bruk av tvang og makt m.v. overfor personer med psykisk utviklingshemming |
Ot.prp. nr. 7 (1996-97) |
Om lov om endringer i alkoholloven |
Ot.prp. nr. 47 (1996-97) |
Avvikling av refusjoner til helsepersonell uten driftsavtale - oppretting av flere driftsavtaler for privatpraktiserende helsepersonell (endring i lov om folketrygd) |
St.prp. nr. 58 (1997-98) |
Handlingsplan for redusert bruk av rusmiddel (1998-2001) |
St.prp. nr. 60 (1997-98) |
Om kommuneøkonomien 1999 m.v. |
St.prp. nr. 63 (1997-98) |
Om opptrappingsplan for psykisk helse 1999 – 2006 |
Rundskriv I-1/93 |
Lov om sosiale tjenester m.v. |
Rundskriv I-14/95 |
Endringer i lov om kommunehelsetjenesten |
Rundskriv I-20/96 |
Tilskudd til utskriving av unge funksjonshemmede fra aldersinstitusjoner og spesialsykehjem. Orientering om satser, tildelingskriterier og søknadsfrist m.v. |
Rundskriv I-13/97 |
Kvalitet i pleie- og omsorgstjenesten |
Rundskriv I-18/97 |
Rundskriv om endring i forskrift om helsestasjonsvirksomhet, forskrift om helsetjeneste i skoler og forskrift om lovbestemt sykepleietjeneste i kommunene |
Rundskriv I-19/97 |
Rundskriv til endringer i alkoholloven |
Rundskriv I-38/97 |
Innføring av fastlegeordning |
Rundskriv I-42/97 |
Veiledning til forskrift om røyking på restauranter og andre serveringssteder, internkontroll m.v. fra 1. januar 1998 |
Rundskriv H-28/97 |
Opprettelse av samarbeidsforum og samarbeid om personer med behov for bistand fra flere instanser for å kunne komme i arbeid eller utdanning |
Rundskriv I-5/98 |
Alkoholloven - ikrafttredelse og overgangsordninger |
Rundskriv I-6/98 |
Lov om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. |
Rundskriv I-15/98 |
Status for tilbudet til mennesker med psykisk utviklingshemming |
Rundskriv I-29/98 |
Handlingsplan for helse- og omsorgspersonell |
Rundskriv I-33/98 |
Handlingsplan for helse- og omsorgspersonell |
Rundskriv I-39/98 |
Innføring av fastlegeordningen - kommunal planlegging |
Rundskriv I-42/98 |
Retningslinjer for omsorgslønn |
Rundskriv I-45/98 |
Stønad til livsopphold, §5-1 |
Rundskriv I-50/98 |
Statsbudsjettet 1999 - oversikt over tilskudd til kommunenes pleie-, omsorgs- og sosiale tjenester og til psykiatri |
Rundskriv I-1/99 |
Statsbudsjettet 1999. Oversikt over tilskudd til kommunenes pleie-, omsorgs- og sosiale tjenester og til psykisk helsearbeid |
Handlingsplan(1996-2000) |
I-0875 B, Handlingsplan mot HIV/AIDS epidemien |
Handlingsplan(1997-2002) |
I-0874 B, Forebygging av ulykker – hjem, skole og fritid |
Handlingsplan(1998-2001) |
I -0895 B, Handlingsplan for helse- og sosialpersonell - rett person på rett plass. 2. utgave |
Handlingsplan(1998-2001) |
I-0910 N, Kunnskap og brubygging. Sosialtenesta si førstelinje |
Høringsnotat november 1998 |
Legetjenestene i kommunene – trygghet og ansvar – Forslag til fastlegeordning |
NOU 1998:18 |
Det er bruk for alle. Styrking av folkehelsearbeidet i kommunene |