Historisk arkiv

Arbeids- og administrasjonsdepartementet tek over etter Planleggingsdepartementet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr. 154/1997
19. desember 1997

Arbeids- og administrasjonsdepartementet tek over etter Planleggingsdepartementet

Arbeids- og administrasjonsdepartementet (AAD), som det i statsråd i dag vart vedteke å opprette frå 1. januar 1998, tek over dei fleste oppgåvene til det noverande Planleggings- og samordningsdepartementet. I tillegg får det nye departementet overført arbeidsavdelinga frå det noverande Kommunal- og arbeidsdepartementet. Planleggings- og samordningsdepartementet vert nedlagt frå årsskiftet.

To av det noverande Planleggingsdepartementet sine saksfelt vert ikkje overtekne av det nye departementet. Det eine er ansvaret for nasjonal planlegging og arbeidet med langtidsprogrammet, som er ført attende til Finansdepartementet. Det andre saksfeltet er samordninga av informasjonsteknologisakene, som er overført til Nærings- og handelsdepartementet.

Statsråd Eldbjørg Løwer er utnemnd til sjef for Arbeids- og administrasjonsdepartementet, medan statssekretær Kjell Alvheim er utnemnd til statssekretær der. Politisk rådgjevar Inger Lund Eikesdal er tilsett som politisk rådgjevar i det nye departementet, medan departementsråd Brit Denstad er utnemnd til departementsråd der.

Viktige arbeidsområde for Arbeids- og administrasjonsdepartementet vil vere mellom anna generelle forvaltingspolitiske saker, utviklinga av intern statleg tenesteyting, den statlege informasjonspolitikken, innkjøpsstrategien og eigedomsforvaltninga, den statlege arbeidsgjevarpolitikken, inntektspolitikken, konkurranse- og prispolitikken og etatsstyringsansvaret for fylkesmannsembeta og ei rad statlege etatar.

Det nye departementet vil ha seks avdelingar: administrasjonsavdelinga, arbeidsavdelinga, arbeidsgjevaravdelinga, inntektsavdelinga, den forvaltingspolitiske avdelinga og den konkurransepolitiske avdelinga.

Lagt inn 20. desember 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen