Historisk arkiv

Endringar i departementa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr. 152/1997
19. desember 1997

Endringar i departementa

I tråd med endringar som vart vedtekne ved regjeringsskiftet 17. oktober, har Kongen i statsråd i dag oppretta to nye departement frå 1. januar 1998: Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) og Arbeids- og administrasjonsdepartementet (AAD). Frå same tidspunktet vert Kommunal- og arbeidsdepartementet og Planleggings- og samordningsdepartementet nedlagte.

I tillegg vil enkelte ansvarsoverføringar mellom departementa finne stad frå årsskiftet. Mellom anna vil saker som gjeld trudoms- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, verte overførte frå Justis- og politidepartementet til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

Som følgje av desse endringane er det i statsråd i dag vedteke at statsråd Ragnhild Queseth Haarstad frå 1. januar 1998 tek over styret av Kommunal- og regionaldepartementet, medan statsråd Eldbjørg Løwer frå same tidspunktet tek over styret av Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Statssekretærane Johanne N. Gaup og Per N. Hagen er frå årsskiftet utnemnde til statssekretærar i Kommunal- og regionaldepartementet, medan statssekretær Kjell Alvheim frå same tidspunktet er utnemnd til statssekretær i Arbeids- og administrasjonsdepartementet.

Statsministerens kontor har frå 1. januar 1998 tilsett politisk rådgjevar Eva Lian som politisk rådgjevar i Kommunal- og regionaldepartementet, og politisk rådgjevar Inger Lund Eikesdal som politisk rådgjevar i Arbeids- og administrasjonsdepartementet.

Departementsråd Ulf Sand er i statsråd i dag utnemnd til departementsråd i Kommunal- og regionaldepartementet, medan departementsråd Brit Denstad er utnemnd til departementsråd i Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Også desse utnemningane gjeld frå årsskiftet.

Til red.: For meir informasjon om desse departementsendringane viser vi til dei pressemeldingane som vi i dag sender ut om kvart av dei nye departementa.

Lagt inn 20. desember 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen