Historisk arkiv

Kommunal- og regionaldepartementet tek over etter Kommunal- og arbeidsdepartementet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr. 153/1997
19. desember 1997

Kommunal- og regionaldepartementet tek over etter Kommunal- og arbeidsdepartementet

Komunal- og regionaldepartementet (KRD), som det i statsråd i dag vart vedteke å opprette frå 1. januar 1998, tek over alle oppgåvene til det noverande Kommunal- og arbeidsdepartementet, med unnatak av arbeidsmarknadssakene. Desse er overførte til det nye Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Kommunal- og arbeidsdepartementet vert nedlagt frå årsskiftet.

Statsråd Ragnhild Queseth Haarstad er utnemnd til sjef for Kommunal- og regionaldepartementet, medan statssekretærane Johanne N. Gaup og Per N. Hagen er utnemnde til statssekretærar der. Politisk rådgjevar Eva Lian er tilsett som politisk rådgjevar i det nye departementet, medan departementsråd Ulf Sand er utnemnd til departementsråd der.

Viktige arbeidsområde for Kommunal- og regionaldepartementet vil mellom anna vere kommuneøkonomien, innvandringspolitikken, samordninga av samepolitikken, dei regional- og distriktpolitiske tiltaka, boligpolitikken og arbeidsmiljøpolitikken.

Det nye departementet vil ha sju avdelingar: arbeidsmiljø- og tryggingsavdelinga, avdelinga for samiske spørsmål, bolig- og bygningsavdelinga, innvandringsavdelinga, kommunalavdelinga, plan- og administrasjonsavdelinga og den regionalpolitiske avdelinga.

Lagt inn 20. desember 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen