Historisk arkiv

Statsministerens program

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Statsministerens kontor

Pressemelding
Priv. til red.:

Nr. 148/98
Dato: 23. oktober 1998

Statsministerens program

Måndag 26. oktober kl. 14.00 er statsministeren mellom gjestene under kongen sin lunsj på Skaugum, for presidenten i Romania, Emil Constantinescu, som er på gjesting i Noreg. Kl. 16.00 tek statsministeren imot president Constantinescu til samtale på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere. Etter samtalen, om lag kl. 16.50, er dei to tilgjengelege for pressefolk same staden. Kl. 19.30 er statsministeren vert for ein regjeringsmiddag for president Constantinescu, på Akershus slott. Det er høve til å fotografere i borggården idet gjestene kjem. Deretter har ein fotopool med NTB, Scanfoto og NRK/Dagsrevyen eller TV2Nyhetene høve til å fotografere i det gjestene går til bords.

Tysdag 27. oktober kl. 10.00 opnar statsminsteren eit seminar om globalisering, i regi av Utanriksdepartementet, i Det Norske Medicinske Selskab, Drammensveien 44 i Oslo.

Onsdag 28. oktober kl. 11.00 tek statsministeren imot fylkesmann Inger Lise Gjørv og biskop Finn Wagle, på Statsministerens kontor. Dei to vil presentere ”Som gjester på jorden”, rapporten frå eit miljøetisk seminar som er halde av fylkesmennene i Nord- og Sør-Trøndelag, og biskopen i Nidaros. Det er høve til å fotografere.

Torsdag 29. oktober kl. 11.30 helsar statsministeren på elevar som arbeider for Operasjon Dagsverk, på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere.

Fredag kveld 30. oktober gjestar statsministeren Kirkens Bymisjon i Oslo og Oslo Politi. Vi kjem attende med detaljar.

Laurdag 31. oktober kl. 16.00 er statsministeren til stades på cupfinalen i fotball for kvinner, på Ullevaal stadion i Oslo. Kl. 18.00 er han mellom gjestene på Fotballforbundet sin cupfinalefest, på Radisson SAS Plaza Hotell i Oslo.

Sundag 1. november kl. 13.00 er statsministeren til stades på cupfinalen i fotball for menn, på Ullevaal stadion i Oslo.

Lagt 23. oktober 1998 inn av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen