Historisk arkiv

Statsministerens program

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr. 131/1999
Dato: 24. september 1999

Priv. til red.:

Statsministerens program

Måndag 27. september kl. 09.30 tek statsministeren i mot den vietnamesiske statsministeren, Phan Van Khai - som er på offisiell gjesting i Noreg, på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere i det møtet tek til. Etter samtalen, om lag kl. 10.45, vil dei to statsministrane oververe ei avtaleunderteikning same staden. I samband med dette vil dei vere tilgjengelege for pressefolk.

Måndag kl. 19.30 er statsministeren vert for ein regjeringsmiddag for den vietnamesiske kollegaen sin, på Akershus slott. Det er høve til å fotografere i borggården frå kl. 19.00. Følgjande fotopool vil få høve til å arbeide i det gjestene gjeng til bords: 1 norsk og 1 vietnamesisk fjernsynsredaksjon, Scanpix, Viet Nam News Agency og bladet Se og Hør.

Frå tysdag ettermiddag 28. september til onsdag føremidddag 29. september er statsministeren i Karasjok, i samband med Sametinget sin sesjon. Pressekontakt er statssekretær Gunnar Husan, telefon 91 12 12 16. Følgjet bur på Rica Hotell Karasjok, telefon 78 46 74 00 – telefaks 78 46 68 15.

Statsministeren kjem til Karasjok tysdag middag. Kl. 13.15 deltek han i en lunsj med Sametingsrådet og Sametinget sine gruppeleiarar, på Rica Karasjok Hotell, før det kl. 14.15 vert omvising på byggeplassen til det nye sametingsbygget. Kl. 15.00 talar statsministeren til Sametinget, i Samelandssenteret, før han fram til kl. 18.00 føgjer forhandlingane om Samerettsutvalet si innstilling. Kl. 20.00 deltek statsministeren i Sametinget sin middag, i Gammen.

Onsdag kl. 09.00 møter statsministeren representantar for samar som har søkt erstatning for mangelfull skulegang, på Rica Karasjok Hotell. Det er høve til å fotografere. Kl. 11.30 møter statsministeren representantar for Porsanger kommune, på Banak flyplass i Lakselv. Etter møtet reiser statsministeren attende til Oslo.

Torsdag 30. september kl. 19.00 held statsministeren middag for næringslivsleiarar frå Agderfylka, Rogaland og Hordaland, på Radisson SAS Atlantic Hotel i Stavanger. Det er høve til å fotografere idet gjestene kjem. Pressekontakt er statssekretær Gunnar Husan, telefon 91 12 12 16.

Fredag 1. oktober kl. 15.00 deltek statsministeren i Sosial- og helsedepartementet si markering av eldreåret 1999, i Oslo rådhus.

Laurdag 2. oktober kl. 13.00 deltek statsministeren i Stortinget si opning.

Lagt inn 24. september 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen