Historisk arkiv

Statsministerens program

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Statsministerens kontor

Pressemelding - Priv. til red.

Nr.: 98/1999
Dato: 25. juni 1999

Statsministerens program

Måndag 28. juni kl. 13.00 held statsministeren den halvårlege pressekonferansen sin, på Voksenåsen Hotell i Oslo. Det vert servert lunsj frå kl. 12.15.

Tysdag 29. og onsdag 30. juni er statsministeren i Mo i Rana og Kirkenes, for å møte lokal- og fylkespolitikarar og næringslivsleiarar, og leie eit møte i Regjeringa sitt Nord-Noregutval. Pressekontakt er informasjonssjef Øivind Østang, telefon 91 34 64 70.

Tysdag 29. juni kjem statsministeren, saman med næringsminister Lars Sponheim og kommunalminister Odd Roger Enoksen, til Mo i Rana industripark, der dei kl. 11.15 møter fylkesordføraren i Nordland, Alf Ivar Samuelsen, og ordføraren i Mo, Svein Bogen. Det er høve til å fotografere ved starten av møtet. Kl. 11.45 vert statsministeren og dei to statsrådane orienterte om prosess-industrien i Nordland, ved administrerande direktør Finn Nordmo i Norsk Hydro. Orienteringa er open for pressefolk. Kl. 12.15 er det lunsj, der også pressefolk er velkomne. Kl. 13.15 orienterer leiaren for Mo Industripark, Bjørn Bjørkmo, om området. Kl. 13.30 gjestar statsministeren og dei to statsrådane Posten SDS, kl. 14.10 Multimaskin, kl. 14.50 Fundia Profiler og kl. 15.30 Tag Systems.

Tysdag kl. 16.30 møter statsministeren KrF-politikarar frå regionen, på Meyergården Hotell i Mo i Rana. Kl. 19.00 held han middag for næringslivsleiarar frå regionen, på Meyergården Hotell. Det er høve til å fotografere ved starten av middagen. Mellom gjestene er og statsrådane Lars Sponheim, Peter Angelsen og Odd Roger Enoksen.

Følgjet overnattar på Meyergården Hotell i Mo i Rana, telefon 75 15 05 55 – telefaks 75 15 40 64.

Onsdag 30. juni kl. 12.15 kjem statsministeren til Kirkenes, der ordføraren i Sør-Varanger, Alfon Jerijärvi, held lunsj for Regjeringa sitt Nord-Noregutval, på Rica Arctic Hotell kl. 12.45. I Regjeringa sitt Nord-Noregutval sit, forutan statsministeren, næringsminister Lars Sponheim, fiskeriminister Peter Angelsen, landbruksminister Kåre Gjønnes, forsvarsminister Eldbjørg Løwer, samferdsleminister Dag Jostein Fjærvoll, kommunalminister Odd Roger Enoksen, sametingspresident Sven-Roald Nystø, fylkesordførar Evy-Ann Midttun (Finnmark), fylkesordførar Ronald Rindestu (Troms), fylkesordførar Alf Ivar Samuelsen (Nordland) og fylkesordførar Merethe Storødegard (Nord-Trøndelag).

Onsdag kl. 13.30 leiar statsministeren møtet i Regjeringa sitt Nord-Noregutval, på Rica Arctic Hotell. Det er høve til å fotografere ved starten av møtet. Hovudsak på møtet er landbruk i Nord-Noreg. Etter møtet, omlag kl. 17.00 er deltakarane tilgjengelege for pressefolk på Kværner Kimek sitt område.

Onsdag kl. 17.45 held fylkesordførar Evy-Ann Midttun ei mottaking for Nord-Noregutvalet, på Grenselandsmuseet i Kirkenes. Statsministeren reiser frå Kirkenes etter mottakinga, og kjem til Oslo same kvelden.

Lagt inn 25. juni 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen