Historisk arkiv

Statsministerens program

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Statsministerens kontor

Pressemelding priv. til red.

8/1999
22. januar 1999

Statsministerens program

Tirsdag 26. januar kl. 12.00 deltek statsministeren i gravferda for tidlegare stortingsrepresentant Odd Vigestad, i Ålesund kyrkje.

Onsdag 27. januar kl. 13.00 held statsministeren pressetreff med representantar for redaksjonane i Stortinget sin presselosje, på Statsministerens kontor. 1 reportar og 1 fotograf frå kvar av redaksjonane i losjen er inviterte, samt 1 ekstra kommentator frå dei redaksjonene som styret i presselosjen peikar ut. I tillegg kjem teknisk personale frå radio- og fjernsyn. Stillsfotografane får høve til å arbeide dei første minutta, medan fjernsynsfotografane kan arbeide gjennom heile pressetreffet.

Onsdag 27. januar kl. 15.00 opnar statsministeren eldreavisa Treffpunkt, eit elektronisk nettknutepunkt som tidlegare programsekretær Per Øyvind Heradstveit er redaktør for, og som mellom andre Statens Eldreråd og fleire departement står bak. Markeringa finn stad i Sagveien 11 i Oslo.

Torsdag 28. januar deltek statsministeren i Stortinget under debatten om utanriksministeren si utgreiing om Europa-politikken.

Frå fredag 29. januar til måndag 1. februar deltek statsministeren i World Economic Forum sitt årlege møte, i Davos i Sveits. Forumet samlar politikarar, næringslivsleiarar, vitskaps- og kulturfolk og pressefolk. Med unnatak av pressefolk som er registrerte som deltakarar i møtet, er sjølve sesjonane i møtet ikkje opne for pressefolk. Pressekontakt er informasjonssjef Øivind Østang, telefon 91 34 64 70.

Statsministeren kjem til Davos tidleg på kvelden fredag 29. januar, og vil delta i den delen av møtet som samlar politiske og økonomiske leiarar til uformelle samtalar. Mellom spørsmåla som vert tekne opp, er global leiarskap, fokus på regionale problem, informasjonsteknologi-industrien og globaliseringa. Sundag kveld 31. januar er Bondevik invitert til å vere mellom innleiarane på ein sesjon om den sosiale sida av globaliseringa.

Statsministeren er attende i Oslo måndag ettermiddag 1. februar.

Lagt inn 22. januar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen