Historisk arkiv

Avtale om avgrensing i havområdet mellom Jan Mayen, Grønland og Island.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.:148/97
11.11.1997

Avtale om avgrensing i havområdet mellom Jan Mayen, Grønland og Island.

Norge, Grønland og Island underteikna i dag ein avtale om avgrensing i havområdet mellom Jan Mayen, Grønland og Island. Avtalen vart underteikna i Helsingfors av utanriksminister Knut Vollebæk frå norsk side i samband med Nordisk Råd.

Avgrensinga mellom Norge og Danmark sine deler av havområda mellom Jan Mayen og Grønland vart avgjort av Den internasjonale domstolen i Haag i 1993. Domstolen var då avskåren frå å ta stilling til eit mindre havområde mellom Jan Mayen, Grønland og Island, fordi det her var overlapping med islandske krav, og Island ikkje var part i saka.

Med sikte på ei endeleg avgrensing av det gjenståande området har Norge, Danmark og Island hatt drøftingar som har ført fram til ein avtale nedfelt i to tilleggprotokollar; ein med Danmark og ein med Island.

Frå norsk side er det viktig at tilleggsprotokollane inneber ei endeleg avgrensing av området rundt Jan Mayen.

Stortinget må godkjenna tilleggsprotokollane før dei blir bindande.

Utanriksdepartementet, 11. november 1997

Lagt inn 11 november 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen